Hjem journalistikk

Vitskap og klassekamp 

0
Vitenskap og klasseinteresser. Shutterstock.

Avisnavnet Klassekampen skulle gi eit signal om at avisa analyserer verda ut fra forholdet mellom klassane i samfunnet. Avisa har i alle fall tidligare hatt som mål å avsløre korleis kapitalmakta styrer i samfunnet gjennom skjulte maktstrukturar. Dette synest å vere glømt i den analysa som kjem fram i leiarartikkelen 16.07.2026.

Svein Lund.

Det er ikkje vanskelig å støtte kritikken av Trump og øvrige ytre høgreside sin kamp mot vitskap og kunnskap. Men det betyr ikkje at alt som står fram som vitskap er den heile og fulle sanninga, og at alternativet er eit heilskaplig objektivt godt og demokratisk system. 

Vitskap er ikkje ei eintydig sanning. Han er stadig under utvikling, og på vegen vil det vere feil og manglar. Vitskapelig arbeidsmetode betyr å stille spørsmål, også ved etablerte «sanningar». Eit kjent eksempel er astronomien, der det tok ein lang kamp å få anerkjent at jorda er rund og går rundt sola. Seinare utvikla vitskapen seg til at jorda ikkje er heilt rund likevel, og på 1800-talet klarte ein å måle jordas form ganske nøyaktig. Kunnskapen blei utvikla fordi nokon torde å stille spørsmål.

Eit anna eksempel er medisinsk vitskap. Den medisinske kunnskapen bygger i stor grad på folkelig tradisjon, bl.a. i bruk av urter. Etter kvart skaffa store legemiddelselskap seg monopol og sel produkta sine over heile verda, til ein skyhøg overpris fordi dei har patent. Det statlige systemet i Norge og mange andre land framstiller legemiddelselskapa som forsking, og folkelig kunnskap som overtru. Medisinsk forsking har bidratt til store framsteg, som utrydding av fleire epidemiske sjukdommar. Men samtidig har det blitt utvikla kommersielle forskingsmiljø med klare eigeninteresser av å tene pengar på medisinar og vaksiner. Da Covid-epidemien braut ut, venta mange milliardar i forteneste på dei som først klarte å utvikle ei vaksine i milliardar av doser. Nokre selskap klarte dette, men med verknadar som vi enno ikkje har full oversikt over. Ingen har i dag den fulle sanninga om dei positive og dei negative verknadane av denne massevaksineringa. Det blir da for enkelt som Klassekampen gjør å framstille vaksina som vitskap og innvendingane som «uetterettelig synsing». 

Eit anna eksempel er klimaendringane. Da vitskapen fann teikn på at forbrenning av kol og olje bidrar til auke av gjennomsnittstemperaturen på jorda, kjente kol- og oljekonserna profitten sin truga og betalte politikarar og forskarar for å motbevise dette. Det er desse interessene Trump representerer. På andre sida blei «det grøne skiftet» ein gigantisk forretningside og det blei også store pengar å tene på forskinga som sa det som no var politisk korrekt, at jorda er i ferd med å koke og at redninga låg i vindkraft, solpanel og meir mineralutvinning. Innvendingar mot dette blir stempla som klimafornekting, eit stempel som plasserer synspunkta som illegitime.

Noreg vil bidra i denne mineralutvinninga, men på ein måte som er lønsam for staten og for gruveselskapa. Da må forskinga tilpassast det. I mange år har forskarar forsøkt å få pengar til forsking på alternativ til sjødumping, men blitt avvist av staten og Norsk Bergindustri. I staden blir det bevilga store pengar frå stat og gruveselskap til forsking på korleis best mogleg utnytte fjordane våre som søppelplass. Da er det den siste som blir gjennomført, det som blir offisiell vitskap. 

Mange andre eksempel kunne vore nemnd. Vi skal forsvare vitskap mot vitskapsfientligheita til Trump & Co. Men det må gjørast med forståing av at vitskap ikkje er eintydig sanning ein gong for alle, og at mye av det som i dag framstår som vitskap er styrt av politiske og økonomiske interesser. 

Svein Lund, Guovdageaidnu

Forrige artikkelI januar 1814
Neste artikkelUSA med nye angrep på Iran, Iran svarer med samme mynt