Bolivia: Vil USA begynne en destabilisering av landet?

0
Valgplakat for Evo Morales. Foto: Shutterstock

Av Colin Burgon.

Gjennom investeringar i offentlege tenester, infrastruktur og folket sitt, har Bolivias president Evo Morales dei siste femten åra vist at ei betre verd er mogleg, utan nedskjeringar, privatisering og neo-liberalisme.


Colin Burgon er ærespresident i Labour Friends of Progressive Latin America. Denne artikkelen ble først publisert i Labour Outlook. Oversatt til norsk av Monica Sortland og publisert på Derimot.no.


Bolivia gjekk ut av 2018 med ein av dei høgaste økonomiske vekstratane i Latin-Amerika, på 4,7% av Brutto nasjonalprodukt (BNP), i følge offisielle data. Landet er i ferd med å bli Sør-Amerikas raskast veksande økonomi endå eit år – og dei som har tent på veksten har primært vore dei fattigaste og mest marginaliserte av Bolivias befolkning.

Den økonomiske modellen til Morales er basert på såkalla ‘Sosial samfunnsproduksjon’, støtta av sterk statsdeltaking i strategiske sektorar. Dette bryt fullstendig med den neo-liberalistiske økonomiske strategien, til dømes IMF-måten med å kutte i offentlege investeringar og statssubsidiar.

La Paz er regjeringssete i Bolivia. Den ligger under fjellet Illimani. Foto: Shutterstock

Heller enn å privatisere offentlege eigeluter og påtvinge nedskjeringar, har Morales tatt tilbake kontrollen over nøkkeldelar av landets økonomi frå utanlandske korporasjonar, og investert i landet sine ressursar for å auke levestandarden.

Før Morales vart president levde 60% av befolkninga under fattigdomsgrensa, men det talet har no blitt halvert. To millionar bolivianarar, eller ein av fem, har fått hjelp ut av fattigdommen. Ekstrem fattigdom har blitt kutta frå nær 40% til 17% ved hjelp av ei mengd statsfinansierte sosiale program.

Sosiale program har også fokusert på folkehelse og -utdanning.

På det tidspunktet Morales tok over som president, hadde Bolivia 13% analfabetisme, men innan tre år vart landet erklært fritt for analfabetisme, takka vere ein kampanje for lese- og skriveopplæring av massane.

I år 2000 gjekk berre 35,73% av barn i grunnskulealderen på skule. 4500 utdanningsinstitusjonar har blitt bygde sidan 2006, mest til gagn for dei fattige på landet, og av land i Latin-Amerika er det no berre Cuba som gir meir økonomisk stønad til utdanning.

Nybygd barneskole ved Titicaca-sjøen. Foto: Shutterstock

Helsevesenet har også blitt kraftig betra, med ei tredobling av budsjettet deira sidan 2006. Landet har no 47 nye sjukehus, og 3000 helsesenter er under bygging. Venta levealder har stige frå 64 til 71 år.

Mellom 2006 og 2018 har Bolivia gitt 16,4 millionar gratistimar hos helsepersonell, også for dei fattigaste og mest isolerte samfunna i Amazonas/Andes-regionen.

Bolivianarar har i tillegg nytt godt av 700 000 gratis augeoperasjonar, medan barnedødelegheita er redusert frå 50 til 24 per tusen fødslar mellom 2009 og 2017, vha helse- og ernæringsprogram.

Morales’ siste helsetiltak vil ta denne utviklinga til eit nytt nivå. I mars 2019 lanserte han Bolivias nye og gratis Sameinte helsesystem (Sistema Único de Saúde, SUS).

I 2019 vil 200 millionar US$ bli øyremerkt til å garantere SUS, ved betring av utstyr, forsyningar og infrastruktur.

Andre ting dei har oppnådd inkluderer endring av eigedomsretten til jord, slik at småbønder no kontrollerer 55% av all jorda, og eit stort bustadbyggingsprogram for låglønte bolivianarar.

Helsearbeidere i Bolivia

Men når bolivianarane går til stemmeurnene no i oktober med Morales i front, er det aukande bekymring i landet for at Trump-administrasjonen sin intervensjonistiske agenda i Latin-Amerika også skal kaste auga på Bolivia. Under Morales si tid i presidentstolen har USA blitt skulda for forsøk på å destabilisere landet gjennom organisasjonar som USAID og National Endowment for Democracy (NED).

I år har partiet til høgresida sin hovudkandidat i presidentvalet blitt skulda for å motta 10 millionar dollar i finansiering frå ukjende kjelder i USA.

Tidlegare i år vart det avslørt at 10 lovgivarar, to senatorar og tre representantar for politiske og ikkje-statlege organisasjonar i opposisjon til Morales, hadde sendt eit brev til president Donald Trump og bede han om støtte («intercede»).

Det herskar derfor bekymringar om at USA kan engasjere seg i intervensjon i Bolivia før valet – og etterpå, dersom dei ikkje likar resultatet – og dermed gjer det nødvendig for arbeidar- og fagforeiningsrørsla og andre progressive organisasjonar å stille opp for Bolivia sin rett til å bestemme si eiga framtid.

Signer ei solidaritetserklæring for støtte til Bolivia på bit.ly/boliviastatement

Forrige artikkelOppsto hatet i verden med sosiale medier?
Neste artikkelUSAs handelskrig mot Europa