Relasjonane mellom USA og Tyskland lar seg ikkje reparere

0
Illustrasjon: Shutterstock

Troppeuttrekking er berre eit symptom.

Av Scott Ritter.

Medan Trump-administrasjonen sel avgjerda om å trekke USA sine troppar ut av Tyskland som ei styrking av NATO-styrke-oppstillinga, er realiteten den at dette berre er den siste i ei rekke manifestasjonar på eit forhold i nedgang over fleire tiår.

Kunngjeringa til forsvarsminister Mike Esper om at USA hadde sluttført planane for ei tilbaketrekking av kring 12 000 soldatar frå Tyskland, kom som ei overrasking for ingen. Avgjerda, minus detaljane kring implementeringa, vart opprinneleg kunngjort den 30. juni. Då knytte Donald Trump den til at Tyskland hadde mislykkast i å oppfylle pliktene sine om å nå NATO-målet å bruke 2% av BNP på forsvaret (Tyskland brukte i 2019 rundt 1,4%). 

Men når han kunngjorde at av dei 36 000 som er permanent stasjonerte i Tyskland, skulle 24 000 bli der og 11 900 omplasserast eller returnere heim, nemnde ikkje Esper Tysklands budsjettetterskot; han knytte i staden avgjerda til USA sine nye forsvarsprioriteringar, drivne av behovet for å betre kunne avskrekke Russland og Kina.

Nasjonaltryggingsekspertar på begge sider av Atlanterhavet kjem til å debattere opphavet til troppeuttrekkinga ei stund framover, og prøve å fordele vektlegginga av dei to rivaliserande grunngivningane som Trump og Esper har bydd på. 

Men sanninga er at denne avgjerda har vore i kjømda lenge; den har ikkje røtene sine verken i nokon slags personleg animus hos president Trump eller i USA sin styrkeomplasseringsstrategi. 

USAs strategiske bombefly USA Air Force Lockheed Super Galaxy på flyplassen i Stuttgart. Shutterstock

Krisa vi no ser kjem frå ein større dysfunksjon i forholdet mellom USA og Tyskland som har vore til stades i fleire tiår, driven av ibuande inkompatible verdssyn og verdisystem, og den uunngåelege samanstøyten mellom US-amerikansk eksepsjonalisme og tyske ideal basert på prinsippet om europeisk suverenitet.

Førestillinga om at USA/Tyskland-relasjonane under pre-Trump-æraen utelukkande var hjartelege og frie for kontrovers og motskuldingar, svarar ikkje til fakta. 

Den kalde krigen var til stor del definert av delinga av Tyskland i Aust og Vest, og den resulterande debatten mellom USA og Sovjetunionen om tysk gjenforeining. 

Som slagmarksstat kjempa Vest-Tyskland [eigentleg Forbundsrepublikken Tyskland, eller BRD, mrk] med trusselen om US-amerikansk ambivalens, slik ein var vitne til under Berlin-krisa seint på 1950-talet og tidleg på 1960-talet, pluss US-amerikansk overreaksjon i form av krigsplanar som involverte bruk av atomvåpen på tysk jord. 

Sjølv om Vest-Tyskland var ein trufast NATO-alliert under denne tida, skapte organisasjonen si insistering på eit effektivt, offensivt forsvar av territoriet friksjon blant kohortane som meinte at eit djubdeforsvar som bytta tysk territorium for nødvendig tid til gjenopprustning, representerte den beste måten å slå ned ein Sovjetleidd invasjon av Vesten.

Ostpolitik-politikken til kansler Willy Brandt frustrerte likeeins leiarane i USA og NATO, som såg Vest-Tyskland sine forsøk på avspenning i høve til Sovjetunionen, Aust-Tyskland [eigentleg DDR, Den tyske demokratiske republikken, mrk.] og andre Austblokk-nasjonar i Europa som eit symptom på større tysk uavhengigheit frå diktata til NATO og Vesten. 

Vest-Tyskland var ‘ground zero’ for anti-atomvåpenrørsla som sveipte over Europa på tidleg 1980-tal etter USA sine forøk på å utplassere kjernefysiske mellomdistanserakettar på europeisk jord. Dette kom som respons på den sovjetiske utplasseringa av SS-20-rakettane [eigentleg RT-21M Pionér, mrk.], som trigga kollapsen til kansler Helmut Schmidt-regjeringa p.g.a. ei mistillitsavstemning.

Medan signeringa av INF-avtalen (Intermediate-Range Nuclear Forces Treaty, nedrustningsavtale om mellomdistansevåpen) i 1987, og fallet til Berlin-muren med den påfølgande tyske gjenforeininga i 1989, hjelpte til med å reparere USA/Vest-Tyskland-relasjonane, så fekk ikkje USA-engasjementet i Golf-krigen i 1990-91 tysk støtte. 

Sjølv om Tyskland stod bak USA etter terroråtaka den 11. september («9/11»), så strekte ikkje denne støtta seg så langt som til å omfatte USA si avgjerd om å invadere Irak i 2003; dei gjenstridige tyskarane fekk dåverande utanriksminister Donald Rumsfeld til å bryte ut, nedsettande, at Tyskland var ein del av «Det gamle Europa».

Gerhard Schröder, som tente som tysk kansler frå 1998 til 2005, arbeidde for nærare relasjonar med Russland, særleg på energi-feltet, noko som sette sinna i kok hos styresmaktene i USA.

Barack Obama vart president i 2009 trudde mange tyskarar han representerte starten på ein ny æra med betra relasjonar som kunne sameinast om sams ideal og verdiar, berre for å bli skuffa av det faktumet at problema i forholdet mellom USA og Tyskland var større enn éin mann aleine. 

Påfølgande spionskandalar i 2013 og 2014 – som involverte tjuvlytting på kansler Angela Merkel sin mobiltelefon, og CIA si rekruttering av høgtståande tyske statstenestemenn – berre stadfesta for mange tyskarar den realiteten at USA ikkje såg på nasjonen deira som ein ven, men heller som ein potensiell motstandar. Også USA sin bruk av militærbasar i Tyskland for å føre væpna droneangrep mot mål i Midtausten provoserte mange tyskarar, som meinte desse handlingane var brot på sjølvråderetten deira.

Sett i dette lyset er ikkje svekkinga av USA/Tyskland-relasjonane under president Trump noko nytt fenomen, men heller eit framhald av ein glideflukt i nedoverbakke over fleire tiår, der dei to partane har vore i opposisjon mot kvarandre i kritisk viktige saker som involverer internasjonal fred og sikkerheit, europeisk uavhengigheit og relasjonane til Russland. 

_______________________________________________________________
Når Trump gir ordre om tilbaketrekking av US troops frå Tyskland, er det meir ein biverknad av eit dysfunksjonelt USA/Tyskland-forhold som har vore på nedfart i fleire tiår…
_______________________________________________________________

Tyskland held fram med å tru at medlemskapen i NATO-alliansen er essensiell for europeisk tryggleik, men dette standpunktet er blitt noko anstrengt med det dei ser USA sin unilateralisme og eksepsjonalisme på bekostning av europeiske verdiar og interesser. Med den noverande bana til relasjonane må ein lure på kor lenge NATO kan overleve under slike tilstandar.

Avgjerda til minister Esper om å starte prosessen med tilbaketrekking av US-amerikanske troppar frå Tyskland er ikkje siste ord sagt om saka. Oppgåva det er å flytte svære kommandoeiningar, kampavdelingar og service-avdelingar – saman med deira respektive sivile og avhengige infrastruktur – er kvisam og vil ta veker, om ikkje månadar, å implementere.

Realiteten er at dersom Trump ikkje greier å sikre gjenval i november 2020, vil ein Biden-administrasjon kunne reversere mykje, om ikkje alt, av den planlagde tilbaketrekkinga. Men med dét ville dei nye leiarane bli konfrontert med den realiteten at skaden på relasjonane mellom USA og Tyskland ville vere ugjenoppretteleg. 

Dei skulle også få oppdage at kvar ei handling dei kunne finne på for å roe ned Tyskland ville skaffe dei trøbbel – ikkje berre i Kongressen, som er imot det tysk/russiske røyrleidningsprosjektet Nord Stream 2, men også i forhold til dei tidlegare austblokk-nasjonane i NATO, slike som Polen, dei baltiske statane, Romania og Bulgaria, som ser på styrkeomplasseringa til Esper som essensielt viktig for deira nasjonale tryggingsinteresser – og til h* med resten av NATO-alliansen.

Når Trump gir ordre om tilbaketrekking av US troops frå Tyskland, er det meir ein biverknad av eit dysfunksjonelt USA/Tyskland-forhold som har vore på nedfart i fleire tiår, enn det er teikn på noka storslagen gjenoppstilling av NATO-troppar mot Russland eller personleg fiendskap mellom Trump og Angela Merkel. 

Det stadig dårlegare forholdet mellom dei to landa er knytt til ein samanstøyt mellom amerikansk eksepsjonalisme og tyske idéar om europeisk suverenitet som ingen US-amerikansk eller tysk leiar kan bortforklare med gestar og talar. Det er ein manifestasjon av den geopolitiske disharmonien som har eksistert i Europa og verda i etterkant av oppløysinga av Sovjetunionen i 1991, og USA si avgjerd om å fylle det resulterande vakuumet som unilateral global supermakt.

Den gradvise degraderinga av USAs militære, diplomatiske og økonomiske makt under dei tre tiåra som følgde denne hendinga, er den primære drivkrafta bak den USA/tyske splittinga, og med dén nedgang i relevansen og autoriteten til den trans-atlantiske alliansen NATO. Inga omstokking av US-amerikanske militære aktivum kan gjere denne realiteten ugjort.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.


Scott Ritter er en tidligere etterretningsoffiser for i den amerikanske marinen. Han tjenestegjorde i det tidligere Sovjetunionen for å implementere våpenkontrollavtaler, i den persiske gulfen under Operasjon Ørkenstorm, og i Irak hadde han tilsyn med nedrustning av masseødeleggelsesvåpen. Han er forfatter av flere bøker, senest Deal of the Century: How Iran Blocked the West’s Road to War (2018).


Les også: USA trekker 9500 soldater ut av Tyskland – og flytter de fleste til Polen


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelMeningsmåling: Folk i mange land tror koronaviruset er mer dødelig enn det virkelig er
Neste artikkelNår politiske debattanter snakker forbi hverandre i energipolitikken
Scott Ritter
Scott Ritter er en tidligere US Marine Corps etterretningsoffiser som tjenestegjorde i det tidligere Sovjetunionen med å implementere våpenkontrollavtaler, i Persiabukta under Operasjon Desert Storm og i Irak for å føre tilsyn med nedrustningen av masseødeleggelsesvåpen. Hans siste bok er Disarmament in the Time of Perestroika, utgitt av Clarity Press.