Farvel Klassekampen!

0

Av Joar Stegane.

Har vore tingar av «Klassekampen» frå fyrste nummer i 1969. Var med på dørsal av KK på Elvaneset i Fana. Og eg støtta KK i mange år. Ettersom KK fall gradvis over til høgre, og vart meir lik borgaravisene, gjekk eg over til å ha helgeabonnement og noko seinare berre ha laurdagsnummeret. Etter det siste, 24. februar i år, orkar eg ikkje å ha det heller lenger. Framsida til det siste Bokmagasinet var så villeiande, pent sagt, at eg hadde ikkje godt av det. 

KK er ei av dei avisene som underslær m.a. følgjande: 

1. Bakgrunnen for krigen i Ukraina.

2. Fascistiske høgrekrefter med USA-hjelp fekk i stand eit statskupp på Maidan.

3. Russland tok tilbake Krim (etter folkerøysting), for Russland ottast Ukraina som Nato-medlem med USA-basar m.a. på Krim.

4. Høgrekreftene i Kiev sette i gang ein krig mot sine eigne, dei russisktalande, i 2014 og drap 14.000.

5. Vesten, med USA i brodden, fører ein stråmannskrig mot Russland.

6. Mest alle media i Vesten, saman med det politiske og styrande etablissementet, jagar opp russofobien til nye høgder, så det blir ufjelgt å leve her i landet for oss som ser på dette med otte og avsky. Rett til meiningar har vi knapt. «Klassekampen» har avvist fleire innlegg. 

Avisa Le Monde er no langt meir vitig og balansert og loddar djupare enn noko anna norsk medium. Eg vil òg vise til Oliver Stone and Peter Kusznick: «The Untold History of the United States». Deretter Terje Valen: «Verdas undertrykte folk og land reiser seg mot IMPERIET». 

Avisa «Klassekampen» har vore ein viktig del av livet mitt, så det er vemodig å måtte kvitte seg med henne. Men sidan ho har vendt seg mot meg litt om senn, så vert ho til overs for meg mellom alle dei andre lettvinte borgaravisene rundt oss. 

Og så slepp eg å plagast lenger med braanane og balsane. 

KK burde vere så ærleg å skifte namn, for klassekampen finst ikkje der lenger. 

Ha takk for meg! 

Joar Stegane


Denne artikkelen er sendt inn som leserinnlegg i avisa Klassekampen. – Red.

Forrige artikkelPropaganda gjennom 100 år, hjemme og ute. Del 1.
Neste artikkelUkrainas militære etterretningssjef sier Navalny døde av blodpropp