WHO sitt hemmelege kupp: å diktere Gates’ og farmasigigantane sin globale helseagenda

0
Detalj fra Michelangelos takmaleri i Det sixtinske kapell i Roma

«Med rett til å styre over liv og død»

Av F. William Engdahl

På Biden-administrasjonen sitt initiativ, skal WHO innan november 2022 – nett når influensasesongen startar på den nordlege halvkula – innføre, for første gong i historia, ein toppstyrt kontroll over heile planetens nasjonale helsereguleringar og -tiltak.

Gjennom eit regelrett statskupp i løynd, vil WHO få drakonisk ny makt til å overstyre den nasjonale suvereniteten til 194 FN-medlemsland, og til å diktere helsetiltaka deira med heimel i internasjonal lov. 

Det blir iblant referert til som WHOs Pandemi-traktat, men det er langt meir. Verre. Størstedelen av WHO sitt budsjett kjem frå private, vaksine-tilknytte stiftingar som Gates Foundation eller frå farmasi-gigantane, Big Pharma – ein massiv interessekonflikt.

Drakonisk ny WHO-makt 

Å gjere noko i løynd, betyr å gjere det på hemmeleg eller skjult måte, å hindre at det blir breitt kjent og kanskje opponert mot. Dette gjeld for forslaget som Biden-administrasjonen leverte til WHO i Geneve den 18. januar, 2022, ifølge offisielle WHO-dokument. WHO skjulte detaljane i USAs endringsforslag i nesten tre månadar, heilt fram til 12. april, berre ein månad før det relevante WHO-organet (The World Health Assembly, Working Group on Strengthening WHO Preparedness and Response to Health Emergencies ) møtest for å godkjenne dei radikale tiltaka [Møtet gjekk av staben 22. – 28. mai, mrk.]. Og i staden for den før brukte ventetida på 18 månadar for å bli ein internasjonal rettstraktat, er det no berre brukt 6 månadar. USA sitt forslag får støtte frå alle EU-landa, og totalt 47 land forvissar om at dei nesten heilt sikkert vil stemme for.

Forslaga, med den offisielle tittelen “Strengthening WHO preparedness for and response to health emergencies: Proposal for amendments to the International Health Regulations” (styrking av WHOs beredskap mot helsekriser: forslag til tillegg til Det internasjonale helsereglementet), vart levert av assisterande sekretær for globale spørsmål (OGA) i US Department of Health and Human Services, Loyce Pace, som «tillegg» til ein tidlegare ratifisert 2005 WHO International Health Regulations treaty, IHR (2005). WHO definerer 2005-traktaten slik: «Det internasjonale helsereglementet (IHR 2005) leverer eit overbyggande rammeverk som stadfester land sine rettar og plikter med omsyn til handsaming av folkehelsehendingar og naudsituasjonar som har potensiale til å krysse landegrenser. IHR er eit internasjonalt rettsinstrument som er juridisk bindande for 196 land, inkludert dei 194 medlemslanda til WHO». (Mi utheving).

Loyce Pace

Frøken Pace kom til Biden-administrasjonen frå ein sjefsposisjon i Global Health Council, Det globale helserådet, som inkluderer nokre av dei mest korrupte namna innan Big Pharma blant sine medlemmar: Pfizer, Lilly, Merck, J&J, Abbott og Bill Gates-finansierte AVAC, for å nemne nokre av dei. Forslaga henner til den radikale omdanninga av WHO sine maktmiddel under «pandemiar» og epidemiar, kunne like gjerne ha vore skrivne av Gates og Big Pharma.

Før vi ser nærare på kva Loyce Pace sine «tillegg» vil gjere for å omdanne WHO til eit globalt helsediktatur med ei makt verda aldri før har sett til å overstyre avgjerdene til dei nasjonale regjeringane, må vi kjapt innom eit juridisk spørsmål. Når dei maskerer den komplette endringa av 2005-traktatsmakta til WHO som berre «tillegg» til ein ratifisert traktat, hevdar WHO – saman med Biden-administrasjonen – at ei godkjenning av tillegga ikkje krev at medlemsregjeringane tar nokon ny ratifiseringsdebatt. Dette gjer dei for å snike seg under radaren. Utan nasjonal debatt blant folkevalde representantar, blir det ikkje-folkevalde WHO ei global supermakt over liv og død i framtida. Washington og WHO har med vitande og vilje innskrenka prosessen med offentleg deltaking for å køyre dette igjennom.

Ei de facto ny lov

Som påkravd, publiserte WHO til slutt dei US-amerikanske «tillegga». Dokumentet viser så vel slettingane som dei nye tillegga. Det Biden-administrasjonen sine endringar gjer, er å tranformere ei tidlegare rådgivande rolle for WHO til ei overstyrande. Der WHO før har rådgitt nasjonale regjeringar om ikkje berre pandemirespons, men også alt som har med nasjonal «helse» å gjere, har dei no fått ei heilt ny makt til å overstyre nasjonale helseorgan dersom WHOs generalsekretær, no Tedros Adhanom, vil det. USAs Biden-administrasjon og WHO har rotta seg saman for å skape ein heilt ny traktat som vil overføre alle helseavgjerder frå nasjonalt eller lokalt nivå til Geneve i Sveits og WHO.

Utdrag frå dokument A75/18 med USA sine endringar utheva eller strokne over.

Typisk for Washington-tillegga til den eksisterande traktaten, er paragraf 9. USA si endring er å sette inn «skal» for «kan»: «Dersom gjeldande stat ikkje aksepterer tilbodet om samarbeid innan 48 timar, skal WHO …» (i same paragraf, no sletta:) «tilby samarbeid med WHO, medan det vert tatt omsyn til gjeldande stat sine synspunkt…» Synspunkta eller avgjerdene til t.d. Tyskland eller India, eller helsestyresmaktene i USA, blir irrelevante. WHO vil kunne overstyre nasjonale ekspertar og diktere, som internasjonal lov, sine påbod for kvar pandemi, eller sjølv epidemi, som måtte kome. Sjølv lokale helsespørsmål.

Tedros Adhanom Ghebreyesus, sjefen for WHO, ville etter forslaget fått diktatorisk makt.

I den nye føreslåtte paragraf 12, «Korleis bestemme om ei folkehelsekrise har internasjonal eller regional betydning, eller krev middels helsemerksemd», kan WHO-sjefen – no Tedros i sin nye 5-års-periode – aleine avgjere om han vil erklære krisesituasjon, sjølv utan samtykke frå medlemsstaten. WHO-sjefen vil så konsultere sin relevante WHO-«Krisekomité» om Polio, Ebola, Fugleinfluensa, Covid eller kva det no måtte vere dei erklærer å vere eit problem. Kort sagt er dette eit globalt diktatur over folk si helse, av ein av dei mest korrupte helseorganisasjonane i verda. Medlemmane av ein gitt Krisekomite under WHO er valde gjennom utransparente prosedyrar, og vanlegvis er mange av medlemmane – slik som den dei no har for polio – tilknytte ulike Gates Foundation frontgrupper som GAVI eller CEPI. Men utvelgingsprosessen er fullstendig ugjennomsiktig og intern innan WHO.

Blant andre fullmakter, vil den nye Pandemi-traktaten gi Tedros og WHO makta til å påby vaksinepass og Covid-sprøyter over heile verda. Dei jobbar med å skape eit globalt vaksinepass/program for digital identitet. Under den nye «Pandemi-traktaten» blir ingen halde til ansvar dersom folk blir skadde av WHO sin helsepolitikk. WHO har diplomatisk immunitet. 

Tidlegare senior-tilsett ved WHO og varslar, Astrid Stuckelberger, no vitskapskvinne ved Institutt for global helse ved Universitetet i Geneve sitt medisinske fakultet, seier at «viss den nye Pandemi-traktaten blir godkjend av medlemslanda, så betyr det at WHO si grunnlov vil ha forrang over grunnlovene til dei einskilde landa under naturkatastrofar eller pandemiar. Med andre ord: WHO vil befale andre land, ikkje lenger kome med rekommandasjonar.»

Kven er WHO?

Generalsekretæren for WHO ville ha den ultimate makta under dei nye reglane, t.d. makta til å bestemme om t.d. Brasil eller Tyskland eller USA skal innføre pandemi-lockdown i Shanghai-stil eller andre tiltak. Dette er ikkje bra. Særleg ikkje når sjefen for WHO, Tedros, frå Tigray-regionen i Etiopia, er tidlegare medlem av politbyrået til den terroriststempla (av Washington) Marxist-organisasjonen Tigrai-folkets frigjeringsfront. Han har inga legeutdanning, den første i historia av WHO-generalsekretærar utan. Han har ein doktorgrad i Community Health, definitivt eit vagt område, knapt medisinsk kvalifikasjon for ein global helse-tsar. Blant dei vitskapelege artiklane han har publisert, finn vi titlar som «Verknadane av dammar på overføring av malaria i Tigrai-regionen». Han skal ha fått WHO-jobben sin i 2017 via støtte frå Bill Gates, WHOs største private donor.

Bill Gates

Som Ethiopias helseminister i det Tigrai-leidde diktaturet, var Tedros involvert i ein skandaløs dekkoperasjon ved tre store utbrot av kolera i 2006, 2009 og 2011. Ein granskingsrapport publisert av Society for Disaster Medicine and Public Health fann at under eitt stort kolerautbrot: «Trass laboratoriestadfesting av V-kolera som årsak til den akutte vasne diareen, har regjeringa i Ethiopia (Tedros) tatt ei avgjerd om å ikkje erklære «kolerautbrot», av frykt for økonomiske etterverknadar som resultat av handelsembargo og redusert turisme. Vidare nekta regjeringa gjentatte gongar, med ringeakt for Internasjonalt helsereglement (WHO), å erklære ein koleraepidemi, og avslo internasjonal assistanse».

Som etiopisk helseminister og seinare utanriksminister, vart Tedros skulda for systematisk etnisk utreinsking av rivaliserande stammar i landet, særleg amhariane; at han skal ha nekta tilhengarar av opposisjonen mat-hjelp frå Verdsbanken og andre; nepotisme; og at han skal ha brukt internasjonal økonomisk støtte som skulle gå til bygging av sjukehus, til å finansiere politiske kampanjar for sitt eige minoritetsparti. Ironisk nok er dette det motsette til den nye WHO-lova som Tedros no støttar. Den 22. september, 2021, føreslo Merkels Tyskland at Tedros skulle halde fram i ein ny periode, utan opposisjon.

WHO, Gates, GERM

Eit hint om kva som ventar under dei nye reglane, vart gitt av WHOs største donor (inkludert hans GAVI), den sjølvutnemnde «Globalist Everything Czar», Bill Gates. På bloggen sin den 22. april føreslår han noko med det artige namnet GERM-team (Global Epidemic Response and Mobilization). Det skulle ha ein «permanent organisasjon av ekspertar som får full løn og er førebudde på å sette i verk ein koordinert respons mot eit farleg utbrot, når som helst.» Han seier modellen for framlegget er Hollywood-filmen Outbreak. «Teamets sjukdomsovervakingsekspertar skulle sjå etter potensielle utbrot. Med det same dei får ferten av eit, skulle GERM ha evna til å erklære eit utbrot…» Det skulle sjølvsagt koordinerast av Tedros’ WHO: «Arbeidet skulle koordinerast av WHO, den einaste gruppa som kan gi det global kredibilitet.»

Ein dystopisk idé om kva som kan skje, gir den falske fugleinfluensa A(H5N1) som no forårsakar avliving av titals millionar kyllingar verda rundt om berre éin kylling testar positivt for sjukdommen. Testen er den same bedragerske PCR-testen som vart brukt til å oppdage CoViD-19. 

Nyleg gav dr. Robert Redfield, Trumps CDC-sjef, eit intervju der han «predikerte» at fugleinfluensa vil hoppe over til menneske og bli svært dødeleg i den komande «store pandemien», som Covid-19 berre varma opp til. Redfield erklærte i eit intervju i mars 2022: «Eg trur vi lyt skjøne – eg har alltid sagt at eg trur covid-pandemien var eit varsel. Eg trur ikkje det er den store pandemien. Eg trur den store pandemien framleis ventar i framtida, og dét vil bli ein fugleinfluensa-pandemi for menneske. Den kjem til å ha signifikant dødelegheit – i området 10-50%. Det blir trøbbel.» Med WHOs nye diktatoriske makt, kan dei erklære ei helsekrise basert på ein slik svindel, uavhengig av motstridande bevis.

Fritt omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Originalens tittel: WHO Stealth Coup to Dictate Global Health Agenda of Gates, Big Pharma


Les også: WHO tvunget til en ydmykende retrett

Helseminister Kjerkol: – Vi må konsolidere WHO som et byrå som har nulltoleranse for feil oppførsel

Forrige artikkelKryssord 2 på steigan.no
Neste artikkelZelenskijs økonomiske politikk er nyliberalisme av Pinochet-typen
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.