Om det epokegjerande geopolitiske skiftet

0
En kunstners forestilling om Christopher Columbus' ankomst til "den nye verden". Shutterstock

Vi lever i ei tid med enorme geopolitiske endringar. Heile det vel 500 år gamle systemet med koloniar og nykoloniar, som tok til med Columbus si landing på dei karibiske øyane, er i ferd med å gå i oppløysing.

Av Terje Valen.

Det tyder at dei koloniserande landa rundt Nord-Atlanteren er i ferd med å misse den enorme overføringa av verdiar frå koloniar og nykoloniar som byggar på undertrykking, røveri og ulike bytteforhold osb. Sagt på litt grovare vis tyder det slutten på «kvitt» overherredømme i verda.

Dette tyder at vi lever i ei tid der den «kvite» verda må nyorientere seg. Den nye tida krev nye analysar og ny forståing av verda. Dei gamle analysane om imperialismen, verdssituasjonen og dei forskjellige landa og leiarane må utviklast vidare. Innhaldet i denne boka er eit forsøk på å prøve å forstå det som går føre seg, slik at det blir lettare å ta standpunkt og gå inn for den beste politikken og dei beste handlingane gjennom dei enorme endringane vi no opplever.

Denne boka gir deg grunnlag for å forstå verda på ein måte som er på tvers av verdsbiletet til dei koloniale og nykoloniale verdsherskarane som dominerer media våre. Boka tar opp og fortel om innhaldet i og utviklinga av det eg kallar den columbiske epoken, heile perioden med oversjøiske imperia, frå Columbus landa på dei karibiske øyane til i dag. Det er mykje vekt på kampane som dei undertrykte landa og folka har ført og dei metodane som herskarane over imperia har brukt og bruker for å halde på overherredømmet sitt. Særleg tida etter Sovjet-Unionen si oppløysing har fått mykje plass. USA sin geostrategi er gjennomgått i ganske stor detalj. Her finn du, mellom anna, ei mengd opplysningar om desse tilhøva, som er tilgjengeleg på engelsk, fransk, tysk og spansk, men som ikkje slepp til i den vestlege «kvite» verda sine media og kanskje særleg ikkje i dei norske.

Boka er på 300 sider. Du kan kjøpe ho ved å sende SMS med navn og postadresse til 93231315 og vipse kr. 365 til same mobilnr. eller sette på konto 0540 04 78467 (Pris for bok kr. 250,-, pakking og porto kr. 115 for ei bok, kjøpar du fleire – opp til 12 bøker à 10 kg så er samla pris for pakking og porto berre kr. 175,-.) Gjer du det sender eg boka (eller bøkene).


Les også Terje Valen: Verdens undertrykte folk og nasjoner reiser seg

Forrige artikkelTerje Valens bok om de epokegjørende geopolitiske endringene
Neste artikkelNATO-motstand i Sverige: NATO bør avvikles – ikke utvides