Biden forsvarer kontroversielt val av forsvarsminister

0
Innfelt den pensjonerte generalen Lloyd Austin som er utnevnt til ny forsvarsminister av Joe Biden.

Den pensjonerte generalen Lloyd Austin må søke om regelunntak før han kan gå inn i jobben som forsvarsminister. 

Dave DeCamp AntiWar.

Sidan nyheita kom om at Joe Biden hadde vald den pensjonerte generalen Lloyd Austin til å drive Pentagon, har det i Kongressen vore motstand mot valet.

Lova i USA krev at ein forsvarsminister ikkje kan ha jobba i militæret på minst sju år. Sidan Austin pensjonerte seg frå hæren i 2016, må han av Kongressen få innvilga unntak frå denne regelen før han kan tiltre stillinga.

Lovmakarane i USA er ikkje så ivrige etter å signere eit unntak, sidan det skulle bli for andre gong på fire år. Jim Mattis fekk innvilga unntak i 2017. Mattis var den første pensjonerte generalen som fekk innvilga eit slikt unntak sidan George Marshall fekk det i 1950. Biden tok opp kontroversen på onsdag, og stod ved valet sitt.

«Eg trur på at det er viktig med sivil kontroll over militæret,» sa Biden. «Det gjer også ministerutnemnde Austin. Han vil bli støtta av ein sterk og dyktiggjort sivil sektor.»

Ei anna bekymring når det gjeld Austin, er banda han har til våpenindustrien. Austin sit i styret for Raytheon, ein av USAs største militærkontraktørane. Raytheon-dokument viser at Autin i oktober eigde for ein halv million dollar i Raytheon-aksjar. I 2019 mottok Austin 351 183 dollar i total kompensasjon som styremedlem i Raytheon.

Trass i den tydelege interessekonflikten, med ein arbeidsgivar som er avhengig av våpensal, verkar det som om Kongressen er meir opptatt av regelunntaket, og Biden fekk ingen spørsmål om Raytheon-tilknytninga. Biden forsvarte også Austins rulleblad som militær kommandant og gav han æra for å ha «knust» ISIS.

Austin tente som sjef for US Central Command frå 2013 til 2016, med oppsyn med USA sine operasjonar i Irak og Syria. Austin hadde oppsynet med den feilslåtte politikken om å trene opp syriske krigarar til å kjempe mot ISIS. Etter at USA slusa 500 millionar dollar inn i Syria til å trene desse krigarane, fortalde Austin Senatets Armed Services Committee i 2015 at berre «fire eller fem» vart verande for å kjempe mot ISIS.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Forrige artikkelStengning, karantene og forbud bygger på EN artikkel – og den er antakelig full av feil
Neste artikkelDommeren i fokus