Har eg gått meg vill? – Raudt og NATO

0
F-16A under øvelsen Felles Operativ Arena III (FOAIII) i Bodø 2019. Crew chief og F-16A.

Av Svein Lund.

01.03.2022 meldte eg meg inn i partiet Raudt, med grunngivinga: «Raudt sa igår, som einaste parti på Stortinget, nei til å sende våpen til Ukraina. Det er eit modig og nødvendig standpunkt i ei tid da krigshysteriet er i ferd med å ta over heile Noreg og den vestlige verda.»

Tre veker etterpå les eg at partiet sin nestleiar Marie Sneve Martinussen uttaler at «det er jo også viktig å understreke at Rødts politikk ikke er at vi skal melde oss ut av Nato i morgen tidlig», og at «å melde Norge ut av Nato i morgen tidlig, det vil legge landet forsvarsløst for første og beste stormakt». Dessverre er ikkje dette bare synspunktet til ein enkeltperson. Når nestleiar uttaler seg offentlig i ei slik sak, må det forståast som på vegne av partiet. Dessverre har leiaren, Bjørnar Moxnes uttalt seg liknande at NATO-tilhengarar trygt kan røyste Raudt, for utmelding står ikkje på dagsorden.

Etter 22 dagar som medlem må eg dessverre oppsummere at eg tok feil. Eg meldte meg ikkje inn i det modige partiet som aleine tør å stå opp mot verdas største imperialistmakt og seie at vi står på andre sida, vi står i lag med verdas undertrykte folk MOT den amerikanske imperialismen, som tør å seie at NATO ikkje er ein forsvarsallianse men ein aggressiv krigsallianse som no med sin provokasjonspolitikk har ført Ukraina ut i ein tragisk krig og som ikkje vil ha fred, men ofre Ukraina i sin krig mot Russland. Eg meldte meg dessverre inn i eit feigt parti som er på tilbaketog frå sine mest prinsipielle standpunkt og som først og fremst er redd for å miste røystene til dei mange som støttar nokre saker i Raudt sin innanrikspolitikk, men ikkje forstår kvifor partiet er mot USA, NATO, EU og EØS.

Etter 22 dagar som medlem byrja eg å skrive på mi utmeldingserklæring. Det ville blitt eit uhyre kort besøk, om det ikkje var for at eg ser at mange andre medlemmar og tilhengarar av Raudt har reagert like skarpt som meg. Eg har derfor enno von om at eit fleirtal i partiet vil gjøre opprør mot dette, sørge for å avsette den NATO-venlige leiinga og gjøre det heilt klart at Raudt er til å stole på i kampen mot all imperialisme, både frå Russland og USA/NATO. Eg har derfor bestemt meg for å ikkje gi heilt opp enno, men i staden seie frå klart og tydelig og så får partiet heller kaste meg ut om det ikkje toler det.

I motsetning til partileiinga meiner eg Raudt må stå fast ved det som står i partiet sitt prinsipprogram: «Samtidig har det norske militærapparatet blitt mer innrettet mot angrepskrig i utlandet, under ledelse av USA og NATO, istedenfor å forsvare hjemlandet. Rødt er prinsipielt imot NATO og vil melde landet ut av alliansen. NATO-medlemskapet knytter oss til den aggressive imperialistmakten USA gjennom blant annet våpenutvikling og internasjonale militære operasjoner. Dette gjør Norge til en imperialistisk orientert stat på lag med de rike og dominerende statene i verden, og det forverrer forholdet vårt til land som opplever NATO som en trussel. Å være en del av NATO-alliansen er derfor å gamble med norsk sikkerhet, og gjør at Norge vil bli trukket inn i en eventuell ny storkrig fra krigens første minutt.»

Utan at det skal oppfattast i religiøs meining vil eg vri litt på eit gamalt bibelord:

Kva gagnar det eit parti om det vinn heile Stortinget, men tapar sjela si?

Svein Lund

Ferskt og kritisk medlem av Raudt


Signerte leserinnlegg står for forfatterens regning og gjenspeiler ikke nødvendigvis redaksjonens oppfatninger.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.