Mediemørket treng dagslys!

0

Av Hans Olav Brendberg.

Kva er journalistikk? Det blir laga mykje mytikk av dette, men journalistikk handlar om å opplysa samfunnet ved å formidla truverdige nyhende – også når mektige interesser ikkje ønskjer opplysing. Journalistikk handlar om deg og meg – borgaren som skriv og les, og diskuterer sakleg. Ikkje om undersåtten som i frykt og mangel på kunnskap «trur» på den eine eller andre herren.

Journalistikk er eit barn av den utviklinga som gav oss den moderne, demokratiske nasjonalstaten. For å driva journalistikk må du ha eit språk, ein tilgjengeleg teknologi – og du må ha nyhende. Verkelege nyhende. Den teknologien som gjorde journalistikken mogleg kom seinare – boktrykkarkunsten. Med boktrykkarkunsten vart det mogleg med offentleg diskusjon – der mange las dei same bøkene og pamflettane, og tilsvara som kom på desse.

Den første som for alvor greidde tilrana seg ein viktig funksjon i journalistikk – dagsordenfunksjonen – var Martin Luther. Mange av skriftene hans hadde perfekt timing – dei kom ferdig frå trykken rett før dei store bokmessene – og folk venta i spaning på kva Luther no hadde å seia. Når dei hadde lese Luthers argument, fekk desse verka over ølglasa i eit halvt år før neste bokmesse – og tilsvara – kom. Og då hadde gjerne Luther noko nytt i ermet som gjorde at dagsorden vart sett på nytt, medan tilsvara hamna i bakevjer.

Etter kvart auka tempoet i denne dagsordenfunksjonen, slik at aviser kunne setja ny dagsorden kvar dag, ikkje berre kvart halvår. Den moderne avisa tok form – med trykkekunsten som grunnlag. Ofte var det trykkerieigaren som fekk tak i ein skrivekyndig knekt, for å skaffa oppdrag og verksemd til trykkeriet.

Dette er grunningrediensene i journalistikken: Offentleg debatt, nyhende, dagsordenfunksjon og den opplyste, lesande og skriveføre borgar.

Så bør ein sjølvsagt freisa dobbeltsjekka dei nyhenda ein sit på, ha dokumentasjon eller gode kjelder. Men du er aldri heilt trygg, og av og til må du ta sjansar. Verdas mest kjende avisartikkel er Emile Zolas «J’Accuse», som inneheld injuriar og påstandar som Zola visste han ikkje hadde dekning for. I ettertid legg vi ikkje avgjerande vekt på dette – avdi artikkelen sette dagsordenen, og snudde straumen i prosessen mot Dreyfuss.

Men dagsorden handlar ikkje berre om skriving og dagsorden – det handlar også om teknologi.

Dei som har følgt med i britisk og amerikansk journalistikk vil truleg ha vore borti namnet «Cockburn». I Storbritannia er Patrick Cockburn ein av veteranane som utanriksjournalist i «The Independent». I USA var avdøde Alexander Cockburn lenge fast spaltist i «the Nation», og grunnla nettavisa «Counterpunch». Men Cockburn-historia byrja for lenge sidan – på trettitalet.

Claud Cockburn var journalist i the Times, og intervjua mellom anna Al Capone då han var i USA. I intervjuet sa Capone:

«Hei, ikkje få idear om at eg er ein av dei forbanna radikalarane. Ikkje få ideen om at eg er mot det amerikanske systemet. Pengekjeldene mine blir drive på ein strikt, amerikansk måte. Kapitalisme – kall det kva du vil – gjer kvar og ein av oss eit strålande høve til å få til ting, om vi grip med begge hender og gjer det vi kan ut av sjansane vi får.»

Intervjuet vart aldri trykt. Cockburn diskuterte saka med minoritetseigaren i the Times, John Walter. Då Walter spurde kvifor avisa ikkje trykte eit så oppsiktsvekkjande intervju, svara Cockburn at Capones kommentarar i sin essens var identisk med det leiarartiklane i the Times hevda. Cockburn tvila på at avisa ville lika å sjå at ho var samd med den mest kjende pengeutpressaren i Chicago. Etter å ha tenkt seg litt om var Walter samd.

Det var ikkje berre intervjuet med Capone som ikkje vart trykt. Det var mange av sakene og rykta som sirkulerte i journalistmiljøet som av ulike grunnar, ofte politiske grunnar, aldri kom på trykk. Då Cockburn var i USA hadde han gjort meir enn å møta Capone. Han hadde i tillegg oppdaga stensilmaskinen. Og dermed tok ein plan form: Med ein liten organisasjon, og ein stensilmaskin, kunne ein mann som Cockburn med sin tilgang på gode nyhendekjelder ta opp kampen med dei svære organisasjonane til the Times, the Mirror og alle dei andre.

Som sagt, så gjort. Med ein svært liten stab, stensilark og sprit og ein skrivemaskin starta Cockburn ein av mellomkrigstidas viktigaste vekeaviser – «the Week». I byrjinga gjekk det trått, og heile foretaket gjekk i minus. Så skulle regjeringa MacDonald arrangera internasjonal, økonomisk konferanse i London. Heller ikkje dette gjekk veldig bra. På pressekonferansen etterpå klaga MacDonald over mørke, uansvarlege krefter som undergrov regjeringa og Storbritannias internasjonale omdøme. Og for å visa kva slags krefter regjeringa slåss mot, heldt MacDonald opp vekas eksemplar av «the Week».

Det var hundreårets marknadsføringssuksess. Alle måtte vita kva som stod i den fæle vekeavisa. Cocburn byrja gå i pluss økonomisk, og vart i tillegg navet i eit informasjonsnett. Andre journalistar gav dei nyhenda dei av politiske grunnar ikkje fekk trykt i eiga avis til Cockburn. Og tenestemenn som  var skeptiske til regjeringas appeasement-politikk, gav også viktige nyhende til «the Week». Slik oppstod det til dømes eit veldig godt samarbeid mellom den konservative Robert Vansittart i utanriksdepartementet og den unge, kommunistiske journalisten. Då Chamberlain til slutt måtte gå av, og Churchill overtok som statsminister i ei regjering som gjekk for kamp framfor ettergjeving, hadde Cockburn nokre aksjar i denne endringa. Han hadde vore med å diskredittera «appeasement» dei åra Chamberlain og lord Lothian sette dagsorden for britisk utanrikspolitikk.

Gode nyhende er veldig ofte kontroversielle – det ligg i sakas natur. Du finn alltid nyhende å trykka. Men dei nyhenda som set dagsorden og fører til politisk vind er dei nyhenda som nokon ikkje ønskjer å få på trykk. Pioneren for presse med masseopplag i Storbritannia, Alfred Harmsworh (seinare lord Northcliffe) uttrykte dette slik:

«Ein del av pressas oppgåve er å få tak i nyhende og trykka desse. Ein del av oppgåva til ein politikar er å hindra at nokre spesielle nyhende kjem på trykk. Av denne grunn vil politikaren ofte gje journalisten tillit – berre for å bruka denne tilliten til å hindra publisering av nyhende som han meiner skadar sine interesser.»

I mange situasjonar er det nett det som ikkje står i avisa som er dei verkelege nyhenda – som suksessen til Cockburns stensilmaskin synte. I demokratiske statar har vi generelt hatt ei slags semje om at maktkritikk er ei oppgåve for den uavhengige pressa. At ein alminneleg stakkar passa jobben sin dårleg var kanskje nyhende – men viktigare nyhende var det når rike og mektige menneske tok seg til rette og gjorde ting dei ikkje ønskte omtalt i avisa. Slik har ideala vore. I praksis har det ofte vore annleis.

For rike og mektige og politisk forskansa interesser vil alltid finnast – og å utfordra desse tyder trøbbel. So lenge det har funtest journalistikk, har difor journalistikken vore i ein evig konflikt med trugsmål om sensur og straff og trøbbel. Ein av grunnane til at Zola kunne snu heile Dreyfussaka var at han hadde ein stad å røma til. Etter å ha sendt sitt opne brev, flykta han over kanalen til England, som ikkje hadde tradisjon for å senda opposisjonelle forfattarar og journalistar heim til rettssak i heimlandet.

Israelske aviser er ofte gode – men har ikkje alltid vore det. Dei er framleis formelt underlagt sensur, og av og til kan sensoren mørkleggja viktige nyhende. Men etter oktoberkrigen i 1973 greidde fleire av dei leiande avisene å finne metodar til å omgå og ufårleggjera sensuren, og kritikken mot regjeringa etter krigen gjorde at journalistane hadde ryggdekning for det dei gjorde hjå den vanlege israelar. Og difor kunne ei fri, kritisk og ikkje minst opplysande presse ta form. Pionerane her var ikkje dei store avisene – men ein underskog av publikasjonar, mellom anna Uri Avnerys «Haolam Haze» som hadde til salt på maten avdi dei trykte mjukporno.

Om du skal ha viktig, politisk journalistikk må du ha nyhende, du må ha teknologi for å formidla nyhenda, og du må ha ein journalist som forstår dei politiske implikasjonane av materialet han sit på, og tilstrekkeleg formidlingsevne til at han greier å setja dagsorden. Dette handlar ikkje om Nobels Litteraturpris, det handlar om å skriva godt nok. Men sjølvsagt er det ein fordel å kunna skriva.

Internett, sosiale medium og andre fenomen har forandra desse spørsmåla mykje dei siste tjue åra, og dei etablerte maktene jaktar febrilsk på å gjenvinna kontroll. Det er dette straffeforfølgjinga mot Julian Assange handlar om. Om Assange blir utlevert til USA for straffeforfølgjing etter «Espionage Act», vil det tyda trøbbel for alle som vågar driva kritisk journalistikk om den amerikanske krigsmaskinen. Det er heilt opplagt at det er dette det handlar om. Men for å forvirra alminnelege menneske, blir det snakka mykje om «kvalitetsjournalistikk» og «redaktørstyrte medier».

At journalistikk er noko for «profesjonelle» er ein myte. Viktige nyhende, ein skribent som forstår rekkevidda av nyhenda, og ein plattform og ein teknologi for å nå ut er det du treng – ingenting anna. Slik var det då Vansittart lak viktige utanriksnyhende til «The Weeks» stensilmaskin på trettitalet – nyhende som vanlegvis var  viktigare enn dei som stod i dei «seriøse» avisene. Nyhende som dei «seriøse» ikkje publiserte.  Dei «seriøse» hadde tillit hjå politikarane, og difor hadde ein felles interesse med politikarane i at nokre nyhende ikkje skulle publiserast.

Slik har det vore også denne veka. Denne veka har eg vore eit lite tannhjul i den viktigaste, kritiske journalistikken som har foregått i den vestlege verda. Utan at eg skal påstå at eg er særleg viktig av den grunn. Den viktige personen heiter Craig Murray, og Murray har kvar dag stilt kl. 6 i køen utanfor Belmarsh for å få tilgang til publikumsgalleriet i rettslokalet der utleveringssaka mot Assange blir ført. Så har han kvar kveld, eller tidleg neste morgon, lagt ut sin rapport – som deretter har vorte lesen og delt av tusenvis av menneske, og som samstundes har vorte omsett til ei mengd ulike språk, og lagt ut på bloggar og små nettaviser.

I dette maskineriet har eg, Killi, Steigan og Lindtner sjølvsagt ikkje gjort noko anna enn vår fordømte plikt. Men det viktige her er: Vi har gjort vår plikt, og andre har svært synleg ikkje gjort det. Ingen av  dei «redaktørstyrte» gjort si plikt mot borgarane, med eit lite unntak for Klassekampen (som likevel ikkje held Murrays kvalitet). Dei har i staden gjort si plikt mot eigarinteressene. Og dette skjer av same grunn som at dei «redaktørstyrte» aldri bygde opinion mot appeasementpolitikken den gongen samarbeid med Hitler var definisjonen på seriøs politikk. Det er slik, avdi dei «redaktørstyrte» er ein del av den etablerte makta, og har same interesser når det gjeld å undertrykka viktige nyhende som dei etablerte politikarane. Det har dei demonstrert i bøtter og spann under den groteske sakførselen mot Assange – der dei til og med vidareformidla den pressetilpassa bløffen som vart delt ut av aktor på byrjinga av rettssaka – og som han sjølv motsa under drøftinga i retten seinare på dagen (som ingen av dei store avisene dekte).


Heile ideologien om «seriøse medium» er fundamentalt feilaktig, og handlar om å misforstå medieindustrien si rolle i eit moderne samfunn. Om nokon hadde sagt at «kvalitetssex får du på bordell», ville alle skjønt at det var noko feil i den underliggjande tenkjinga. Og for all del – eg tvilar ikkje på at rutinerte prostituerte kan stønna og vri seg på måtar som høyrest både engasjert og overtydande ut. Eg påstar heller ikkje at all sex som foregår utanfor bordell er like strålande – tvert imot trur eg det er mykje rart.

Poenget mitt er berre at det er same historie når det gjeld sex og journalistikk: Dei magiske augneblenkene – dei som definerer ein epoke – skjer korkje i «redaktørstyrte medie» eller på bordell. Det ligg i sakas natur. Avdi både Emile Zola, Claude Cockburn og Julian Assange handlar om pasjon, ikkje rutine.

Pressa har ikkje «svikta» denne veka. Pressa har synt, for alle som vil sjå, at den etablerte pressas «samfunnsoppdrag» i viktige situasjonar er å mørkleggja dei viktige nyhenda. Dette vil skje igjen. Difor treng vi fleire folk som bidreg til den dugnaden som Steigan og Derimot driv. Folk som skriv, omset, gjev pengar, deler eller på andre måtar bidreg til det borgaren i eit demokrati treng for å handla fornuftig: Opplysing.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.



Forrige artikkelAl- Ja’afari til Sikkerhetsrådet: Idlib ligger i Syria, ikke i California
Neste artikkelHellas – billigsalet av militærbasar til USA