Fauci 2022: Jeg anbefalte aldri nedstengning – Fauci 2020: Jeg anbefaler nedstengning

0
Washington, DC, USA - January 23, 2022: Thousands of people gather at the Lincoln Memorial to protest vaccine mandates. A woman holds up a sign that calls NIH Director Anthony Fauci a liar.

Fauci vs. Fauci om nedstengingar

Anthony Fauci har sidan 1984 sete som direktør for USAs nasjonale institutt for allergiar og infeksjonssjukdommar, NIAID. Ei av rollene hans er å rådgi landets presidentar om korleis dei skal takle smitteutbrot. Han er no i tillegg utnemnd til Chief Medical Advisor for president Joe Biden. 

Fauci har fått mykje kritikk for handsaminga av koronavirusutbrotet, og ikkje utan grunn. Det er opplagt at han ikkje alltid er sannferdig i det han seier. Det får vi eit døme på i dette videoklippet som Mr. Producer Media la ut på Rumble den 26. juli i år:

I TV-intervjuet her får Fauci spørsmålet om han ville ha gjort det på same måten i dag, med rekommandasjon (anbefaling) om å stenge ned skular, om han skulle gjort alt på nytt. Han svarer:

«For det første så rekommanderte eg aldri å stenge noko som helst ned. Du stiller meg spørsmål … du snakkar om … CDC er det offentlege helsebyrået, som brukar epidemiologane sine og deira vitskapsbaserte tilnærmingar til å gjere rekommandasjonar.» Dette altså i juli 2022.

Han kastar all lockdown-skulda over på CDC (Centers for Disease Control and Prevention), og dei spelte nok si rolle oppi alt dette, dei óg, men problemet er at Fauci i oktober 2020 sa noko heilt anna:

«Det var ei avgjerd om å gjere ein rekommandasjon til presidenten. Det var ikkje mi avgjerd at eg kunne implementere. Og då det vart klart at når vi fekk … umm … community spread i landet, med nokre få tilfelle av spreiing i samfunnet – dette var lenge før det kom ein svær eksplosjon som den vi såg i Northeastern Corridor, driven av byregionen New York – så rekommanderte eg for presidenten at vi skulle stenge ned landet


Dette innlegget er tidligere publisert av Derimot.no

Forrige artikkelMarkedsstyring eller folkestyre
Neste artikkelStøre med usannheter om strømkrisen i Norge