Flyselskap må kansellere tusenvis flygninger

0

Mange av de ansatte nekter å vaksinere seg.

Dette er bare et symptom på en mer fundamental krise som nå er i emning i USA og i andre deler av verden. F.eks vil politiet i mange storbyer få store problemer hvis vaksinekravet opprettholdes. Det vil kunne få helt uoversiktlige konsekvenser for et voldelig og militarisert samfunn som USA.

På sykehus risikerer en driftsstans på grunn av manglede arbeidskraft. En kan ikke erstatte kvalifiserte fagarbeidere med folk uten kunnskaper og erfaring. Det tar mange år å bygge opp slik kompetanse. Mangelen på energi er nå også blitt et problem i USA som nå må importere olje fra Russland.

Og med raskt voksende inflasjon (prisstigning) og sviktende kjøpekraft, samtidig som det bygger seg opp en forsyningskrise i landet (havnene er smekkfulle av containere som ikke blir hentet og slip som ikke får losset), da har en betingelsene for en krise landet ikke har opplevd tidligere.

Året 2021 kommer til å bli et år fremtidige historikere ikke så lett vil glemme. Det er i ferd med å bli det året da alt var så bratt.

Knut Lindtner (redaktør. derimot.no)

Det store opprøret til Southwest Airlines

«Meir og meir av USA har fått nok av denne ‘folkehelse’-terrorismen»

Ron Paul 12. okt 21

Den utrulege vondskapen og galskapen ved tvungen vaksinering har endeleg fått seg ris for eigen bak. Tilbakeslaget mot obligatorisk vaksinering har lenge bobla rett under overflata, men no har det flote over og truar med å fullstendig avspore ein allereie skrantande økonomi og utslette ein djupt upopulær president og administrasjon.

Denne helga skjedde, utan førevarsel, noko som kan sjå ut som eit opprør i flyselskapet Southwest Airlines. Ifølge nyheitsmeldingar har eit hopetal av pilotar og andre Southwest-tilsette koordinert uttak av «sjukedagar» før Southwest Airlines gir dei valet mellom å ta stikket eller miste jobben. Laurdag og sundag vart over 2000 flygningar kansellerte, det reine raknarok på fleire flyplassar.

Fagforeininga Southwest Airlines Pilots Association har saksøkt flyselskapet p.g.a. den obligatoriske vaksineringa, og understøttar at det er ein «sjukemeldingsprotest» på gang blant Southwest-pilotane.

Mainstream-media gjer sitt beste for å legge lokk på det veksande opprøret mot dei obligatoriske vaksinane, og Southwest Airlines sjølv skuldar kanselleringane på dårleg ver og mangel på folk i kontrolltårnet. Men verproblema som Southwest hevdar dei har, verkar vere unike for dette selskapet; ingen av dei andre flyselskapa har (så langt) rapportert om slike ver-relaterte kanselleringar. Og Federal Aviation Administration, FAA, sin talsperson Steve Kulm fortalde USA Today at «Det har ikkje vore rapportert om nokon personalmangel hos FAA sidan fredag.»

Kjem andre pilotar, t.d. hos American Airlines, følge opp? Rykte sirkulerer om at dette berre er byrjinga.

Over dei siste vekene har tusentals sjukepleiarar, helsearbeidarar og førstehjelpspersonal enten slutta eller fått sparken fordi dei har nekta å ta imot ei medisinsk behandling som dei verken ønsker eller treng. «Sjukepleiarmangelen» som Demokrat-politikarar og mainstream-media har gitt eit «stigande tal Covid-tilfelle» skulda for, var i realiteten ein menneskeskapt katastrofe av historiske proporsjonar. Sjukepleiekrisa er ikkje forårsaka av «Covid» – talet på tilfelle har vore i nedgang i USA i fleire veker. Den er forårsaka av sparkinga av helsepersonell som har nekta å ta dei eksperimentelle Covid-skota.

Dumskapen i å føre ein politikk med sparking av helsearbeidarar samtidig som dei hevdar at ein rasande pandemi held landet i eit jerngrep, har ikkje gått amerikanarar hus forbi. President Biden sine meiningsmålingar har, ikkje uventa, vore i fritt fall. Viktige Demokrat-kandidatar som t.d. Virginias Terry McAuliffe klagar ope over at den djupt upopulære Biden truar han i eit tett race om guvernør-stillinga.

Medan lakeiane til Biden-administrasjonen, som t.d. Fauci, fortel amerikanarane at dei ikkje kan feire jul i år, får fleire og fleire i USA nok av denne «folkehelse»-terrorismen. Her i Texas fløymde hundre tusen umaskerte fans av Texas A&M laurdag til fotballarenaen, etter ein overraskande, i siste minutt, siger over Alabama. I Texas og andre stadar mistar administrasjonen fryktfaktoren.

Historia kan merke seg denne helga som vendepunktet mot Biden-administrasjonen sitt Covid-tyranni. Frå sjukepleiarar til pilotar, lastebilsjåførar til Amtrak-arbeidarar – det ser ut som om USA reiser seg og seier «nok!» Kvar einaste av våre medborgarar som står prinsippfaste opp mot tyranniet – i møte med tap av jobbane sine og tryggleiken sin – fortener takk frå alle som elskar fridom. La oss håpe at det fredelege opprøret held fram med å vekse!

Kjelde: Ron Paul Institute

Fritt omsett av Monica Sortland for Derimot.no

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.