«Europa»

0
Ifølge myten var Europa en fønikisk prinsesse som ble bortført av Zevs i skikkelse av en okse. Carlo Maratta (1625–1713). Wikimedia.

Kva skal «Europa» gjera i denne situasjonen? «Europa» er to stader. Det var allereide eit stort, greskkulturelt område i det austlege Middelhavet då romarane erobra sitt verdsrike. «Europa» er i vest dei områda som brukar alfabet med bakgrunn i latinske alfabet. Og i aust dei områda som brukar alfabet med røter i det greske. Grensa er fleire tusen år gamal, og går tvers over Balkan før ho går nordover ein stad rett aust for Karpatane.

Hans Olav Brendberg.

Kyrkja i vest kallar seg «romersk-katolsk», men er frankisk og skismatisk om ein ser på det heile frå den austlege synsvinkelen. Paven valde å skilja seg frå kyrkja. Då den frankiske statsmakta vaks til eit stort rike, og det vestlege Europa byrja veksa fram som makt kring år 1000, sende den vestlege kyrkja fleire krosstog mot aust. Først for å erobra Jerusalem, deretter for å plyndra Bysants. Den vestlege makta lausreiv seg frå den kyrkjelege fellesskapen.

Det var ikkje berre Bysants som fekk merka trykket – etter at den tyske orden kom heim frå det Heilage landet låg dei rundt i Venezia og andre byar utan å betala rekninga for det som vart tatt frå minibaren. Det enda med at paven gav dei oppdraget å kristna dei heidenske folka i Baltikum – i Preussen gjorde dei dette so grundig at det ikkje var ein einaste levande prøyssar att når dei var ferdige. Og i tillegg til å kristna dei heidenske baltarane, fekk dei for seg at dei skulle kristna dei ortodokse slavarane i aust.

Karl den stores rike ca. år 800.

(Karl den store var konge av frankerne fra 768, konge av langobardene fra 774 og tysk-romersk keiser fra 800. Han forente det meste av Vest-Europa i tidlig middelalder. Han var den første anerkjente keiser som styrte fra Vest-Europa siden Vestromerriket falt sammen tre århundrer tidligere. Wikipedia.)


Europa fekk ei kulturkløft frå Ishavet til Adriaterhavet.

Då sentrum for ortodoks kristendom, Konstantinopel, vart erobra av dei muslimske osmanarane på 1400-talet, tok storfyrstedømet i Moskva opp den ledige trona som romersk, ortodoks keisardøme. Og ortodokse såg til Moskva for leiarskap – ikkje berre i Russland, men også stader som Serbia og Montenegro.

I desse grenseområda var det ofte ufred – og i eit elles svært føydalt område vaks det fram ein spesiell bondefridom. Bønder vart frie menn mot å forsvara grensa. Det slaviske ordet for «grenseland» finn du att i Krajina og Ukraina. I Krajina var serbiske bønder frie, og væpna. Dei vart – i hundretusenvis – fordrive av ein godt planlagt NATO-operasjon i 1995.

I det vestlege, austslaviske området vart denne bondefridomen til kosakkar – opphavet til dagens Ukraina.

Då første verdskrig byrja, var folkeretten i krig allereide utvikla ein god del. Mellom anna fanst det internasjonale traktatar om sjøblokkade. I krig kunne ei krigførande makt inspisera skip som skulle til fiendtleg hamn, og beslagleggja alle slags krigsviktige varer: Salpeter, stål og liknande.

Men reine svoltblokkadar – som den Israel no held på med i Gaza – var ulovleg den gongen (og er framleis ulovleg).

Likevel innførte Storbritannia ein slik svoltblokkade av Tyskland.

Den britiske blokkaden fekk tyskarane til å sjå mot aust – mot svartjordsbeltet. Dei ressursane Tyskland ikkje hadde sjølv, skulle dei henta i aust.

Det området som i dag utgjer Ukraina, vart difor utsett for ein serie katastrofar som i omfang overgår det meste av det som elles skjedde på 1900-talet.

Først første verdskrig, som i seg sjølv var øydeleggjande, og gjorde slutt på det ortodokse keisardømet. Og som tok livet av kring 600.000 menneske i dagens Ukraina.

Så borgarkrigane i kjølvatnet av dette samanbrotet, som etter kvart stabiliserte det som vart Sovjetunionen. Saman med desse borgarkrigane følgde ein stor svoltkatastrofe, som drap millionar. Og vestlege og vestleg støtta hærar opererte ut frå Odessa – i frykt for arbeidarrørsla i eigne land. Ukraina vart den valde slagmarka for dei uløyste politiske problema som krigen hadde skapt. Folk døydde som fluger. Særleg i det området som no utgjer Ukraina.

Då Sovjetunionen skulle byggja eigen industri for å kunne overleva neste krig, nekta vest å ta mot betaling i gull og edle metall – i solidaritet med den gamle, russiske overklassen. I staden vart maskinar og ekspertise betalt gjennom utplyndring av bønder i Ukraina, Sør-Russland og Kasakhstan – som byrja å døy i miliontal då avlingane i tillegg svikta på grunn av tørke.

Då Tyskland invaderte i 1941, var det denne industrien som berga Sovjetunionen. Men slagmarka som vart øydelagt medan krigen stod på, var i stor grad dagens Ukraina. Tre store slag vart utkjempa i Kharkiv – og svært lite var igjen av byen.

Slik likna Kharkiv andre ukrainske og kviterussiske byar.

Så følgde nokre år med borgarkrig etter 1945, før situasjonen stabiliserte seg kring 1950.

Frå utbrotet av krigen i 1914 til slutten av den ukrainske borgarkrigen i 1950 var sjansen for å døy av svolt eller vald i dette området svært høg. Svært mykje av den politiske valden i Europa i forrige århundre, inkludert masseutryddinga av jødar, skjedde på den mest brutale måten i dette området.

Ukraina var i fleire omgangar den valde slagmarka for kraftprøven mellom aust og vest, med øydeleggjande resultat.

I 1997 gav polakken Zbigniew Brzezinski ut «The Grand Chessboard» – om strategien for amerikansk, global dominans. I boka peikar Brzezinski ut Ukraina som ei av dei viktigaste rutene på sjakkbrettet.

I staden for å freista byggja ei felles tryggleiksordning for Europa, satsa dei nykonservative på at det ortodokse aust skulle haldast utanfor. Dei låg nede, dei var veike – ein trong ikkje ta omsyn. Resten av Europa kunne samla seg i ein anti-russisk allianse. I 2008 vedtok NATO på toppmøtet i Bucuresti at «Ukraina kom til å bli med i NATO» – trass i at dette var eit prosjekt som hadde svært liten støtte i Ukraina.

Men nokre hadde eit «større perspektiv». Igjen var Ukraina den utvalde slagmarka for kraftprøven mellom aust og vest. Igjen vart ukrainarane bøndene i spelet – og bønder kan ofrast. Bønder blir ofra. Det er det mykje av spelet handlar om.

Russland er i vestleg medvit to ting: Eit hjelpelaust kaos – ei vaklande bygning som kjem til å ramla saman i den augneblenken nokon sparkar i henne. Og ein uhandterleg mastodont – eit trugsmål som kastar lange skuggar inn i Europa.

Russofobien er gammel og utholdende.

Dette fører til det som vittige tunger kallar «russofreni»: Trua på at Russland er eit altomfattande trugsmål som vi må gjera kva som helst for å møta. Samtidig som den russiske hæren er latterleg inkompetent og veik, og ikkje i stand til anna enn «kjøtåtak» der dårleg væpna «Ivanar» spring opp av skyttargrava medan dei ropar «davoi, davoi». Russofreni er ei gamal liding. Ein sinnsjuk, dansk konge døydde av hjarteåtak då han såg sin eigen garde med bjørneskinnsluer – han trudde det var russarane som kom. Russofreni var svært utbreidd etter revolusjonen i 1917: Medan det russiske samfunnet gjekk i oppløysing og byane vart tømt for folk, vart faren frå aust eit altoverskyggande trugsmål i vestlege land: Frykten for eigne, svoltne arbeidarar fekk utløp i nye, mislukka felttog mot aust.

I 1941 var alle – både vestlege og tyske leiarar – samde om at Sovjetunionen ville ramla i hop etter eit felttog på tre-fire månader. Då sovjetarane gjekk inn i Berlin var dei så populære i Europa at Churchill og andre byrja laga planar for «Operation Unthinkable» – å alliera seg med restene av Wehrmacht for eit felttog mot aust.

Då Sovjetunionen kollapsa i 1991, låg tilhøva til rette for ei normalisering mellom det ortodokse aust og resten av Europa. I staden støtta vest opp om etableringa av eit kleptokrati – der alle verdiar vart rana av ein kriminell elite, medan folk sokk ned i desperasjon, fyll og prostitusjon. Då russarane freista praktisera demokrati, vart ei allmektig presidentmakt – og stridsvogner – sett inn mot Dumaen i første konstitusjonelle krise. Før valet i 1996 vart alt av verdi plyndra av dei sju oligarkane, som kvitterte med å betalte for at amerikanske «rådgjevarar» med alle slags triks – skitne og reine – sytte for at Jeltsin «vann» valet.

Dette er det «liberale» Russland som vestlege politikarar snakkar så varmt om, og som Putin gjorde slutt på. Mindre enn ein prosent av russarane vil tilbake dit.

Då Russland kring årtusenskiftet byrja reisa seg i kneståande, og Putin fekk tøyla oligarkiet og lagt dei under ein slags politisk kontroll, byrja «prosjekt Ukraina» for alvor. Og når dette prosjektet møtte motstand etter at Donetsk hadde vorte utsett for artilleriregn i åtte år skulle Russland tvingast i kne med dei hardaste økonomiske sanksjonane nokon gong. «The ruble is rubble», som Biden sa.

Og Russland var jo tilbakeståande – ein «bensinstasjon», som Obama uttrykte det. Dette var barneskirenn – her var det berre å køyra på.

Det enda her. Igjen har vestlege samfunn navigert seg inn i ein posisjon der motsetningane i eigne samfunn har fått veksa til eit nivå der berre ein ytre, fiende i aust kan halda tilliten til institusjonane, elitane og barnetrua oppe. Og verst av alt: Den ytre fienden kan ikkje berre trampast ned på same måte som forsvarslause folk i Gaza eller Irak.


Boka Vargtid kan du laste ned her.

Det er ikke lenger Europa som er det navet hele verden spinner rundt. Tyngdepunktet i verden, først og fremst økonomisk, men mer og mer politisk, har flyttet seg til Østen, til Asia. Og Asia har sin egen dagsorden. Det er typisk at Kina, India, Pakistan, Bangladesh, Irak, Syria, de fleste stan-landene og Vietnam ikke ville være med på USAs korstog mot Moskva.

Forrige artikkelBritiske missiler ubrukelige for Ukraina under USAs etterretningspause
Neste artikkelAlberta, Canada: slakt av pandemipolitikken i offentlig evaluering (2)