
Det blir meir og meir tydelig at heile Ukraina-krigen er framprovosert av NATO, og særlig USA og Storbritannia, at desse landa har hindra fredsforhandlingar, og at dei i røynda har styrt heile krigen, inkludert tvunge gjennom endringar i planane for den ukrainske krigføringa og sparkinga av ukrainske militære leiarar.

Les Jeffrey Sachs: NATO Chief Admits NATO Expansion Was Key to Russian Invasion of Ukraine.
Uttrykket proxy-krig er ikkje bare noko som kjem frå putinistar, men blir meir og meir brukt av forskarar og kommentatorar også i vestlige land, og innrømt av ein del politikarar og militære. Meir og meir kjem også fram om styret i Ukraina, som er så sterkt infiltrert av væpna nazistar at det i røynda fungerer på deira premiss. Dette blir klarast illustrert ved at ein av leiarane for nazibandane gjorde det klart for Zelinskij at han ikkje ville overleve om han gikk inn for fred og ikkje krig. Presidenten valde da eige liv framfor livet til dei rundt 1,5 millionar ukrainarar som er drepne til no. Denne presidenten er helten til samtlige norske stortingsparti.
Les: The Problem of Nazism in Ukraine.
Likevel held samtlige norske partileiingar fram med å framstille den russiske invasjonen som uprovosert og krigen utelukkande som ein heltemodig frigjøringskamp frå Ukraina mot den russiske imperialismen. Dei seier alle at Ukraina og Vesten må halde fram krigen, til den endelige sigeren, da Russland er kasta ut av Ukraina inkl. Krim meter for meter, med enno fleire millionar drepne som resultat.
Samtidig må vi i Europa ruste opp for billionar, og vi må ofre velferd, helse, skole, miljø, klima og alle andre gode formål fordi opprustning no overkjører alt anna. Vi må førebu oss på krig mot Russland og Kina, og desse krigane skal vi vere med å provosere fram. Det kan vi jo like godt gjøre, ettersom dei likevel er uunngåelige. Det skal vi gjøre med eit militærvesen som i 75 år har vore meir og meir fjernstyrt frå USA, der våpna ikkje verkar dersom den som har makta der borte set foten ned. Og det er Trump no trugande til å gjøre. Derfor må vi kanskje krige mot han også med det same. Det viktigaste er at vi har krig og at krigsindustrien tener pengar. Fred har blitt eit banneord, som diskvalifiserer den som seier det til alt frå sikkerhetsklarering til jobb i utdanningsinstitusjonar og media, for ikkje å snakke om posisjonar i partia.
Det er ei katastrofe at 9 av 9 stortingsparti går inn for dette. Den aller største katastrofen er at dei to tidligare fredspartia SV og Raudt tar del i krigshysteriet. SV prøvar å gjøre det med små bokstavar innpakka i fredsprat, mens Raudt derimot vil overgå dei andre i å krevje auka opprustning. Dei klappar uhemma for Zelenskij og har ingen motførestillingar mot krig til siste ukrainer og med stor fare for verdskrig og atomkrig. Partileiinga i Raudt kappast om å fortelje kor pålitelig partnar partiet er for Ukraina, dvs. for NATO sin krig. Her er ingen reservasjonar, ingen krav om forhandlingar. Partileiinga har satt heile si autoritet inn på dette, gjennom to landsmøter der dei på begge har fått eit knapt fleirtal for denne linja. Partileiarane, med eller utan solbriller, har sikra sine posisjonar og sine framtidige regjeringstaburettar, samtidig som dei har oppheva partiet sin eksistensberettigelse som eige parti.
Rødt vil bruke 611 milliarder mer på militær opprustning.
No melder fleire og fleire seg ut, utan at det synest å bekymre partileiinga. Den brysomme opposisjonen som vågar å tenke på fred, er bare bra å bli kvitt. Så lenge det ikkje går for mye ut over gallupptala som er alle tings mål. Ingen andre parti har drive ein tilsvarande hets mot den einaste nettavisa i Noreg som forsøker å gi eit anna bilde av krigen. Medlemmar med eit eller anna samband til denne nettavisa har blitt fryst ut, pressa ut av verv og nominasjonar. Raudt overgår alle andre parti når det gjeld å slå ned på fredsaktivistar i eigne rekker.
Veteran melder seg ut av Rødt på grunn av deres støtte til militarisering.
Det politiske grunnlaget som noverande partileiing i Raudt har kome til makta på er å konsentrere dei politiske krava om innanlandsk brødpolitikk, der Forskjells-Norge ikkje bare er viktigaste, men langt på veg einaste sak. Deira politikk har vore å IKKJE ha noko analyse av verdssituasjonen, men operere utelukkande innafor det søkkrike Noreg i det relativt rike Europa. Først når Ukraina-krigen gjør utanrikspolitikken til norsk innanrikspolitikk, må dei ta standpunkt, men da innafor det verdsbildet som herskar i det store norske eurosentriske og USA-lojale krigspartiet.
Partileiinga i Raudt står og fell med støtta til den ukrainske regjeringa og den vestlige kampen for å knuse Russland. Forsøka deira på å avgrense seg mot dei aller verste utslaga av den vestlige imperialismen blir like patetiske som den berømte Venstre-representanten Bent Røyseland som i 1967 blei spurt om han støtta USA si krigføring i Vietnam, med alle dei bestialske middel som blei brukt i denne, Han svarte da «Ikkje gass», men elles var krigen grei frå hans side. Martinussen & Moxnes er vår tids Røyseland. Eit parti med slike leirarar har ikkje livets rett.
Svein Lund, tidligare medlem av Raudt
oss 150 kroner!


