Beistet og bombingane: tankar om Dresden, februar 1945

0
Utsikt fra byens rådhus etter den allierte (UK og USA) bombingen 13-15 februar 1945 (Foto: Deutsch Fotohek/Wikimedia Commons)

Bombinga av Dresden sjokkerte verda

av Brett Wilkins, Common Dreams.

Kurt Vonnegut 

Dei allierte si øydelegging av Dresden var ikkje det største eller mest dødelege bombardementet av ein tysk by under Andre verdskrig. Men det var det klart mest berykta, mykje på grunn av Kurt Vonnegut sitt antikrigsmeisterstykke Slaughterhouse-Five. Den 13. februar markerer vi 75-årsdagen for det som Vonnegut, som sjølv overlevde bombinga som krigsfange, kalla «eit botnlaust blodbad».

Slaktar Harris og britisk terrorbombing 

Tidleg i 1945 var den ein gong så ustoppelege tyske hæren på retrett på alle frontar. Dei siste desperate forsøka på motoffensiv mot dei raskt framrykkande allierte styrkane i vest – Bulge-slaget og Operasjon Baseplate – hadde mislykkast, samstundes som Den raude armé frå aust rulla inn på tysk territorium i den første Schlesien-offensiven. Tidspunktet var gunstig, meinte britiske kommandantar, for storskala-angrep på byar i austre Tyskland som kunne støtte den sovjetiske offensiven og knuse moralen til tyskarane.

Lenge før dette hadde britane implementert ein framgangsmåte for det dei kalla «terrorbombing», eller den medvitne totale øydelegginga av tyske byar, som ein metode til å bryte ned det tyske folket sin vilje til å kjempe vidare. Bølger av krigsfly frå Royal Air Force (RAF) teppebomba tett befolka byar på nattetid, utan å gi skin av presisjonsbombing, og forårsaka omsynslaust omfattande død og øydelegging. Sjefen for Bombeflykommandoen i RAF, Arthur «Bomber» Harris, erklærte sitt ønske om å heimsøke det tyske folket med «redslane ved brann». Ein gong vart Harris stoppa av ein britisk polititenestemann då han hadde køyrt for fort med sin svarte Bentley. «Du kunne ha drepe nokon,» åtvara konstabelen han. «Unge mann,» svarte kommandanten, «eg drep tusentals menneske kvar natt.»

Arthur Travers Harris, mest kjent som «Bomber» Harris eller «Butcher» Harris, var øverste leder av RAF Bomber Command i den siste delen av andre verdenskrig. Han blir regnet som ansvarlig for de høye sivile tapstallene under de alliertes bombeangrep imot Tyskland. Wikipedia

Han laug ikkje. Sjølv om den britiske regjeringa insisterte på at dei aldri hadde hatt som politiske retningslinjer å drepe sivile, var sanninga heilt noko anna. Som Harris sa etter at tyske Luftwaffe-bombefly hadde blitz-bomba britiske byar: sidan tyskarane hadde «sådd vind», skulle dei få «hauste virvelvind». I 1943 skreiv Harris at «målet er destruksjon av tyske byar, drap på tyske arbeidarar og forstyrring av sivilisert liv over heile Tyskland» samstundes med ei «nedtoning av utslettinga av tyske byar og innbyggarane der.»

«Bomber» var verkeleg eit passande klengenamn for Harris, men mennene hans hadde eit anna på han: «Butcher» (Slaktaren). Han levde opp til tilnamnet. Rundt 50 tyske byar vart utsette for grufult luftbombardement, ofte med brannbomber designa for å tenne massive eldstormar og maksimere dødstal, destruksjon og terror. I juli 1943 døydde omlag 45 000 sivile, inkludert 21 000 kvinner og 8 000 barn, under over ei veke med ustoppeleg bombing i Hamburg. I februar 1945 jamna eit hundretals Lancaster-bombefly Pforzheim med jorda og drap nesten win tredel av befolkninga. Lista blei lengre og lengre. 

«Brann, berre brann»

Harris og andre RAF-kommandantar føreslo simultane angrep på Berlin, Chemnitz, Dresden og Leipzig vinteren 1945. Dresden, Tysklands sjuande største by, var det største urbane området i Det tredje riket som ikkje enno hadde blitt bomba. Byen hadde blitt spart for allierte angrep fordi den var ein viktig kulturby – kjend som Smykkeskrinet for sin fantastiske arkitektur – med relativt få militære mål. Det var ein tilfluktsstad, med 19 sjukehus og over ein million flyktningar som hadde flykta frå framrykkingane til Den raude arméen. Dei trekte dit på grunn av Dresden sitt rykte som trygg hamn midt i krigsflammane som herja det meste av resten av Tyskland, eit rykte forsterka av at 25 000 allierte krigsfangar vart haldne i og utanfor byen.

Vi må ikke glemme at krigen hadde også mange tyske ofre. Mange unge gutter som var tvunget til å sloss.

Dei første krigsflya frå RAF entra byen etter klokka 21:30 den 13. februar. Det vart slept kring 200 000 brannbomber og 500 tonn høgeksplosiv, inkludert to-tonns «blockbuster»-bomber, under dei første raida. Desse sette fyr på tusentals brannar som var synlege frå lufta 800 kilometer unna. Varmen som vart generert av infernoet smelta menneskehud og gjorde ei mengd offer om til dungar av smelta masse. Menn, kvinner, barn, sjuke, eldre, flyktningar og allierte krigsfangar, og til og med dyra i dyrehagane – dei vart alle sette i brann saman. Eldstormen på 1500 oC saug alt oksygen frå lufta; mange tusen døydde kvelingsdøden. Lothar Metzger, som var ni år gamal på den tida, minnast seinare: 

«Rundt klokka halv ti på kvelden gjekk alarmen. Vi barna kjende den lyden og .. hasta ned i kjellaren. […] Den eldre systera mi og eg bar dei små tvillingsystrene mine, mor mi bar ein liten koffert og mjølkeflaskene til dei minste. På radio høyrde vi med gru på nyhenda: «Høyr etter! Eit stort luftangrep vil kome over byen vår!» … Nokre minutt seinare høyrde vi eit forferdeleg bråk – bombeflya. Det kom ustanseleg med eksplosjonar. Kjellaren vår var fylt med flammar og røyk og vart skadd, lysa gjekk og skadde folk skreik hjarteskjerande. Med stor frykt kjempa vi oss ut av kjellaren.

Minner ikke dette om dagens Aleppo?

Vi kjende oss ikkje att i gata vår lenger. Brann, berre brann overalt, kor vi enn såg […] Det var ikkje til å tru, verre enn det svartaste mareritt. Så mange folk var skrekkeleg brende og skadde. Det blei meir og meir vanskeleg å puste […] utenkeleg panikk. Døde og døyande folk vart nedtrampa […] kremerte vaksne var skrumpa inn til små barns storleik, delar av armar og bein, døde menneske, heile familiar brende i hjel, brennande menneske sprang til og frå, brennande vogner med sivile flyktningar, døde redningsarbeidarar og soldatar, mange ropte på og leita etter barna og familiane sine, og brann overalt, alle stadar brann, og heile tida kasta den glovarme vinden frå eldstormen folk tilbake inn i dei brennande husa dei hadde prøvd å flykte frå […] Tvillingane hadde forsvunne .. vi fekk aldri meir sjå mine to småsystrer att.»

På morgonen kom det ei bølge på over 300 flygande fort, bombefly av typen Boeing B-17 frå United States Army Air Force, og banka laus på overlevarane med over 700 tonn eksplosiv. Den 15. februar bomba US-amerikanske krigsfly byens søraustre forstadar og dei næliggande landsbyane Meissen og Prina. Når det heile var over var kring 25 000 menn, kvinner og barn daude, og nesten 90 prosent av heimane i sentrale Dresden var utsletta. Mange av måla som kunne ha vore av militær interesse – nokre fabrikkar, jernbanesystemet – var relativt uskadde. Nazistane sine militære tog tøffa gjennom bygatene igjen innan tre dagar etter bombinga.

«Er vi dyr?»

Britiske og amerikanske tenestemenn insisterte på at Dresden skulle velgast som mål på grunn av sin infrastruktur innan industri og transport. Dette er berre delvis sant. Den kvelden bombinga starta, var Den raude arméen berre 130 km unna Dresden, og USA og Storbritannia – som visste at Europa ville bli delt opp mellom dei sjølve og sovjetarane etter krigen – hadde lyst til å imponere Stalin med ein massiv styrkedemonstrasjon. Eit RAF-memo til luftmennene på angrepskvelden forklarte at «intensjonen med angrepet er å råke fienden der han mest kjenner det» og «å vise russarane, når dei kjem, kva Bombekommandoen klarer å gjere». Nokre månadar seinare skulle USA føre verdas første og einaste atomkrig, der dei utsletta to japanske byar og drap hundretusentals av folket der i det som delvis var endå ein måte å sjokkere og imponere sovjetarane.

Dresden-bombinga sjokkerte verda. Churchill, ikkje kjend for å ause ut medkjensle, var forferda over råskapen i angrepet, og kalla det «terror og omsynslaus destruksjon». Etter å ha sett fotografi av den øydelagde byen, spurde statsministeren: «Er vi dyr? Dreg vi dette for langt?» I eit topphemmeleg memo datert 28. mars, 1945 skreiv han:

«For meg verkar det som augneblinken har kome for at spørsmålet om bombing av tyske byar berre for å auke terroren, sjølv om det skjer under andre påskot, bør revurderast. Elles vil vi bli sittande med kontrollen over eit heilt ruinert land.»

Andre forsvarte bombinga. Slaktaren Harris erkjente at «øydelegginga av ein så stor og vakker by på dette seine stadiet i krigen verka unødvendig, sjølv for mange folk som innrømmer at våre tidlegare angrep var heilt rettmessige.» Men han hevda at terrorbombing ville «avkorte krigen og bevare liva til allierte soldatar». Harris la til i eit berykta sitat: «Personleg meiner eg at alle dei gjenståande byane i Tyskland til saman er mindre verdt enn beina til éin britisk grenader».

Så mange som 600 000 sivile tyskarar vart drepne av alliert bombing under krigen. Mange av desse offera døydde i løpet av krigens siste månadar, når Tysklands nederlag var uunngåeleg og ei slik nedslakting ikkje tente noko gyldig militært føremål. Og sjølv om nazistane kanskje starta luftkrigen med bombinga av britiske byar, som drap 14 000 sivile under Blitz-krigen, så var virvelvinden dei hausta – for å sitere Harris – så grovt ute av proporsjonar at det for evig og alltid vil sette flekkar på Dei allierte sine sjølvrettferdige påstandar om at dei kjempa «den siste gode krigen».

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Bilder med tekst lagt til av Knut Lindtner


Se også: Ein Kunstprojekt des Kunsthauses Dresden zum 13. Februar im Dresdner Stadtraum

«Rolling Angels» in Dresden: Kunstprojekt zum 13. Februar


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelPropagandafilmen «The Cave» finansiert av UD i Norge, Sverige og Danmark
Neste artikkelNy E18 eller grønt samferdselsskifte? — Hareide følger opp Frp: Flere biler til Oslo