Russland spiller ikke poker, men sjakk – i sjakk betyr en bløff å tape

0
Surreal Chess Landscape / Shtterstock / Bruce Rolff

Vil Europa bryte medUSA?

av Larry Johnson

Larry Johnson er en x-CIA-analytiker

Eg fekk eit godt spørsmål frå ein tysk lesar som tilfeldigvis også er journalist. Han spurde «Om Europa, og særleg Tyskland, skulle bestemme seg for å bryte med USA for å skape fred i Europa og eit økonomisk rammeverk som inkluderer Russland, på kva måte ville det kunne skje, og kva slags praktiske følger ville det få?»

Den feige spyttsleikinga som særleg Tyskland, Frankrike og Storbritannia har demonstrert medan dei pasjonerte  har slutta seg til USA sin konfrontasjon med Russland,  blir no halden kunstig i live.  Trass stadige bombastiske truslar om å halde fram med væpninga av Ukraina til Russland kollapsar, blir europearane råka av dei økonomiske realitetane som av ein iskald dusj frå ein brannslange. Rask inflasjon, særleg i energisektoren, tvingar fabrikkar og forretningar til å ta kvelden. De-industrialiseringa av Europa, særleg Tyskland og Storbritannia, har starta. Tyske stålverk stenger ned, tyske bakeri prøver å finne ut korleis dei skal betale dei stadig større rekningane medan dei enno bakar brød og kringler, og den tyske toalettpapir-produsenten Hakle GmbH har søkt om  sjølvadministrert insolvens (omorganisering eller konkurs, betalingsstans). Om du ikkje har bidet eller ei bøtte med sand, er toalettpapir ein svært viktig ting å ha. Inflasjonsspiralen kan føre til at det ein dag blir billigare å tørke seg bak med ein 100-euro-setel enn med tre bitar Hakle.

Så den økonomiske situasjonen i desse landa vil skape eit gigantisk press på dei respektive regjeringane som no hyllar Ukraina og fordømmer Russland, om å revurdere politikken sin. Russland/Ukraina-krigen har allereie skapt betydelege rifter mellom EU-medlemmane, med Ungarn som nektar å legge fleire sanksjonar på Russland.  Kalde, svoltne velgarar vil bli stadig meir forbanna over at det blir sendt millionar av dollar til Ukraina samstundes som ein utarmar folk frå Berlin til London.

Kløfta mellom Europa og Russland eg djup, og Russland er ikkje i humør til å tilgi fornærmingane mot alt som russisk er, ran av russiske ressursar eller Europas bruk av terroristangrep på dei som snart skal bli innbyggarar av Kherson, Zaporhyzhia, Donetsk og Lugansk. Russland sit på det kritiske trumfkortet – dei kan stenge flyten av gass og olje som er livsviktig for produksjon og oppvarming av heimane i Europa. Men eg trur ikkje Russland kjem til å gjere det utan eit quid pro quo (ei rimeleg gjenytelse, red.). Kva kunne det vere?

Kva om Europa braut med NATO? Eller om rett og slett  NATO blei stoppa? Fram til no har Europa hegna om illusjonen om at Russland ikkje kan fungere økonomisk utan ein europeisk marknad. Dei siste seks månadane av Russlands spesielle militæroperasjon har bevist at det motsette er sant – utan Russlands nøkkelressursar i Europa, er Europa ein daud økonomi som går naken inn i vinterfrosten.

Europas to største handelspartnarar er  Kina og USA. Europa køyrer eit handelsunderskot med Kina. Om Kina krev betaling i dollar, heller enn euro, så vil inflasjonspresset på Europa eskalere. Korfor? Fordi verdien på US dollar har auka i forhold til euro og britiske pund sterling. Dei vil måtte bruke fleire euro på å kjøpe dollar, noko som sannsynlegvis vil medføre eit auka handelsunderskot med Kina.

Situasjonen for USA er tvert motsett. USA har hatt eit underskot med Europa, som i sin tur har hatt eit overskot. Det overskotet vil forsvinne, eller i det minste krympe dramatisk. Tysklands kapasitet for produkteksport til USA vil svekkast på grunn av dollarprisen og fordi europeiske fabrikkar vil stenge eller skjere ned på produksjonen.

Om ikkje det kjem ei mirakuløs vending – dvs. Inflasjonen forsvinn og energikrisa går i oppløysing – så vil situasjonen i Europa bli svært påtrengande. Historisk sett medfører denne typen økonomisk turbulens rullande hovud for politikarar som insisiterer på å skade veljarane sine. Då Weimar-republikken i Tyskland feila, opna dei døra for at Adolf Hitler kunne stige til makta. Eg seier ikkje at ein ny Hitler ventar i kulissane, men eg trur bestemt at Dei grøne si makt i Europa vil staggast eller stoppast.

USA står i møte med ei økonomisk katastrofe. Kollapsen til aksjemarknads– no redusert med over 20% sidan nyttår – kjem sannsynlegvis til å halde fram. Trass i at Biden-administrasjonen påståeleg insisterer på at det ikkje er nokon resesjon, så bygger teikna på resesjon seg opp, særleg på bustadsmarknaden. Men det stadig verre økonomiske bildet er enno ikkje gale nok til å generere det nødvendige politiske presset for at det propagandiserte elektoratet i USA skal slutte å sende milliardar til Ukraina. Dét kunne derimot eit digert stagflasjonssjokk eller ein kollaps for den ukrainske arméen gjere.

USA og Europa speler eit høginnsats-pokerspel med Russland. Dei har satsa alle sine chips på at Ukraina enten vil slå Russland eller tvinge Russland til forhandlingsbordet, og at Putin med hatten i handa vil krype for dei Vestlege herrane og be om nåde. Det er sinnssjukt. Men det er mange politikarar og lærde i Washingtons mørke krokar som trur fast på denne fantasien.

Russland speler ikkje poker. Russland speler sjakk, og dei speler det bra. Russland sine framveksande handels- og militærrelasjonar med Kina, Iran, India og Pakistan, Saudi-Arabia og Brasil, gjer Putin sin posisjon sterkare, ikkje svakare. Den komande kollapsen til Ukraina, som resultat av ein økonomi i ruinar og/eller tap på slagmarka, blir meir enn eit blått auge for NATO og Europa. Det vil sannsynlegvis øydelegge sjølve eksistensgrunnlaget til NATO. Det vil deretter legge grunnlaget for ei tilnærming med Russland utan USA.

Det går mot enden for USA som koloss. Onkel Sam vil ikkje lenger ha eit kobbel av europeiske pudlar, Yorkshire- og dachshundar i band. Eg trur vi står på terskelen til eit nytt multipolart, internasjonalt system som endeleg vil smadre arven etter europeisk kolonialisme og amerikansk imperialisme. Som  Garland Nixon så klokt sa det: «General Vinter er på veg.»

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Originalen finnes her: Will Europe Break with the United States?

Andre artikler av Larry Johnson her.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.