I Klassekampen 28.05.2024 går Bjørgulv Braanen til frontalangrep på miljørørsla under tittelen «Venstresida må bygge landet – ikke bare si nei!».
Det er nå snart 100 år sidan Arbeiderpartiet sin husdiktar Arne Paasche Aasen skreiv «Vi er de tusener som bygger landet» og mange tusener av oss har sunge den på fagrørsla sine møter og kurs. Men Noreg og verda er ikkje lenger som rundt 1930 eller i etterkrigstida, da landet skulle gjenreisast og industrialiserast. I 2024 har Noreg eit så høgt samla forbruk, at om resten av verda skulle hatt det same, måtte vi hatt 3,5 gongar ressursane på jorda. Dei inngrepsfrie naturområda er redusert til ein liten brøkdel og restene minkar no i rekordfart. Så godt som alt av fjell og vidder skal byggast ned av vindkraft. Fjell sprengast bort for mineral til kvitmaling og for å bygge enno fleire vindturbinar. Motorvegar og kraftliner raserer naturreservat. Fjordane fyllast med gruveslam og avfall frå oppdrettsnæringa. Og så er Braanen og Klassekampen si parole at vi skal bygge landet! Saka er at vi lenge har bygd alt for mye.
Natur, friluftsområde og område for jordbruk, fiske og reindrift blir i stadig større grad bygd ned. Dette skjer fordi kapitalen og kapitalismen har eit umettelig behov for profitt og økonomisk vekst, som det ikkje finst eit økologisk grunnlag for. Så kunne vi kanskje vente av politisk redaktør for ei avis med namn Klassekampen at ho gikk til åtak på dette. Nei, i staden går avisa til åtak på miljørørsla og den delen av venstresida som vil verne natur og miljø.
Som nyhetsredaktør i «venstresidas dagsavis» påtar Braanen seg å tolke kva «dagens radikale venstreside», kven det no måtte vere, ville ha gjort i ein heilt annan historisk situasjon: «Det er for eksempel paradoksalt å tenke på at dagens radikale venstreside ville gjort alt som sto i dens makt for å stoppe den storstilte vannkraftutbyggingen og satsingen på kraftintensiv industri i etterkrigstida – selv om alle på venstresida i dag lovpriser den i høystemte ordelag.»
Det er i dag all grunn til å stille spørsmål ved mye av den kraftutbygginga som foregikk dengang. Mange av våre finaste naturområde blei øydelagt for alltid. Noreg satsa på kraftintensiv industri fordi vi ved hjelp av ei omsynslaus kraftutbygging kunne levere billig straum. Var og er det god ressursutnytting at bauxitt frå Sør-Amerika og kryolitt frå Grønland blir til aluminium i norske smelteverk, for så igjen å bli eksportert langt ut i verda?
Hadde det ikkje kome protestar, hadde vi ikkje hatt eit einaste intakt vassdrag igjen i Noreg. Frå rundt 1970 reiste folk seg til kamp for å berge restene av norsk vassdragsnatur. Mardøla, Alta, Saltfjellet osv. Nokre område blei berga, nokre planar blei reduserte, alt for mye blei bygd ut. At alle på venstresida lovprisar desse utbyggingane i dag er ikkje tilfelle. Kampen står i dag ikkje om utbyggingar som er gjennomførte. Det er dessverre ikkje realistisk å få rive ned demningane. Desse kraftverka vil fortsette å levere straum om vi vil det eller ikkje. Med ein fornuftig energibruk vil dei vere tilstrekkelige for norsk energiforsyning i overskodelig framtid. No står det om nye utbyggingar, og dei skal brukast til eksport (som driv opp prisane her heime), til datasenter, hydrogenfabrikkar, batterifabrikkar og elektrifisering av oljeinstallasjonar for å forlenge oljeutvinninga.
Under kampen om Altaelva, var det ingen tvil om at Klassekampen støtta motstanden. I dag går det tilsvarande kampar, om vindkraft og gruver over store delar av landet. Men no har Klassekampen v/ Braanen skifta side. No er avisa eit organ for utbyggingsinteressene, kamuflert som arbeidsplassar. «Det haster med flytende havvind – for norsk industriutvikling og det grønne skiftet.» Vindkraft skal byggast ut på fiskefelta, ikkje fordi vi treng krafta, men for å fylle ordrebøkene i norsk verkstadindustri.
Vidare skriv Braanen: «å avvise fornybar kraft fra vindmøller nærmest på prinsipielt grunnlag kan knapt karakteriseres som annet enn bakstreversk.« Vi som faktisk ønsker å berge naturen er kanskje å rekne som bakstreverske. Vi ønsker oss tilbake til tida før Altaelva og Mardøla blei bygd ut, før Fosen, Smøla, Hitra, Kvitfjell, Rakkočearru osv. blei øydelagde av vindkraft. Før fjordane blei forgifta av oppdrettsnæringa, før fuglebestanden i verda blei halvert. Ein del av øydeleggingane er mogleg å snu, dei fleste må vi leve med. Men vi kan stoppe vidare naturraseringar. Det blir ein hard kamp, for vi veit at vi har den internasjonale storkapitalen, EU, WEF, regjeringa, høgreopposisjonen, NHO og LO mot oss. Og no også dessverre Klassekampen.
Kampen om livsmiljøet globalt er også ein klassekamp. Han står mellom profitten til dei internasjonale gigantselskapa som tener milliardar og billionar på å rasere og forureine, og livsvilkåra til arbeidsfolk over heile verda. Her står avisa med det stadig meir misvisande namnet Klassekampen på feil side.
Svein Lund
«naturvernfundamentalist»