– Ikkje redd for strid

0
Illustrasjon: Shutterstock

Å nekte meiningsmotstandarar ei scene tyder på mistillit til medborgarar og eit overdrive syn på eiga dømmekraft, meiner Rune Slagstad i eit intervju i Dag og Tid.

Slagstad avviser kategorisk scenenekt som strategi.

– Scenenektkrav ber bod om ein grunnleggjande mistillit til medborgarane, og ei hybrisprega oppfatning av eiga dømmekraft: Eg, scenenektaren, gjennomskodar kor farleg og potensielt tankekorrumperande bodskapen frå talaren er. Eg er likevel sterkt i tvil om mange av medborgarane mine gjer det. Derfor bør dei ikkje verte utsette for det farlege tankegodset, det må ikkje få ein scene. Kvifor skal vi ha demokrati om vi tenkjer på den måten?

Ser til Haakon Lie

Ein verkeleg meister i utdefineringsstrategien var Haakon Lie, den mektige generalsekretæren i Arbeidarpartiet i Gerhardsen-epoken etter 1945, påpeiker han.

– Dei venstresosialistiske opponentane i Arbeidarpartiet vart kalla «giftspreiarar», ein «utvekst» som måtte skjerast bort. «Giftspreiarane» vart ekskluderte, men forsvann ikkje. Dei vart eit parti, Sosialistisk Folkeparti, eit kontinuerleg uroelement til venstre for Arbeidarpartiet. Det var ein høgst mangelfull sans for den opne, demokratiske diskusjonen i det statsberande partiet, seier han og held fram:

– Det var denne forma for antiliberalitet som den reelle leiaren i Arbeidarpartiet i mange år, sjefredaktør i Arbeiderbladet Martin Tranmæl, målbar med karakteristikken av dei borgarlege «giftplantene» i arbeidarrørsla, ein Tranmæl som eg ser at Mímir Kristjánsson i Raudt no forgudar, seier Slagstad med eit lite smil.

Slagstad, som sjølv var nestleiar i SV i slutten av 1970-åra, fullførar resonnementet:

– Det var denne antiliberale utdefineringstradisjonen AKP, forløparen til partiet Raudt, vidareførte i 1970-åra. Den forpesta debattklimaet på venstrefløya i lang tid.

Krenking

– Det har vore mykje snakk om at ytringar kan krenkje personar. Er krenking relevant i debatten om ytringar?

– Ja, men eg er skeptisk til at ei subjektiv oppleving av krenking skal vere styrande for det offentlege ordskiftet. Då vil dei samvitsfulle og nyanserte røystene trekkje seg attende, medan dritsekkene vil halde fram med å krenkje uansett.

Kommentar:

Intervjuet med Rune Slagstad er godt, og fortjener å bli lest i sin helhet her. De som har opplevd konsekvensene av Einar Gerhardsens «Kråkerøytale» og den kalde krigen da Haakon Lie og Martin Tranmæl vil drive «giftsprederne» ut av arbeiderbevegelsen, vet hva han snakker om. Han har også et godt poeng når han peker på illiberale tendenser i ml-bevegelsen. Det er mye positivt å hente fra ml-tradisjonen, men den uforsonlige debattstilen er ikke verneverdig.

Forsøkene å stemple steigan.no med usaklige karakteristikker og få folk til ikke en gang å lese avisa, har likhetstrekk med de dårligste tradisjonene fra søttitallet og fra Haakon Lies velmaktsdager. Og som Slagstad peker på, avslører det en usikkerhet både på egne evner til å argumentere og til publikums dømmekraft.


KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.