Det er såvidt eg ikkje trur heile pandemisaka er ein konspirasjon.

0
Foto: Shutterstock

Av Annabel Fenwick Elliott

Senior content editor, The Telegraph.

Eg har vore mistenksam frå første stund. Tilbake i mars, då dette nye viruset først sveipte inn frå aust og dei europeiske landa tok til å setja slå for dørene sine jamvel før tilfella tårna seg opp, kan eg hugse eg sa til folk «Du store mi tid, kva er det dei ikkje fortel oss?»

Viruset tok tydeleg livet av folk, men ikkje i det omfanget som gav løyve til full stengning av samfunnet, tenkte eg, medan eg rydda skrivepulten min og gjekk frå kontoret for det som skulle syne seg å vera – lite kunne eg vita det då – sjå månader så langt.

Levetida mi har sett pandemiar før. Eg drog fram minne om svineinfluensautbrotet i 2009. Det var eit drag av panikk med det same; av media som skræmde folk, og nokre dødsfall, sjølvsagt. Men vitskapsfolk klassifiserte snøgt det framandslege, importerte patogenet som ein ny type influensa og tok til å arbeide med ein vaksine. Livet heldt fram som før.

Covid-19 synte seg tydeleg å vera noko meir smittsamt enn svineinfluensa, men jamvel tidleg kom det for dagen at viruset sparde fleirtalet. Dei eg kjende som fekk det synte symptom på mild influensa eller ingen symptom i det heile. Svimren, medan regjeringa sette opp Nightingale-sjukehus som knapt kom i bruk, og dei darrande byane i Storbritannia vart folketome, heldt eg fram med å tenkje for meg sjølv: «Når skal dei fortelja oss kva som verkeleg går føre seg?»

Eg venta på ei openberring som aldri kom. Månader gjekk og millionar av testar vart gjennomførte, som avslørte, meir og meir sikkert, at dette sanneleg var eit virus med temmeleg låg dødsrate. Eksakte utrekningar varierer, men overlevingsraten for Covid-19 er rekna til å vera noko over 99 prosent, og kanskje så mykje som 99,8 prosent.

Gjennomsnittsalderen på dei som døyr av coronaviruset er 82.4, som forresten er bortimot identisk med forventa gjennomsnittleg levealder i Storbritannia (81.1). Så det er nok segment av samfunnet vi burde konsentrere oss om å verne, tenkte eg, medan skular stengde og foretak gjekk opp i røyk over heile landet.

Det kjendest litt lovande då restaurantar, hotel og butikkar tok til å opne att i juni, og då mykje av Europa opna for internasjonalt reiseliv. Men dette avbrotet frå stengningstyranniet vara ikkje lenge.

Mellom midten av juni og midten av september, jamvel som vi vart sosiale, reiste på ferie og bytta mikroorganismar så mykje vi orka, tok influensa og lungesjukdom fleire liv enn Covid-19. Sverige, eitt av dei få landa som nekta å stengje, hadde utan sakleg tvil synt at taktikken deira for det meste hadde virka på dette tidspunktet. Jamvel med så lite innblanding hadde ikkje landet brote saman i den typen apokalyptisk helsekrise som vart spådd av slike som Neil Ferguson.

Forbaska nok, held den britiske regjeringa fram med å teikne eit bilete av viruset som skræmer borgarane inn i ein tilstand av paranoid underkasting. Dei førande vitskaplege rådgjevarane ser jamvel ut til å ha moro av å spreie domedagsliknande spådomar som aldri slår til (50.000 daglege tilfelle i oktober, spådde Sir Patrick Vallance og Chris Witty sist månad – dei reelle tala vart mindre enn halvparten).

Dette kua opphenget i tal ville sjølvsagt ha vore meiningsfylte om vi visste at mange tilfelle ville føre til mange dødsfall. Dei gjer ikkje det. Første veka i oktober var det 91.03 tilfelle av sjukdomen i England og Wales, og 343 covid-relaterte dødsfall. Den same veka døydde 9.954 av ulike årsaker. Sjølvsagt nemnde berre 4.4 prosent av desse Covid-19.

Måten vi løyser problemet med internasjonal reising er om lag like meiningslaus, jamvel for vanlege folk. La oss leggja til side prova på at det knapt finst tilfelle av coronavirus som kan knytast til utanlandsreiser, men for det meste smittar inne i huslydane. Og når ein reknar med at Covid-19 alt har etablert seg over heile kloden, er denne maniske hevinga av hengebruer verkeleg gagnlaus.

Storbritannia avgjer, ikkje heilt utan grunn, kva for land vi kan vitja karantenefritt, basert på det gjevne landets smitterate for 100.000 innbyggjarar over ein periode på sju dagar. Då burde ein rekne med at vi set karantenerestriksjonar på land der raten er høgare enn den vi har. Ikkje tilfelle. Mange av dei landa som er forbodne har rate som er lågare enn vår. Mellom desse er Spania, Island, Portugal, og no nyleg Italia. Ironisk nok er eitt av dei landa ECDO reknar som fritt for restriksjonar, ingen andre enn Sverige.

Etter åtte månader har eg enno ikkje fått svar på det spørsmålet som gneg mest på meg. Kva er det i røynda som går føre seg? Kvart år døyr om lag 50 millionar menneske over heile verda. Nokre dødsfall kan vi forhindre, andre ikkje. Gjennom året 2020 har denne pandemien kravd 1.1 million liv. Dei fleste av desse var gamle eller sjuke frå før. Hjartesjukdomar krev 17 millionar liv kvart år.

Kreft 9.6 millionar. Luftvegssjukdomar, medrekna bronkitt, lungeverk og emfysem tek 2.5 millionar liv årleg. Så kvifor spelar vi dette tankelaust øydeleggjande spelet med liva til friske folk – eit vågsamt eksperiment som, slik det tek til å syne seg, truleg tek fleire liv enn det bergar på lang sikt?

Far min, ein ihuga skeptikar til avstengning, går ut frå at at dette har utvikla seg til ein type multinasjonal, antikapitalistisk maktovertaking. «Kristendomen», påpeikar han, tufta på meiningslause forteljingar om jomfrufødsel og ein frelsar som sigrar over døden, «hadde eit vellykka overtak på den siviliserte verda i bortimot to tusen år. Det var eit maktsystem, og makt triumferte over logikken.»

Eg trur ikkje det er mørkare krefter i sving her – Hanlons Barberblad kan då kaste lys over dette? Men eg held fram med å gruble over motiva til verdas leiarar medan vi stirer ned i geværløpet til nok ei rekkje med økonomisk øydeleggjande stengningar. Denne veka var eg gjest i Escape from Lockdown, ein podcast som syner intervju med dei mest hardbarka skeptikarane. Verten Alex, som har drøfta nett dette spørsmålet med mange førande vitskapsfolk, sosiologar og politikarar, seier teoriane deira sprikar.

Godt gamaldags gruppepress ser ut til å spela ei stor rolle (Boris Johnson sto i utgangspunktet fast på at han ikkje ville følgje opp uventa og ikkje utprøvde stengningstiltak, men gav seg med tida), og det er ikkje første gong i historia at store mengder folk som elles er ved sine fulle fem har gjeve etter for eit tilfelle av massehysteri.

Occams barberblad ville peike mot at dei fleste politikarar rett og slett er for einvise til å innsjå at dei har vore på villspor i møtet med pandemien. Ikkje berre litt, men katastrofalt på villspor. «Regjeringane held fram med desse stengningane av di rådgjevarane deira har lagt så mykje kjensler i det dei først gjekk inn for», går Alex ut frå.

Men det er ikkje berre leiarane våre. Mesteparten av vanlege folk kan rekne det for ein beisk medisin å svelgja ned at vi snart har kasta bort eit år av livet vårt utan skjellig grunn. Dei fleste av oss kjenner oss betre ved å seia dette var grunngjeve og alt var for eit større gode. Anten det, eller så har dei konspirative galningane rett. Elon Musk (eller er det Bill Gates?) sit ved rattet i eit globalt plott for å gjera oss alle til ein her av sure, segregerte, målbundne, dronepatruljerte prøveklutar i ein alternativ røyndom (siktemålet er ikkje kjend enno), der frie ytringar er døyvde, portforbod dikterer alt vi gjer og det er ikkje lov å ha seg med nokon utanfor avdelte stammegrenser. Noko som, når ein tenkjer etter, ikkje kjennast så mange lysår unna den skrudde røyndomen vi lever i.

For The Telegraph.

Omsett av Eilev Groven Myhren.

Forrige artikkelValget i Bolivia: Fascister i Santa Cruz nekter å godta seieren til MAS
Neste artikkelMå Støre gå før Solskjær– før jul?