Jon Hellesnes: Den farlige norske serviliteten overfor USA

8
Norges servilitet overfor USA er farlig.

Jon Hellesnes holdt dette foredraget på møtet i Litteraturhuset i Oslo 9. april, 2018 med tema: «NATO-basen Norge – oppmarsjområde for neste storkrig?»

Under militærøvinga «Joint Reindeer» i Nord-Norge vinteren 2018 uttalte ein nederlandsk offiser, Harro de Vries,  at det kjennest som om vi nærmar oss ein ny kald krig. Ytringa er så villeiande som den kan bli. Vi har jo alt vore inne i den nye kalde krigen i om lag fire år no. At den kalde krigen høyrer fortida til, er rein NATO-propaganda. Denne gongen manglar dei antagonistiske frontane dessutan rasjonelle aktørar som veit eller i det minste er interesserte i kor langt ein kan gå utan at terrorbalansen bikkar over i full krig. Den labile tilstanden gjer faren for krig større no enn under den førre kalde krigen; det er noko som den amerikanske militæranalytikaren og historikaren Stephen F. Cohen har framheva.

Norge er i ferd med å bli militarisert på ein måte som er direkte farleg for landet. Det har skjedd utan at «nyordninga» har hatt førsteprioritet som sak i det konstitusjonelle politiske systemet og i media. Det er som om det har skjedd eit militærkupp eller ein okkupasjon. Men realiteten er vel heller den at altfor mange har late altfor mykje skure altfor lenge. Dermed har militærpolitikken blitt avgjort så å seie administrativt. I ly av den norske serviliteten overfor USA har USA/NATO-komplekset gjort Norge til ein base for etterretning og militær aktivitet retta mot Russland. Det første eksempelet mitt på ein farleg konsekvens av den statlege norske serviliteten overfor USA er henta frå noko som skjedde for om lag trettifem år sidan, og som gjentar seg i dag, men no på ein meir fordekt måte.

Gudbrand i Lia og kona hans

I første del av 1980-åra var den internasjonale situasjonen farleg, om ikkje like farleg som no. Då la NATO ei stor militærøving til det som i dag heiter Nordområda. Eg hugsar ikkje årstalet. Det eg derimot hugsar godt, var eit innslag i NRK/Fjernsynet. Ein amerikansk informasjonsoffiser blei intervjua. Han snakka svært fritt. Ja, det var som om han snakka med kollegaer i den amerikanske marinen. Kanskje forstod han ikkje at han talte til eit norsk publikum? Iallfall la han ikkje skjul på kva som låg til grunn for militærøvinga. Det var det siste nye i NATO-strategien. Det dreia seg om det såkalla krigsteateret, kor det skulle leggast i tilfelle krig med Sovjetunionen. Målsettinga var å skyve krigsteateret langt unna store NATO-land så som USA, England og Forbundsrepublikken Tyskland. Kort sagt: Krigsteateret skulle ligge her nord! Nærmare bestemt hos oss!

«Skandale!» tenkte eg. ”Denne amerikanske offiseren seier jo med reine ord at NATO, i tilfelle krigsutbrot, skal gjere Norge til slagmark.» Eg såg for meg digre avisoverskrifter. Dei ville kome i løpet av dei nærmaste dagane, trudde eg. Storting og regjering ville òg kome til å reagere. Men då trudde eg feil. I norske aviser stod det ingenting. Frå det politiske systemet kom det heller ingen reaksjon. Det blei verande stilt. Ein tung tagnad la seg over landet. Eg for min del tenkte mitt: Det norske styringsverket er som Gudbrand i Lia. Norske media er som kona hans. I folkeeventyret hos Asbjørnsen & Moe tapte gubben alt på grunn av toskeskapen sin, men kona var like blid, nærmast takksam for det han hadde gjort.

Det å gjere eit lite NATO-land til slagmark av taktiske grunnar for så å slå uventa til frå ein annan kant, er heilt i samsvar med grunnsynet til den tidlegare amerikanske president-rådgivaren og no avlidne hauken med polsk namn: Zbigniew Brzezinski. Den instrumentelle innstillinga hans til små NATO-land kjem klart til uttrykk i boka hans The Grand Chessboard (New York 1997, s. 58). Ei karakteristisk Brzezinski-utsegn er omsett i den interessante boka Dovre faller (Oslo 2014, s. 225): «Den brutale sanninga er at Vest-Europa, og i stigande grad Sentral-Europa, i det store og heile er og blir eit amerikansk protektorat, med allierte statar som liknar på tidlegare vasallstatar og skattland.» Med andre ord: Vasallstatar må berre akseptere alt føydalherren finn på. Dei mest USA-servile i mainstream-media og i den norske politiske eliten kjem farleg nær ein krypande aksept av «Brzezinski-doktrinen».

Rett nok kan mainstream-aviser stundom vere harde i kritikken sin av norske politikarar, men det er helst når dei har tulla med reiserekningar, leigd ut eit stabbur, utvida brygga si utan kommunal løyve eller laga bøll i privatlivet. Så lenge politikarane avgrensar seg til å arbeide for amerikanske våpenlager og amerikanske basar på norsk territorium, for fleire og større militærøvingar ved den russiske grensa, for norsk tilkopling til rakettskjoldet og liknande, får dei vere i fred.

Den nye og verre situasjonen

Edward Snowden har «frigitt» NSA-dokument som nettmagasinet The Intercepted publiserte fredag 2. mars. Dokumenta handlar om etterretning-samarbeidet mellom Norge og USA vis-à-vis Russland. Norge har i mange år overvaka dei militære datasystema til Russland og dermed forsynt Pentagon med krigsviktig informasjon. Det blir sagt at Norge er den eine av dei to næraste og viktigaste etterretningspartnerane til USA. Slik sett, er det heva over tvil at Russland har god grunn til å frykte den militære oppbygginga USA/NATO driv med på norsk territorium. Radaren i Vardø, stasjonen utanfor Hønefoss for avlytting og nedlasting av satellitt-kommunikasjon og alt utstyret til etterretning elles er ille nok. I tillegg har amerikanske soldatar fått ein base på Værnes. Det skal bli fleire av dei i Troms. Store lager av avanserte våpen er også plasserte her, og meir skal det bli. Kampfly skal plasserast på Ørlandet og i Bodø. Amerikanske kampfly skal ha Rygge flyplass som base. Ei ny dokumentavsløring gjer det klart at Pentagon likevel er uroa over situasjonen ved NATOs nordflanke. Dermed er det aktuelt å plassere minst åtte overvakingsfly av typen P-8A Poseidon på Andøya flystasjon. Dessutan bør det også vere minst tjue kampfly ved nordflanken, for eksempel på Andøya og/eller ved Bodø, heiter det. At Russland har plassert missil som kan føre atomvåpen i Petsjengadalen nær grensa til Norge, er dermed lite merkeleg.

Ifølge etterretningssjef Morten Haga Lunde har Russland i det siste øvd på flyåtak mot militære mål i Norge tre gongar. Eitt av måla er naturlegvis radaren i Vardø. Dersom Norge i tillegg blir kopla til det såkalla rakettskjoldet, er landet vårt lagt effektivt til rette som bombemål og slagmark. Rakettskjoldet kan nemleg, frå russisk side, tolkast som eit tiltak for å sikre evna til eit kjernefysisk første-slag mot Russland. Norge får dermed om lag same funksjon som ostebiten i ei rottefelle. Russland har fått ein rasjonell grunn å prioritere Norge som bombemål. Ingen vanleg statsborgar veit kva USA vil bruke Norge til, men for ei stormakt er det rasjonelt å by fram ein småstat som ei muleg slagmark. Det er som eit lurt bondeoffer i sjakk, heilt i samsvar med tenkemåten til Brzezinski. Eg går no over til å framstille visse moment som høyrer med i ei forklaring av korleis den nye kalde krigen har oppstått. Eg startar med ei samanlikning.

Aspektblind propaganda frå USA/NATO

Ein gong i 1960-åra kom det opp eit skilt ved eit bur i den zoologiske hagen i Paris: ”This animal is vicious; if attacked, it defends itself.” Var den franske omsettaren ustø i engelsk? Var det ein språkfeil? Eller var skiltet tvert om eit språkleg raffinement? Iallfall gjorde formuleringa merksam på ein spesiell måte å vere aspektblind på, nemleg den som slår ut slik: Dersom ”den Andre” (eit dyr, eit menneske eller ei ein folkesetnad) blir farleg som ein direkte konsekvens av det ”vi” gjer, vil dei aspektblinde oppfatte den Andre som vondskapsfull, lunefull og uføreseieleg. Ein aspektblind person ser ikkje seg sjølv som plagsam aktør og registrerer ikkje problem ved si eiga åtferd. Han ser berre resultat av sin eigen provokasjon som aukande aggresjon hos den Andre. Han ser ein farleg fiende. Den halverte situasjonsforståinga gir den aspektblinde subjektiv rett til å sette inn endå kraftigare ”forsvarsmiddel”. Katastrofen blir eit faktum. (Ein kan naturlegvis vere aspektblind på heilt andre måtar – fargeblind for eksempel.)

Gjennom å innlemme tidlegare austblokk-land i NATO har USA kunna etablere seg militært i nærområda til Russland. Ja, systemet av basar utgjer etter kvart ei kringsetting av Russland. Dette har ikkje starta ein ny kald krig; dette er ingen aggressiv trussel, heiter det. Den militære oppbygginga er berre forsvar, eit forsvar mot Putin-regimets lumske aggressivitet. Men trur politikk-makarane verkeleg på det dei sjølve seier? Det er langt frå sikkert.

Ei alternativ tolking er slik: Politikk-makerane i USA er ikkje blinde for kva dei sjølve gjer. Dei er rasjonelle, men kyniske maktpolitikarar; dei veit at dei provoserer og tar ein enorm risiko, og at Russland vil svare med atomopprusting. Men risikoen er i USA-perspektivet ein nødvendig kostnad for å sikre seg globalt herredømme. Den aspektblinde situasjonsbeskrivinga er berre noko dei bruker for å sette kveik i dei dummaste innanfor den europeiske politiske eliten, inkludert den norske regjeringa.

Det er altså fullt muleg at dei overordna politikk-makarane er kyniske, medan medlemmer av den europeiske politiske eliten og kommentatorar i mainstream-media er aspektblinde. Dei sistnemnde trur då verkeleg på den situasjonsbeskrivinga dei spreier, og følgeleg ser dei liten grunn til å moderere seg. I moralsk villskap larmar dei om faren frå Aust. For kontrastens skuld skal eg skissere korleis klartenkte realpolitikarar med meir eller mindre problematisk fortid har ytra seg om framferda til USA/NATO i det siste.

Gamle realpolitikarar og nye haukar

Blant sentrale utanrikspolitikarar i USA under den førre kalde krigen verka Georg Frost Kennan som ei modererande kraft. Han var ein realpolitikar som var i stand til å sjå provoserande sider også ved det USA gjorde. Han kritiserte den såkalla Truman-doktrinen. I sin høge alderdom (han blei over hundre år) fekk Kennan med seg utviklinga i NATO, og han ytra seg offentleg. Å inkludere tidlegare austblokk-land i NATO var ifølgje han den mest lagnadstunge feilen USA kunne gjere. Kennan innsåg at dette var å gjere Russland til fiende og å starte ein ny kald krig! Altså eit aggressivt opningstrekk i maktspelet.

Henry Kissinger er ein annan politikar-type enn Kennan. Han var ein kynisk maktpolitikar, og synderegisteret hans er stort. Men i motsetnad til dagens maktpolitikarar har han også vore med på å redusere faren for væpna konflikt mellom stormakter. Foto med Nixon og Kissinger hos Mao er blitt ikon for avspenningspolitikk. I 2014 i samband med jubileet for murens fall i Berlin var Kissinger, saman med Mikhail Gorbatsjov og Helmut Schmidt, atter i vinden og etterspurde i media. Alle tre kritiserte den politikken som går ut på å inkludere tidlegare austblokk-land i NATO og å oppføre seg militant ved russiske grenser i form av enorme militærøvingar. Schmidt tok særleg for seg vestleg politikk vis-à-vis Ukraina og dømte dei vestlege intrigane nord og ned. Gorbatsjov har likevel gått lengst i ordbruken. Han skuldar Vesten for å legge opp til krig og dermed kjernefysisk katastrofe. Han har fått støtte frå den amerikanske militæranalytikaren og historikaren Stephen Cohen som hevdar at faren for atomkrig er blitt stor i det siste. Etter kvart har fleire realpolitikarar hekta seg på, ein av dei er tidlegare forsvarsminister under Bill Clinton, William Perry.

Det er ikkje nødvendig å utnemne dei her nemnde til fredsvenner. Det er nok å innsjå at dei ønsker å styre unna den globale katastrofen. Dei er rett og slett realitetsorienterte. Men dei som for tida er i maktposisjonar, verkar upåverkelege. Dei tar ikkje inn den farlege situasjonen som dei sjølve provoserer fram, og som dei stadig forverrar; dessutan har dei ein slags rettsleg immunitet, ser det ut til. Same kva illgjerning ein vestleg leiar, minister, parlamentarikar eller general finn på i samband med ein militæraksjon, har vedkomande ingen juridisk risiko. Ikkje eingong ekstrem kriminalitet, for eksempel etableringa av systemet av hemmelege konsentrasjonsleirar («black holes») og det barbariske tortur-programmet i «war on terror» har vore tilstrekkeleg for påtale. Det blei  stillteiande akseptert i NATO. Det same gjeld dei mange drone-drapa med påfølgande collateral damage medan fredsprisvinnaren var president i USA, også dei er naturlegvis i strid med folkerett og sivilisert militæretikk. Altså er det nærmast metafysisk umuleg at ein toppleiar i eit NATO-land kan bli rettsleg klaga for politiske og/eller militære illgjerningar.

Noka slags moralsk skuld i samband med destruksjonen av Libya i 2011 ser det heller ikkje ut til at nokon vedkjenner seg. Men den norske politiske eliten var med for fullt, den raudgrøne regjeringa fekk støtte frå alle partia i Stortinget. Det galdt å vere med på å bombe. I praksis blei NATO-åtaket ei hjelp til dei islamistiske opprørarane mot Gaddafi-regimet.

I ettertid har ingen i den norske politiske eliten gitt uttrykk for anger eller skam. Dette er nesten fantastisk på bakgrunn av det som no er kjent om det illgjerningsverket dei var med på å sette i verk. Konsekvensen av den såkalla humanitære intervensjonen til NATO var destruksjon av alt i Libya som fungerte, det vere seg Gaddafi-regiments vern av den kristne minoriteten, regimets vern av retten til ei sekulær livsform utan islamistisk formynderi, vatningsanlegg, helsevesen, utdanningssystem osv. NATO-innsatsen gjorde Libya til eit oppmarsj-område for krigerske islamistiske sekter, for eksempel IS, samtidig som folkemassar blei drivne på flukt. Flyktningar frå det NATO-øydelagde Libya var blant dei som drukna i Middelhavet for ei tid sidan. Norske tingmenn, tingkvinner og regjeringsmedlemer som har greidd å legge medansvaret sitt for denne katastrofen bak seg utan problem, representerer truleg eit moralpsykologisk spesialtilfelle.

NATOs atomvåpen-strategi

Serviliteten overfor USA i den norske politiske eliten inneber at staten Norge ikkje berre seier ja til NATOs åtakskrigar, men også aksepterer NATOs atomvåpen-strategi. Avslutningsvis skal eg seie litt om kva vi dermed blir dratt med i, om det ikkje snart blir ei folkereising mot alt dette.

Så lenge kjernefysiske våpen finst, utgjer dei ein eksistensiell trussel mot sjølve menneskearten. Ei vanleg innvending mot dette frå slike som Jens Stoltenberg er at atomvåpen-strategien sikrar fred; for strategien går ikkje ut på å krige med atomvåpena; den går derimot ut på å bruke dei som avskrekking for å hindre krig. Dette er å pynte på realiteten.

Som vi alle veit eller burde vite, kan kjernefysisk avskrekking berre (temporært) hindre krig, så lenge dei antagonistiske partane oppfattar kvarandre som illgjerningsmakter  med evne og vilje til å gjere det djevelske dei truar med, nemleg å skape eit inferno av pinefull massedød der alt sivilisert liv blir utsletta. Ein vaknande mistanke hos andre om at ein av atomstatane har ein politiske elite som er moralsk og human, vil redusere denne statens evne til å avskrekke, fordi dette er eigentleg ein mistanke om at den aktuelle staten er for «veik» til å utføre det kjernefysiske masseslaktet, som altså vil overgå alt historia kjenner av folkemord og grenselause illgjerningar.

Ved aukande internasjonal konflikt, slik som no, blir risikoen for faktisk bruk av atomvåpen større. Eit uhell er nok.  Nye atomvåpen gjer situasjonen, om muleg, endå farlegare. Noralv Veggeland hadde eit informativt innlegg om dette i Klassekampen 8. februar, 2018. Dessutan har saka vore framme både i den franske og den norske utgåva av Le Monde diplopmatique. I nr. 2, 2018 har Paris-redaktøren Serge Halimi ein leiarartikkel. Han refererer og siterer frå ein Pentagon-rapport der det heiter at både Russland og Kina har geopolitiske ambisjonar, og at Putin vil endre Europakartet med makt. Derfor må «fridomens trufaste vaktar» (USA) straks gjennomføre programmet sitt for å modernisere atomvåpenarsenalet, noko som inneber ei tredobling av den aktuelle budsjettposten, og som dermed gjer den mektige våpenindustrien i USA endå rikare. Målsettinga er å produsere ei mengd atomvåpen med mindre sprengkraft, såkalla taktiske bomber til reell bruk i strid. Ein slik bombetype er B 61-12. Flytypen F-35, som Norge er i ferd med å skaffe seg til ein sinnsjukt høg pris, er konstruert for å kunne føre slike atomvåpen.

Tidlegare heitte det at taktiske atomvåpen ville gjere terskelen for generell bruk av atomvåpen lågare og dermed auke risikoen for atomkrig i full skala, altså kjernefysisk inferno. Under den førre kalde krigen innsåg rasjonelle aktørar på begge sider av konflikten at slike taktiske atomvåpen var altfor farlege. Men slikt snakk høver ikkje lenger, verken i Pentagon eller i Det kvite huset eller i NATO-hovudkvarteret eller i mainstream-media eller i munnen til Erna Solberg.

Sjeldan har kunsten å lage nytale à la Orwell vore driven lenger enn den blir no. Alle tiltak som skjerpar konflikten, så som storsatsing på etterretning til fordel for Pentagon, endring av basepolitikken med fast stasjonering av amerikanske soldatar i Norge og utplassering eller lagring av avansert krigsmateriell i tillegg til enorme militærøvingar, heiter no avspenning og normalisering eller sikring av freden. Det same gjeld moderniseringa av atomvåpen-arsenalet. Ingen meistrar denne ordbruken betre enn den noverande generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg. Han godsnakkar som ein mild, humanistisk psykiater til dei nervesvake. Rett nok blir det stadig vanskelegare å bortforklare NATOs rolle i den nye kalde krigen. Men med delvis suksess greier Jens Stoltenberg framleis å legge ein humanistisk himmel over alt USA og Vesten finn på. Presidenten i USA har i så måte fått rett mann på rett plass.

NATO er ingen forsvarsallianse. NATO er ein amerikansk hersketeknikk! Tida er mogen for ei folkereising mot både USA-servile politikarar og den stadig meir aggressive militærpolitikken.

P.S.

Det er ingen grunn til å idealisere Putin-regimet. Men det er trass alt mindre irrasjonelt enn Trump-Pence-regimet. Gjennom sivilisert diplomati hadde Norge hatt ein sjanse til å oppnå eit ikkje-antagonistisk forhold til Russland. Men på grunn av den statleg norske serviliteten overfor USA/NATO-komplekset er den sjansen gått tapt. Trass i åtvaringa frå tidlegare realpolitikarar så som George Frost Kennan, Henry Kissinger, Helmut Schmidt og Mikhail Gorbatsjov  med fleire, har Vesten med USA i brodden starta ein ny kald krig. Trident Juncture på norsk territorium er ei aggressiv markering i stort format. Med dødsforakt og oppøst minister-heroisme er den norske politiske eliten med på kva som helst, så lenge USA står bak.

 


 

Gjengitt fra bloggen til Ivar johansen.

KampanjeStøtt oss

Kommentarer

  1. Takker for en meget interessant analyse. Skremmende, at denne farlige situasjonen ikke er satt på dagsordenen.

    Når det gjelder bakgrunnen for hvordan vi har kommet dit, har jeg følgende synspunkter:
    Norske politikere, støttet av en lojal presse, politi og Rettsvesen er ikke servile.
    Noen er lydige agenter for Elefanten i rommet, og deltar åpenlyst i Fora, der de omgås personer med en uttrykt agenda om avvikling av Norge som Nasjonalstat.
    Andre er medlemmer i organisasjoner som har samme uttrykte målsetting.
    Noen er tvunget til taushet gjennom kompromitterende situasjoner de har blitt utsatt for, andre gjennom trusler om tiltak mot en selv, eller nærmeste familie, slik Støre ble det i Kabul.
    I ekstreme enkelttilfeller er også noen tatt av dage, slik enkelte påstår Tore Tønne ble.

    En ting har de imidlertid felles. Det er 22/7-2011, da Norge ble tatt gissel for Verdenselitens videre planer.
    Norge hadde på det tidspunktet informert om, at vi ville trekke våre militære ut av Afghanistan og avslutte bombingen i Libya. Norge hadde rammeavtale med Russland om utvikling av Stockman feltet i Nord. Støre lot seg avbilde med plakat om Boikott av Israel.
    I kjølevannet av 22/7-2011, er vi tilbake i Afghanistan, og støtter krigen i Syria militært, politisk og økonomisk. Vi støtter kuppet i Ukraina, og rammeavtalen med Russland er avviklet. I tillegg er Norge med på økonomiske sanksjoner mot Russland. Noen Boikott av Israel har ingen hørt mere om.

    Alt dette uten diskusjon, hvilket ikke er spesielt overraskende. Det er ingen ting å diskutere. Det er ingen å diskutere med.

  2. Om vi som nasjon ikke skal gå med i dragsuget når the Jewed down ‘land of the not-so-free’ etterhvert går i oppløsning, må vi pinedø begynne å manne oss opp å få stoppet de gjennomkorrupte politiske prostituerte som sitter i den Norske Nasjonalforsamlingen og som aktivt deltar i destabilisering i Europa og andre verdensdeler – samt aktivt bidrar til å dra Norge inn i kriger og konflikter som ikke på noen måte er vår business – men som får horrible konsekvenser av død, menneskelig lidelse og ødeleggelse i land der vi i utgangspunktet ikke har noe som helst utestående med en kjeft, - i motsatt fall, er vi alle som en i nasjonen Norge - MEDSKYLDIGE!!!
    Steng porten mot den rabiate Junker’s EU, få kontroll på våre grenser og se til å kom oss for helvete ut av krigs- og drapsmaskinen OTAN, de er begge ‘Same shit’ i ‘different wrapping’!

    ALDRI i menneskehetens historie, har det fordret så lite å ‘connect the dots’! . . . . . .

  3. baluba says:

    Verre enn slaveri er å tilpasse seg det.(Jesse Jackson) Fordi det smertefull og voldelig vil de fleste tilpasse seg. Erna Solberg fører oss mot slaveri.

Fortsett diskusjonen på forum.steigan.no

Deltakere

Historisk kommentararkiv

8 KOMMENTARER

Legg igjen en kommentar til Jon Hellesnes: Norge kan bli fremtidig slagmark. | Derimot Avbryt svar

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.