USA-imperialismens enorme tilbakeslag

0

Av Terje Valen.

Dei som enno ikkje har lese «Fellesuttalelsen fra Russland og Folkerepublikken Kina av 4. februar 2022» må ta seg tid til det. Det er ikkje mogleg å forstå kva som no skjer verda utan å lese den uttalen. Her skal eg sjå på ein periode og komme med nokre kommentarar til den.

«Russland og Kina står imot forsøk fra eksterne styrker på å undergrave sikkerhet og stabilitet i sine felles tilstøtende regioner, har til hensikt å motvirke innblanding fra ytre styrker i suverene lands indre anliggender under ethvert påskudd, motsette seg fargerevolusjoner og vil øke samarbeidet i de nevnte områdene.»

Denne uttalen saman med nokre andre fakta viser at USA no har lide sitt største nederlag nokon sinne i arbeidet sitt for å vere eineherskar i verda. Under her ser du ei oversikt over USA sine kommandoområde i verda. Etter 2. Verdskrigen var USA sin politikk på det eurasiske kontinent å hindre at Sovjet-Unionen si innflyting vaks (containment) og å hindre at nokon makt på dette kontinentet fekk vekse seg så sterk at det kunne truge overherredømmet til USA. Ein viktig del av denne strategien var å få innflyting bland landa sør for Sovjet-Unionen. Difor oppretta USA ein ny geografisk kommando, CENTCOM, i 1983, for å drive undergravingsarbeid der i høve muslimane. Dei to tidlegare geografiske kommando-områda var EUCOM og PACOM (begge oppretta i 1947). Då Sovjet-Unionen hadde gått i oppløysing steig ambisjonane og målet blei å ta kontroll over dei tidlegare Sovjet-republikkane, som i hovudsak låg langs den gamle Silkevegen, og innanfor CENTCOM-området. USA kom utover på 1990-talet og seinare ganske langt med å sette denne planen ut i livet. Det som no har skjedd, og som sitatet ovanfor viser, er at USA no er stengd ute frå dette området.

Men der er ikkje alt. Dei er og stengd ute frå Iran. I røynda er det no berre Den arabiske halvøya, Israel, Jordan, Libanon og Pakistan som er under noko innflyting frå USA. USA har mist eit hovedområde i den strategien som blei utarbeidda å 1990-talet og følgt opp seinare.

Men dette er ikkje alt. Då Sovjet-Unionen var gått i oppløysing gjekk også USA over frå containment-politikken til rollback-politikken for å få alle landa vest for Russland under sitt herredømme. Den utpeikte sona som USA måtte spesielt måtte ha kontroll med i Europa for å sikre den vestlege delen av Eurasia for seg, var Frankrike, Tyskland, Polen og Ukraina.

Når no Russland endeleg set foten ned for framrykkinga til USA austover og nektar Ukraina medlemskap i NATO, så er det et kraftig slag mot USA sine planer om å ha full kontroll her, slik dei tenkte at det skulle gå etter det kuppet dei organiserte der saman med dei viktigaste nazi-organisasjonane i landet i 2014.

Et bilde som inneholder kart

Automatisk generert beskrivelse

Ovanfor ser du ei skisse frå Brzezinski si bok The Grand Chessboard – American Primacy and its Geo-strategic imperatives frå 1997. Her har Brzezinski teikna inn dei nykkelområda som USA må ha kontroll med, for å sikre hegemoniet sitt over euro-sida av Eurasia.

The Grand Chessboard: American Primacy And Its ...

Men det er heller ikkje nok med det. Gjennom den siste tida har både Frankrike og Tyskland lagt seg på ein annan linje enn USA i Ukraina-konflikten. Macron inngår ein stor økonomisk samarbeidsavtale med Kina som stør Russland fullt ut i Ukraina-saka, og legg vekt på å finne ei løysing som også Russland kan godta. Frå Tyskland blir det gitt klart signal om at medlemskap i NATO ikkje kjem på tale no, og kanskje aldri. USA har blitt så svakt at det er mogleg for vasallane å ikkje følgje «keisaren» slavisk.

Heile spelet til Biden når det gjeld Ukraina er berre for å dekke over at USA ikkje kan gjere noko for å motstå realiteten i kravet om at Ukraina ikkje skal inn i NATO. Leiinga i Ukraina er full av illusjonar om kva dei kan få til og kva verkeleg hjelp dei kan få, sjølv om NATO-sekretær Stoltenberg som vanleg har funger som «his master’s voice» og sagt at NATO ikkje kjem til å gripe inn militært om Russland skulle annektere heile landet. Men det har ikkje Putin nokon plan om. Han har sagt kva planen er – ein skikkeleg sikkerhetsavtale i Europa som også tar omsyn til Russland sine sikkerheitsbehov like ved sine eigne grenser og ikkje berre dei til USA, som ligg nokre tusen mil unna.

Alt i alt er foten no sett ned for USA sine planar om verdsdominans ved å dominere det eurasiske kontinent. Dette kjem berre av at USA no har blitt så veikt på alle frontar, også dei militære, at dei ikkje lenger kan krige og true seg til alt dei ønskjer. Og det er bra for verda. Også norske politikarar må etter kvart innrette seg etter denne nye verdsordenen.

Terje Valen, måndag 21. februar 2022.

Artikkelen er også publisert på bloggen til Terje Valen.

Forrige artikkelViktig informasjon fra «Norsk klimastiftelse»
Neste artikkelKan folkerepublikkene Donetsk og Lugansk tvinge Putin til å gå inn i krigen?