Den verkelege historia bak “den syriske revolusjonen”.

0
Det såkalte opprøret i Syria var væpnet fra starten og var forberedt av imperialistiske krefter langt tidligere. Foto: Shutterstock

Av Brendan Devenney.

Omsett av Hans Olav Brendberg.

2001: Ein hemmelegstempla plan blir lagt fram for den amerikanske generalen Wesley Clark. USA skal gå til åtak på og øydeleggja regjeringane i sju nasjonar: Irak, Syria, Libanon, Libya, Somalia, Sudan og Iran:

2002 – USA kjem til å “gjera noko”

Viseutanriksminister John Bolton erklærer at Syria er ein del av “vondskapens akse”, og åtvarar om at USA kjem til å “gjera noko”. Her frå BBC: «US utvidar ‘vondskapens akse’.

2005 – USA sparker i gang “Sederrevolusjonen”

National Endowment for Democracy, som blir organisert av det amerikanske utanriksdepartementet, organiserer og sparker i gang “Sederrevolusjonen” i Libanon. Målet er å undergrava syrisk og iransk inverknad i Libanon til fordel for vestlegstøtta aktørar. Den viktigaste av desse er Saad Hariris politiske fraksjon.

Counterpunch: “Faking the Case Against Syria,” av Trish Schuh 19-20 november 2005.  

 Ziad Abdel Nour var tilknytt ei gruppe rådgjevarar, politikkutformarar og mediefolk i Bush-administrasjonen. Denne gruppa inkluderte nykonservative som Paula Dobriansky, James Woolsey, Frank Gafney, Daniel Pipes, Joseph Farah (World Net Daily), Clifford May og Daniel Nassif frå Al Hurra og Radio Sawa (begge finansiert av det amerikanske utanriksdepartementet). Abdel Nour seier:

«Både det syriske og det libanesiske regimet kjem til å bli endra – anten dei likar de teller ikkje. Det kan koma eit militært kupp eller noko anna.. og vi arbeider med dette. Vi veit allereide kven som vil koma i staden. Vi arbeider med dette saman med Bush-administrasjonen:

Counterpunch: “Faking the Case Against Syria,” by Trish Schuh November 19–20, 2005.

2007 – Ein front av ekstremistar

Seymour Hersh skriv i “The New Yorker” at USA, Israel, Saudi-Arabia og Hariri i Libanon saman med den syriske greina av det muslimske brorskapet samla, væpna, trente og finansierte ein front av ekstremistar. Mange av desse hadde direkte band til Al Qaida. Denne fronten skulle brukast både i Libanon og Syria. Målet var å skapa og utnytta sekteriske kløyvingar mellom sunni- og shiamuslimar. Hersh intervjua etteretningsoffiserar som var uroa over den «kataklysmiske» konflikten som ville bli resultatet. Og som ogso meinte etniske minoritetar trong vern frå sekterisk vald. Artikkelen skisserte at ekstremistane ville bli utplassert i det nordlege Libanon der dei kunne kryssa att og fram over grensa til Syria.

New Yorker: “The Redirection,” av Seymour Hersh, 5. mars 2007.

2009 – Forberedelse på krig mot Iran

Brookings Institution publiserer ein rapport – “Kva sti til Persia?” – som understrekar kor viktig det er å nøytralisera syrisk innverknad før eit åtak på Iran kan gjennomførast (s. 109).

2009–2010 – Opptrening av «aktivistar»

I ein artikkel distribuert av AFP vedgår Michael Posner, statssekretær for Menneskerettar og Arbeid i det amerikanske UD, at “USA har dei siste åra hatt eit budsjett på 50 millionar dollar for å utvikla nye teknologiar som hjelper aktivistar med å verja seg mot arrestasjon og rettsforfølgjing frå autoritære regjeringar». I artikkelen kom det også fram at USA «organiserte treningssamlingar for 5000 aktivistar i ulike delar av verda. Ei samling som vart arrangert i Midtausten for seks veker sidan samla aktivistar frå Tunisia, Egypt, Syria og Libanon som returnerte til sine land med mål om å trena opp kollegaene sine der». Posner la til: «Dei er tilbake, og det er merkbar effekt».

AFP: “US Trains Activists to Evade Security Forces,” 8. april 2011.

2009 (tidsperioden omdiskutert):

“Eg vil fortelja deg noko. Eg var i England to år før valden byrja i Syria, i andre forretninger. I møtte toppfolk i den britiske statsleiinga, som fortalde meg at dei heldt på meg å førebu noko i Syria. Dette var i Storbritannia, ikkje i USA. Storbritannia organiserte ein invasjon av opprørarar inn i Syria. Dei spurde meg til og med – sjølv om eg ikkje lenger var utanriksminister – om eg ønskte å delta. Naturlegvis avslo eg – eg sa at eg var fransk, dette interesserer meg ikkje… Denne operasjonen går langt tilbake i tid. Det vart førebudd, tenkt ut og planlagt…. I denne regionen er det viktig å vita at det syriske regimet har eit veldig anti-Israelsk standpunkt. Og dette har tyding for alt som rører seg i regionen – og dette har eg frå ein tidlegare israelsk statsminister, som sa til meg at «vi skal freista koma over eins med naboane våre. Men dei som ikkje er samde med oss vil bli øydelagt.»

Tidlegare fransk utanriksminister Roland Dumas på den franske TV-stasjonen LCP:

HOVUDHENDINGA

17. januar 2011

Før opprøret mot regjeringa, og som følgje av folkeleg press, «auka regjeringa oppvarmingsstipendet for offentleg tilsette med 72%, som tilsvarar 33 dollar pr. månad.»

Slutten av januar 2011

Det vart oppretta ei side på Facebook kalt “Den syriske revolusjon 2011”. Sida annonserte at ein “Dag med sinne” ville bli arranger 4. og 5. februar.

4 og 5 februar

Desse protestane som hadde vorte annonsert på Facebook vart temmeleg mislukka.

9. februar 2011

Den syriske regjeringa hever forbodet mot facebook, youtube og twitter, som vart innført I 2007.

13. februar 2011

Gjennom sitt nystifta, nasjonale sosialhjelpsfond byrjar regjeringa overføra pengar for å hjelpa Syrias 420 000 fattigaste familiar.

15. februar 2011

Regjeringa “reduserer tollsatsene på fleire ulike basismatvarer, inkludert ris, te, tørrmjølk, kaffi og bananar. Også avgiftene på vegetabilsk olje, margarin, ubrent kaffi og sukker blir senka.”

11. mars 2011:

«Syriske tryggleiksstyrkar beslaglegg ei stor sending av våpen, eksplosivar og nattkikkertar (som blir smugla frå Irak)». Reuters.

17-18 mars 2011

Tre demonstrantar og ein politimann blir dødeleg såra av skot (korleis greidde “fredelege demonstrantar” å skyta ein politimann?)

20. mars 2011

Rettshuset i Daraa blir påtent.

«Demonstrantane tvang seg deretter gjennom tryggleiksbarrierane og gjekk mot hovudkvarteret til Baat-partiet og andre regjeringssymbol. I tillegg til partihovudkvarteret brente demonstrantane ned tingretten i byen og bygninga til ein fillial av telefonselskapet SyriaTel. Selskapet er eigd av Rami Makhlouf, eit søskenbarn av presidenten.» New York Times.

Video av brannstiftinga:

Guvernørens kontor og eit anna SyriaTel-kontor vart også brent ned. «Framsideoppslaget i den regjeringskontrollerte Teshreen-avisa siterte Sheik Ahmad al-Sayasina, som sa: «Det var elementar frå andre stader enn Dara’a som var ute etter å brenna og øydeleggja offentleg eigedom….Desse ukjende valdsmennene ønskte å skada renomméet til Haurans søner.» I følgje avisa sa også sheiken at «folket i Dara’a stadfester at desse nylege hendingane ikkje er i tråd med deira tradisjon eller skikk».

20 mars 2011

Sju syriske politimenn drepne.

Mars-mai 2011

“Det var teikn heilt frå starten på at væpna grupper var involvert”. Journalisten og forfattaren Robert Fisk hugsa at han såg ein film frå dei første dagane av ‘opprøret’ som synte menn med pistolar og kalashninkovar i demonstrasjonane i Daraa. Han hugsar også ei anna hending, i mai 2011, då «eit filmteam frå al Jazeera filma menn som skaut på syriske troppar eit par hundre meter frå den nordlege grensa frå Libanon. Kanalen ønska ikkje å senda opptaka.»

«Til og med amerikanske tenestemenn, som er fiendtlege til den syriske regjeringa og som ein forventar vil utfordra Damaskus sin versjon om at dei er vikla inn i ein kamp med væpna opprørarar «vedgår at demonstrasjonane ikkje var fredelege, og at nokre av demonstrantane bar våpen.» New York Times.

23. mars 2011

Etter å han sendt ein delegasjon til Daraa for å etterforska hendingane, sparkar president Assad den upopulære guvernøren i Daraa, Faysal Kaltum. Han gjev også ordre om å sleppa fri femten tenåringar som vart arrestert for å ha måla grafitti med slagord mot regjeringa. I følgje minst to dissidentnettstader har demonstrantane gjeve den syriske regjeringa frist til morgonen 25 mars for å koma ei leste med krav i møte. Krava vart formidla til presidenten av delegasjonen (og inkluderte krav om å heva den 48 år gamle unntakslova og frigje alle politiske fangar). Om ikkje krava blir møtt trugar dei med at 25 mars vil bli «martyranes fredag» ikkje berre i Dara’a og Hauranprovinsen – men over heile landet.

23 mars 2011

Våpen som vart lagra i al-Omari-moskeen i Dara’a konfiskert. Her følgjer eit intervju med «Anwar Al-Eshki», ein saudiarabisk eksmilitar (generalmajor) og no president for «Senter for strategiske studie» i Jeddah, Saudi-Arabia. Han fortel om dei første dagane i den syriske krisa, og stadfestar til og med at han har band til «demonstrantane».

Video som syner våpna konfiskert i al-Omari-moskeen:

Video av opptøyane.

Lenka over inneheld vitnemål frå brannvesenet i Latakia/Sivilforsvaret i Latakia som hevdar at dei møtte «folk kledd i religiøse klede som såg framande ut, med langt skjegg som nådde ned på brystet…. alle butikkar på ‘Corniche’ hadde vorte øydelagt… vi høyrde skyting. Skytinga var retta mot oss, og mot tryggleiksstyrkane. Eit medlem av tryggleiksstyrkane fekk eit dødeleg skot i brystet, han døydde med ein gong…dei gjekk til åtak på tryggleiksstyrkane og myrda fire av dei, og skada mange andre med knivane sine».

«Frå byrjinga var protestrørsla ikkje fredeleg. Frå starten såg eg væpna demonstrantar som marsjerte saman med dei andre, og som byrja skyta på politiet først. Veldig ofte har valden frå tryggleiksstyrkane vore ein reaksjon på den brutale valden frå væpna opprørarar». – Frå brev publisert av Fader Frans van der Lugt i januar 2012 (myrda av ekstremistar i april 2014).

Mars 2011

Gjennom publiseringa av «Stratfor»-e-postane synte Wikileaks at «demonstrantar», visstnok 500 stk., vil få betaling for å ta til våpen.

28 mars 2011

Leiaren for Brorskapen i Syria, Muhammad Riyad Al-Shaqfa, offentleggjer ei kunngjering: «det er tid for oss til å koma tilbake og tvinga dei andre ikkje-muslimske sektene til å dra seg tilbake. Desse sektene er vantru kristne, dei kriminelle alawittane og dei vantru drusarane.»

20. april 2011

Regjeringa opphever den 48 år gamle lova om unntakstilstand som har gjeve politiet omfattande fullmakter til å gjennomføra preventive arrestasjonar og til å halda mistenkte i varetekt. Andre krav regjeringa møter er å frigje tusenvis av politiske fangar, mange som sit i fengsel utan dom, og å fjerna paragraf 8 i grunnlova som gjev Baath-partiet ei leiande rolle i stat og samfunn.

Frå april 2011

Massive demonstrasjonar med støtte til Assad – og som avviser ekstremistane.

April til mai 2011

Væpna menn som kryssar grensa mellom Libanon og Syria (Ali Heshem såg og filma – men dette vart sensurert av arbeidsgjevaren al Jazeera).

10. april 2011

9 syriske soldatar overfalt på ein buss og drepne.

Gjennom heile april vart syriske politimenn og soldatar skotne. («Opposisjonen» vil hevda at dei vart avretta som dessertørar frå den syriske hæren, men gravferdsvideoane syner noko heilt anna).  

15 juni 2011

Eit 2,3 km langt syrisk flagg vart breidd ut av tusenvis av støttespelarar i Damaskus:

20 juni 2011

President Assad annonserer ein nasjonal dialog for å byrja ein prosess for grunnlovsreform. Eit av hovudkrava er å gjera slutt på grunnlovsprivilegia til Baath-partiet.

November 2011 (9 månader inn i kaoset)

«Store folkemasser heldt igjen demonstrasjonar som gav støtte til president al-Assad, i byar som Homs (den såkalla «hovudstaden til ‘revolusjonen’») og i Dara’a (den såkalla «fødestaden til ‘revolusjonen’»)

26 februar 2012

Ei folkerøysting om grunnlovsreform blir halde. Veljarane blir spurt om dei godkjenner endringar i grunnlova. 14,6 millionar syrarar var registrert som veljarar av 23 millonar totalt. 8,4 millionar deltok i røystinga (57% oppslutning). 7,5 millionar røyste ‘ja’ til den nye grunnlova (89% av røystene).

(Merk: Den nye grunnlova, som erstatta den som vart vedteke i 1973, tok inn mange av dei reformane av parlamentet og presidentembetet som hadde vorte krevd av den demokratiske opposisjonen. Heile teksten kan lesast her.

Baathpartiet har ikkje lenger grunnlovsprivilegie. Presidentvala blir halde mellom fleire kandidatar, og er ikkje lenger folkerøystingar der du kan seia ja eller nei til Baathpartiets internt nominerte kandidat. Deltaking frå politiske parti er basert på objektive, grunnlovsfesta kriterie. Regjeringa har ikkje lenger vilkårleg makt til å godkjenna eller forkasta parti. Den øvste grunnlovsdomsstolen er meir uavhengig enn før.

Grunnlova “gjev fullmakt til at regjeringa framleis skal ha ei rolle i å leida økonomien i samsvar med syriske interesser. Den syriske regjeringa vil ikkje la syrarar arbeida for interessene til vestlege bankar, oljeselskap og andre korporasjonar». Grunnlova inkluderer ogso «tryggleik for sjuke, uføre og gamle; tilgang til helsetenester; gratis utdanning på alle nivå» og eit krav om at «minimum halvparten av Folkeforsamlinga skal veljast mellom bønder og arbeidarar».

Demonstrasjonar i mars 2012:

Mars 2011 – mars 2012

“Kommisjonen mottok også frå regjeringa lister over offer innanfor politi, hær og tryggleiksstyrkar. I følgje desse listene hadde totalt 478 politimenn og 2 091 individ frå det militære og tryggleiksstyrkane vorte drepne mellom mars 2011 og 20 mars 2012. Utan tilgang til den Syriske, Arabiske Republikk er ikkje kommisjonen i stand til å stadfesta desse tala.
Independent International Commission of Inquiry established pursuant to resolution

7. mai 2012 Parlamentsval

Syria held parlamentsval etter den nye grunnlova, for å avgjera fordelinga av dei 250 plassane i parlamentet. 10,1 millionar syrarar registrerte seg for å røysta, av ei befolkning på 23 millionar. 5,2 millionar syrarar røysta (51% valdeldtaking). Den Nasjonale, Progressive Front vann 168 seter (av desse vann Baathpartiet 134 seter). Folkefronten for Endring og Frigjering vann 5 seter. Uavhengige kandidatar vann dei resterande 77 setene. Ulikt tidlegare val fanst det denne gongen ein opposisjonskoallisjon av politiske parti, kalt Folkefronten for Endring og Frigjering, som stilte opp mot den Baath-leidde Nasjonale, Progressive Front.

Mai-juni 2012

CIA vedgår ope at dei skaffar opprørarane våpen og etterretning gjennom Tyrkia.

August 2012

Eit dokument frå det amerikanske forsvarsdepartementet som blir offentleggjort av Judicial Watch syner at det Syriske Muslimske Brorskapet spela ei nøkkelrolle i det opprøret som hadde skjedd. Dette vart stadfesta i 2012 av US Defense Intelligence Agency. Ein lekka rapport frå DIA sa at opprøret var sekterisk og vart leidd av det Muslimske Brorskapet og Al Qaida i Irak, forgjengaren til den Islamske Staten. Rapporten sa vidare at opprørarane vart støtta av dei vestlege landa, dei arabiske oljekongedøma og Tyrkia. Rapporten spådde heilt korrekt at dette ville føra til ein «salafistisk stat», ein islamsk stat, i det austlege Syria.

Rapporten noterte at dette var målet til dei utanlandske sponsorane bak opprøret, som ønskte at sekulære, arabiske nasjonalistar skulle isolerast og koplast frå banda til Iran.

«Salafistane, det Muslimske Brorskapet og AQI (al Qaida i Irak, seinare ISIS) er dei viktigaste drivkreftene i opprøret i Syria. AQI støtta den syriske opposisjonen frå byrjinga, både ideologisk og gjennom media»…. «opposisjonsstyrkar freistar å kontrollera dei austlege områda (Hasaka og Deir ez-Zor), som grensar mot dei vestlege irakiske provinsane (Mosul og Anbar), i tillegg til dei nærliggjande tyrkiske grensene. Vestlege land, golfstatane og Tyrkia stør denne innsatsen…. Om  situasjonen utviklar seg slik er det mogleg at det blir etablert eller erklært ein salafistisk stat I det austlege Syria (Hasaka og Deir ez-Zor), og dette er eksakt det støttemaktene bak opposisjonen ønskjer – for å isolera det syriske regimet som blir sett på som den strategiske djupna til det utvida shiaområdet (Irak og Iran).”

(Merk: “Opposisjonen” blir i same dokument skildra som eit spleiselag mellom det Muslimske Brorskapet og al Qaida)

Mai 2013

“Informasjonane som har kome til NATO den siste månaden gjekk ut frå at 70 prosent av syrarane stør Assads regjering. Nett no er dette talet minst 80 prosent.

3. juni 2014 – Presidentval

Det første presidentvalet i tråd med den nye grunnlova blir halde. Tre kandidatar stiller til val: President Bashar al-Assad, Hassan al Nour og Maher al Hajjar. 15,8 millionar syrarar registrerte seg som veljarar av totalt 23 millionar. 11,6 millionar syrarar røysta på ein av dei tre kandidatane (73 prosent valdeltaking). 10,3 millionar syrarar røysta på sitjande president Bashar al Assad (88% av røystene). Ulike lenker:

Valobservatøranes rapport til FN:

YouTube player

Kjelder:

http://www.handsoffsyriasydney.com/faqs/what-has-the-syrian-government-done-to-address-the-demands-of-its-people/ Vanessa Beeley

 http://21stcenturywire.com/2016/11/06/syrias-peaceful-protests-and-freedom-bullets-testimony-from-the-real-syria-civil-defence/ Vanessa Beeley

http://www.globalresearch.ca/moderate-terrorists-deconstructing-the-nato-narrative-on-syria-leftists-keep-the-myth-alive/5481513 Eva Bartlett

http://landdestroyer.blogspot.com.es/2013/09/us-planned-syrian-civilian-catastrophe.html#uds-search-results Stephen Gowans

The Revolutionary Distemper in Syria That Wasn’t

Forrige artikkelVil houthiene rette enda hardere angrep mot Saudi-Arabia?
Neste artikkelNord-Amerika har tapt tre milliarder fugler siden 1970