Sneversynt Raudt

0
Skattebetalerne betaler enorme subsidier til havvindspekulantene. Foto: Shutterstock

Av Svein Lund.

Stadige krav om mer profitt og mer forbruk er i ferd med å ødelegge jorda. Barna våre vil vokse opp i en farligere verden på grunn av global oppvarming. Denne viktige innsikten står å lese på https://roedt.no/miljo. Men er det dette som pregar Raudt sin politikk i praksis?

Om ein les nettsida frå starten står det: «For Rødt er kampen mot Forskjells-Norge den aller viktigste – Les mer om vår hovedsak.» Raudt har altså EI hovudsak. Og det er altså verken jorda si framtid, dei fattige i verda eller Noreg si rolle i global utbygging og krig. Det er forskjellane innafor Noreg. Eg må spørre: Ser ikkje partiet lenger enn til landegrensene?
Sjølvsagt er Noreg eit klassesamfunn, der borgarskapet tener seg rike på arbeidsfolks arbeid. Forskjells-Noreg finst også mellom kjønn, landsdelar, etniske grupper m.m., men sett i den store globale samanhengen har dei fleste som bur i Noreg ei kjøpekraft langt over gjennomsnittet og forbrukar langt meir enn det som er bærekraftig i forhold til ressursane på jorda.
Eg les vidare på Raudt si nettside: Framveksten av et Forskjells-Norge er vår største utfordring som samfunn. Generasjonen som vokser opp i dag kan bli den første på over 100 år som får det mindre trygt enn foreldrene sine. Heldigvis er det mulig å skape et vendepunkt.

Vår største utfordring! At generasjonen som veks opp i dag får det mindre trygt enn foreldra er heilt sikkert. Men det skuldast i første rekke rovdrifta på naturen frå den internasjonale kapitalismen, det er ikkje bare spørsmål om auka lønsskilnadar i Noreg og privatisering av sjukeheimar og barnehagar.

Nylig såg vi kva partileiinga prioriterer. Det er å satse milliardar på å bygge ut havvind. Ikkje fordi vi treng energien, ikkje for å redde klimaet, men for arbeidsplassar og norsk teknologi. Dette utspelet har møtt mye kritikk. I Klassekampen har Raudt sine fylkestingsrepresentantar i Nordland offentlig kritisert utspelet. Innlegg frå underteikna har vore offentlig tilgjengelig i to veker. Partileiinga er direkte tilskrive, men svaret lar vente på seg. Derimot har vi 11.05. fått eit utspel frå AP-toppen som seier akkurat det same. Tilfeldig?

På nettsida er havvindutbygginga ført opp som det første «miljøtiltaket» Raudt vil satse på!

Kva dette vil kreve av utvinning av sjeldne jordmetall og koppar og kva det vil føre til for livet i havet og spreiing av mikroplast er ikkje nemnd. Heller ikkje raseringa av norsk natur som no pågår med vindkraft. Miljøet er underordna at oljearbeidarane skal få nye godt betalte offshore arbeidsplassar å gå til.

Dessverre trur eg ikkje dette er tilfeldige feil og manglar. Det synest å vere ein bevisst politikk for å nedtone miljøproblema til fordel for teknologi og arbeidsplassar for fortsatt uforsvarlig forbruk, bare med ein meir sosial profil. Likestilte og i fellesskap skal vi gå ut for stupet med det raude flagget til topps.

Dagens kapitalistiske samfunn kan ikkje fortsette. Vi treng revolusjonære endringar og vi treng eit parti som kan gå i spissen for eit samfunn som både fjernar klasseskilja, forbrukar mindre ressursar og legg til rette for vern og gjenoppbygging av natur. Eg hadde vona Raudt kunne bli det partiet, men no ser det dessverre dårlig ut.

Svein Lund


Ledelsen i Rødt er hjertelig velkommen til å svare på dette leserinnlegget til Svein Lund.

Red.

Forrige artikkelBig Pharma er klare for å håve inn milliarder på koronaviruset
Neste artikkelEr Faktisk.no habile når de rykker ut til forsvar for Bill Gates?