Om løgneren John Bolton

0
John Bolton. Foto: Shutterstock.
Caitlin Johnstone

Av Caitlin Johnstone.

Journalist Whitney Webb tweeta nyleg ein videosnutt frå 2010 som eg aldri hadde sett før. Den viser USAs nasjonale tryggingsrådgivar John Bolton som forsvarte bruken av bedrag i den militære agenda. Dette set fokus på noko vi alle bør vere merksame på no når Trump-administrasjonen sin utanrikspolitikk blir meir og meir boltonisert.

I ein episode av Fox News’ Freedom Watch frå desember 2010 snakka Bolton og programverten om WikiLeaks-publikasjonar som nett hadde kome, og naturlegvis kom emnet statleg hemmeleghald opp.

«Eg vil gi mi støtte til hemmeleghald i regjeringa når det gjeld styring av saker som går på nasjonal sikkerheit – og kanskje til bedrag, der dét passar,» sa Bolton. «Du veit, Winston Churchill sa under Andre verdskrig at i krigstider er sanninga så viktig at den burde vere omgitt av ein livvakt av løgner.»

«Trur du verkeleg det?» spurte ein skeptisk Napolitano.

«Absolutt,» svarte Bolton.

«Ville du lyge for å verne om sanninga?»

«Om eg måtte seie noko eg visste var usant for å verne om amerikansk nasjonal tryggleik, så ville eg gjere det,» svarte Bolton.

«Eg trur ikkje vi ofte møter på slike vanskar, men ville eg lyge om kor D-dag-invasjonen skulle skje for å narre tyskarane? Det kan du tru,» heldt Bolton fram.

«Korfor trur folk i regjeringa at samfunnet sine lover eller reglane ikkje gjeld for dei?» spurte Napolitano.

«Fordi dei ikkje opererer i det sivile samfunnet vi lever i under Grunnlova,» svarte Bolton. «Dei opererer i det anarkiske miljøet internasjonalt, der andre reglar gjeld.»

«Men du svor ein eid om å støtte Grunnlova, og Grunnlova krev ei viss openheit og ein viss ærlegdom,» protesterte Napolitano. «Du er villig til å kaste vrak på det for å oppnå eit temporært militært mål?»

«Eg meiner, som Justice Jackson sa i ein vidgjeten dom, at Grunnlova er ikkje ei sjølvmordspakt,» sa Bolton. «Og eg meiner at forsvaret av USA mot utlandske truslar krev handlingar som vi i eit normalt forretningsmiljø i USA ville ha oppfatta som uprofesjonelle. Eg orsakar det ikkje.»

Hvem truer hvem? Hver svarte prikk er en USA-base

Så dét er ei greie. Og det er viktig for oss å vite at det er ei greie, for no heitnar det til i Iran, og Bolton sine fingeravtrykk finst overalt der.

Bolton har lenge forlangt krig med Iran, og i ein løna tale i juli 2017 fortalte han sitt publikum av regimeskifteønskande Mujahedin-terrorkultmedlemmar at dei saman ville feire den vellykka styrtinga av den iranske regjeringa før 2019. No ser vi trusselalarmar bli skrudde opp og spreiing av skremselspropaganda om iranske missilar, med rapportar som har blitt lekka til pressa om moglege planar om å sende 120 000 US-amerikanske soldatar til regionen.

Dette er eit miljø som er modent for bedrag av alle slag, og med det Bolton sa på direktesendt tv for nesten eit tiår sidan i bakhovudet, bør vi alle vere svært, svært skeptiske mot alle nyheiter vi får servert om Iran framover. Dersom du til dømes høyrer – i dette miljøet fullt av eskalerte spenningar og militær posering – at Iran eller ein av «proxyane» deira har angripe USA på nokon måte, bør du straks reagere med intens skepsis mot det dei snakkande hovuda i massemedia fortel deg at du skal tru.

Tilbake i 2012, på eit forum for tenketanken Washington Institute Of Near East Policy, talte gruppa sin forskingsdirektør, Patrick Clawson, ope om sjansen for å bruke falskt flagg til å provosere fram ein krig med Iran, medan han lista opp dei ulike måtane USA har gjort akkurat dét med sine tidlegare krigar.

«Eg trur ærleg talt at kriseinitiering er verkeleg tøft, og det er svært vanskeleg for meg å sjå korleis USAs president kan få oss inn i krig med Iran,» byrja Clawson.

(Kan eg berre ta ein pause her for å kommentere kva slags bisarr rekke med ord dette er? «Få oss inn i krig med Iran»? Få oss med på den tingen som kvart eit sinnsfriskt menneske ønsker å unngå med kvar fiber i kroppen? Du vil «få oss» dit? Dette er ikkje slikt som normale menneske seier. Slik galskap kan ein berre høyre i DC-sumpen der slike skapningar som John Bolton har sine røter.)

«Som fører meg til konklusjonen at dersom det ikkje kjem til eit kompromiss, så vil den tradisjonelle måten som Amerika kjem i krig på vere det beste for USA sine interesser, » la Clawson til. «Nokre folk trur kanskje at herr Roosevelt ønska å få oss inn i krigen … de hugsar kanskje at vi måtte vente til Pearl Harbor. Nokre folk trur kanskje at herr Wilson ønska å få oss inn i Første verdskrig; de hugsar kanskje at vi måtte vente til Lusitania-episoden. Nokre folk trur kanskje at herr Johnson ønska å få oss inn i Vietnam; de hugsar kanskje at vi måtte vente til episoden i Tonkingolfen. Vi gjekk ikkje til krig med Spania før USS Maine gjekk i lufta. Og får eg lov å peike på at herr Lincoln ikkje syntest han kunne kalle ut hæren før Fort Sumter vart angripe, som er grunnen til at han gav ordre til kommandanten ved Fort Sumter om å gjere nett det som sør-carolinarane hadde sagt ville føre til eit angrep.»

«Så om iranarane faktisk ikkje går med på kompromiss, vil det vere best om nokon annan startar krigen,» heldt Clawson fram. «Ein kan kombinere andre pressmetodar med sanksjonar. Eg nemnde den eksplosjonen den 17. august. Vi kunne trappe opp presset. Eg meiner, sjå, folkens, iranske ubåtar går ned med jamne mellomrom. Ein dag kjem ein av dei kanskje ikkje opp att. Kven skulle vite korfor? Vi kan gjere mange ulike ting, om vi vil auke trykket (eg går ikkje i bresjen for det), men eg berre seier at det ikkje er eit enten/eller – berre sanksjonar må lykkast eller andre ting. Vi er med i spelet ‘å bruke skjulte metodar mot iranarane’. Vi kunne spele spelet eklare.»

Så dette er idear som har vore i sirkulasjon i mange år. Den pistolen er ladd og klar til å fyre.

Bolton støtta konfesjonen sin i 2010 ved å bruke eit døme som dei fleste ville vere einige i: at det var fornuftig for Dei allierte styrkane å med vilje bedra nazistane om detaljane kring invasjonen på D-dagen. Men no kjenner vi John Bolton betre. Denne PNAC-direktøren og arkitekten for Irak-krigen trua ein gong med å myrde barna til ein utlandsk embetsmann fordi den diplomatiske innsatsen hans la ein dempar på samtykkeproduksjonen rundt invasjonen av Irak [https://theintercept.com/2018/03/29/john-bolton-trump-bush-bustani-kids-opcw/]. Han forsvarte ikkje bruken av bedrag under kritiske militære operasjonar brukt til å stagge tyrannar som prøver å ta over verda, han forsvarte bruken av bedrag under dei uvettuge aggresjonskrigane som han har bygd sin politiske karriere på.

Ta alt du høyrer om Iran med ei planetstor klype salt, kjære lesar, og alt du høyrer om Venezuela også, medan vi er på emnet. Det finst dyktige manipulatorar som har bestemt seg for å styrte regjeringane i desse nasjonane – koste kva det koste vil – og dei har absolutt ingen problem med å bedra deg for å gjere det lettare. Og dei trur ikkje reglane gjeld for dei.

Kjelde: https://caitlinjohnstone.com/2019/05/16/that-time-john-bolton-said-its-good-to-lie-about-war/?fbclid=IwAR2wTUpTPpnDPpNq5x9lbcVxTQ8x5w_zWf7kXa9PYctYDFH2wf1xZ5klGHI

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.