
Monarkiet som styreform følgjer vekslingane i den naturlege familien – barndom, vaksen alder, alderdom, død. Dette gjer monarkiet til eit sterkt symbol. Ved fleire krossvegar trong den norske eliten dette symbolet – resultatet vart eit monarki prega av republikanske tenkjemåtar. Men den prinsippielle diskusjonen – monarki eller republikk – er ikkje viktig i Noreg. Prinsipp er ikkje noko for norsk statsstyre – få norske politikarar har sterk, prinsippiell ryggrad. Men ein kan av og til finna betydeleg talent for pragmatisk realpolitikk.

Den norske grunnlova er ei etterdønning av den franske revolusjonen. Det norske flagget har republikkens fargar, men dei nordiske kongedømas kross. Den embedsmannseliten som fekk på plass ei grunnlov gjennom eit politisk kupp våren 1814 hadde ofte republikken i hjarta og i ungdomen. Men det var ikkje plass til romantikk denne våren – berre ein streng realpolitikk kunne føra prosjektet i mål. Monarki var ein del av prisen politiske realistar måtte betala.
Så vart trona halde av den svenske kongefamilien i nesten hundre år, før eit sjølvstendig, norsk monarki vart sett opp sommaren 1905. Dei same tyngdelovene galdt i 1905 som nitti år før. Støtte frå Storbritannia var avgjerande – og monarki var den einaste realistiske politikken. Folk forstod dette – men denne gongen fekk område som indre Helgeland og Vest-Telemark høve til å lufta sine republikanske sympatiar i ei folkerøysting. 85% røysta mot prins Carl i Hattfjelldal, 83,6% i Rauland.
Den særeigne, norske monarkismen er eit produkt av 1800-talet. Men si moderne form fekk han seinare. Rett etter at det norske monarkiet var etablert, kasta dei europeiske elitane kontinentet ut i eit ragnarokk av ein krig som reiv ned 1800-talets politiske orden til grunnen. Skandinaviske monarkar stod saman som ei nøytral blokk desse åra – og statsforma stod tryggare etterpå. Det neste, vesle steget vart tatt då ein politisk slu konge innkalte både presidenten og visepresidenten i Stortinget til samtale då sonderingane for å få på plass ei borgarleg samlingsregjering hadde stranda. Dette bana vegen for ei av dei viktige, kortvarige regjeringane i Noreg – Hornsruds regjering i 1928, som vart felt på regjeringserklæringa (akkurat som Lyngs regering i 1963).
To år før kong Harald vart fødd, kom det sokalla «kriseforliket» mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet. Trettitalets politiske krise opna Pandoras eske i fleire europeiske land – i Noreg skjedde dette ikkje. Nygaardsvold førte ikkje nokon «revolusjonær» politikk – trass i historia til eige parti. Han freista på pragmatisk vis å dempa krisa i landet med ulike praktiske, politiske tiltak. Stabillisering av matvareprisane, lån til bygging av små sjarkar – og offentlege arbeid i alt frå hamneutbyggjing til vegbygging. Ikkje mykje – men nok til at landet stod samla då sjokket kom.
Sjokket kom i form av eit tysk, militært overfall – og eit felttog som enda med nederlag. I dette nederlaget trong norsk motstand eit samlande symbol – og korkje regjering eller Storting kunne heilt fylla denne symbolrolla. Til det var det gjort for mange feilvurderingar.

Det kunne derimot den aldrande kongen, som saman med sonen sin ser ut over Romsdalsfjorden medan tyske bombefly bombar Molde. I denne stunda vart Haakon VII også kommunistanes konge – og kommunistane kvitterte med å skriva hyllningsdikt til statssymbolet. I diktet sitt om kongen brukar Nordahl Grieg omgrepet «folkekongen» – som sidan alltid har definert norsk kongegjerning. Og han freistar forklara skilnaden mellom «folkeførarane» som har øydelagt Europa, og den eldre mannen som gjer si plikt i ei rolle han har tatt på seg. Det handlar ikkje om maktbrynde eller erobrartrong, men om å forsvara ei samfunnspakt som nordmennene har saman. Kongens trassige nei handlar ikkje om å leia jublande massar, men om å sjå ned i ein avgrunn – og likevel stå på sitt. Einsam med alvoret. Grieg skriv difor om mennene den gamle mannen under bjørka leider ut i strid:
«Snøen brånet, bjørken spratt. Rugden trakk i månenatten. Tyske tanks var sør i dalen. Med sitt hode fullt av våronn gikk en mann nedover bygden, han bar giftering på fingren, det var lukt av hest i klærne. Luften mellom ham og stuen der hvor barnene og konen stod og stirret, øket svimmelt til et isrum hvor han sank. Det var far som gikk i krigen".
Våren 1940 finn ein monarki og poetokrati i spissen for ein av dei breidaste, politiske frontane i historia vår. I spissen for denne fronten stod kong Haakon og kronprins Olav, medan kronprinsessa og ungane reiste til tryggleiken i USA med ei båt frå Petsamo (saman med mellom anna Victor Borge).
Som prins, kronprins og til slutt konge levde Harald V gjennom ein av dei lengste stabile vekstperiodane i norsk historie. Og denne stabilitetsperioden hadde nær samanheng med det «pax Americana» som vart bygt tidleg i denne perioden. Kong Harald var der heilt frå byrjinga. Vi vil truleg aldri meir få ein konge som har budd i det kvite Huset i ein lengre periode. Og Märtha og ungane sitt hybelliv i Pennsylvania Avenue handla både for USA og for Noreg om å finna ein veg ut av den nøytraliteten som fram til 1940 hadde definert utanrikspolitikken til begge land. Prins Harald var til stades då dette nye, vestlege samhaldet vart bygt – og statsminister Støre gjorde eit klokt val då han gav Trump i gåve eit bilete av ein ung prins Harald som passar hunden til Franklin D. Roosevelt.
Etter fem år i London kunne den norske kongen venda heim til jubel. Den norske London-regjeringa var ei suksesshistorie. Slik var det ikkje for alle regjeringar som sat i verdsbyen desse åra. Den greske kongen vende heim som part i ein borgarkrig, støtta av britiske bajonettar. På syttitalet vart den greske kongefamilien avsett i ei folkerøysting. Den greske kongen vart aldri eit samlande symbol. Dei polske og jugoslaviske eksilregjeringane vende aldri heim. De Gaulle kunne, i spissen for dei «frie franske», triumfera under frigjeringsdagane seinsommaren 1944. Men deretter venta det år i den politiske øydemarka heilt til landet igjen trong eit sterkt symbol og ein ubøyeleg realpolitikar under Algeriekrigen.
Så krigen, og det heldige utfallet av krigen definerte det norske monarkiet. Etter våren 1940 er norske kongar «folkekongen», og Olav V kunne segla vidare på den rolla som hadde vorte definert for han våren 1940. I dette låg også eit rom for å kunna lufta ut problematiske historier frå dei urolege tidene – som då kong Olav la ned krans på minnesmerket til partisanane frå Kiberg tidleg på åttitalet.
Kong Harald kunne ikkje henta legitimitet frå si rolle under krigen då han overtok tidleg på nittitalet. Men han hadde allereide lagt grunnlaget for sin versjon av «folkekongen» – ikkje minst då han gav landet ei dronning som viste seg å vera eit lukkeleg val. Kong Harald tilhøyrde same generasjon som mine foreldre, og eg vaks opp med eit kronprinspar som hadde ei rolle dei ønskte å fylla. Dei var medvitne på kommunikasjon – kronprinsparet sat rolege og smilande i sofaen medan dei vart intervjua av ei tredukke – «Titten Tei» – som var ei stor greie i min barndom. Sonja hadde og har talent for slik kommunikasjon – det finst ein episode av serien «Kalle og Molo» der nebbdyret Molo dumpar inn på kontoret hennar på slottet, og ho svarar med enkelt og slåande språk på alle spørsmåla nebbdyret har, utan å bli forstyrra av å bli kalt «hennes majones» og liknande. Til slutt lærer ho nebbdyret ei regle som ho sjølv hadde lært av si mor, og som du kan bruka når du har vondt. Strålande formidling!
Ein jovial, omtenksom og i – i den beste meininga av ordet – alminneleg monark har no lagt inn årene. Og monarkiet blir fornya i den livssyklusen som alltid følgjer naturlege familiar. Men kong Haralds tid – frå barndomsopphald i det Kvite huset til oljealder og velstand – kjem ikkje tilbake. Haralds regjeringsperiode vart ettersommaren i det vestlege samhaldet som verdskrigen skapte, og verda i dag minnar meir om den verda som fanst før prins Harald kom til verda.
oss 150 kroner!