Eit mord i Odessa

0
Demyan Ganul, en av lederne for mordbrannen i Odessa 2. mai 2014, ble myrdet på åpen gate. Han likte å framstille seg som på dette bildet.

Torsdag vart Demyan Ganul, ein kjent høgreekstremist i Ukraina, skoten på open gate i Odessa. Drapet skjedde midt på formiddagen – drapsmannen skaut Ganul slik at han fall saman, og gjekk deretter bort og skaut ei kule gjennom hovudet på mannen.

Hans Olav Brendberg.

Ganul er først og fremst kjent som ein av leiarane bak mordbrannen i Odessa 2. mai 2014. Ei gruppe høgreekstreme gjekk til åtak på demonstrantar utanfor fagforeiningsbygninga i Odessa, og då desse tok tilflukt inne i bygninga sette høgreekstremistane fyr på denne. Det finst videoar av at Ganul og kompisane står utanfor og skyt på folk som freistar flykta frå flammehavet.

Etter å ha heroisk myrda uvvæpna medborgarar på denne måten, har Ganul vore ein synleg profil i byen. Han har aldri vorte tiltalt eller straffa, og i det siste har han vore aktiv i pressgjengane som fangar folk på gata for å sende dei som kanonfor til fronten i Donbass.

Mordet på Ganul kan vera eit forvarsel. Vi veit enno ikkje kven som drap Ganul – rykta går om at det var ein ukrainsk krigsveteran som har vorte såra fleire gongar ved fronten.

Men rykte er rykte.

Det er slett ikkje sikkert at Trumps initiativ no fører til våpenkvile. Sjølv om ingen har nokon strategi for å vinna krigen, er det jo ein slags plan å halda fram, for å sjå om noko ryk.

Det vestlege samhaldet er allereide under rask oppløysing. Men Ukraina er eit flugepapir Trump ikkje blir kvitt så lett, og det kan godt henda krigspartiet greier utmanøvrera Trump.

Då er spørsmålet kvar ein finn den veikaste lenka i kjedet. Det kan fort visa seg å vera det interne samhaldet i Ukraina. Politiske drap har heile tida vore ein del av biletet etter det politiske skiftet i 2014 (som lista over «Folkefiendar» – Myrotvorets, som sette journalisten Oles Buzina og politikaren Oleh Kalashnikov høgt oppe og – simsalabim – kort etter var begge daude). Men likevel har regimet hatt kontroll.

Spørsmålet er om dette byrjar rakna langs saumane.


Den europeiske menneskerettsdomstolen felte 13. mars 2025 en dom om mordbrannen i Odessa.

I dommen heter det:

I saken Vyacheslavova og andre mot Ukraina mente domstolen at det hadde vært brudd på retten til liv/etterforskning på grunn av myndighetenes unnlatelse av å gjøre alt som med rimelighet kunne forventes av dem for å forhindre volden i Odesa 2. mai 2014, for å stoppe volden etter at den brøt ut, for å sikre rettidig redningstiltak for personer som var fanget i brannen og gjennomføre en effektiv etterforskning i brannen.

Vi skrev om mordbrannen umiddelbart etter forbrytelsen fant sted, blant annet her:

Og vi gjennomgikk saka ti år etter at mordbrannen fant sted:

Det er rimelig å anta at dersom «det internasjonale samfunnet» hadde fordømt de anti-russiske pogromene den gangen, tatt et oppgjør med nazistene og gitt den russisktalende minoriteten beskyttelse, så hadde det vært mulig å unngå krigen i Ukraina som startet kort etterpå og som har pågått til denne dag.

Når det ikke ble gjort så skyldtes det at disse nazistene var på parti med Vesten, noe de fortsatt er.

Forrige artikkelEuropas sikkerhet
Neste artikkelHvorfor avviste Putin det amerikansk-ukrainske våpenhvileforslaget?