Kva er so gale med Netanyahu?

0

Av Hans Olav Brendberg.

Eg forstår ikkje sinnet og fordøminga av Netanyahu no i forkant av det israelske valet. OK – korrupsjonssakene er jo noko konkret, og for alt eg veit er mannen korrupt. Eller kona hans, som jo ogso er ein personlegdom oppi alt dette. Men elles? Kva er problemet?

Javel – vil Netanyahu anektera mange av busetjingane på Vestbreidda? Vart de overraska? Kvifor trudde de at Israel dreiv på med å byggja ut desse busetjingane? For å gje dei bort til dei fattige? Heilt alvorleg: De har då visst sidan tidleg i Oslo-prosessen kvifor Israel byggjer ut og byggjer ut på okkupert land. Det er for å karra til seg meir og meir av palestinsk land. Når fakta på bakken er irreversible, står det berre att formell anektering.

Vart de overraska over at denne prosessen til sjuande og sist kom til sin logiske konklusjon? Og det skulle vera Netanyahu si skuld? Kva tid gav Netanyahu næring til dei falske vonene dykkar?

Vidare: Er det ingen som vil stogga denne galskapen?

Kven skulle det vera? Alle amerikanske presidentar som har freista setja på bremsene – har det gått dårleg med. Kennedy, Carter, den eldre Bush. Dei måtte betala ein pris for å freista setja grenser for den jødiske staten.

So då kasta de dykk over opplysningsarbeidet, og fekk fram i dagslys den enorme rolla lobbyen har spela i vestleg politikk – ikkje minst i førebuinga av det som vart Irakkrigen? Ikkje det, nei. Bortforklaring av lobbyen si rolle var meir komfortabelt, og gav større samhald i varmestova?

Sikkert bra det – men det har sin pris. Som Netanyahu forklarte sine tilhengarar i ei busetjing: «USA er ein ting vi kan flytta veldig lett». Og grunnen til at dette er so lett – er at apparatet som «flyttar USA» er heva over kritikk. Unemneleg – avdi ingen nemner det.

Då er det meir komfortabelt – og kostnadslaust – å «fordøma Netanyahu».

Eg reknar Netanyahu mellom mine politiske fiendar. Men eg har stor respekt for denne mannen, som har dominert vestleg politikk sidan midten av 1990-talet. Som har hatt sikker teft for kva som var tomme ord – og nekta å bøyga etter for retorisk varmluft. Som einvist har insistert på realitetar – og følgt sin ideologi. Utan å mista hovudet – so langt har Netanyahu unngått dei hovudlause krigseventyra. Sjølv i krigen i Syria, der Netanyahu har hatt mange aksjar, har han samarbeidd praktisk og tolmodig med Russland for å unngå verkeleg fårlege situasjonar.

Netanyahu, og staten han personifiserer, er skapt av vestlege unnlatingssynder. I mange rundar. I staden for å få noko verkeleg grep om kva desse «jødiske problema» handla om, har vestlege politikarar og intellektuelle satsa på høg sigarføring, retorisk akrobatikk og store kjensler. Mot dette har Netanyahu sett ufråvikelege prinsipp – kombinert med pragmatisk handverk av første klasse. Difor utmanøvrerar han dei andre – gong etter gong. Slik har det vore sidan han i valkampen i 1996 gjekk til åtak på Oslo-bløffen, og stakk hol i han.

So mitt råd til alle som klagar over Netanyahu er veldig enkelt: Kjøp ein spegel, og studer vondskapens opphav.


Les også: Tostatsløsninga er død – hva med enstatsløsning?

Bara en enstatslösning utmanar apartheidsystemet

Forrige artikkelBraincrash, Brainwash, og studier av mikrobølget stråling
Neste artikkel«Hvithetens makt» – eller hvordan identitetspolitikken gjør rasismen stuerein