Hjem Internasjonalt

Kverk Hane — Skrem Ape 

0
Om å drepe haner for å skremme apekattene.

Av Tollef Ås.

Overskrifta mi siktar til det heilt gjengse kinesiske ordtaket «shā jī jĭng, som i mi utleggjing gjerast slik. «Drepe høner for å spreie frykt blant apekattane» — altso å skræme dei vituge til togn.(杀鸡警猿:»shã jī jīng yuan» ‘hønedrap for (menneske-)ape-skremming’.   Mon tru ikkje dette er mediamålsoga rundom kva og  kven hektinga av ein «mistenkt» no dreier og snurrar seg om sånn reint rundomsnuskt?  

Eg skriv på  «må og få» — altso på måfå — men mistenkjer sterkt norske må-få—løn-myndigheter for sama. Motsett dei er eg ikkje betald for å så tvil eller mistenkjelegjera. 

Men av di eg som kinesisktolk hev opplevd store feil og vilja fordreiingar av overvakingsopptak sovel som tekstar skrivne på austlege (asiatiske) språk i norske rettssalar servert skamlaust frå påtalemakta (der ingen aktor eller etterforskar åtte evne eller utdaning eller almen daning nok til å kunne vurdere i kva grad omsetjingar var til å kunne bli lita på) — av hin grunn torar eg koma med tvil og innvendingar her. 

Visst veit vi  forvisst ikkje sikkert noko som helst om kva stårrien er rundt og bakom fengslinga av ein angjeveleg spion for Kina hertillands (åtminsone ikkje eg, som hev fylgd med i norsk Kina-kunne gjennom femtifem år frå og med 1966 av, samt frå «misbilligelse» frå kinamisjonsslektningar når dei såg eller høyrde NRK om Kina i samlag med oss heime). Ikkje fær vi ein gong å vita om han skal ha tent Fastlands- eller Táiwān-Kina. (Hopehavet hannes med ein Hòngkóngmilljardær kan reise ei slik mistanke her om det siste.) Det vert ikkje klårgjort kvifor nett dette vert fortald til pressa eller korleis dette monne henge i hop med den hevda spionasjen. 

Tre ting veit vi allereide mest for visst: 

1:  Mange i pressa samt i NRK med vidare vart alt tidleg fortalde kven den sikta mannen er. Medan folk flest vert haldne i uvisse og dataspor vert sletta. 

2:  Somme stårrisnuttar stend ikkje til truande. Til dømes seiest og seier T. Færøvik at mannan skal ha ville he samband og samarbeid og hadde spurt T.F. om faglege ting — noko ingen ville gjort, ettersom T.F. ikkje kan kinesisk.  Heller burde han då ha teki samband med den kinesiskkyndige Aftenposten-spaltisten  Therese Sollien, som talar, skriv og les kinesisk.

3:  Siktinga råkar ein aktivistisk forskar.  Som ogso driv med konsultasjonsverksemd om emne som gjeld internasjnal storpolitikk.  Mon tru for kva for kundar? Interesting too for who?  Eg trur meir på «Tea for two» at Tiffany’s: (Trur ikkje Du?) 

Men spioneri mot ekte militære mål hertillands er jo ei mogleik au, Likevel verkar det for meg som om hovudmålet var viten om forskningsresultat og venebygging som vestlege utlendingar ikkje vert avskorna frå i landet vårt. Og at det fæle var feil tru på det at Kina var vår ven.  

I 1950- og 60-åra var årsaka til kva media skreiv og ikkje skreiv meir lett å fatte: Kvar veke heldt norsk UD møte med dei framste redaktørene i sentrale nyhende-verk og fortalde kva dei skulle unnlate å melde eller korleis skrive om saker.  Dette meldte bladet «Orientering» (no «Ny tid») den gong og blei aldri motsagt eller avkrefta. 

Vi må rekne med at denne typen nyheitsstyring framleis er i sving men på nye vis, og med meir schwung no som au kvardagsvisa «Klassekampen» er med i dette gode selskap blitt. 

Er ikkje nett dette kva vi monne kunne vente oss her når den nye McCarthy-tida vi no vert plaga med som ein ny pest frå POT samt frå tru og lydig presse her i underkastingsstaten Noreg?  (Merk at utlandstenesta til hysj-organa ikkje er innblanda, trass i at dei nett hev utdane toårskull med Kinaspionar to gonger no.): Saka er altso ei tilsynes norsk innanriks-politisk affære, Men mange språkføringsfeil i meldingane i Aftenposten, VG, Klassekampen og Dagbladet fortel oss klårt at propagandaen, altso feilheftigheita, er utslag frå låk omsetjing frå angloamerikansk-språklege kjelder. 

Fleire saker virker u-truverde ved hektinga av denne mistenkte «Kinaagenten», blant deim desse kanskje- falskningane, som eg her no reknar opp i fleng: 

1:—Kvifor arrestene mannen nett når han hadde landa her på Gardemoen? (Fanst det mistanke om at han skulle fly vidare andre staden hen? — Eller fanst nokon slik mogleik?) 

2:—Kva grunn fanst til å slette to fagfellevurderte vitskaplege artiklar frå denne forskaren i eit norsk politisk tidsskrift, når fagfeller hadde gått gode for innhaldet som god nok forskning? 

3:—Kven held dei namnet hans skjult for? (APe-laget hans veit identiteten, og dét må au dei påståtte oppdrags-gjevarane vita, viss dette er sant.). Kan det vera for å spreide frykt og uvisse i andre krinsar? 

4:—Knefall for andre maktar frå POT si side: Tenkbart, tru? 

5:—Kan ein tru på at  samtalar, brev og e-postar vert rett omsette frå kinesisk eller andre språk av eit partisk politi?   

6:—Kinesisk studiestad og kvar han fekk sin doktorgrad frå vert ikkje fortald oss. Eller om han au hev studert hertillands og kva for fag. Og kva er sambandet med «Hóngkòng-milliardæren» samt kvifor, mon tru? 

7:—Kanhende han heller hev spionert mot USisk hermakt hertillands enn mot norske interesser eller forskings-hemmelegheiter?  

8:—Kven veit om han ikkje hellre hev vori spion for ein «vestmakt»? Eller blitt «snudd»?   

9:— ‘Kun eit jammerlegt kjellarvesen utan inntekt no dei siste åra i Noreg’: dét er inntrykket vi vert gjevne. Har ikkje konsulent/rådgjevar-businessen hans gjevi utbytte nok som han kan ha levd av? Eller er det mogleg at han hev tent pangar utanlands og der skatta legalt åt vertslandet før han tok utbyte med hit åt Oslo Vest? E. Barth Eide? (Eller i det minste ein partikamerat.)  Men er han meldt inn au i andre politiske lag, tru?   

Så godtek han den beste og fyrste advokaten som er oppnemnd! Ville ikkje ekte spioner ha eigen preferanse klår? 

Kinesarar ryktast somme tider vera sluge —, og meir enn berre litt sleipe. I mi erfaring er dei som tilsynest virkar å vera lett truskuldige og enkle gjerne dei utspekuleraste. Næraste eg veit om som liknar er engelsk overklasse utdana i Oxford eller velkjende London-universitet: SOAS (School of Oriental and Afican Studies), LSE (London School of Economics), samt to lærestader anna enn fåe nordmenn knapt nok veit  om. 

Her fylgjer nokre døme (ikkje om anglosaksarane):  

For nokre tiår sidan skal ein fastlandskina-diplomat ha hoppa av frå ambassaden deira i Kabul og ønskt å koma seg til Noreg (eller Norden, reint ålment).  Etter sigande tok han difor med seg dokument til «våre» hysj-myndigheiter. Med vurderingar av ymse nordiske moglege kontaktar. Ei av papira skal ha hatt fylgjande vurdering av ein viss professor:  

«Denne mannen er særs intelligent. Det veit han sjølv. Difor trur han at han kan lure oss. Det veit vi. Difor kan vi lure han». 

Kjenner de ikkje uttrykket «som ei kinesisk eske»? Altso lag på lag, esker inni esker. Noko ved denne fengslinga får meg til å hugse slike.

Sinolog og geograf Aadel Brun Tshudi var fødd og vaks opp som misjons-dotter nær heimbygda til Máo Zé’dōng i Húnán-provinsen (og litt i Nèixiāng i Húbēi, som den gong heitte Jütāng-xiàn). 

Ein dag fortalde ho klassen (H. Bøckman, meg sjølv og to andre og T. Færøvik, — ingen kinesiskspråkkunne krevdest) om «kinesisk ærlighet»: 

Misjonsstasjonen dreiv eit lite sjukehus med nordiske og kinesiske lækjarar. Eitt halvår hadde det ein USamrikanar som klinikkleidarvikar i påvente av ny overlækjar ifrå Noreg. 

Ein dag fekk nordamerikanaren inn ein av dei innfødde medisinarane, ein dr. Lĭ, inn døyra, som sa dette:  

«Eg fattar klinikken hev vondt om pengar og au må entledige (’seia opp’) fleire av oss kirurgane.  Men kva som enn hender, så ikkje gje dr. Lí sparken:  Han er ein kjempegod kirurg og elska av sovel sjukepleigarane som blant lækjarane her». 

USaren tenkte seg om etter å ha høyrd dette frå dr. Lĭ:  Det var ingen pengemangel eller anna som truga drifta. Heller ikkje hadde nokon før snakka so varmt om doktor Lí. Så gav han prompte Dr. Lí sparken. 

(Vondt  å ikkje koma denne totten i hug når eg les kva media no ikkje skriv om fengslinga av den førestillde Kina-spionen.)   

Kanskje kunne nokon seia noko av det same om kven som for all del ikkje må bli sparka ut frå PST?  

Sjå hind — sei hest!

Ein riksmarskalk for 2500 år sidan ville sjå kven som hysa lydnad for seg heller enn til kongen. Ein dag var han og hoffet med kongen på tur gjennom jakt-hagen nært slottet. Der såg dei ein flokk hinder (ho-hjortar) og kongen sa: «Sjå hindene». Riksmarskalken svara: «Nei det er jo hingstar (hann-hestar). Kongen spurde dei andre i fylgjet frå hoffet kva dei såg.  Størsteparten sa det var hopper. Kongen gav seg og skulda på dårleg syn. Dei få som svara «hind» vart etter kvart eliminert. 

Derav uttrykket «Sjå hind — sei hest»  (yĭ lù wéi mǎ). Vi kunne godt bytte ut hind med ein gravlagd hund: For kor ligg hunden gravd ned tru?  Mon tru kven som no snakkar hestkuksk hellre enn å hevde rette nemninga når dei no verar han eller ho med horn og hoven?   

Kor lite vi veit vert som ei skarp spore for førestillingar og fatteevna vår. 

Tollef Ås, Kina-tittar & Noregs-vitar.

Forrige artikkel«Intet nytt fra vestfronten» – Krigens lidelser og død
Neste artikkelEr USA i ferd med å gå i oppløsning?