Dr. Robert Malone, oppfinnaren av mRNA-teknologien, varslar Worst-Case Scenario om COVID-19-vaksinane

0

Av Teodrose Fikremariam, Ghion Journal 

I dag tidleg stadfesta dr. Robert Malone – oppfinnaren av mRNA-teknologien som blir brukt i «vaksinane» mot Covid-19 – at mine verste aningar om desse eksperimentelle boosterane er i ferd med å realisere seg. Han plukka ifrå kvarande dr. Anthony Fauci si slue kunngjering om at antistoffkonsentrasjonane i nasa til «vaksinerte» er den same som hos dei uvaksinerte.

Den hyklariske påstanden er i seg sjølv eit bombenedslag; dr. Fauci stadfesta at folk som får sprøyta ikkje har nokon betre grad av vern enn dei har, dei som enten er tvilande eller fiendtleg innstilte mot å få sprøyta inn i seg ein eksperimentell genterapi-vidundermedisin.

Why America pays Dr Fauci more than the president - Times of India
Anthony Stephen Fauci er en amerikansk immunolog som tjenestegjør som direktør for National Institute of Allergy and Infectious Diseases og medlem av White House Coronavirus Task Force, som arbeider med koronaviruspandemien i 2019–2020. Wikipedia

Dr. Malone tok ikkje berre Fauci på ordet; han gjorde noko som mainstream-media nektar å gjere. Han dekonstruerte Faucis poeng på ein slik måte at vanlege folk kan forstå. Det han kom fram til, var nett det same som eg sjølv har skrive om i fleire månadar. Dr. Malone sa at nase-målingar er dårlege indikatorar når ein skal finne ut kor høg konsentrasjonen av antistoff er, og at blodprøver er betre når ein skal vurdere om ein vaksine faktisk fungerer slik reklamen seier den skal.

Dr. Malone refererte deretter til NBC-reportasje som USA Today hadde vidareformidla – som seinare vart fjerna – som siterte ein offentleg tenestemann på høgt nivå som kunne skrive under på at «vaksinerte individ kan ha høgare virusnivå og infisere andre under smittetoppen som no blir driven fram av deltavarianten av koronaviruset».

Dette kjem ikkje som noko sjokk på andre enn dei som ikkje har sett seg inn i mRNA-«vaksinen» og ikkje kjenner til den blanda historia bak. Tidlegare studiar på ilderar og kattar burde ha vore nok til å bestemme at den fulle tidsramma på 10 til 15 år, som trengst for å utvikle trygge og effektive vaksinar, også skulle ha vore brukt på desse utrygge boosterane dei enno ikkje har prova fungerer.

Sjølv om resultata i starten verka lovande, så gjekk det slik at forsøksdyra døydde når dei vart eksponerte for SARS-patogenar, fordi dei utvikla ein dødeleg tilstand kalla antistoffavhengig forsterkning (Antibody-Dependent Enhancement, ADE). Ved å bruke eit virus som nesten heilt sikkert er menneskeskapt, gjekk bioteknologi-korporasjonane fullt ut inn for å validere ei behandling som fungerer i teorien, medan dei gamblar med liva til milliardar av menneske i håp om at det ordnar seg.

brown white and black guinea pigs in white wooden crate
Disse blir gjerne brukt i kontroller av nye medisiner

Ikkje berre behandlar autoritetsfigurane menneske som prøvekaniner, dei reint ut feilinformerer og tyr til svertekampanjar mot dei av oss som talar ut om fabrikasjonane deira. Den siste forvrenginga deira går ut på at folk som er «uvaksinerte» er kjeldene til mutasjonane, når det i røynda er tvert om, slik Fauci stadfesta denne veka. I fjor slo Oxford og AstraZeneca seg saman for å utvikle sin eigen booster, som dei seinare delte ut i Storbritannia, Sør-Afrika, Brasil og India. Dei same fire landa som er kjeldene til variantane. Det er her «vaksine»-propagandistane vil sprøyte ut at «korrelasjon er ikkje årsakssamanheng».

Nær 11.405 dødsfall og fleire enn 62.000 alvorlege skader attribuert til mRNA og adenovirus-«vaksinar» i USA aleine, og likevel held politikarar, lærde, yrkesmedisinarar og etablissementet generelt på sinnsjukt vis fram med å påverke folk til å ta sprøyta. Tilbake i april skreiv eg ein artikkel der eg åtvara om at det godt kan hende at menneskeslekta vil få oppleve eit globalt holocaust dersom ADE oppstår blant dei milliardane av folk som har blitt «vaksinerte» så langt. Det dr. Malone gjorde, var å stadfeste, med kvalifikasjon, mine verste aningar. Eg skriv ikkje dette for å hovere eller å liksom seie «Var det ikkje det eg sa?»; eg har familiemedlemmar som blei «vaksinerte», så eit bevis for at eg hadde rett i bekymringane ville kome til ein pris eg ikkje orkar tenke på.

National Institute of Health, NIH, kjende til risikoen for antistoffavhengig forsterking, ADE, i samband med Covid-19-«vaksinar» heile tida! Dette er frå nettsida deira, publisert den 4. desember, 2020. 

*

Teodrose Fikremariam er medgrunnleggar og redaktør for Ghion Journal. Før lanseringa av Ghion Journal var han ein politisk organisator som mellom anna skreiv delar av sigerstalen som Barack Obama heldt i South Carolina då han vann primærvalet til president. Han kjem opprinneleg frå Etiopia og stammar direkte, i sjuande generasjon, frå ein av Etiopias største keisarar, Tewodros II.

Lauseleg omsett av Monica Sortland, Derimot.

Dr. Robert Malone, Inventor of mRNA Technology, Signals the Worst-Case Scenario About Covid-19 Vaccines

Forrige artikkelEr Kina i ferd med å ta av hanskene?
Neste artikkelDen «grønne» molbopolitikken
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.