Når ingen dør i Norge skremmer vi med døde indere

0
Kremasjoner som dette er det tradisjon for i India. Her fra Varanasi i 2008. Shutterstock

Byrjar pandemibløffen å slå sprekker?

av Gunnar Sortland

I denne siste veka før 1. mai er det kun omlag 200 innlagt på sjukehus og ca 40 på respirator. Og dødsfalla er så godt som uteblitt. Men dei strenge reglane held fram i heile landet og særleg i Oslo.

Fleire finn dette merkeleg, og det er ein reell fare for at motstanden mot tiltaka kan kome til å auke. Så då gjer NRK og TV2 som dei har gjort før. Dei må til utlandet for å halde ved like skremselspropagandaen. Vi har som sjåarar fått levert elende i tur og orden frå Italia, England, USA, Brasil og Sør-Afrika. Det blir vist overfylte sjukehus, pasientar som må vente på tur og likkister i fleng som blir senka i jorda.

people near TAj Mahal
India hadde i 2020 1326 millioner innbyggere. Delstaten Vest-Bengal hadde større folketall enn Tyskland f.eks med mer enn 90 millioner innbyggere

Det siste landet dei no tyr til er India, der dei verkeleg får fram kor farleg denne «pandemien» er. Reportasjane ser ut til å vere arrangerte, for vi ser overfylte sjukehus og døyande utanfor, gjerne i bilar, og alle ser døyande ut. Vi får og høyre at oppimot 3000 døyr kvar dag. Det er ikkje nok gravplassar, så lika blir brente.

Men vent litt, eg lærte på folkeskulen at det var skikken i India å brenne lika.

Og ingen reportasjar nemner at India har meir enn 1,3 milliardar innbyggarar, ca 260 gonger fleire enn Noreg. Så 3000 døde i India svarar til 12-13 døde i Noreg.

For eit par år sidan døydde omlag 20 personar her i landet av virussjukdommar pr. dag. Dette vart knapt nemnt i media, og ingen snakka om pandemi.

Er det ikkje på høg tid at main stream media sluttar å skremme oss? Staten og kommunane må opne opp slik at folk får leve normale liv.

14 delstatar i USA har opna opp samfunna og fjerna påbodet om maskebruk. Fleire medium, blant anna New York Times, advarar om massedød som vil spreia seg til heile verda.

German police stops mass protest against coronavirus curbs in Berlin, World  News | wionews.com
Fra Tyskland

Fekk dei rett? Nei, talet på innlagte og døde var omtrent det same som i dei statane med dei strengaste tiltaka ein månad etter opninga. Så nedstenging, isolasjon, karantene og, ikkje minst, portforbod har ingenting med talet på døde av eller med koronaviruset å gjere. Den verkelege grunnen til tiltaka er kontroll på folkemassane. For på eitt eller anna tidspunkt vil mange oppdage bløffen og strøyme ut i gatene og forlange opning av samfunnet att. Dette har allereie skjedd i mange land. I Berlin var bortimot 2 millionar i gatene. I London nær 1 million. I Nederland og Italia har det vore svære demonstrasjonar.

La oss stoppe WEF sine planar om The Great Reset, som vil gjere dei superrike endå rikare og folk flest i verda endå fattigare der velferdsordningar vil forvitre.

DETTE MÅ VI BERRE STOPPE

Denne artikkelen ble først publisert på Derimot.no

Forrige artikkelBiden løy om Jemen
Neste artikkelVaksinasjonshastverket