Saka mot Julian Assange dag 2, ved din mann på galleriet.

0
Demonstrasjon for Assange 22. februar 2020 i London. Shutterstock.

Craig Murray følger saken mot Julian Assange i Woolwich Crown Court. Murray er verdens vitne i en sak der egentlig pressefriheten står i den hermetisk lukkede tiltaleboksen. Referatet er oversatt til norsk av Hans Olav Brendberg.

Av Craig Murray.

Denne ettermiddagen forlot Julians spanske advokat, Baltasar Garzon, retten for å reisa heim til Madrid. På veg ut stogga han naturlegvis for å gje sin klient eit handtrykk. Han stakk handa inn den vesle opninga i det skotsikre glasburet. Assange reiste seg halvvegs for å ta advokaten sin i handa. Dei to tryggleiksvaktene som var i buret saman med Assange sprang umiddelbart til, la hendene på Assange og tvang han til å setja seg – slik at han ikkje fekk tatt advokaten sin i handa.

Det var ikkje det verste som skjedde i dag. Men det er eit slåande bilete av den sanselause maktbruken som blir sett inn mot ein mann som er tiltalt for å publisera dokument. At ein mann ikkje eingong kan seia farvel til sin advokat med å ta han i handa er mot heile anden som medlemmer av det juridiske systemet likar å hevda ligg til grunn for korleis lova blir handheva. Eg let den augneblenken tena som ramme for det som skjedde i retten i går.

Dag 2 hadde byrja med ei erklæring frå Edward Fitzgerald, Assanges forsvarar, som vekte oss brutalt til live. Han erklærte at dagen før, på første dag av rettssaka, hadde Julian to gongar vorte kledd naken og kroppsvisitert. Elleve gongar hadde han vorte sett i handjarn, fem gongar hadde han vorte låst inn i ulike varetekstceller. På toppen av alt dette hadde fengselsstyresmaktene tatt rettsdokumenta frå han – inkludert kommunikasjon mellom Assange og advokaten hans, som er verna av lova. Han hadde ikkje hatt noko høve til å førebu seg på sakførselen i retten.

Magistrat Baraitser såg på Fitzgerald og erklærte, med ei røyst fyllt av forakt, at han hadde tatt opp slike ting før, og at ho alltid hadde svart at ho ikkje hadde nokon jurisdiksjon over fengselet. Han burde ta dette opp med fengselsstyresmaktene. Fitzgerald vart ståande, noko som førde til ei sterk mishagsytring frå domaren. Han svara at forsvaret naturlegvis ville ta dette opp med fengselet igjen, men at denne gjentatte oppførselen frå fengselsstyresmaktene truga forsvarets evne til å førebu sin sakførsel. Han la til at hans røynsle, uansett jurisdiksjon, var at det var alminneleg praksis for magistratar og domarar å vidareformidla slike kommentarar og ønske til fengsla når slike ting greip inn i rettssaka. Det var også normalt at fengsla lytta velviljug til magistratar.

Baraitser nekta rett ut for nokon kjennskap til denne praksisen, og erklærte at Fitzgerald burde gje henne ein skriftleg argumentasjon der han forklarte korleis han meinte statusen var med jurisdiksjon over fengselstilhøve. Dette vart for mykje sjølv for aktoratet. James Lewis reiste seg og sa at aktoratet ogso ønskte at Assange skulle få ei rettferdig høyring, og at han kunne stadfesta at det forsvaret hevda var normal praksis. Sjølv då nekta Baraitser å gripa inn mot fengselet. Ho erklærte at om fengselstilhøva var så ille at dette kvalifiserte til dei høge krava ein må ha for å erklæra at ei rettferdig høyring ikkje er mogleg, så kunne forsvaret leggja fram eit krav om å avvisa skuldingane på dette grunnlaget. Om ikkje kunne dei berre gløyma det heile.

Både aktor og forsvarar verka overraska over Baraitsers påstand om at ho ikkje hadde høyrt om det dei begge refererte til som alminneleg praksis. Lewis kan ha vore genuint uroa over den sjokkerande skildringa av korleis Assange hadde vorte handsama i går. Det kan også vera at han hadde høyrt indre varselbjeller i hovudet som varsla om feilslått og tilsidesett rettargang. Resultatet vart i alle tilfelle at Baraitser ikkje vil gjera noko for å hindra fysisk og mental mishandling i fengselet eller gjera det mogleg for han å delta i sitt eige forsvar. Den einaste realistiske forklaringa på dette ser for meg ut til å vera at Baraitser har fått instruksjonar frå høgare hald, og at den pågåande mishandlinga og konfiskeringa av dokument skjer etter påtrykk frå regjeringa.

Ein siste episode vil eg også gjenfortella: Etter at eg igjen hadde stått i kø frå tidleg om morgonen var eg til slutt i køen som skulle få sleppa inn på publikumsgalleriet. Då ropa dei opp namnet til Kristin Hrafnsson, redaktøren i Wikileaks, som eg stod og snakka med i køen. Kristin identifiserte seg sjølv, og fekk vita at han ikkje hadde høve til å sleppa inn på publikumsgalleriet. Eg hadde vore saman med Kristin gjennom heile rettsmøtet dagen før, og han hadde ikkje gjort noko uregelmessig – han er ein roleg mann. Då han vart ropt opp var det ved namn og yrkestittel – dei utestengte medvite redaktøren i Wikileaks. Kristin spurde kvifor, og vart fortalt at det var ei avgjerd frå retten.

På dette tidspunktet annonserte John Shipton, far til Julian, at om dette skjedde ville alle familiemedlemer forlata retten. Dei gjorde det også, og byrja senta twittermeldingar om at familien forlot rettsmøtet i protest. Dette førde tydelegvis til uro mellom tenestemennene ved retten, og femten minutt seinare fekk Kristin melding om at han likevel kunne sleppa inn. Vi har framleis ingen idé om kva som låg bak dette. Seinare på dagen vart journalistane orientering om at det handla om køsniking. Det verkar usannsynleg sidan han vart tatt til side av tilsette som ropte han opp med namn og tittel, ikkje av folk som observerte at han sneik i køen.

Ingenting av det som er nemnt over handlar om det denne saka offisielt dreier seg om. Men det fortel viktige ting om den drakoniske naturen til den politiske skodeprosessen dette eigentleg er enn det skodespelet som foregår i rettssalen. Det var augneblenkar i dag då eg vart engasjert i det som foregjekk i rettssalen, og fekk den opplevinga du kan få i eit teater. Som gjer at ein byrjar tenkja «Wow, denne saka kjem til å gå bra for Assange». Men når ein då tenkjer på hendingar som dei nemnt over blir du kald om hjarta, og du hugsar på at det ikkje er nokon jury der som skal overtydast. Eg trur rett og slett ikkje at noko som helst som blir sagt og prova i dette rettslokalet har nokon innverknad på den endelege domen i denne retten.

So til den konkrete sakførsla i retten.

For forsvaret hevda Mark Summers at dei amerikanske skuldingane kvilte på tre påstander om kva Assange hadde gjort:


1 ) Assange hadde hjelpt Manning med å dekoda ein hash-nøkkel for å få tilgang til kvalifisert materiale. Summers slo fast at han kunne prova at dette var ei falsk skulding ut frå dei prova som var lagt fram i rettssaka mot Manning.

2 ) Assange etterspurte materialet frå Manning. Summers slo fast at dette beviseleg var gale ut frå informasjon som det offentlege har tilgang til.

3 ) Assange sette med vitande og vilje liv i fåre. Summers slo fast at det fanst sterke prov på at dette var gale, både ut frå offentleg tilgjengeleg informasjon og spesifikt frå den rolla USAs regjering hadde spela.

I sum hevda Summers at den amerikanske regjeringa visste at dei påstandane som vart sett fram var feilaktige, og at dei ikkje var sett fram i god tru. Dette var difor misbruk av retten som burde føra til at utleveringskravet vart avvist. Han oppsummerte dei tre påstandane som «tøv, tøv og tøv».

Summers gjekk etterpå gjennom fakta i desse sakene. Han sa at søksmålet frå USA delte materialet som vart lekka av Manning til Wikileaks inn i tre kategoriar:

a) Diplomatiske notat
b) Vurderingar av fangar internert på Guantanamo
c) Reglar for strid i Irakkrigen
d) Loggar frå krigen i Afghanistan og Irak

Summers gjekk så systematisk gjennom a), b) c) og d) , og såg kvart av punkta i lys av dei påståtte handlingane under 1), 2) og 3). Til saman tolv punkt med framlegging og forklaring. Denne systematiske gjennomgangen tok kring fire timar, og eg skal ikkje freista å gjengje alt dette her. Eg vil i staden gjenfortella nokre hovudpunkt. Undervegs vil eg innimellom relatera til påstått handling og/eller materialet sortert etter bokstav. Eg vonar du vil følgja med på dette – det tok meg litt tid å gjera det!

På punkt 1) demonstrert Summers etter ein omfattande gjennomgang at Manning hadde tilgang til både materialet i a),  b), c) og d) utan å ha trong for nokon kode frå Assange. Han hadde hatt den tilgangen før han nokon gong kontakta Assange. Manning trong heller ikkje ein kode for å løyna identiteten sin slik påtalemakta hevda. Den databasen for etteretningsanalyse som Manning kunne gå inn i – som tusenvis av andre – kravde ikkje brukarnamn og passord frå ein militær arbeidsplassmaskin. Summers siterte vitnemål frå fleire offiserar frå Mannings rettssak for å stadfesta dette. Om ein knekte systemets adminpassord ville ikkje dette gje Manning tilgang til noko meir klassifisert materiale. Summers la fram prov frå Mannings rettssak der det hadde vorte lagt til grunn at årsaka til at Manning ønska å koma inn på administrasjonsnivå var å tillata at soldatane la sine videospel og filmar inn på dei statseigde PC-ane sine – noko dei ofte gjorde.

Magistrat Baraitser braut inn to gongar. Ho påpeikte at om Manning ikkje viste at ho ikkje kunne bli spora som brukaren som lasta ned frå databasene, hadde ho kanskje bede Assange om hjelp med å knekka ein kode for å løyna eigen identitet avdi ho ikkje visste betre. Å hjelpa henne med dette ville framleis vera eit brotsverk frå Assange.

Summers peikte på at Manning visste at ho ikkje trong brukarnamn og passord, avdi ho hadde tilgang til alt materialet utan å bruka brukarnamn og passord. Baraitser svara at dette ikkje var noko prov på at ho visste at ho ikkje kunne bli spora. Summers svara at reint logisk var det meiningslaust å argumentera med at var ute etter ein kode for å løyna brukaridentitet og passord – når det ikkje fanst noko brukaridentitet og passord. Baraitser svara igjen at han ikkje kunne prova dette. På dette punktet vart Summers litt oppgitt og kortfatta med Baraitser, og tok ein ekstra gjennomgang av prova frå rettssaka mot Manning. Meir om dette seinare.

Baraitser gjorde også eit poeng ut av at om Assange hjalp Manning med å knekka ein adminkode, sjølv om dette ikkje gav tilgang til fleire databasar, så var dette uautorisert bruk og ville vera eit brotsverk. Det var å hjelpa til med misbruk av datamaskinen, sjølv om formålet med det heile var uskuldig.

Etter ein kort pause kom Baraitser tilbake med ei kroninnvending. Ho sa til Summers at han hadde presentert konklusjonane til ein amerikansk standrett mot Manning som fakta. Men ho var ikkje samd i at hennar rett måtte handsama prov frå ein amerikansk standrett, heller ikkje når det galdt tilhøve der påtalemakt og forsvar hadde vore samde, som fakta. Summers svara at dei prova det hadde vore semje om og dei prova påtalemakta hadde lagt fram var fakta frå den amerikanske statens synsstad. Spørsmålet ein måtte ta stilling til var om den amerikanske staten sakssøkte stikk i strid med dei fakta dei hadde tilgang til. Baraitser slo fast at ho ville koma tilbake til dette under opptaket av vitnemål.

Baraitser freista no ikkje løyna at ho var fiendtleg til forsvarets argumentasjon, og såg ut til å irritera seg over at dei var frekke nok til å leggja fram sitt materiale. Dette kom til overflata under diskusjonen av c), reglane for krigføring i Irak. Summers argumenterte at desse ikkje hadde vorte etterspurt frå Manning, men ha dei hadde vorte lagt ved i tillegg frå Manning i ein fil i samband videoen «Collateral Murder», som synte morda på Reuters journalist og på barn. Mannings mål, som ho hadde forklart i standretten, var å syna at det du ser på denne videoen er eit brot på reglane for krigføring, sjølv om Forsvarsdepartementet hevda det ikkje var det. Summers påpeikte at ved å utelata denne konteksten var det amerikanske utleveringskravet villeiande, sidan det ikkje nemnte «Collateral Murder»-videoen i det heile.

På dette punktet greidde ikkje Baraitser å løyna sin forakt. Prøv å forestilla deg Lady Bracknell seia «A Handbag» eller «the Brighton line». Eller om utdanninga di ikkje tok den vegen: Prøv å forestilla deg Pritti Patel oppdaga ein funksjonshemma immigrant. Dette er eit ordrett sitat:

«Meiner du å foreslå, herr Summers, at styresmaktene, Regjeringa, skal vera nøydde til å leggja fram konteksten for sine skuldingar?»

Ein uforstyrra Summers svara stadfestande, og gjekk vidare til å shyna kvar Høgsterett hadde sagt akkurat det i andre utleveringssaker. Baraitser såg heilt forvirra ut over at nokon kunne hevda at det var nokon viktig skilnad mellom regjeringa og Vårherre.

Hovuddelen av Summers innlegg vart brukt til å tilbakevisa påstandene om handling 3), å utsetja liv for fare. Dette vart berre påstått i samband med materiale a) og d). Summers skildra utførleg innsatsen til Wikileaks med samarbeidande media i meir enn eit år for å få til ein massiv gjennomgang av materialet på notata. Han forklarte at dei uredigerte notata berre vart tilgjengelege etter at Luke Harding og David Leigh frå the Guardian publiserte passordet til dokumentlageret som overskrift på kapittel XI i boka deira «Wikileaks» i februar 2011.

Ingen hadde lagt saman 2 og 2 når det galdt dette passordet før den tyske publikasjonen Die Freitag hadde gjort dette, og annonsert at dei hadde dei uredigerte notata i august 2011. Summers kom så til den mest tungtvegande argumentasjonen i dette rettsmøtet.

Den amerikanske regjeringa hadde aktivt delteke i arbeidet med å redigera desse notata. Dei visste difor at påstandane om ansvarslaus publisering ikkje var sanne.

Med ein gong Die Freitag annonserte at dei hadde det uredigerte materialet, ringde Julian Assange og Sara Harrison med ein gong til det Kvite Huset, Utanriksdepartementet og den amerikanske ambassaden for å åtvara om at namngjevne kjelder kunne vera under trugsmål. Summers las opp frå utskrifter frå telefonsamtalane der Assange og Harrison freista overtyda amerikanske tenestemenn om at det hasta med å setja inn tiltak for å gje kjeldene vern. Og der dei vart himmelfalne over at tenestemennene ignorerte problemet. Desse prova undergrov  fullstendig saka til den amerikanske regjeringa, og prova at amerikanske styresmakter ikkje var i god tru sidan dei utelot desse avgjerande kjennsgjerningane. Det var ein slåande augneblenk.

Når det galdt same handling 3) i samband med materiale d), synte Summers at standretten der Manning hadde vorte dømt hadde godtatt at desse tinga ikkje inneheldt noko som truga kjelder, men synte også at Wikileaks hadde gjennomført ein redaksjonell gjennomgang likevel for å vera på den sikre sida.

Det var også lagt fram mykje meir frå forsvaret. Frå aktoratet varsla James Lewis at han ville svara utførleg seinare i rettssaka, men at han allereide no ville opplysa om at aktoratet ikkje godtek prov frå standretten som fakta, og særleg at dei ikkje godtek nokre av dei «sjølvrettferdige» vitnemåla frå Chelsea Manning. Lewis gav uttrykk for at Manning var ein dømt kriminell som på falskt grunnlag hevda å ha edle motiv. Aktoratet avviste generelt alle idear om at denne retten skulle vurdera kva som var sant og ikkje sant. Det kunne berre gjerast av ein rett i USA.

For samla trådande droppa Baraitser til slutt ei svær bombe. Ho erklærte at sjølv om Artikkel 4.1 i US/UK Extradition Treaty la ned forbod mot politiske utleveringar, så var dette eit forbod som berre fanst i traktaten. Dette unntaket finn du ikkje i Storbritannias utleveringslov. Difor finst det ikkje noko forbod mot utlevering på politisk grunnlag i Storbritannia, sidan traktaten ikkje har noko juridisk kraft i retten. Ho inviterte forsvaret til å svara på dette neste dag.

Klokka er no 06.35, og eg er seint ute for å finna plass i køen.



Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.



Forrige artikkel– «Det er kriger nok til alle»
Neste artikkelCraig Murray: A show trial in London. – The persecution and torture of Julian Assange
Craig Murray er forfatter, kringkaster og menneskerettighetsaktivist. Han var britisk ambassadør i Usbekistan fra august 2002 til oktober 2004 og rektor ved University of Dundee fra 2007 til 2010.