Stadlandet (Okla vindkraftverk)

0
Stadlandet. Foto: John Kråkenes, Bård Inge Fløde, Wenche Hovlid Sortvik. / Motvind Norge

Av Motvind Norge.

Stad har, med sin særeigne og storslagne natur, vore eit kjend landemerke i alle tider, med eit  landskap av nasjonal tyding. Det er med stor vyrdnad ein beveger seg inn i slike terreng. Dersom eineståande natur som dette skal kunne nyttast til industri, fortel det at unike landskapsverdiar manglar rettsvern i Noreg i dag!

Saka om Okla vindkraftverk på Stadlandet handlar om meir enn ein lokal kamp for eit fjell. Det handlar om tap av unik natur- og kulturarv. Det handlar om korleis statlege forvaltningsorgan verdset landskap og naturmangfald. Om kva som vert rettferdiggjort i konsesjonsprosessane. Om vår tillit til rettmessige prosessar i saker som omhandlar natur av nasjonal tyding, og om praktisering av lovverk og internasjonale konvensjonar knytt til vern av landskap, natur og miljø.

Ved å trekkje ein konsesjon som er gitt på feil kunnskapsgrunnlag, kan ein unngå at eineståande nasjonale naturverdiar går tapt for all framtid, og fornye tapt tillit.

Vi kjenner ei plikt til å ta vare på noko som er så eineståande som landskapet på Stadfjella. Kampen vår handlar mykje om dette; å ta vare på verdfull nasjonal naturarv, ein sjeldan artsrikdom og ei rik kulturhistorie. Vi ynskjer å kunne få levere natur og landskap på Stadlandet vidare i den forfatning vi sjølve kom til det – til dei som kjem etter oss.

Landskap og naturmangfald

Området Okla vindkraftverk er planlagt i er prioritert som kystnatur av høg nasjonal verdi. Ingen avbøtande tiltak kan redusere konflikt.

Området er eit særeige fjellandskap som ber preg av platårestar av urgamalt sletteland. Gransking tyder på nunatakområde; området var isfritt under siste istid. Terrengdekkande myr med innslag av svært sjeldne plantar og plantesamfunn ligg utover ytste utkantane av europeisk fastland. Det er svært få slike terreng i Noreg. Både berggrunn, jordsmonn og planteliv er såleis av stor interesse, og er særmerka av ein sjeldan artsrikdom.

Fjellområdet har ei lang historie som beiteareal og næringsgrunnlag for småbruka på Stadlandet og dannar eit samanhengande beiteområde mellom bygdene for fleire hundre sau og geit. Området er eit INON-område (inngrepsfritt område) som må verdsetjast høgt i høve nasjonale miljømål og internasjonale avtalar. Planområdet til det planlagde Oklaanlegget legg beslag på den mest sentrale og største delen av INON-sona på Stadlandet, til samanlikning som på Hoddevikfjellet.

Vestkapp er eit er mykje besøkt og svært viktig kulturminneområde. Stadlandet har gjennom dei siste år også blitt merka på kartet – både i inn- og utland, noko som medfører optimisme, ny satsing på reiseliv og positive ringverknadar for lokale næringar. Stadlandet sitt fyrste hotell vart sett i drift ved juletider i 2019. Vi erfarer også ei gryande tilflytting som er relatert til naturen her. Dette tyder svært mykje på ein utkantstad der folketalet har falle dramatisk dei siste tiåra. Energivinsten er liten og vil aldri kunne vege opp for tapet av unik natur. Kvalitetane på Stadthalvøya burde reindyrkast. Å øydelegge naturen vil få negative ringverknader for både reiselivet og nyetablering på Stadlandet.

Okla vindkraftverk og utbygginga av Eltvikehornet ligg i høgste konfliktvurdering (konfliktnivå E) med nasjonale mål knytt til landskap, naturtypar, fugl, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Eltvikehornet har store verdiar knytt til naturtypar, ei rekkje raudlisteartar, hekkande og trekkande fugl og ligg tett inntil freda naturreservat i Tungevågen. Av raudlisteartar kan nemnast 17 ulike soppar, 14 lavartar, 24 slag karplantar og 2 moseartar. Det er tilhald, beite og trekkområde for fugl i hopetal. På ytre delar av Stadhalvøya er det registrert 82 fugleartar (fleire raudlisteartar), og hubro er òg observert. Terrenget er lett tilgjengeleg, ope og skoglaust, variert mellom grasmark, myr og lyng. Rapportar syner overvintring og næringssøk for fugl i heile området.

Både tilkomstveg og planområde vil kome i konflikt med viktige naturtypar, som til dømes terrengdekkande myr og kystlynghei. Planområde og tilkomstveg ligg i nedfallsfeltet til Breidemyra som vart føreslått verna allereie i 1985, det verna Dalsbøvassdraget og Storeelva. Storeelva er merka som eit svært viktig naturtypeområde; den eventuelle tilkomstvegen vil kome opp til elvebredda, og inngrepa er planlagd ovanfor vandringshinder for sjøørret. Det er fleire fiskevatn og turstiar i og kring planområdet.

Kystlynghei er ein fleire tusen år gamal kulturmarkstype og sterkt truga naturtype. Når NVE tilstår at det ikkje finst oversikt over myr- og kystlynghei som vert råka av vindkraft, og Miljødirektoratet nemner at over 90 % av dei tidlegare kystlyngheiareala er borte, er dette svært urovekkjande.

Anlegget vil verte synleg frå alle utkikkspunkt på Stadlandet og omegn, frå Vestkapp, frå Sunnmøre og for farande på Stadthavet. Dette vil verte svært forringande på opplevingsverdien.

I starten var mange grunneigarar positive, men slik prosjektet framstår i dag tek eit fleirtal av grunneigarane avstand til prosjektet. Dersom planane vert realisert, vil det setje djupe sår, i naturen og mellom menneske i eit lite nærmiljø.


Les mer om prosjektet, naturen og historikken her.


Motvind Norge har landets uten sammenlikning største samling av informasjon, bakgrunn, historikk og nyheter om vindkraft og kampen mot vindbaronenes ødeleggelsen av norsk natur. Les Motvind Norge.


Les mer om vindkraft på steigan.no her.


Forrige artikkelHvorfor 5G er i NATOs sikte
Neste artikkel– Skal vi alle køyra elektrisk må batteriproduksjonen i verda auka 500 gonger