Forsvaret for obligatorisk vaksinering er dødt… Omikron drap det

0

Av Kit Knightly, Off-Guardian.

1.desember 2021 heldt Ursula von der Leyen, president i EU-kommisjonen, ein pressekonferanse der ho snakka lenge om «bekymringane» sine rundt EU sin låge vaksinasjonsrate, og korleis ein best kunne «ordne» den.

Når ho vart spurt om å gjere vaksinar obligatoriske, sa ho:

«Det er forståeleg og passande å føre denne diskusjonen no – korleis vi kan oppmuntre til og potensielt tenkje på obligatorisk vaksinering i EU. Her trengst det diskusjon, her trengst det ei felles tilnærming, men eg trur det er ein diskusjon som må førast.»

Ho la til:

«For to-tre år sidan hadde eg aldri trudd eg skulle vere vitne til det vi ser no, at vi har denne forferdelege pandemien, at vi har den livreddande vaksinane, men at dei ikkje er brukt tilstrekkjeleg overalt. Og difor er dette ein enorm helsekostnad.»

Sjølvsagt, idéen om at EU-landa skal «debattere» obligatorisk vaksinering er ein vits, det er meir sannsynleg at dei tenkjer å tvinge dei gjennom same kva.

Men kvar ein ekte, rasjonell debatt var over so fort at EU og vaksineprodusentane begge innrømte at vaksinane ikkje fungerer.

Jamfør kvar definisjon frå før 2021, er ikkje Covid-«vaksinane» eigentleg vaksinar. Frå byrjinga har ein i det vide innrømt at dei ikkje hindrar deg i å få sjukdommen, og at dei ikkje hindrar deg i å spreie den.

Kvar dag høyrer vi om ein berømt person eller andre som testar positivt «trass i at dei er vaksinerte.»

EU har allereie hinta at deira vaksinepass (som dei, ironisk nok, ser ut til å ha planlagt i «to-tre år» trass i at von der Leyen påstår at dei aldri såg pandemien kome), vil gå ut på dato etter ni månader.

Les: EU planla i 2018 at vaksinepasset skulle innføres i 2022

Kvifor kjem dei til å gå ut på dato?

Fordi «beskyttelsen» som ein påstår er i vaksinen sluttar å verke.

Kor fort sluttar den å verke?

Dei har ikkje peiling.

Den påståtte omikron-varianten gjer situasjonen endå verre, iallfall frå synspunktet til etablissementet. Vitterleg kan ein argumentere for at det fyrste verkelege dødsfallet av omikron-utbrotet var samanhengen i forteljinga.

Ekspertar åtvarar allereie at omikron-varianten kan vere vaksine-resistent, og direktøren i Moderna la si eiga stemme til koret i går, ved å seie:

«Eg trur ein vil sjå eit betydeleg fall [i vaksine-effektivitet]. Eg veit berre ikkje kor mykje, fordi vi må vente på data. Men alle vitskapsfolka eg har snakka med… er som ‘dette kjem ikkje til å vere bra’.»

Sjølv om desse åtvaringane viser seg å vere uriktige, og hovudstraumen plutseleg snur og byrjar å rapportere at vaksinane fungerer «betre enn forventa» i å bekjempe omikron, er det irrelevant.

Dei har nettopp innrømt at «vaksinane» kan stoppe å fungere so fort der er ein ny mutasjon. Og virus muterer mykje.

So, dei veit at vaksinen ikkje fungerer særleg godt, dei veit dei vil slutte å fungere, og dei veit at kvar ein ny mutasjon kan fullstendig stoppe dei frå å fungere.

Den eine tingen dei ikkje veit er kva langtidsbiverknadene til vaksinane er, eit faktum som Pfizer innrømmer sjølv i sine forsyningskontrakter:

«langtidsbiverknadene og effektiviteten til Vaksinen er for tida ikkje kjent og det kan kome biverknader av Vaksinen som no ikkje er kjent.»

Les: Pfizer fraskriver seg alt ansvar for uventede bivirkninger nå og i framtida

Vel, der har vi universell ansvarsfråskriving: Dette er ikkje å innrømme at Covid-19 er farleg, at pandemien er ekte eller å på nokon måte framheve forteljinga. Heller, og dette er viktig, er det å peike på at sjølv på deira eigne premiss gjev ikkje etablissementet sin plan for vaksineplikt meining i det heile.

Den noverande forteljinga seier at:

  • Vaksinane gjev verken immunitet eller hindrar overføring
  • Om dei har fordelar, sluttar desse å verke, og dei veit ikkje når
  • Dei beskyttar truleg ikkje mot nye variantar eller mutasjonar
  • Vaksinane har ukjende langtidsbiverknader

Dette er ikkje utkantidéar eller ufunderte teoriar, dei er dei sjølvmotseiande antatte «fakta» av den schizofrene Covid-historia.

Om ein skal fullstendig gå etter hovudstraumens eigne ord, og fullstendig på deira eigne premiss, er kvar ei sak for obligatorisk vaksinering død.

«Omikron-varianten» drap ho, sjølv om det ikkje drap noko som helst anna.

Originalen til denne artikkelen finnes her:

Den er oversatt av saksyndig for Derimot.no.

Forrige artikkelLøp!
Neste artikkelTaiwan: USAs oppmarsjområde mot Kina siden 1945
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.