Hellas – billigsalet av militærbasar til USA

0
Kilde: KKE

Av Manlio Dinucci.

USA har på smart vis utnytta Hellas sine økonomiske problem til å få innført ein avtale som gjer at dei kan sperre Svartehavs-ruta til Russland. Berre dei greske kommunistane og deira allierte har opponert mot det.

Parlamentet i Hellas ratifiserte avtalen som lar USA nytte seg av alle greske militærbasar. Basane vil bli brukt av USA sine væpna styrkar, ikkje berre til lagring av våpen og forsyningar og som treningsplassar, men også til «naudrespons»-operasjonar – som eigentleg tyder angrepsoppdrag.

Spesielt viktig er Larissa-basen, der US Airforce allereie har utplassert MQ-9 Reaper-droner, og Stefanovikio-basen, der US Army allereie har utplassert helikopter av typen Apache og Black Hawk.

Hellas’ forsvarsminister Nikólaos Panayotópoulos sa om avtalen at han var «til fordel for våre nasjonale interesser, fordi han gjer Hellas viktigare i samband med USA si planlegging». Ein signifikans som Hellas har note godt av lenge – vi treng berre hugse det blodige statskuppet som oberstane gjorde i 1967, organisert som ein del av ein Stay-Behind-operasjon regissert av CIA [1], og følgd opp i Italia med massakrebølga som starta med angrepet ved Piazza Fontana i 1969 [2].

Same år vart ei avdeling av den US-amerikanske marinen overført frå basen i Sigonella på Sicilia til Hellas, i Soúda-bukta på øya Kreta. I dag er Soúda-bukta ein av dei viktigaste fly/marine-basane til USA/NATO i Middelhavet, brukt til krigane i Midtausten og nord-Afrika. Pentagon tenker investere for nye 6 millionar euro i Soúda-bukta. Det kjem i tillegg til dei 12 millionane dei skal investere i Larissa, annonserte Panagiotopoulos då han presenterte det som ein storarta sjanse for Hellas.

Men statsminister Kyriakos Mitsotakis påpeikte at Athen allereie hadde signert ein avtale med Pentagon om modernisering av F-16-flåten, noko som vil koste Hellas 1,5 milliardar dollar, og at Hellas også er interessert i å kjøpe droner og kampflyet F-35 frå USA.

Hellas skiljer seg også ut for å vere den av dei europeiske allierte, etter Bulgaria, som i mange år har gitt den høgste delen av sitt brutto nasjonalprodukt (2,3% av BNP) til militæret.

Avtalen garanterer også at USA vil nyte «uavgrensa bruk av Alexandroupolis sine hamner» [3], som ligg ved Egearhavet nær Dardanellane, som bind Middelhavet med Svartehavet over tyrkisk territorium og difor utgjer ein essensielt viktig passasje for maritim trafikk, særleg for Russland. Vidare er naboterritoriet Thráki (den vesle europeiske delen av Tyrkia) det punktet der gassrøyrleidninga Turk-Stream kjem inn frå Russland via Svartehavet.

Den «strategiske investeringa» som Washington allereie gjer i hamneinfrastrukturen har til hensikt å gjere Alexandroupolis til ein av USAs viktigaste militærbasar i regionen, ein base som kan blokkere russiske skip sin tilgang til Middelhavet, og samtidig hindre Kina i deira voner om å gjere Pireus til ei viktig hamn i Den nye silkevegen.

«Vi samarbeider med andre demokratiske partnarar i regionen om å verge oss mot vonde aktørar som Russland og Kina, særleg Russland, som bruker energi som eit instrument for sin vondskefulle påverknad» [4], erklærte USA sin ambassadør i Athen, Geoffrey Pyatt, og la vekt på at «Alexandroupolis spelar ei nøkkelrolle når det gjeld energitryggleik og stabilitet i Europa».

«Samarbeidsavtalen for gjensidig forsvar» med USA blir presentert i denne konteksten, og vart ratifisert av det greske parlamentet med 175 røyster for, frå sentrum-høgre av regjeringa (Nytt demokrati og andre) og 33 mot (Kommunistpartiet og andre), medan 80 erklærte at dei var «til stades» i følge Kongressen i USA si oppskrift, ekvivalent med å avstå frå å røyste, som det greske parlamentet brukar. Syriza, Koalisjonen av det radikale venstre, leidd av Aléxis Tsipras, avstod frå å røyste. Partiet sat først i regjering, og er no i opposisjon, i eit land som etter å ha måtta selje ut sin eigen økonomi, no ikkje berre sel ut militærbasane sine, men også det vesle som er att av suvereniteten.

Manlio Dinucci

Oversettelse
Monica Sortland

Kilde
Il Manifesto (Italia)

[1] « La guerre secrète en Grèce », par Daniele Ganser, Réseau Voltaire, 24 août 2013.

[2] « Quand le juge Felice Casson a dévoilé le Gladio… », par Daniele Ganser, Réseau Voltaire, 17 octobre 2009.

[3] « Alexandroupolis, nouvelle base US contre la Russie », par Manlio Dinucci, Traduction Marie-Ange Patrizio, Il Manifesto (Italie) , Réseau Voltaire, 24 septembre 2019.

[4] “Greece: the N(ATO) Factor”, by Manlio Dinucci, Translation Anoosha Boralessa, Il Manifesto (Italy) , Voltaire Network, 17 April 2016.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelMediemørket treng dagslys!
Neste artikkelEtter nitten års krig undertegner USA fredsavtale med Taliban, men hva er den verdt?
Manlio Dinucci
Manlio Dinucci er en italiensk geograf og forfatter. Han har skrevet blant annet: Laboratorio di geografia, Zanichelli 2014 ; Diario di viaggio, Zanichelli 2017 ; L’arte della guerra / Annali della strategia Usa/Nato 1990-2016, Zambon 2016; Guerra nucleare. Il giorno prima. Da Hiroshima a oggi: chi e come ci porta alla catastrofe, Zambon 2017; Diario di guerra. Escalation verso la catastrofe (2016 – 2018), Asterios Editores 2018. Dinucci er fast kommentator i avisa Il Manifesto.