Utvikling av omgrep og rett forståing av verda

0
En kunstners forestilling om Christopher Columbus' ankomst til "den nye verden". Shutterstock

Columbisme, nazisme og Syria

Terje Valen

Av Terje Valen.

Vi lagar omgrep for å forstå og fortelje om tinga og prosessane i verda. Vi kan lage omgrepa meir eller mindre systematisk, men i alle tilfelle går det føre seg slik at vi sansar mest mogleg om ein ting eller ein prosess slik dei går føre seg inne i ein heilskap av andre ting og prosessar. Berre med omfattande kunnskap om alle sider ved tinga og prosessane og deira utviklingshistorie i samband med resten av  verda (universet) er det mogeleg å gå vidare i prosessen med å skape omgrepa våre om dei. Fordi vårt eige utgangspunkt i verda er avgrensa må vi og ta reie på mest mogleg av det som det kollektivet vi lever i, menneskeslekta, erfarer og har erfart, slik dette er nedteikna og brakt vidare i form av samtalar, fortellingar og representasjonar i bøker og andre lagringsmedia.

Når vi har samla alt vi kan av informasjon er neste trinn å trekke frå dei trekka ved tinga og prosessane som skjuler den vesentlege grunnen til å tinga og prosessane er/utviklar seg slik dei gjer. Det kallar vi ein abstraksjonsprosess. Gjennom den kjem vi fram til det vesentlege ved tinga og prosessane som forklarar kvifor dei er som dei er, kvifor dei har utvikla seg til dette og innan kva for rammer dei endrar seg og vil måtte utvikle seg vidare dersom omgjevnadene ikkje gjer det umogleg.[i] Men både dei indre menneskeskapte vilkåra og dei ytre vilkåra kan endre seg så mykje at denne utviklinga ikkje kan finne stad. For menneska kan det skje ved ein kjernefysisk krig eller ved at ein enorm asteroide treff jorda.

Så er det slik at viss du ikkje har nok kunnskap om noko, eller om du ser bort frå viktig kunnskap, så gjer du falske abstraksjonar, og framstiller saken feil. Men viss du har denne kunnskapen og skjuler han medvite når du framstiller saka, så lurer du folk. Eg meiner at dei abstraksjonane som vi nå stort sett får presentert når det gjeld menneskehistoria gjennom dei siste fem hundre åra, gjennom alle slags media, stort sett er falske abstraksjonar og skjuler det vesentlege og gjer det umogleg å forstå kva som eigentleg går føre seg. Dei er grunnleggande eurosentriske og tener til å sameine finanskapital og arbeidarklasse i dei columbiske sentralmaktene i kampen mot alle som vil bryte ut av dette systemet. Det gjer det umogeleg å utvikle ein korrekt politikk for frigjering av undertrykte nasjonar og menneske i verda. Meininga med omgrepet den columbiske epoken eller columbismen, er å komme nærare meir korrekte abstraksjonar og framstillingar av historia. Det gjer at vi blir betre til å ta rette standpunkt i politiske spørsmål slik at vi kan påverke historia i mest mogleg menneskeleg retning.

Omgrepet columbisme

Eg meiner at den verdskjende geografen, Halford Mackinder, var på rett spor, i høve utviklinga av verdshistoria, då han i 1904 kalla tida etter 1492, då Columbus kom til Amerikas, for den columbiske epoken i verdshistoria. Han hadde først og fremst i tankane at heile verda var «oppdaga» og faktisk tala delt mellom nokre «kvite» stormakter. Derfor tenkte han også at den columbiske epoken då var slutt. Men han nemnte ikkje ein annan  kunnskap som vi har om denne epoken, nemleg dei metodane dei «kvite» stormaktene brukte for å legge resten av verda under seg og bruke han til eigen fordel.[ii]  

Desse metodane begynte med Columbus andre reise, då han og broren sette i gang eit arbeid for røve så mykje rikdom ut av det området (Hispaniola) dei hadde «oppdaga», som dei kunne. Alt i alt førte det til at dei rundt 8 millionar opphavlege innbyggarar som var blitt «oppdaga» ikkje fans eit par generasjonar seinare. Denne folkemords-, røveri-, undertrykkings- og utbyttingspolitikken, eller holocaust-politikken, har sidan prega heile den columbiske epoken. Dei verste utslaga av denne politikken var i Amerikas og Australia, men det finnast tallause eksempel på dei også i Afrika og i Asia. Godt kjend er Belgisk Kongo til dømes. Eit av dei siste eksempla er USA sine sanksjonar mot Irak som drap 500 000 barn. Og same columbiske politikken fører til at det døyr eit barn av svolt og sjukdom kvart 5 sekund i verda og at rundt ein milliard menneske eksisterer under eller på kanten av det dei treng for å leve. USA og deira allierte sine økonomiske krig mot statar som dei ikkje har kontroll med slik at dei kan utbytte dei, i form av sanksjonar, er eit viktig bidrag til at dette skjer.

Nazisme og columbisme

Stephen Gowans, som har gjeve ut kanskje den beste boka om krigen i Syria,[iii] har skrive ei samanlikning mellom dei «kvite» maktene rundt Nord-Atlanteren si handsaming av dei områda dei etter kvart erobra, med Nazi-Tyskland si jødeutrydding – eller holocaust, og med det som skjer i Syria.

I Tyskland jobba Hitler og nazistane med å overtyde fleirtalstyskarane om at den marxistiske ideologien, som millionar av tyske arbeidarar støtta, var ein trojansk hest som jødane brukte for å kunne opprette politisk herredømme over den tyske majoriteten. Hitler hata marxistane fordi dei fremja solidaritet mellom arbeidarar over nasjonale grenser. Når marxistane hevda at arbeidarklassen ikkje har noko land og at arbeidarar i all land måtte sameine seg og at det fans ei grunnleggande antagonistisk motseiing mellom arbeidarklasse og borgarskap, så oppfatta Hitler det som ein styggedom mot den tanken han hadde kjær: at tyskarane var ein einskapleg, stor og mektig rase som naturen hadde bestemd skulle herske over mindre mektige nasjonar. «Berre med tysk einskap kunne den store draumen om tysk leiarskap, forrang og det å vere uunnverleg – for å låne ord som Washington bruker for å omtale sine eigne aspirasjonar for globalt hegemoni – bli oppnådd.»[iv]

Gowans gjennomgår så utviklinga av Hitler sitt syn på jødane ut frå det han skreiv i Mein Kampf. Frå å meine at dei berre var menneske med ein annan religion gjekk han etter kvart over til å tru at dei var ein annan rase. Det var først og fremst den sionistiske retninga som hevda at jødane var ein nasjon som overtydde han om at det var slik og dei var ein nasjon som var skild frå den tyske. Og i tillegg påstod han at den framande jødiske nasjon hadde begynt å underminere den tyske rasen innanfrå ved å spreie den internasjonalistiske og splittande marxistbasillen.[v] Jødar og jødedom blei så slått saman med marxismen, sosialdemokratiet og internasjonalismen. Samstundes påstod han at den internasjonale finansen også var jødane sitt verk, med sine aksjemarknader og sitt demokrati. Det var ikkje berre han som tenkte dette på denne tida. Det var fleire blant eliten i Europa som meinte at jødane stod bak kvar einaste revolusjon, medrekna den franske i 1789.

Ein typisk representant for denne eliten var fascistvenen, Winston Churchill. Han var ein varm forsvarar av den herskande klassen sine privilegia og det britiske imperiet si diktatoriske undertrykking av koloniane. Han roste Mussolini og gjorde det klart at sympatiane hans gjekk mykje sterkare til fascismens forsvar av klasse-, rase- og kjønnsdiskriminering, som passa han og hans klasse, enn til det bolsjevikiske prosjektet som gjekk inn for å fjerne diskrimineringa.

Etter ein visitt til Roma 1927 talte Churchill varmt om Mussolini si fascistiske rørsle. «For ein mann!» uttalte han med entusiasme. «Eg har tapt hjartet mitt … fascismen har gjort heile verda ei teneste.» Så la han til at viss eg hadde vore italienar «Er eg sikker på at eg hadde vore med (fascistane) heilt frå byrjinga av deira sigerrike kamp mot dei nederdrektige appetittane og lidenskapane til leninismen».[vi] Og han understreka også seinare, fire år etter at Hitler hadde komme til makta, kor lojaliteten hans låg, då han i det engelske Underhuset sa at «Eg vil ikkje late som eg ville ha vald kommunismen viss eg måtte velje mellom kommunisme og nazisme».[vii]

Nett som Hitler var Churchill ein rasist som trudde på at den kvite rasen var overlegen og hata medlemmer av «rasar» og nasjonar som den europeiske eliten såg på som mindreverdige. Han beskreiv indianarar som «eit ufyseleg folk med ein ufyseleg religion». Palestinarar var «ufyselege hordar som ikkje åt mykje anna enn kamelskit.»[viii] Han sa at «han trudde verkeleg ikkje at svarte folk var så dyktige og effektive som kvite» og at han hata «folk med skrå auge og sideflette.»[ix] Laurence James skreiv at då han var midt i tjueåra «Hadde Churchill absorbert det vanlege rasedogmet som peika ut den anglo-saksiske rasen som på eineståande vis er kvalifisert til å herske,»[x] noko som berre var forskjellig frå Hitler si tru når de gjeld nokre detaljar. Øydelegginga av ikkje-europearar i koloniane var akseptabelt, for ikkje å sei rett ut ønskjeleg, slik Churchill såg det, eit argument som Hitler og mange europearar, medrekna til og med nokre sosialdemokratiske gigantar, mellom dei, «reformsosialisten» Edvard Bernstein, ville applaudere. Churchill kremta om at det ikkje var gjort mykje gale mot «dei raude indianarane i Amerika eller dei svarte folka i Australia». Det var berre slik at «ein sterkare rase, ein rase av ein høgare grad, ein meir verdsvis rase» hadde « komme inn og tatt deira plass.»[xi] Dette var Hitler sin ideologi, men like mykje ideologien til den europeisk kolonialismen og dei mange forkjemparane for han. Fleire av dei er sett opp til og forsvart til denne dag, mens Hitler ikkje er det. Lawrence James, som altså har skrive ei bok om Churchill, håper at lesarane ikkje vil dømme han for hardt. Det er sjølvsagt utenkjeleg at vi skulle seie det same om Hitler.

I motsetnad til den vidt omtykte Churchill er Hitler rakka ned på fordi han gav den europeiske koloni-ideologien ein utilgjeveleg vri. Han vendte den mot Europa sjølv då han prøvde å bygge eit stort imperium i Europa i ein skala som dei imperia Amerika bygga gjennom kontinental ekspansjon og England bygga i det Fjerne Austen. Viss vi ser bort frå geografien der denne ideologien blei anvendt, så var ideane til Hitler dei same som dei ideane som hadde spora den europeiske delinga av verda i koloniar og interessesfærar. Karl Korsch, ein tysk emigrant og kommunist, skreiv i 1942 at «nazistane har heilt enkelt utvida dei metodane som hittil har vore reservert for innfødde eller ville som lever utanfor sivilisasjonen, til dei siviliserte europeiske folka.»[xii] Marxisten Aimé Césaire frå Martinique peika også på at nazismen heilt enkelt var eit uttrykk for den europeiske kolonialismen som blei vendt innetter.

« Folk er overraska, dei er indignerte. Dei seier:’ Kor rart! Men ikkje ta det så tungt – det er nazisme, det vil ta slutt»’ Og så ventar dei og håpar; og dei gøymer sanninga for seg sjølv, at det er barbarisme, den ytste barbarisme, krona på all barbarisme som summerer opp alle dei daglege barbarismane; at det er nazisme, ja, men at før dei var offera for han, så var dei medlauparane hans; at dei tolererte nazismen før han blei påført dei sjølve, at dei unnskylda han, lukka auga for han, legitimerte han, fordi han inntil då hadde blitt anvendt berre på ikkje-europeiske folk; at dei har kultivert den nazismen, at dei er ansvarlege for han, og at, før han overfløymde heile den vestlege sivilisasjonsbyggnaden i det blodraude vatnet sitt, fløymer ut, renn og dryp for kvar sprekk.»[xiii] Og Césaire legg til at det Vesten «ikkje kan tilgjeve Hitler for, er ikkje brotsverket sjølv, brotet mot menneskeheita, det er ikkje nedverdiga av mennesket i seg sjølve, men fordi det er eit brot mot den kvite mannen, at den den kvite mannen er blitt nedverdiga, og at Hitler anvendte ei europeiske prosedyrane som til då hadde vore reservert for arabarane, i Algerie, ‘cooliane’ i India og «niggarane» i Afrika.

For Churchill var indiarane i Fjerne Austen askyelege folk; for Hitler var slavarane i Europa like avskyelige. Churchill rettferdiggjorde utryddinga av dei opphavlege bebuarane i Amerika og Australia fordi dei blei erstatta av ein overlegen rase. Mens Hitler rettferdiggjorde sine planar for å slavebinde slavarane og utrydde jødane fordi dei var undermenneske som måtte gi rom for ein overlegen rase. Sven Lindquist forklarte samanhengen mellom nazi-metodane og den europeiske kolonialismen med ei litterær allusjon. «Det som vart gjort i hjarte av det svarte, blei tatt opp att i hjarte av Europa,»[xiv]

Eit viktig trekk ved columbismen i Tyskland og i Syria

For å angripe marxismen, som mange tyske arbeidarar støtta, slo Der Führer saman arbeidarklassen sin ideologi med judaismen, ei tru som dei fleste tyske arbeidarane ikkje kunne identifisere seg med fordi dei for det meste var romersk-katolske, lutheranar eller ateistar. Tanken var å diskreditere marxismen ved å framstille han som ein ideologi som var skapt av ein religiøs minoritet for å lure fleirtalet og vinne over det. Gowens går så vidare og forklarar korleis denne metoden også blir brukt krigen mot den syriske regjeringa.

Hovudtanken her er å lage ein myte om at ein minoritet prøver å dominere ein majoritet ved å fremje ein likskapsideologi som nektar for viktigheita av det skiljet som skil ut minoriteten. Derfor såg Hitler det slik at jødane prøvde å dominere ikkje-jødane ved å skape og fremje en marxistisk tankemåte som såg på språklege, etniske, religiøse og nasjonale forskjellar mellom arbeidarar som ei avsporing frå deira felles økonomiske interesser.

Når det gjeld situasjonen i Syria var USA mot Baath-folka sin panarabisme  av same grunn som Hitler gjekk mot den marxistiske internasjonalismen: fordi målet for både panarabismen og marxismen var å bygge ein einskapsfront av undertrykte folk mot den felles fienden deira.

Hitler skreiv i Mein Kampf at han i åra 1913 og 1914 uttrykte den meininga … at problemet med å sikre framtida til den tyske nasjonen er problemet med korleis marxismen kan bli utrydda. Han sa at marxismen var det viktigaste problemet i Tyskland. Og han sa at sjølve grunnlaget for at nazipartiet eksisterte under hans leiing var å stanse den vellukka frammarsjen til marxistane. Hitler si oppgåve var å overtyde fleirtalet av tyskarane, der mange støtta marxismen for å slutte seg til det synet at Tyskland var ein overlegen nasjon som var tvinga til å utvide livsrommet sitt til ulempe for underlegne nasjonar – eller bli utrydda sjølve. Derfor aksepterte han det sionistiske synet at jødane var ein nasjon heller enn berre ein religiøs fellesskap. Deretter framstilte han det som i røynda var eit politisk skilje mellom to klasse-ideologiar, marxismen og ideologien til den tyske adelen og borgarskapet, som eit raseskilje der den jødiske «rasen» stod for arbeidarklassen sin ideologi og den tyske «rasen» stod for ideologien til junkerane (dei store jordeigarane) og dei tyske industrileiarane og finansfolka. Marxismen blei merka som ein «jødisk doktrine». Leiarane av sosialdemokratiet var jødar. Det blei hevda at jødane kontrollerte den sosialdemokratiske pressa. Den marxistiske internasjonalismen var skapt av Karl Marx. Den marxismen som blei praktisert i Russland blei kalla jøde-bolsjevisme. Marxismen var lik judaismen og judaismen til marxisme. Slik Hitler såg det kunne dei to bli sett på som to sider av same pengestykke.

Målet til Hitler med å sette marxismen lik judaismen av å få marxismen til å sjå ut for den tyske arbeidaren som noko framand, noko skapt av ein minoritet som ikkje passa medlemmer av  noko anna – og heilt ut overlegent – nasjonen. Men der var også noko farleg ved dette som var skapt at dei jødiske hovuda, det var ikkje berre produktet av ein framand rase: marxismen var ein ny måte for lure tyske arbeidarar til underkasting under den jødiske «rasen». Hitler skreiv at marxismen prøver systematisk å levere verda inn i hendene til jødane.[xv]

Gowans, som her eigentleg har krigen i Syria som hovudsak, skriv at den same metoden blir brukt i og om Syria. Han meiner at det, i tillegg til USA, er fire ideologiske retningar som har spela dei største rollene under Wall Street sin krig mot dei syriske regjeringane både til Bashar al-Assad og faren hans, Hafez. To av desse oppstod då den arabiske verda møtte den europeiske kolonialismen. Det er den sekulære arabiske nasjonalismen og sunnipolitisk Islam til den Islamske brorskapen. Den første av disse ville sameine heile den arabiske nasjonen som var tilfeldig delt opp av dei europeiske kolonistane, og skape ein sjølvstendig sekulær arabisk stat. Denne retninga tok makta i Syria i 1963 etter at offiserar frå Baaths arabiske sosialistparti tok makta der. Dei ville ha ein stat som ikkje låg under dei columbiske okkupantane. Frå då av har denne staten og leiarane der vore sett på som ein fiende av dei columbiske statane. For USA sin aukande dominans var dei særleg farlege fordi dei ville sameine 400 millionar arabarar til ei sjølvstendig stat utanfor USA og dei andre columbiarane si rekkevidd. Dermed ville dei kontrollere verdas viktigaste oljefelt. Saman med andre, mellom anna søsterpartiet i Irak, kunne dei då utfordre heile hegemoniet til USA i Vest-Asia og Nord-Afrika og innføre programma til Baath-rørsla som var einskap, fridom og sosialisme. Den sosialismen det var snakk om var innretta på å fri arabarane frå utbyttinga til imperialistane og ha statleg styring av økonomien og velferd for folket.

USA sin aggresjon i området begynte tidleg. I slutten av april  1951 blei Mohammad Mossadegh vald til statsminister i Iran. Den 1. mai nasjonaliserte han det store Anglo-Iranian Oil Company. Då blei iransk olje straks boikotta av Vesten og leiinga i USA stansa Mossadeghs forsøk på å inngå avtalar med uavhengige oljeselskap. Iran miste mest alle inntekter frå oljen sin. Regjeringa i USA slo først ikkje heilt handa av det iranske styret, og gav dei litt hjelp for å dekke eit valutaunderskott. Men då Eisenhower blei president i USA i 1952 og John Foster Dulles blei utanriksminister og broren Allen Dulles sjef for CIA tok det berre 7 månader før Mossadegh blei styrta av eit kupp leia frå USA.[xvi] Dette har sidan kjenneteikna USA sin politikk i området. Alle som prøvde å komme ut or den columbiske interesse- og utbyttingssfæren har blitt møtt med aggressive mottiltak. Og Israel har vore brukt som eit amerikansk landliggande hangarskip i området for å sikre den columbiske dominansen. Då Baath-partiet kom til makta i Irak starta også USA ein tiårs lang kampanje med invasjonar og økonomisk krig for å stanse Iraks eksperiment med arabisk nasjonalisme, prosessen fekk namnet av-baathifisering. Og det er det same som har skjedd med Syria.

Den andre viktige ideologiske og politiske krafta i Syria, og fleire stader i dei arabiske landa, var det politiske Islam til den Muslimske brorskapen. Det utvikla seg også i motsetnad til den europeiske kolonialismen. Men dei ville redde arabarane frå vestleg (columbisk) dominans ved å bygge ein stat som bygga på einskap ut frå religion og ikkje frå språk. Dei ville ha ei vending attende til  rein islam som var ei retning frå de første generasjonane etter Muhammed, kalla salaf. Av det kjem omgrepet salafistar. Dei såg på Baathpartiet sin sekulære stat, som ikkjereligiøs, og dermed såg dei på denne staten også som ein fiende og ikkje berre dei utanlandske imperialistane. Det har gjort at dei også innimellom har alliert seg med og vorte brukt av columbiarane mot den sekulære arabiske nasjonalismen, slik det nett skjedde i stort monn i Syria over fleire tiår. Brorskapen gjekk til væpna opprør mot den syriske staten fleire gonger, mellom anna i 1982 og det var også det som skjedde i 2011. Columbiarane i England og USA har heile tida pleia kontakt med dei. Brorskapen sine leiarar blei invitert til London i 2006 som del av ein «Nasjonal redningsfront» som organiserte ein konferanse som oppmoda til regimeendring i Syria. Og i 2007 var USA, som det heiter, fast om bord.[xvii] Då uroa begynte i 2011 i Syria hadde Brorskapen for lenge sidan fått pengar og våpen frå desse. Heilt frå først stund spela dei ei aktiv og væpna rolle i det som eigentleg var relativt avgrensa demonstrasjonar mot Assad-styret, utan større oppslutnad blant fleirtalet av det syriske folket. Alt dette er godt dokumentert av Gowans, mellom anna gjennom frigjorte dokument frå kongressen i USA.

I Syria er det to dominerande religiøse grupper, den største er sunniane og den minste er alawittane som er ei uortodoks shiagruppering. I Baathpartiet var det mange alawittar, men partiet sitt program var å skape ein sekulær syrisk stat der alle religiøse grupper samarbeider og Assadane sørga for at mange sunniar fekk leiande poster i deira stat, mellom anna i regjeringa og i militæret. Partiet sin politikk er nasjonalt sjølvstende for Syria og alle arabarar og statleg kontroll med økonomien og arbeid for mindre forskjellar og velferd for innbyggarane, noko som er til hinder for imperialistisk utbytting. Derfor må columbiarane kjempe for regimeendring der.

Hitler ønska at tyskarane skulle oppfatte marxistane som jødar, ikkje som leiarar av ei arbeidarklasserørsle mot herskarane i Tyskland. På same måte ønskjer Washington at sekulære arabiske nasjonalistar (Assad) skal bli oppfatta av sunnifleirtalet som alawittar og av Irak sin shiamajoritet som sunniar og ikkje som leiarar av ei panarabisk rørsle mot Vestens dominans. Og på denne måten teiknar både nazipropagandaen og den vestlege propagandaen frigjeringsideologiar som ideologiar for rase, religiøs og sekterisk dominans.

Den intelligente columbiske og amerikanske påverknadsagenten, Cecilie Hellestveit[xviii], gir sjølvsagt eit heilt anna bilete av saka i boka si Syria – En stor krig i en liten verden, Pax forlag, 2017. Her er hennar syn representert ved eit sitat frå Michael Ignatiev som står over første kapittel: «Both Irak and Syria are a fissile mixture of etnicities and religions thrown together after Versailles by departing French and British imperialists and only kept together by Baathist tyranny and violence.» (Både Irak og Syria er ei lettsplitteleg blanding av etniske grupper og religionar som berre blir halde saman av baathpartia sitt tyranni og vald.» Hellestveit bygger opp heile boka si på denne lettgjennomskodelege løgna for dei som kjenner historia. Difor er boka eit eurosentrisk columbisk makkverk og ein gedigen falsk abstraksjon.

Mitt poeng med denne artikkelen er å vise at vi treng omgrepet columbisme for forstå heile verdshistoria i dei siste vel 500 åra. Det er ein periode der kvite vestlege makter har herska over verda med dei mest gruelege middel, myrderiar, folkemord, røveriar, slavearbeid, den mest groteske utbytting osb. Nazismen er eit uttrykk for den columbiske metoden, men brukt innanfor den kvite fellesskapen. Det kan ikkje tilgjevast, men det gjer det mogleg for oss å forstå litt av det som har ramma resten av verda i denne perioden.

Dessutan set det mange ting rett perspektiv. Vi forstår då kvifor alle land, område, personar osb. som har kjempa og som kjempar for å halde seg utanfor eller komme ut av den øydeleggande columbiske sfæren, blir svartmala og kalla alle dei stygge orda vi kan finne på. Og vi skjøner at dei columbiske sanksjonane som USA går i spissen for og vasallane følgjer opp er typiske for heile perioden og at oppheving av desse og avvikling av columbismen er naudsynte vilkår for at verda skal kunne utvikle seg til ei leveleg stad. Og vi skjøner kvifor vi som høyrer til innanfor denne sfæren blir opplært til å hate og angripe alle som dei mordariske columbiske leiarane i USA ønskjer å kunne halde under hælen sin og å stø dei som er med på USA si side. Dette har også stort sett prega utdelinga av Nobels fredspris ganske lenge.

Terje Valen, torsdag 7. oktober 2021.


[i] Dette er forklart omfattande og nøye av til dømes Bertil Ollman i Dance of the Dialectic – Steps in Marx’s Method, (232 sider), 2003, særleg i kapittel 5 og av Lucien Sève i hans monumentale bok Penser avec Marx aujourd’hui (bind III) – «La philosophie»? (705 sider), 2014. For en kortversjon av denne, sjå https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Utviklingen%20av%20Marx%20dialektiske%20logikk%20ved%20arbeidet%20med%20Kapitalen.htm.

[ii] https://www.tvalen.no/2021/09/23/eit-anticolumbisk-blikk-pa-historia/

[iii] Stephen Gowans Washington’s Long War on Syria (278 sider), 2016. Boka er ei gullgruve for alle som vil forstå regimeendringa osb., ikkje berre i Syria, men allment sett. I innleiinga og oppsummeringa finn vi konsentrert myke av innhaldet som er handsama i detalj inne i boka. Det første kapittelet tar føre seg korleis dei arabiske frigjeringsrørslene, kalla arabisme, oppstod i motstand og kamp mot vestlege imperialistiske inntrengar, som England, Frankrike og USA. Det andre kapitlet tar opp heile den vestlege imperialismen sitt arbeid for regimeendring der det oppsto statar utenfor deira kontroll. Og korleis imperialistane, med USA i spissen har støtta seg på dei mest reaksjonære religiøse rørslene som dei islamittiske wabitane i Saudi-Arabia og sionistane i Israel for å kjempe ned fridomsrørslene blant arabarane. Dette starta på 1950-talet og har fortsett sidan mot alle som ikkje har bukka for USA med allierte. Det tredje kapitlet tar opp kva som prega opprøret i 2011 og dokumenterer at dette var særs godt førebudd av USA og England gjennom støtte til det islamske brorskapet som ville nedkjempe dei sekulære statane om området for å opprette rettruande islamsk-salafitiske stater og som derfor allierte seg med imperialistane for å nå dette målet. Kapittel fire avkreftar at det fans moderate opprørarar i Syria. Dei fredelege demonstrasjonane var svært små og hadde mest ikkje støtte blant fleirtalet i landet og opprøret blei frå første stund væpna og leia av den muslimske brorskapen. Og stønad frå USA med allierte i regionen begynte straks. Pengar og våpen fløyma inn. Det femte kapitlet omhandlar alliansane dei sekulære opprørsleiarane mot imperialismen hadde og dei imperialistiske statane og deira allierte sin kamp mot desse. Både Syria og Iran har til dømes grunnlover som understreker at dei er sjølvstendige statar som kjempar mot utanlandsk dominans. Medan wahabitane i Saudi-Arabia aldri har hatt denne haldninga, men tvert imot allierte seg med imperalistane for å fremje måla til dei despotiske herskarane sine. Dette siste blir omhandla i kapittal seks. Det sjuande kapitlet handlar om korleis imperialistane splittar for kunne herske i området. I den samanhengen som eg er mest oppteken av her er kapittel åtte svært viktig og interessant. Her går Gowan nemleg inn på det som eg kallar dei columbiske metodane og den columbiske ideologien. Han viser at desse, som blei brukt av dei kvite på dei farga over heile verda er lik dei som Hitler og nazistane brukte på dei kvite i Europa under 2. verdskrigen og samanliknar Hitler sitt syn på jødar og slavarar, med Churchill sitt syn på indianarer, afrikanarar og «folk med skeive auger». Dette er bjelken i auget på heile den reaksjonære retninga som set likskapsteikn mellom nazismen og alle dei som gjennom historia har kjempa for å halde seg utanfor columbisk dominans, medrekna Russland/Sovjet med Stalin og andre som dei eurosentriske columbiarane hatar. Så kjem kapittel ni der det blir dokumentert over all tvil at USA er eit plutokrati eller om du vil eit oligarki, og at det såkalla amerikanske demokratiet er eit skodespel. Så denne boka treng alle som vil forstå kva som skjer i verda og vite meir om kva columbisme i dag er.

[iv] Same bok, side 197-198.

[v] Etter mi meining legg Gowans litt for lite vekt på Hitler sitt raseri fordi marxistane gjennom si oppfatning av at nasjonen var splitta i samfunnsklassar med grunnleggande antagonistiske motsetningar seg imellom, hindra det einskaplege, jernharde folkelegemet som nazistane ville skape. Det er rett at Hitler også såg på den proletariske internasjonalismen som skadeleg, men den indre klassekampen var nok ein enno større fare for realiseringa av prosjektet hans som på overflata var at den ariske rase skulle herske i verda, men som i grunnen var at det tyske finansoligarkiet skulle gjere det. Når Gowans bruker omgrepet eliten, så er det i så måte ikkje heilt presist fordi det skjuler den reelle klassekarakteren til både nazismen og heile den columbismen som også nazismen er eit uttrykk for.

[vi] Same bok side 199 der Gowans viser til Michael Dickenson, «Winston Churchill: The Imperial Master», Counterpunch, 28. januar, 2015.

[vii] Same bok side 199 der Gowans viser til «The Churchill you didn’t know,» The Guardian, 28. november, 2002.

[viii] Same bok side 199 der Gowans viser til Gariakai Chengdu, «Winston Churchill: Britain’s ‘Greatest Briton’ let etter seg ein arv med global konflikt og brot mot menneska,» Global Reasearch, 23. januar, 2016.

[ix] Same bok side 199 der Gowans viser til Richard Toye. Churchill’s Empire: The World that Made Him and the World he Made. St. Martins Griffen, 2011.

[x] Same bok side 199 der Gowans viser til Lawrence James, Churchill and Empire: A Portrait of an Imperialist (Pegasus Books, 2015).

[xi] Same bok side 200 der Gowans viser til Gariakai Chengdu, «Winston Churchill: Britain’s ‘Greatest Briton’ let etter seg ein arv med global konflikt og brot mot menneska,» Global Reasearch, 23. januar, 2016.

[xii] Same bok side 200 der Gowans viser til David Olusoga og Caspar W. Erichsen, The Kaiser’s Holocaust: Germany’s Forgotten Genocide and the Colonial Roots of Nazism, Faber and Faber, 2010, side 329.

[xiii] Same bok side 200-2001 der Gowans viser til Aimé Césaire, Discourse on Colonialism (Monhly Review Press, 2000), 36.

[xiv] Same bok side 200-2001 der Gowans viser til Svend Lindquist, The Dead Do Not Die: Exterminate All Tje Brutes and Terra Nullius, The New Press, 2014, side 178.

[xv] Hitler sitt syn er stort sett teke frå Mein Kampf.

[xvi] Sjå David Horowitz, USA og den tredje verden – Søkelys på amerikansk utenrikspolitikk II, Pax forlag 1966, særlig side 71-74. Horowitz avsverga seinare det han hadde skrive i Free World Colossus som var tittelen på boka i USA, men boka står trygt på kjeldene sine som seinare er bekrefta i fleire andre verk.

[xvii] Sjå Christopher Davidson, Shadow Wars – The Secret Struggle for the Middle East, 2016, sidene 310-347. Ei interessant bok og tilhøva i heile området, sjølv om ho mangla rein del viktig dokumentasjon som Gowers har.

[xviii] Cecilie Hellestveit var då også tilsett i den kjende amerikanskNATOistisk tenketanken, Atlantic Council, då ho skreiv boka, og er ein høgt verdsett person av det norske «forsvaret» som stadig meir ligg direkte under amerikansk dominans og nokon vil påstå, kommando.

Denne artikkelen ble først publisert på bloggen til Terje Valen.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.