Hjem Innlegg

P.R. Sarkar: «Økonomiens Montesquieu»

0
Prabhat Ranjan Sarkar

Korfor skal berre politisk makt deles i tre?

Av Edvard Mogstad, historikar.

Vel så viktig er det at også økonomisk makt blir delt i tre, ifølge den indiske filosofen Prabhat Ranjan Sarkar (1922-90), grunnleggjaren av PROUT (Progressive Utilization Theory). Sarkar hevda at utan økonomisk demokrati er politisk demokrati meiningslaust.

Prabhat Ranjan Sarkar

Baron de Montesquieu lanserte i si tid tredeling av politisk makt, under Opplysningstida, som ei løysing på maktmisbruk og kongeleg einevelde (Lovens ånd, 1748). Etter den franske revolusjonen har tredeling av politisk makt, i lovgivande (parlamentet), utøvande (Kongen/regjeringa) og dømmande (domstolane), gått inn i grunnlovene i dei fleste land og system, også i Prout.

No som Johan Galtung har forlate oss, kan det vera på sin plass å minne om at Galtung faktisk fant éin ideologi som han ga si fulle støtte; den Progressive nyttegjøringsteorien, som vi kan sjå i bidraget hans i After Capitalism. Prout’s Vision for a New World. I dag, som økonomisk makt blir meir og meir konsentrert hos mektige finansselskap og milliardærar, så blir tredeling av denne makta heilt nødvendig for å sikre innbyggjarane eit anstendig liv og redde kloden, rett og slett.

Prabhat Ranjan Sarkar utvikla eit tredelt økonomisk system, for å fremja økonomisk demokrati og unngå maktmisbruk, som bestod av små private verksemder, små og store kooperativ, og offentleg styrte føretak.

Folk har røynt at verken full statleg eller full privat styring av økonomien er effektiv eller berekraftig. Derfor lanserer vi ei balansert tredeling av ervervslivet, der folk føler de har kontroll over eigen arbeidsplass. For best å nå dette, må næringslivet delast i tre sektorar:

1. Nøkkelindustri og sentrale tenester

Nøkkelindustri er offentleg eid – det vil si at stat, fylke eller kommune kontrollerer råvare- og vass- og energi-forsyn­ing, gruver og dei viktigaste kommunikasjonane. Styra er sett saman av offentleg utnemnde, saman med repre­sentantar for dei tilsette. Nøkkelindustrien har en så viktig stilling i samfunnet at han ikkje kan bli overlaten til private sær­interesser. Han skal drivast etter ikkje profitt, ikkje tap-prinsippet.

Naturlege monopol

Jernbanen må samlast igjen til éin statleg institusjon, og posten likeins, så dei kan tene publikum meir effektivt enn dagens oppsplitting og rot. Dei er naturlege monopol, der dagens forretningsmodell og anbodspolitikk med fingert konkurranse berre er påhitt for å berike private eigarar, noko som i praksis har ført til større utgifter for det offentlege, ved at private operatørar blir subsidiert.

Forvaltningsmodellen er basert på omsorg

Vi må skrote det mislykka forretningsprinsippet, føretaksmodellen kalla, som blei innført i 2001 i helsevesenet, og som har liknande avleggjarar i politiet, skulen og andre forvaltningsorgan, og gjenreise forvaltningsmodellen, som er basert på omsorg og yrkesstolthet. Styre, direk­tørar og rektorar kan i desse organa utnemnast av dei tilsette. Grunn­leg­gjande service er i sin natur basert på omsorg, ikkje på forretning og profitt. Personleg kontakt er viktig, derfor må vi åtvare mot overdriven digitalisering og framandgjering.

2. Samvirke / kooperativ

Den mellomstore vidareforedlingsindustrien bør opp­muntrast, gjennom gunstige rammevilkår, til å eigast og drivast kollektivt av dei tilsette.

I Norge har vi 4000 kooperativ eller samvirke med totalt to millionar medlemmer. Fleire av dei største, som Coop, Nortura, Tine osv, har vakse til nasjonale, sentraliserte føretak som styrast etter reine kapital­istiske prinsipp, der dei eigentlege eigarane, som bøn­der og forbrukarar, er for små til å påverke kursen. Tradisjonelt er samvirke blitt motarbeidt både inn­afor kapitalistiske og sosialistiske system fordi dei kanaliserer reell makt, vekk frå plutokratar og byråkratar, til folket.

Arbeidarstyrte bedrifter

Der det er muleg, bør vi fremja arbeidar­styrte bedrifter og samvirke.

Dei tilsette utnemner styre. Éin full arbeidsstilling gir éin stemme. Det er muleg for utanforståande å investere i føretaket, i andelar utan stemmerett. Dette inneber ei nedbygging av aksjemarknaden. Viss samvirket blir for stort, kan det vera hensiktsmessig å dele det opp for å sikre indre solidaritet, oversikt og hindre framandgjering. Forsking og røynsle har vist at viss eininga overstig 500 medlemmer, så har ein passert ei grense der medlemmene ikkje lenger kjen­ner alle, og den indre solidariteten og motivasjonen svekkast.

Kooperativa blir betent av kooperative bankar.

Nedsett arbeidstid

Kooperativ ønsker ikkje å flagge ut produksjonen, og når salet går treigt, så vil dei heller sette ned ar­beidstida eller rullere permisjonane. Mekanisering skal føre til nedsett arbeidstid, ikkje til meir press på færre tilsette. Vi støtter rørsla for seks-timars dag, men i framtida blir arbeidsdagen eller –veka langt kortare. Folk skal ha betre tid til familie og vener, og å dyrke sine interesser, hobbyar, sport, kunst og andre gjeremål. «Det gode liv» for folk flest er berre muleg i et kooperativt samfunn!

Vidareforedling nærast muleg råvarekjelda

Lokale samvirke vil forsyne lokal industri med rå­varer, og lokale konsument-kooperativ vil handle frå desse lokale produsentane – både frå primær­produ­sentar og industri. Fungerer eit samvirke dårleg på grunn av slurv og sløvheit ut frå si monopolstilling, så kan ein utsette det for konkurranse frå naboregio­nar. Men avgjerdene for slikt må liggja suverent hos det regionale rådet – uavhengig av anbodstvang eller dogmatisk marknadstenking. Vidareforedling må skje nærast muleg råvarekjelda, som meieri, tre­foredling, fiskeforedling, sylting osv. Det er ønskeleg med mangfald av lokale meieri og foredlings­bedrifter, av omsyn til kvalitet, variasjon og lokale ringverknader.

3. Privat sektor

Ein levande privat sektor er viktig for velværet til eit samfunn, og det fremjar innovasjon og personleg initiativ. Mindre føretak og tenester, verkstader, butikkar og restaurantar kan vera familie-eigde. Dei vil vera smurning i eit sunt næringsliv, og nystarta små føretak bør få oppmuntringar og letnader i startfasen. Det er dermed ikkje noko poeng å gjera livet surt for slike forretningsfolk, slik det har skjedd tidlegare i tradisjonelle sosialistiske samfunn. Dei er ein velkommen del av eit sunt næringsliv. Dei opererer på bakken og ser kor det trengst innsats, nye varar og tenester. Mange innovasjonar skjer på dette nivået.

Om plan, fri marknadsøkonomi og desentralisering

Økonomisk planlegging må skje på det nedste nivået, av regionale råd, til dømes tilsvarande fylke eller lands­delar, der basisvarane blir produsert. Lokale samvirke vil forsyne lokal indu­stri med råvarer, og lokale konsument-kooperativ vil hand­le frå desse lokale produsentane – både frå primær­pro­dusentar og industri.

Etter at vi har innført dei reguleringane som dette sys­temet legg opp til, som kontroll over bankvesen, bustadmarknad, nedanfrå og opp planlegging og tilrettelegging for kooperativ sektor, så kan marknaden i prinsippet virke fritt innafor rammene av kva dei regionale råda og ein berekraftig økonomi tillater.

Eksterne kostnader

Store selskap vil ha sentralisert produksjon i svære einingar grunna «stordriftsfordelar», og dermed mindre kostnad per salsprodukt.

Men, som mange har peikt på, det finst ein skare med eksterne kostnader, for samfunnet og individa, som ikkje førast på rekneskapen til den enkelte bedrift.

Døme på slike eksterne kostnader er både økonomiske, sosiale og psykologiske: Forureining frå transport, slitasje på motorvegar, høgre kostnader på drivstoff pga høgre etterspurnad, usikkerheita ved ikkje å vera sjølvforsynt med basisvarer, urbanisering, – som driv opp bukostnader, gjeld og kriminalitet, tronge bustader og framandgjering, – og marginalisering av landsbygda.

Derfor: Samfunnsøkonomisk, sosialt og psykologisk er desentra­lisert næringsliv sunnast.

Er det muleg å skape eit betre og meir rettferdig samfunn enn dagens?

Sjølvsagt!

Til tross for all gru, grådigheit og idiotisk dogme­tenking manneætta har opplevd, så har samfunna gjennom hundreåra blitt meir humane og rasjonelle.

Men svært mykje står att. Vi vil oss eit samfunn der vi kan kjenne oss trygge frå nød, frykt og elende, der det er rom for både kollektiv velstand og privat initiativ, og der kvart eit menneske har rom for å søke si eiga realisering.

Sarkar sjølv uttalte optimistisk:

«Snart kjem dagen da modige og godt organiserte moralistar vil vera samla i sitt arbeid. Denne etterlengta dagen er ikkje langt unna. Starten på ein ny og strålande æra med progressivt samhald er like om hjørnet. Menneska vil kunne trekke sitt første djupe andedrag av frisk luft».

Referanser: Edvard Mogstad: PROUT. Veien videre etter kapitalismen (Oslo, 2025)

Dada Maheshvarananda: After Capitalism (Puerto Rico, 2012)


Signerte leserinnlegg står for forfatterens regning og gjenspeiler ikke nødvendigvis redaksjonens oppfatninger.

Forrige artikkelANALYSE: Pengesystemet i fritt fall?
Neste artikkelKrig på andre måter – Trumps tollsatser og imperiets siste satsing