Kor mange bilar kan vi tillate oss?

0
Mads Løkeland-Stai

Av Mads Løkeland

NHO kom i 2016 med krav om 478 milliardar til veg og 252 milliardar til bane i Trøndelag i perioden 2019 – 2022, og tilsvarande krav elles i landet.  Med andre ord ei kraftig satsing på ytterlegare vegbygging.  Elbilen blir lansert som den store løysinga på problem med klima og miljø, men talet på bilar skal tydelegvis ikkje ned.  Foreløpig har vi ikkje hatt ein debatt om det grunnleggjande spørsmålet som må bli eit av premissa i debatten om norsk transportpolitikk:  Kor mange bilar kan vi eigentleg tillate oss i Noreg, sett ut i frå eit internasjonalt miljøperspektiv? 

WWF living planet indeks seier at vi i verda totalt sett bruker dei tilgjengelege økologiske ressursane til 1,6 jordklodar, med andre ord at vi tærer sterkt på ressursane.  Dette har ført til ein situasjon med eit dramatisk tap av biologisk mangfald, av artar, både i Noreg og elles i verda.  Det blir no snakka om den sjette masseutryddinga av artar i jordas historie.  Den einaste langsiktige løysinga i solidaritet med komande generasjonar og med naturen, er å redusere belastinga på dei økologiske ressursane med minst 1/3.

Mot dette bakteppet må vi ikkje minst vurdere biltrafikken.  Produksjon av bilar, også elbilar, krev energi, og i tillegg gruver og kjemiske og fossile råvarer for å produsere alle materiala som skal til, metall, plast, glasfiber, kjemikaliar etc.  Drift av bilparken, med veg- og parkeringsanlegg krev energi, metall, betong og fossile råstoff som asfalt, olje og dekk, og utgjer i tillegg ei stor belasting på miljøet gjennom utslepp av støv, plastpartiklar, gassar etc.   Store areal, der det tidlegare var naturområde, produktiv skog og dyrka mark, er lagt under asfalt og betong som vegar og parkering.  Denne store bruken av areal er skadeleg for klimaet, det biologiske mangfaldet og for produksjon av mat.  Det er mindre kjend at utslepp av slitasjepartiklar frå bildekk er det største norske bidraget til den alvorlege forureininga av havet med mikroplast.  Det er difor liten tvil om at redusert bruk av personbilar må utgjera ein vesentleg del av dei tiltaka vi må ta for å redusere belastninga på klima og miljø.  Det er langt frå tilstrekkeleg at bilen blir elektrisk – talet på bilar må ned.  Ein kan ønske å verne om bilen og redusere på andre ting i staden, men så lenge bilen ikkje er livsnødvendig på same vis som mat, klede, helse og hus, så må ein akseptere at talet på bilar i verda må blir redusert med minst 1/3.  Dette vil vera i tråd med FNs nye tusenårsmål om berekraftig forbruk og produksjon, og som Noreg røysta for.

Verda har i dag 1 milliard personbilar og 7,3 milliardar menneske.  Dersom vi reduserer talet på bilar med 1/3 som eit bidrag for å koma i økologisk balanse, får vi 1 bil pr 11 innbyggjar som eit gjennomsnitt i verda.  Eit grunnleggjande vilkår for få internasjonale avtalar om redusert utslepp av klimagass og redusert økologisk forbruk på verdsbasis er å aksepter lik rett for alle folk i verda til å utvikle same levestandard og forbruk.  Noreg må planleggja norsk forbruk ut i frå gjennomsnittet av kva jorda kan tole.

11 menneske pr bil set eit tak på 450.000 personbilar i Noreg.  I dag har vi 2,5 millionar personbilar i Noreg, så meir enn 4 av 5 bilar må vekk frå norske vegar dersom vi skal ned på det nivået som jordkloden toler når det gjeld klima og naturmiljø.  Alternativet er utenkeleg, at talet på bilar i verda skal auke frå 1 milliard til 4 milliardar, og om nokre år til 5 milliardar bilar dersom alle folk i verda skal nå dagens norske nivå.

Dette reiser mange spørsmål.  Aksepterer vi kravet om ein sterk reduksjon i talet på bilar for å berge klima og miljø?  Kva samfunnsmessige endringar og tiltak må til i det norske samfunnet for å leggja til rette for å redusere talet og bruken av personbil til 1/5 eller lågare, og kor raskt må det skje?  Kan vi oppnå målet med ein planmessig reduksjon fram mot 2030, eller treng vi lengre tid?  Uansett er det på tide straks å stanse utbygging av stadig breiare vegar som vi ikkje treng i framtida når køane blir fjerna gjennom planmessig redusert trafikk av personbilar.  Tilsvarande må ein setja ein like ambisiøs plan for å redusere talet på godsbilar på vegane.

Det er ikkje tilstrekkeleg at bilane blir elektriske, hovudspørsmålet for klima og miljø er å setja ut i livet ei planmessig omlegging av samfunnet for sterkt redusert bruk av personbil, samtidig som ein sikrar at folk kjem seg på arbeid, til barnehage, butikk etc.  Framtidssamfunnet kan bli eit grønare og vennlegare samfunn med mindre støy, støv og trafikkulykker og meir natur utan asfalt.  Eit vesentleg element er eit framtidssamfunn med mindre behov for transport av folk og gods.

Korleis kan vi få til ein kraftig reduksjon av vegtrafikken for å koma ned på eit internasjonalt berekraftig nivå?  Det er ikkje tilstrekkeleg med diffuse og uforpliktande mål om ”redusert biltrafikk” – vi må ha klåre mål om kor langt ned vi skal.  Men det store spørsmålet er kva som må til for å vinne sigrar mot ein sterk lobby av bilindustri, verkstadar, entreprenørar og andre som hentar profitt frå bilsamfunnet og ser framtida si truga av miljøsatsing i transportsektoren.

 

Mads Løkeland

 

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.