USA: Fengsel, vald, drap og kjønn. Klassekampen viktigere enn rasismen.

0
Illustrasjon: Shutterstock

I etterkant av drapet på George Floyd i Minneapolis diskuterer ein rasisme, politivald og mykje anna. USAs grunnleggjande problem er klassemotsetningane, ikkje rasismen. 

Av Hans Olav Brendberg.

I etterkant av drapet på George Floyd i Minneapolis diskuterer ein rasisme, politivald og mykje anna. Det er interessant nok – men berre ein liten del av biletet.

Handsaminga av svarte i amerikansk historie har – med god grunn – vore eit viktig tema, og ein viktig del av USAs omdømeproblem. Og det som skjer no i Minneapolis og andre større byar går ut over USAs omdøme.

Svarte i USA etter slavetida arva dysfunksjonelle familiar
Det grunnleggjande problemet det svarte USA arva etter slavetida og Jim Crow-perioden var dysfunksjonelle familiar. Den svarte familien er ein familie med fråverande far – ein far det går dårleg med, som sit i fengsel eller har rusproblem. I perioden frå produksjonsmobiliseringa under første verdskrig til midten av sekstitalet hadde ein positive trendar – avdi svarte menn flytta frå raseskiljet i sør til industribyane i nord, og vart ein del av arbeidarkollektiva i storindustrien. Den same perioden var ogso ei kulturell blømingstid for det svarte USA.

Frå den økonomiske stagnasjonen sette inn kring 1970 har trendane gått motsett veg, og statistikkane for forventa livsløp for svarte menn er nitrist lesnad.

Store grupper svarte amerikanarar er fanga i ein ghetto prega av rus, vald, arbeidsløyse og planløyse. Medan svarte på femti- og sekstitalet utvikla ein politisk leiarskap på nasjonalt nivå, er dagens «black caucus» mellom dei meir korrupte delane av amerikansk politikk – og dei er heilt i lomma på israellobbyen. Kjøpt og betalt.

H Zinn USA
Oktober forlag 2006

Fleire kvite blir drepne av svarte enn motsett 
Dette tyder at svarte blir drepne langt oftare enn andre – men vanlegvis blir svarte amerikanarar drepne av andre svarte. Fleire kvite blir drepne av svarte enn motsett. Medan 12% av amerikanarane er svarte, er 33% av dei innsette i amerikanske fengsel svarte. Det er fleire svarte i amerikanske fengsel enn kvite.

USA har altso løyst eit sosialt problem ved å setja det i fengsel. Det er 2,1 millionar i fengsel i USA – litt mindre enn det var i fangeleirane i Sovjet under Stalin (mange i fangeleirane var krigsfangar).

USAs «dirty secret» er ikkje rasisme, men klasse.
Den store mengda med valdeleg kriminalitet knytt til den svarte befolkninga gjer at kvite amerikanarar ikkje kjøper forteljinga om at dette drapet handlar om rasisme. Det finst rasisme i amerikanske politikorps, men dette er ikkje gjennomgåande. Ein hardhendt kriminalpolitikk har dei siste tiåra fått ned mengda med drap og anna valdeleg kriminalitet, og du vil neppe vinna val i USA på eit program for mindre politi og mindre straff.

Sjølv om politiet i USA ikkje er gjennomgåande rasistisk, er det veldig ofte valdeleg, og vil ofte bruka maktdemonstrasjonar der politi i Noreg vil roa ned situasjonen og snakka med folk. Fengselssystemet i USA er ille – mellom anna er valdtekt i stor grad institusjonalisert i amerikanske fengsel. Kring 200 000 menn blir valdtekne i amerikanske fengsel kvart år. Langt fleire kvite menn blir valdtekne av svarte enn motsett.

Skal USA koma seg ut av dette elendet, må begge sidane i kulturkrigen diskutera andre ting enn dei favorittemaene dei plar gripa til i tider som dette. USAs «dirty secret» er ikkje rasisme, men klasse.

Tidligere publisert på Politikus.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelEr det noe å lære av Martin Tranmæls metode?
Neste artikkelTucker Carlson: – Det vi ser er klassekrig kamuflert som rasekrig