Europa sitt økonomiske og sosiale sjølvmord

0
Shutterstock / mekcar

På grunn av dumskapen til den politiske leiarskapen i Europa, har USA greidd å presse det til å begå økonomisk og sosialt sjølvmord.

Fra Moon of Alabama. Omsett av saksyndig.

Michael Hudson, forskar og professor i økonomi ved Universitetet i Missouri, skreiv 8.februar om den då komande konflikten i Ukraina som USA med vilje provoserte fram.

«Michael Hudson: USA sine verkelege motstandarar er deira europeiske og andre allierte

Sanksjonane som amerikanske diplomatar insisterer at deira allierte skal påføre handelen med Russland og Kina, har visstnok som mål å motverke ei militær oppbygning. Men slik ei oppbygning kan ikkje verkeleg vere dei største russiske og kinesiske bekymringane. Dei har mykje meir å vinne på å tilby gjensidige økonomiske fordelar til Vesten. So det underliggjande spørsmålet er om Europa vil finne sitt fortrinn i å erstatte amerikanske produkt med russiske og kinesiske forsyningar og dei tilknytte gjensidige økonomiske sambanda.

Det som uroar amerikanske diplomatar er at Tyskland, andre NATO-nasjonar og land ved Belt and Road-ruta forstår kva dei vinn på å opne opp for fredeleg handel og investering. Dersom er ikkje finst nokon russisk eller kinesisk plan for å invadere eller bombe dei, kva treng ein NATO for? Og dersom der ikkje finst ibuande motstand i forholdet, kvifor skal land måtte ofre sin eigen handel og finansielle interessere ved å lite berre på amerikanske eksportørar og investorar?

[…]

I staden for ein ekte militær trugsel frå Russland og Kina, er problemet for amerikanske strategikarar fråværet av slik ein trugsel.

[…]

Den einaste gjenverande måten for amerikanske diplomatar å blokkere europeiske kjøp, er å lokke Russland til ein militær respons, og deretter hevde at det å gjengjelde denne responsen er viktigare enn nokon reint nasjonale økonomiske interesser. Som den krigslystne under-statssekretæren for politiske affærar, Victoria Nuland, forklarte i ei pressemelding frå Statsdepartementet 27.januar [2022]: ‘Dersom Russland invaderer Ukraina på ein eller annan måte, vil ikkje Nord Stream 2 gå vidare.’ Problemet er å skape ei passande offensiv hending og framstille Russland som den aggressive parten.»

Å provosere fram ein krig i Ukraina var enkelt, sidan filmproduksjonsselskapet som styrer Ukraina var viljug til å ofre folket og landet sitt i ein uvinneleg krig mot Russland. Den ukrainske skodespelaren og presidenten Vladimir [sic] Zelensky har allereie annonsert at Ukraina, med makt, kjem til å ta tilbake Krim og Donbas-republikkane som var i hendene på ei russisk-støttande ukrainsk motstandsrørsle.

15.februar heldt professor John Mearsheimer ein tale der han dokumenterte korleis USA hadde forårsaka, og er ansvarleg for, heile Ukraina-krisa.

Sidan i fjor [2021] var rundt halvparten av den ukrainske hæren stasjonert i den søraustlege delen av landet ved våpenkvilelinja ved Donbas-republikkane. 17.februar opna dei førebuande artillerield mot motstandsposisjonane. I løpet av dei neste dagane auka pepringa jamt og trutt.

Observatørane i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid (OSCE; Organization for Securty and Co-operation), stasjonert ved frontlinja, talde og dokumenterte kvart artilleriåtak og publiserte daglege samandrag på nettsida si. Frå 80 artilleritreff 16.februar, auka åtaka kvar dag til over 2000 per dag 22.februar.

OSCE-observatørane kom òg med kart over kor granatane eksploderte (her frå 21.februar).

Det store fleirtalet av treff fann stad i tre område aust for våpenkvilelinja på posisjonar haldne av motstandsparten. Alle med eit snev av militær kunnskap vil kjenne igjen slike intense artillerikampanjar langs distinkte aksar som ei førebuande handling for eit fullskala-åtak.

Leiarane i Donbas-republikkane so vel som Russland måtte reagere på dette komande åtaket. 19. februar bad Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublikken Luhansk den russiske regjeringa om hjelp. Åleine hadde dei ikkje hatt sjanse til å stå imot den ukrainske hæren som USA og deira allierte, sidan 2015, hadde finansiert og bygt opp.

Fram til dette punktet hadde Russland insistert at Donetsk og Luhansk var del av Ukraina, men at dei burde få ei form for sjølvstyre jamfør Minsk-avtalane. Men no hadde dei teke steg som ville legalisere russisk støtte til Donbas. 21.februar anerkjende Russland republikkane som uavhengige statar. Dei tre partane signerte samarbeidsavtalar som inkluderte klausular for gjensidig militær støtte:

«Russlands traktar med Folkerepublikkane Donetsk og Luhansk fastslår å gje retten til å byggje militærbasar på sitt terrotorium, og gje gjensidig militær assistanse, fortalde den russiske vise-utanriksministeren Andrej Rudenko i plenum i parlamentet tysdag.

‘Eit viktig aspekt: traktaten fastslår intensjonane til partane å samhandle innan feltet utanrikspolitikk, vernet av suverenitet og territorial integritet og det å tilby tryggleik, spesielt ved å yte kvarandre påkravd assistanse, inkludert militærbistand, og gje retten til å byggje, bruke og forbetre militær infrastruktur og militære basar på sitt territorium,’ påpeikte den høgt-rangerte russiske diplomaten.»

Med avtalane i verk vart russisk militærhjelp mot det ukrainske åtaket (i det minste diskutabelt) lovleg under Artikkel 51 (kollektivt sjølvforsvar) av FN-pakta.

22.februar, då ingen russisk soldat enno hadde sett sine bein på ukrainsk jord, påførde USA og deira allierte ekstreme økonomiske sanksjonar mot Russland. President Biden erkjende at USA lenge hadde førebudd seg på dette:

«I løpet av dei siste månadene har vi koordinert nært med våre NATO-allierte og partnarar i Europa og rundt om i verda for å førebu oss på den responsen. Vi har sagt det heile tida og eg har fortalt Putin opp i ansiktet for meir enn ein månad sidan at vi kom til å handle saman og augneblinken Russland gjekk mot Ukraina.

Russland har no unekteleg gått mot Ukraina ved å erklære desse uavhengige statane.

So i dag, erklærer eg det fyrste stykket sanksjonar for å påføre Russland kostnader som respons for deira handlingar i går. Desse har blitt nært koordinerte med våre allierte og partnarar, og vi vil halde fram med å eskalere sanksjonar dersom Russland eskalerer.»

24.februar gjekk russiske styrkar inn i Ukraina for å hindre det komande åtaket på Donbas-republikkane. (Den russiske plan A var å presse på Kiev for å bli einige om ei fast einigheit om krisa. Dette mislykkast tidleg i april etter Boris Johnson sin intervensjon i Kiev. Russland gjekk over til plan B, avmilitariseringa av Ukraina.)

Den tyske regjeringa erklærte at Nord Stream II-røyret, som er teknisk klart til å levere russisk gass til Tyskland, ikkje ville bli lansert.

27.februar heldt den tyske kanslaren Olaf Scholz ein hysterisk og moraliserande tale føre det tyske parlamentet. Den skulda Russland for å bryte freden i Europa.

Minsk-avtalen, der Ukraina har forplikta seg til å føderalisere og gje noko sjølvstyre til Donbas, vart ikkje nemnt ein einaste gong. Tyskland og Frankrike var begge garantimakter som i 2015 hadde co-signert Minsk-avtalen, men som i sju lange år hadde gjort lite for å presse for at den vart implementert.

I staden for å arbeide for ei rask våpenkvile og ei fornying av økonomiske relasjonar med Russland, la Scholz Tyskland til rette for økonomisk sjølvmord.

28.februar publiserte professor Hudson ein annan djup analyse av krisa:

«USA slår Tyskland for tredje gong på hundre år: MIC, BARE og OGAM erobrar NATO

Som eit føreord til artikkelen oppsummerte Yves Smith:

«Michael Hudson utbroderer temaet sitt om korleis konflikten i Ukraina er resultatet av mykje større krefter sett i verk, og ikkje nødvendigvis dei du har i tankane. Han argumenterer for at det å hindre europeiske land, spesielt Tyskland, frå å utvikle djupare økonomiske band til Kina og Russland er det som verkeleg står på spel.

Her skildrar Hudson det grepet amerikanske nøkkelinteresser har på utanrikspolitikk og korleis dei ser på konfliktar som ein måte å unngå eit mogleg fall i deira status og makt.»

Hudson-artikkelen er temmeleg lang og djup. Eg anbefaler å lese heile.

Den amerikanske ideen er å isolere Europa frå sitt eurasiske omkringliggjande område, å flytte Europas industriar til USA og å kjøpe opp resten til ein billeg penge.

Ved å ta ut Nord Stream II og få europeiske land til å boycotte russisk energi, har USA lovt at dei vil «hjelpe til» ved å selje sin (temmeleg dyre) Liquefied Natural Gas (LNG; flytande naturgass) til Europa. Men då naturgassprisar byrja å stige i Europa, sette frie marknadskrefter inn, og dei byrja òg å stige i USA. Høge energiprisar truga med å skade Biden og å kantre Demokratane i mellomvalet.

So skjedde det ei mystisk ulykke:

«Ein eksplosjon på ein terminal for flytande naturgass i Texas har lamslått nærbuande innbyggjarar og tek ein vesentleg del av drivstoffet av marknaden i ei tid der globalt behov går til himmels.

Freeport LNG vil vere av nettet i minst tre veker, fortalde selskapet torsdag, etter ein brann i deira eksportfasilitet.

[…]

Mesteparten av Freeport LNG sine eksportar gjekk til Europa, ifølgje Rystad Energy. Europa kan kompensere for det tapte volumet ved auke frå andre fasilitetar, sa Emily McClain, visepresident i Rystad. Europa får rundt 45% av sin flytande naturgass frå USA, og resten kjem frå Russland, Qatar og andre kjelder, sa ho.»

Tre veker var for kort tid til å lågne dei amerikanske naturgassprisane. Den amerikanske regulatoren for slike verk, Pipeline and Hazardous Materials Safety Administration [«administrasjon for røyrleidningar og farlege material»; oms.an.], trådde inn og forlenga omstartsprosessen:

«Den nest-største amerikanske fasiliteten for eksport av flytande naturgass, som vart råka av brann tidlegare denne månaden, vil ikkje få lov til å reparere eller starte opp igjen operasjonar til dei adresserer risikoar mot offentleg tryggleik, sa ein røyrleidningsregulator på torsdag.

[…]

Den amerikanske framtida til naturgass fall 15% torsdag på grunn av rapporten og på ei pågåande lageroppbygging, som bidrog til eit prisfall på 33% i juni, det største månadlege fallet sidan 2018.

[…]

‘Den faktiske prosessen (av gjennomgangar, reparasjonar og godkjenningar) vil ta lengre tid enn tre månader, og kan potensielt ta seks til 12 månader,’ sa Alex Munton, direktør for global gass og LNG ved konsulterande Rapidan Energy Group.»

Der var òg nyheiter om plutselege «problem» ved andre LNG-fasilitetar.

Det er ikkje berre naturgass, men òg petroleumsprodukt som USA held tilbake medan Europa er i naud:

«Biden-administrasjonen åtvarar raffineri at dei kan iverksetje ‘naudtiltak’ for å adressere drivstoffeksport sidan lager av bensin og diesel er på historisk låge nivå i Nordausten.»

Verk som lagar gjødsel i Europa har stengt ned på grunn av altfor høge naturgassprisar. Stål- og aluminiumssmelteverk følgjer etter. Glasproduksjonen i Europa er i alvorleg fare.

I ein lang artikkel ser Yves Smith på dei økonomiske og politiske konsekvensane for Europa. I eit brot på Betteridges avisoverskriftlov, har Smith som overskrift:

«Vil Europa liggje nede for teljing før Ukraina? [Ifølgje Betteridges lov skal svaret på dette vere «nei», men sidan det openberre svaret er «ja», er det brot på nemnde lov; oms.komm.]

Vi vil vere so frimodige at vi seier at ikkje berre har sanksjonskrigen mot Russland slått spektakulært tilbake, men skaden på Vesten, mest heile Europa, akselererer raskt. Og dette er ikkje resultatet av at Russland har teke aktivt grep, men kostnadene av at tapet eller reduksjonen av viktige russiske ressursar har samla seg opp over tid.

So på grunn av intensiteten til energisjokket, bevegar den økonomiske tidstabellen seg raskare enn den militære. Med mindre Europa hiv seg rundt og tek ei større korrigering av kursen, og vi ser ikkje korleis dette kan skje, ser den europeiske økonomikrisa ut til å bli øydeleggjande før Ukraina er formelt slått.

[…]

Som vi vil forklare, vil dette sjokket bli so alvorleg dersom ingenting er gjort (og som vi vil forklare, er det vanskeleg å sjå nokon meiningsfullt nok bli gjort), at resultatet vil vere ikkje ein resesjon, men ein depresjon i Europa.

[…]

I teorien kan EU prøve å gjere det godt igjen for Russland. Men tida for det er forbi. Det er ikkje berre det at for mange europeiske nøkkelspelarar som Ursula von der Leyen og Robert Habeck er for djupt investerte i Russlandshat til å trekkje seg tilbake. Sjølv der skulle kome blod i gatene innan desember, ville dei ikkje kunne bli fjerna raskt nok.

Det er òg det at Europa har brent sine bruer med Russland utover sanksjonane åleine. Putin har gjentekne gonger tilbydd EU valet om å bruke Nord Stream 2. Sjølv med at Russland no bruker halve kapasiteten, kan den framleis fullt ut erstatte tidlegare Nord Stream 1-leveransar. Putin åtvara vitterleg at det valet ikkje ville vere tilgjengeleg so lenge, at Russland ville byrje å bruke resten av volumet.

[…]

So utfallet ser uunngåeleg ut: mange europeiske føretak vil mislykkast, som fører til tap av jobb, føretaks manglande evne til å betale lån, tap av statlege inntekter, tvangssal. Og med regjeringar som trur at dei kanskje har brukt litt for mykje av Covid-pengar, vil deira naudlager av energi vere for små til å utgjere slik ein stor skilnad.

På eit punkt vil den økonomiske samantrekninga føre til ei finanskrise. Dersom nedsiget skjer raskt nok, kan det vere resultatet av vel so mykje (velfortent) tap av sjølvtillit, som av faktiske tap og manglande betalingsevne so langt.»

USA har, ut av reint egoistiske grunnar, drege Europa, og spesielt Tyskland, inn i ei felle som vil føre til deira økonomiske og sosiale øydelegging. I staden for å erkjenne faren, og ta dei naudsynte mottiltaka, meldte dei europeiske og tyske «leiarane» seg til å hjelpe til med prosessen.

Det beste for Europa og Tyskland ville naturlegvis ha vore å unngå krisa. Det mislykkast på grunn av mangel på innsikt og innsats. Men no, når Europa er djupt nede i eit hòl, burde politikarane i det minste slutte med å grave. Det er i Europas og spesielt Tysklands openberre interesse å halde krisa so kort som mogleg.

Men galningane som herskar over Europa gjer framleis det motsette:

«Tyskland vil halde fram si støtte for Kiev ‘so lenge som det trengst’, sa kanslar Olaf Scholz på måndag, og bad om at Den europeiske union vart gjort større til å til slutt inkludere Ukraina, Moldova og Georgia.

[…]

Tyskland hadde gått gjennom eit ‘fundamentalt skifte av meining’ dei siste månadene når det gjeld den militære støtta til Ukraina, sa han.

‘Vi vil halde fram denne støtta påliteleg og, framfor alt, so lenge som det trengst,’ fortalde han den fullsette universitetssalen.

President i Europa-kommisjonen, Ursula von der Leyen, gjentok løftet om ‘so lenge som det trengst’ til Kiev i ein tale i Slovenia, og bad om ‘ny strategisk tankegang’ for å oppretthalde europeiske verdiar.»

Slik desse «leiarane» verkar å sjå det, er ikkje rimeleg energi, oppvarma heimar, tilstrekkjeleg med mat, jobbar og pensjonar for europeiske borgarar del av dei «europeiske verdiane» som dei har som mål å oppretthalde.

Det økonomiske og finansmessige samanbrotet av Europa vil skje mykje raskare enn den openbert naudsynte politiske endringa av deira undermåls leiarskap.

Den einaste politiske sektoren som ikkje vil bli skadd av alt dette, i det minste i Frankrike og Tyskland, er den høgreekstreme. Det i seg sjølv er òg ein fare.

Forrige artikkelSterke reaksjoner i italienske medier på at Zelensky leide ut sin villa i Toscana til rike russere for en formue
Neste artikkelTyskland utenriksminister: «Jeg vil sette Ukraina først uansett hva mine velgere mener og uansett hvor vanskelig livet deres blir»
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.