De reelle dødstallene etter vaksinering i USA er langt høyere enn de offisielle

0

Varslar: Nær 50 000 Medicare-pasientar døydde kort tid etter å ha fått COVID-sprøyta

«Dei lyg. Det er ikkje tvil om at dei lyg,» seier advokat Renz. «Med den informasjonen vi no sit på, er det klart at mantraet om ‘trygg og effektiv’ må stoppe.»

av Patrick Delaney

LifeSiteNews 28. september 2021

Ein varslar har overlevert data frå styresmaktene som dokumenterer at 48 465 Medicare-pasientar har døydd i løpet av dei første 14 dagane etter vaksinering mot COVID-19, ifølge menneskerettsadvokaten Thomas Renz.

Thomas Renz

Advokaten frå Ohio i USA kom med kunngjeringa på laurdag. Han er også involvert i fleire store saker mot føderale byrå, saker som går på svindel og brot på retten til ‘medisinsk fridom’ [eng. medical freedom, retten til å kontrollere eigen kropp og eiga helse., inkludert fridom frå vilkårleg tvangsbruk og fridom frå medisinsk behandling utan samtykke, mrk.].

presentasjonen sin uttrykker Renz godhug for varslarar som står fram og forsyner folk med slik viktig informasjon frå Centers for Medicare & Medicaid Service (CMS). Han beskriv CMS-databasen som den største av sitt slag i USA, til gransking av COVID-19-trendar, fordi den inneheld data for omlag 59,4 millionar Medicare-brukarar.

Tal frå databasen viser at talet på «personar som døydde innan 14 dagar etter ein vaksine mot COVID-19» var 19 400 for dei yngre enn 81 år, og 28 065 for dei på 81 og oppover. Totalen blir 48 465.

«Dette er rådata,» forklarer Renz. «Der er ikkje nokon analyse.» Og, understrekar han, desse dødstala kjem frå under 20% av USAs befolkning.

«Vil du vite korfor 14 dagar er viktig?» spør han. «Fordi at viss du døyr innan 14 dagar, så blir du ikkje sett på som vaksinert.» Ifølge smitteverntilsynet CDC (Centers for Disease Control and Prevention) blir ein ikkje rekna som «vaksinert» før 14 dagar etter fullført injeksjons-kur, noko som reiser spørsmålet om dei offentlege autoritetane har klassifisert desse dødsfalla som noko anna enn vaksine-relaterte dødsfall.

Renz legg fram skjermbilde av Medicare-serverane sine rådata, og kallar det «ei gåve til ‘faktasjekk’-drittsekkane som stadig vekk lyg.»

«Og no vil eg gjerne vite: skal dokker faktasjekke HHS no?» spottar han. «Kjem dokker til å faktasjekke Fauci?»

I juli avlá ein varslar som arbeider profesjonelt som dataprogrammerar innan dataanalyseverkty for helsevesenet ei eidsvoren vitneerklæring om at CMS-dataa avslørte «minst 45 000» vaksinerelaterte dødsfall på grunn av injeksjonar av den eksperimentelle COVID-19-vaksinen. USA Today og andre «faktasjekka» påstanden og kalla den feilinformasjon.

Ei pressemelding på Renz si nettside svarer: «Avsløringane i dag konsoliderer at ’Trusted News Initiative’ faktisk er kjelda til feilinformasjon og propaganda, og at advokat Thomas Renz Whistleblower hadde rett heile tida.»

Sidan utrullinga av dei gen-baserte vaksinane mot COVID-19 starta sist desember, med biverknadar som inkluderte død som vart passivt innrapportert til CDC sitt vaksinebiverknadsrapporteringssystem VAERS, har mange trudd at dei reelle tala på skadde er mykje høgare.

Dei siste dataa frå CDC sitt VAERS-system, publiserte sist fredag avslører rapportar om 726 965 tilfelle av biverknadar i USA etter vaksinering, inkludert 15 386 rapportar om død og 99 410 rapportar om alvorleg skade, mellom den 14. desember 2020 og den 17. september 2021. Men sannsynlegvis er dei reelle tala betydeleg høgare, noko ein studie frå 2010 gjort av Harvard Pilgrim Health Care understøttar. Dei fann at «færre enn 1% av vaksineskadar» blei innrapporterte til VAERS. I tillegg har til og med vaksineprodusentane sjølve kalkulert med minst ei «femtidobbel underrapportering av biverknadar» i dette systemet.

Vidare har ein ny varslar-rapport frå Project Veritas avslørt at medisinsk personell ved føderale sjukehus stadfestar at mange pasientar lir av COVID-vaksineskadar, men at «ingen» rapporterer dei inn til VAERS.

Renz legg også fram bevis som stadfestar at legemiddeltilsynet FDA (Food and Drug Administration) har brukt dei same CMS-dataa til å monitorere ulike typar uheldige reaksjonar på injeksjonane «i nær sanntid». Likevel held dei føderale, offentlege byråa og media fram med å gjenta at desse gen-baserte vaksinane er «trygge og effektive».

Data for Medicare-brukarar i staten New York aleine avslører tusentals tilfelle av kardiovaskulære sjukdommar, COVID-19 og dødsfall blant dei totalt 16 ulike typane biverknadar dei har spora.

«Hugs at dette er ‘side-effektar’ som styresmaktene, media og sosiale medium stadig vekk fortel publikum at ikkje skjer,» seier han. «Dei lyg. Det er ikkje tvil om at dei lyg.»

«Mantraet om ‘trygg og effektiv’ må stoppe no når vi veit det vi veit» seier Renz.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Forrige artikkelUlovligheter i vindkraft – lovbrudd i forretningsmodellen
Neste artikkelEtiopiske styrker med stor, ny offensiv i Tigray-provinsen