
Ein gong besto det norske partisystema av klasseparti og verdiparti. Høgre representerte borgarskapet, Arbeidarpartiet arbeidarklassen, Bondepartiet bøndene. Det var parti for konservative, liberale og kristne verdiar. I dag er dei einaste verdiane som motiverer partia dei verdiane som målast i kroner, euro og dollar.

Noreg hadde ein gong eit fredsparti (SF/SV). Vi hadde ein gong eit anti-imperialistisk parti, eit parti som sto på sida til dei fattige i verda mot dei rike (AKP/RV/Raudt). I lag med MDG var desse partia miljøparti. På kvart sitt vis sto dei alle for draumen om at «ei anna verd er mogleg».
I dag er alle desse partia pro-imperialistiske krigsparti, som meiner det er viktigare å ruste opp til krig enn å ta vare på natur, miljø og klima.
Din støtte holder oss gående!
steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.
Støtt oss herNår vi no etter alt å dømme er på veg inn i den tredje verdskrigen, vil dette sviket vere enno større enn det som den sosialdemokratiske arbeidarrørsla i Europa sto for i 1914 da dei enkelte partia støtta kvar sine borgarskap i krigen. Enno større fordi vi har dei blodige røynslene frå to verdskrigar å bygge på.
No er ikkje dei andre stortingspartia noko betre. Dei representerer interessene til forskjellige fløyer av det imperialistiske norske borgarskapet. Dei fleirste har aldri representert anna enn overklassa, mens det såkalla Arbeiderpartiet for lenge sidan har gått frå å ville reformere kapitalismen til å ville administrere han og vidare til å la kapitalismen administrere partiet. I utanrikspolitikken har partiet forsvart USA-imperialismen sidan 2. verdskrigen.
Dei tre nemnde partia derimot, skil seg ut med ein gong å ha stått i mot, for så å velje å bøye av for det massive presset for opprusting og krig. Dei har eingong forstått, men så vald å ikkje forstå. Dei har sett stortingsplassar og potensielle regjeringstaburettar føre freden, anti-imperialismen og miljøet. Dei har gjort det på forskjellig vis, ikkje alle like konsekvent, og det er motsetningar mellom dei, men felles er den totale oppslutninga om NATO sin krig mot Russland med Ukraina som slaktoffer, og om opprusting for krig, slik det går fram av forsvarsforliket, som blei samrøystes vedtatt av Stortinget. Dei står på det vestlige og rike mindretalet si side mot resten av verda. Dei har glømt at natur- og miljøvern ikkje er mogleg utan fred og nedrusting.
Noreg har i dag ei eittpartiregjering med under 1/3 av stortingsrepresentantane og under 1/4 oppslutning i meiningsmålingane. Det er mogleg fordi regjeringspartiet har 4 støtteparti, som lar dei regjere i fred mot nokre smular ved kvar budsjettbehandling. Når Ap legg fram eit budsjett har ein tatt høgde for å gi etter så støttepartia skal få ein siger eller to kvar. Slik kan dei overfor eigne medlemmar og velgarar forsvare at jo, det lønner seg å vere støtteparti.
Av dei tre partia er det (så langt) bare SV som har sete i regjering. Om korleis partiet oppførte seg der sa tidligare partileiar Kristin Halvorsen: «Man sitter ikke bare litt i regjering». Nei, dei sat der fullt og heilt, administrerte det imperialistiske norske oljefondet, fikk ha nokre gallionsfigurar i miljødepartementet mot aldri å sette foten ned mot miljøskadelige inngrep og trivdest utmerka ved Kongens bord.
Det aller største fallet har Raudt stått for. No har partileiaren uttrykt ønske om å komme i regjering, omtrent på same vilkåra som SV hadde, dvs. godta at Ap / NATO / EU avgjør politikken, og regjeringskameratane får smular for å bidra til at Ap får regjere.
Da eg ein gong for veldig mange år sidan blei med i det som da heitte Sosialistisk Ungdomsforbund (seinare Raud Ungdom), var det nettopp fordi det var ein organisasjon som stilte seg på sida til det fattige fleirtalet i verda mot amerikansk og europeisk imperialisme. Eg opplevde ei rørsle som ville forstå verda for å endre henne, som allierte seg med frigjøringsrørsler og sosialistiske rørsler over heile verda og som såg vårt eige norske, europeiske og vestlige borgarskap som hovudfienden. Rørsla la stor vekt på analyse, av historia, av verdsøkonomien, av utbytting og undertrykking, av rolla til forskjellige land, klassar og organisasjonar.
I ettertid skal eg ikkje nekte for at vi bomma på ein del av desse analysene, bl.a. ved å bare sjå dei gode sidene ved rørsler og land vi støtta. Men det viktigaste var at vi (i lag med delar av SV) var dei einaste som valde side for «Resten mot Vesten». Dette var heilt grunnleggande motstraums i Noreg og etter mi meining overordna alle feila vi gjorde.
Vi stilte spørsmålet om kor demokratisk det norske samfunnet var, og avslørte at det ikkje var noko reelt demokrati. Både fordi arbeids- og næringslivet var unntatt demokratiet og fordi det var andre strukturar enn dei formaldemokratiske som avgjorde politikken. Forsøka på å skissere alternativ som arbeidarråd og direkte demokrati kombinert med eitt-partistyre slo ikkje an, men i oppgjøret med dette på 1980-talet endte ein meir og meir tilbake i det vanlige borgarlige parlamentariske systemet. Den tidligare kritikken av dette systemet forsvann, gjerne i takt med at RV i større grad fikk posisjonar i det.
Forfallet i evnen og viljen til å analysere verda kom allereie med den organisatoriske delinga av AKP(m-l) og RV. RV var danna utelukkande for å stille til val til folkevalde forsamlingar og for å fungere innafor desse når ein var blitt vald. Slik sett var RV Noregs mest parlamentariske parti, fordi forhold utafor dei parlamentariske forsamlingane pr. definisjon ikkje var partiet sitt ansvarsområde. Det viktige blei da å finne paroler som slo an og ga merksemd og røyster, å reise saker som ga mediaoppslag og posisjonar. Det blei eit sterkare og sterkare skilje mellom desse organisasjonane, sjølv om ein i prinsippet dro i same retning og mange var med i begge. Når RV hadde møte, diskuterte ein ikkje verdssituasjonen men kva forslag ein skulle stille til kommunebudsjettet. I motsetning til AKP var aldri studier nokon viktig del av arbeidet til RV.
Denne utviklinga hadde altså kome langt allereie da Raudt blei danna i 2006. Det var den parlamentariske fløya frå RV som dominerte, med stort innslag i leiinga av folk som hadde hatt sitt viktigaste politiske arbeid i parlamentariske forsamlingar, eller i forsøk på å komme inn i dei. Dei som var opptatt av å analysere verda kom i bakgrunnen.
Dette slo gjennom for fullt da Moxnes blei leiar. No blei arbeidet meir og meir konsentrert om å få oppslag i media, som grunnlag for å komme inn i Stortinget, fylkesting og kommunestyre. Meiningsmålingane blei testen på om ein var på rett veg.
Eit viktig arbeidsområde for AKP / Raudt var fagrørsla. Men ettersom mange partimedlemmar fikk faglige tillitsverv og fagforeningsaktivistar gikk inn i partiet, byrja påverknaden å gå begge vegar. Raudt ønska å få del i dei store pengeløyvingane frå fagrørsla som til da hadde blitt Ap og dels SV til del, og Klassekampen ville ha fagforbund som aksjonærar. Da kunne ein ikkje lenger omtale fagforeningspampar som arbeidararistokrati eller oppsummere forholdet mellom Ap og dei borgarlige som «A=B». Da måtte Raudt bli ein del av den «raud-grøne» alliansen. Taktikken fungerte. I 2025 fikk Raudt 1,5 mill i valkampstøtte frå LO og LO-forbund eig no vel 1/4 av aksjane i Klassekampen.
Mens det parlamentariske arbeidet i AKP-tida var ein støttefunksjon for folkets kamp, blei det seinare hovudsaka, og fagrørsla og andre kampområde blei i første rekke ein arena for å markere partiet og verve røyster.
Raudt har i likheit med Ap markert seg som eit industriparti. Dei vil forsvare arbeidsplassane i industrien og støtte oppretting av ny industri. Det gjør dei bl.a. med å krevje at staten gir slike vilkår at industriinvesteringar blir lønsame. Det kjem ofte i kollisjon med partiet sin profil som miljøparti. På tre Raudt-landsmøte, 2019, 2021 og 2023 røysta eit fleirtal ned leiinga sitt ønske om å støtte opp om vindkraftutbygging. Mens SV og MDG har gått for vindkraft som klimatiltak, har Raudt-leiinga lagt vekta på arbeidsplassane i verkstadindustrien.
Ved valet i 2025 fikk Raudt overveldande mange røyster i reindriftskommunane Guovdageaidnu og Kárášjohka. Trulig viktigaste årsak var at partiet sto fram som det einaste partiet mot vindkraftutbygging. Kor mange av dei som røysta Raudt visste at dei røysta på eit parti med ihuga vindkraftforkjemparar i leiinga?
Mens utanrikspolitikk og internasjonal solidaritet var sentralt i den tidlige ml-rørsla, kom dette meir og meir i bakgrunnen i Raudt. No blei det Noreg som blei ramma for politikken og alt dreidde seg om den nasjonale klassekampen. Klarast kom det fram ved at «Forskjells-Norge» blei hovudfienden, mens «Forskjells-Verda» kom i bakgrunnen. I krav om høgare løn og pensjon, betre barnehagar og sjukeheimar og gratis tannhelse for alle, forsvann perspektiva med Noreg si rolle i den vestlige imperialismen. «En annen verden er mulig» var Attac sitt slagord, ikkje Raudt sitt.
Når dei store verdshendingane sprengde seg inn i vår heimlige andedam, hamna enno Raudt på å ta ansvar frå dei verste utslaga av USA/NATO-imperialismen, som i Jugoslavia, Irak og Libya. Men dette sto fram som einskilde saker utan ei samanhengande analyse, og så dukka ein ned igjen i den norske dammen. Først da Russland i 2022 gikk inn i Ukraina kom den store prøva. Først da kom det fram kva som hadde skjedd bak kulissane i dei åra da Raudt hadde konsentrert seg om Forskjells-Norge, Fellesskap fungerer og gratis tannbehandling. No kom Raudt-leiinga ut av skapet som nyfrelste NATO-tilhengarar, i likheit med sine frender i SV.
Raudt-fleirtalet si enkle analyse var at Russland hadde gått til angrep på Ukraina, og da måtte vi støtte offeret. Fullt ut og ukritisk. Alle fakta som telte mot dette enkle bildet blei bannlyste. Heile historia om USA sin undergraving av Ukraina frå før 1990 til i dag måtte teiast i hel, ein måtte ikkje nemne den sterke nazismen i Ukraina, undertrykkinga av nasjonale minoritetar og venstreopposisjonen. Alle innvendingar var «putinisme». Forfølginga av annleis tenkande kunne ha modell frå Stalin eller den amerikanske McCarthyismen.
All undertrykking og urettferdigheit fører til motstand. Det gjør også miljøøydeleggingar med statlig velsigning. Motstanden er ikkje til å unngå. Herskarklassa har da to moglege måtar å takle denne motstanden på. den eine er brutal undertrykking, fengsling eller direkte nedslakting av opposisjonen. Dette er vel kjent frå fascistiske regime, men er mye meir utbreidd enn det. Den andre er å forsøke å føre motstanden inn i parlamentariske organ, gi dei opposisjonelle posisjonar og ansvar, slik at ein unngår opprør mot nokre mindre konsesjonar. Under normale forhold fungerer dette både billigare og betre.
Har Raudt sine posisjonar ført til endring i norsk politikk? Nei, i såfall i mikroskopisk grad. Derimot har posisjonane, og lengselen etter fleire, i så stor grad endra Raudt at det ikkje lenger er noko fredsparti, og dermed heller ikkje kan reknast som eit reelt sosialistisk parti eller eit miljøparti.
Om ein skal bygge ei rørsle for ei anna verd, må det dessverre gjørast utanom og i kamp mot samtlige stortingsparti, inkludert MDG, SV og Raudt.
oss 150 kroner!


