Vi bør diskutera faren for atomkrig før – det er for seint etterpå.

0
Etter atomangrepet. Illustrasjon: Shutterstock.

Av Hans Olav Brendberg.

Tidlegare denne veka vart general Wolters, øverste sjef for NATOs militære styrkar, spurt ut i ei høyring i det amerikanske sentatet. I høyringa kom Wolters inn på avskrekking med atomvåpen som ein grunnplanke i NATOs tryggleikspolitikk. Wolters knytta avskrekkinga med atomvåpen til NATOs operasjonar i Afghanistan, Irak og andre stader. Så sa han at NATOs oppdrag var å «spreia avskrekking så langt det var praktisk mogleg, for å oppnå større fred». (proliferate deterrence to the max extent practical to achieve greater peace.)

Senator Fischer kom då med eit oppfølgjingsspørsmål der han spurde om slik avskrekking kunne bli enno større om ein truga med å opna for å vera den parten som tok i bruk atomvåpen først. General Wolters svara då: «Senator, eg er tilhengar av fleksibel førstebrukspolitikk». (“Senator, I’m a fan of flexible first use policy.”)

Samstundes gjekk tyrkiske styrkar til motoffensiv i den syriske Idlib-provinsen – og vart møtt med åtak frå lufta som tok livet av over tretti tyrkiske soldatar. Tyrkia bad då om eit hastemøte i NATO på grunnlag av artikkel 4, som handlar om trugsmål mot «territorium og sjølvstende» for medlemslanda.

Møtet enda i ein pressekonferanse der generalsekretær Stoltenberg fordømte dei russiske og syriske åtaka – og i generelle vendingar uttrykte «full solidaritet» med Tyrkia. Som mange la merke til, skjedde dette samstundes med at Erdogan brukte flyktningestraumen til politisk utpressing av europeiske land.

Etter denne uklåre «solidaritetserklæringa» vel så Erdogan å skyta ned to syriske fly over Syria. Etter vanleg militær «auga for auga, tann for tann»-logikk kan Syria svara på slikt «like for like», for å gjenoppretta balanse.

Men om Syria skyt ned tyrkiske fly over tyrkisk territorium, vil Tyrkia gjera krav på NATO-solidaritet etter artikkel 5 i NATO-pakten. Stoltenberg erklærte på fredag at NATO hadde «full solidaritet» med Tyrkia – utan at det var tydeleg kva han meinte med det. Det kom heller ikkje fram om NATO meinte konflikten i Idlib var relevant for artikkel 4 i NATO-pakten – som var grunnlaget for innkalling til hastemøte.

Slik det ser ut for meg, brukar Erdogan no NATO-pakten som «safe space» for aggresjon mot Syria, og har dekning for dette hjå NATO. Han satar på at russarane og syrarane vil opptre ansvarleg når han sjølv ikkje gjer det. Og for å få dette til å balansera, trugar den militære leiinga i NATO med å bruka atomvåpen først i land som Syria, Irak og liknande. Kvar grensa går for Russlands tolmod veit vi ikkje. Men det er lurt å diskutera faren for atomkrig på førehand – avdi det blir vanskelegare å ta diskusjonen etterpå.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelWeimarrepublikken, Anno 2020
Neste artikkelNy våpenhvile i Idlib. Assad – Erdogan 2 – 0.