«Land for fred» offisielt avliva

0
En israelsk militærpost på de okkuperte Golanhøydene. Foto: Shutterstock.

Av Hans Olav Brendberg.

Trumps anerkjenning av Golanhøgdene som israelsk territorium i strid med all folkerett har sparka beina under ein av dei lengstlevande illusjonane i internasjonal politikk. Etter at Israel okkuperte store område i 1967, har amerikansk politikk offisielt vore «land for fred»: Israel skulle gje frå seg dei territoria som var okkupert, i byte mot anerkjenning og fredsavtalar. Denne logikken låg bak fredsavtalen mellom Egypt og Israel på syttitalet, då Israel trekte seg tilbake frå dei egyptiske territoria som hadde vorte okkupert i 1967. Dei aller fleste vestlege land har følgt same politiske line

Ved å anerkjenna Golan som israelsk territorium slær Donald Trump botnen ut av den vestleg politikken – etter å først ha gjeve tydeleg varselssignal då han flytta ambassaden til Jerusalem. I praksis har ikkje lenger USA nokon politikk i regionen – Washington har berre kjøpt Israels politikk usortert. Som Robert Fisk skreiv i ein kommentar for eit par dagar sidan: «Ved å anerkjenna Golan som israelsk territorium, har Trump berre stadfesta at USA er annektert av Israel».

Det finst i prinsippet tre måtar å løysa det «palestinske problemet» på: Anten kan ein laga ein stat med like borgarrettar, eller ein kan dela landet i to statar – ein jødisk og ein palestinsk. Den tredje løysinga er etnisk reinsing

Vestlege statar har i femti år hatt som avgjerande prioritering at ein skal «anerkjenna Israel som jødisk stat». Det utelukkar ein stat med like borgarrettar. I staden har ein hevda prinsippet om land for fred – med deling i ein jødisk og ein palestinsk stat som endeleg mål. Det er dette alternativet som Trump no punkterer.

Det som står att – og som pr. i dag er vestleg politikk, utan at nokon seier det høgt – er etnisk reinsing på eit høveleg tidspunkt. Millionar av palestinarar skal fordrivast når den «rette krigen» gjer dette mogleg

Korleis har Trump enda her? I lang tid har ein hatt ei arbeidsdeling mellom statsmaktene i USA. Den lovgjevande makta – Kongressen – har omtrent ikkje hatt grenser for servilitet andsynes Israel. For den vanlege kongressrepresentant og senator handlar dette om å finansiera neste valkamp – og difor er det berre fantasien som har sett grenser for kva kongressen kan gjera av vedtak. Vedtaket om å flytta ambassaden til Jerusalem vart td. gjort i 1995, midt under den sokalla «fredsprosessen» mellom Israel og PLO.

Det einaste Trump treng å gjera for å bringa total uorden i USAs politikk er å gjennomføra den politikken Kongressen har vedteke, eller presentera politikk som er så Israel-venleg at Kongressen ikkje tør å seia nei. Slik vonar Trump å vinna neste val, uavhengig av internasjonale reaksjonar.

For Trump er kostnadene med dette små. For andre er dei store. I e-postane som var lekka før siste presidentval i USA var Hillary Clinton positiv til ei erklæring frå Netanyahu om at Israel hadde «tostatsløysing som mål», av di dette var einaste måten å sikra «Israels framtid som ein jødisk og demokratisk stat». Clinton kommenterte at «ein potemkinprosess er betre enn ingenting».

I snart tjue år har vi hatt ein «potemkinprosess» – ein kulisse utan røynleg innhald, men viktig for regien til vestlege elitar. Det er denne kulissen Trump no fjernar i jakt på valsiger i 2020. Han treng ikkje denne kulissen. Men dei som kombinerer støtte til Israel med prat om «palestinske rettar», «dialog», «fred» og liknande står no ribba tilbake. Akkurat slik dei som nektar for lobbyens totale dominans i Kongressen er fullstendig avslørt.

Vil du være med på å utvikle den kritiske og uavhengige journalistikken? Klikk her eller bruk konto 9001 30 89050  eller Vipps: 116916

Forrige artikkelBombingen av Libya: – Hva visste Stoltenberg?
Neste artikkelNorsk Folkehjelp slipper katta ut av sekken