I førre veka hadde eg gleda av å vere nesten fire døgn på gamle trakter i Telemark. Det som i første rekke trekte meg dit var eit arrangement kalla «Fensdagene».
Fen er ikkje meir enn ei lita bygd, eller nokre få gardar rett utafor Ulefoss, staden som presenterer seg som «Norges eldste industristed». Og sidan 1600-talet har den geologiske formasjonen kalt Fensfeltet vore utsett for gruvedrift – eller gruveplanar. I rundt 300 år ga jernmalmen her grunnlag for Ulefos jernværk, som mange kjenner frå produksjon av vedomnar og kumlokk av støypejern.
Det er ikkje bare jernmalm som er funne her, men ei rekke meir eller mindre sjeldne mineral og bergartar som inneheld både niob, uran, thorium og diverse metall som går under fellesnamnet «sjeldne jordmetall», eller REE.
Etter jernvernstida var det neste som det blei interesse for metallet niob, som amerikanarane ville bruke til våpenteknologi. Etter ein hemmelig avtale mellom den norske statsministeren og den amerikanske presidenten, blei her satt i gang utvinning i 1953. Den varte til 1965, da hadde USA funne seg billigare tilgang til Niob i Brasil. Nioben fantest i lag med uran og thorium. Da gruvedrifta tok slutt blei det som var igjen store haugar med radioaktiv avgangsmasse og arbeidslause gruvearbeidarar med stor forekomst av kreft på grunn av radioaktiviteten. Sidan 1965 har ein i snart 60 år (!) krangla om kven som har ansvaret for å få fjerna avgangsmassane og lagra dei forsvarlig, og på Fensdagene fikk vi lagt fram enno ein ny plan om at noko skal bli gjort veldig raskt. Det har vi hørt før, og om det held denne gongen veit vi ikkje før vi har sett at massane er borte og lagra djupt inne i eit fjell.
Det neste «gruveeventyret» skulle så komme frå thorium. I Fensfeltet var det ifølge dei mest optimistiske meir energi enn i heile den norske olja. Ulempen var bare at thoriumkraftverka lot vente på seg, og i tillegg var det andre stadar i verda der ein bare kunne måke thorium opp av stranda. Brått var thorium endra frå ressurs til problem for det neste gruve»eventyret», som no er på gang.
REE – Rare Earth Elements er 17 grunnstoff, som alle skal finst i Fensfeltet i større eller mindre grad.
Mange av dei er sterkt etterspurt, til datateknologi, til vindturbinar, elbilar og våpen. Dette skal vere ein av dei største kjente førekomstane i Europa, bare Kiruna kan konkurrere. Og når no EU har fått panikk fordi dei er avhengig av å importere desse og mange andre stoff frå Kina, så får vi ein heilag allianse mellom alle som meiner at det er viktig at Fensfeltet blir tømt for desse ressursane så snart som råd. I denne alliansen finn vi bl.a. Nome sin ordførar og kommunestyret, Telemark fylkeskommune, Direktoratet for mineralforvaltning, Norsk bergindustri, NHO, LO, heile EU og NATO. Og dei fleste av dei kom til Fensdagene, for å halde nesten identiske føredrag om kor viktig Fensfeltet og REE er for det grønne skiftet, arbeidsplassane, velferden, Vestens sikkerhet og demokratiet, og ikkje minst for den smarttelefonen som vi alle har i lomma.
Om Norsk Bergindustri, Næringsdepartementet, LO og fylkesordføraren hadde bytta manus, hadde trulig ingen lagt merke til det.
Den einaste som skilte seg litt ut, var LO sin representant, som var den einaste som sa rett ut at det var miljørørsla som var fienden i kampen for å skape gruvearbeidsplassar, velferd osv.
Blant talarane var det to talarar som sto som kontrast til den strålande samrøystes jubelen for gruveplanane. Den eine var leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen. Han hadde av arrangørane fått i oppdrag å snakke om «Klima globalt og natur lokalt? Hvor skal mineralene til det grønne skiftet komme fra?». Dette besvarte han bl.a. med å ta til orde for redusert forbruk, lengre bruk og resirkulering.
Den andre var kanskje meir overraskande for dei fleste i publikum. Det var Einar Bratteng frå advokatfirmaet Berngaard, som snakka om «Utfordringer og løsninger knyttet til sirkulærøkonomi». I eit innlegg som nok var meir frittalande enn arrangørane hadde tenkt seg, plukka han frå kvarandre «det grønne skiftet» og konkluderte at jovisst blir det eit skifte, men grønt blir det ikkje! Dermed stilte han også indirekte spørsmålet om det å få fram sjeldne jordmetall for å kunne bygge fleire vindturbinar og elbilar er eit formål som naturen og samfunnet er tent med.
Så måtte sjølvsagt også gruveselskapa sleppe til. Og det er ikkje bare eitt, men heile fem selskap som har sikra seg mineralrettar på Fensfeltet. Tre av dei fikk ordet til å presentere planane sine. I motsetning til politikarane sine himmelflygande vyer om verdas mest bærekraftige mineralnæring, virka dei faktisk å ha beina på jorda. Dei fortalte kva dei hadde tenkt å gjøre og kva utfordringar ei slik gruvedrift ville stå overfor. Dei hadde fått med seg at det folk fryktar mest frå gruvedrifta er store naturinngrep i form av dagbrot og store avgangsdeponi på land eller i sjø. Dei hadde planar om underjordsdrift og at avgangsmassen skulle dels utnyttast, dels tilbakeførast i gruver. For naturvernarar var det mye gledelig å høre, da det er nettopp dette som har vore hovudkrava.
Dei hadde også svar på kva som skulle gjørast for å unngå radioaktivt avfall og at thorium skulle takast vare på for framtidig bruk.
Saklig var også regiongeolog Sven Dahlgren, som ga oss ein leksjon om radioaktivitet i forhold til Fensfeltet og kva som er farlig og kva som ikkje er det.
Men ingen stilte spørsmålet om det er viktig og ønskelig å starte gruver for opprustning og krig.
Ved sida av å høre på foredraga, var det riktig artig å treffe gamle kjente blant geologar og naturvernarar, og bli kjent med nokre nye. Og gledelig å sjå kor mye Naturvernforbundet har engasjert seg i denne saka, både gjennom lokallaget, fylkeslaget og gruveutvalet.