Hagens akrobatiske politiske utspel

0
Skjermdump av RT-intervjuet med Carl I. Hagen.
Egil Lejon

Av Egil Lejon.

Korfor lot Carl I. Hagen seg intervjua av RTs Oksana Boyko i hennar “Worlds Apart” program?

Ingen kan skulda Carl I. Hagen for å vanta ‘politisk nase’. Og korkje eg eller andre kan sikkert vita kva som no om dagen rører seg i hovudet hans. Det kan berre Hagen sjølv. Og det er endåtil mogleg at han sjølv er i tvil på sume punkt. Me kan berre gissa utifrå kva han sjølv seier. Eller prøva analysera kva han no tenkjer om, og vil med, FrP-prosjektet sitt. 


Denne artikkelen ble først publisert på Derimot.no.


Men lat oss fyrst summera opp nokre av hovudpunkta i intervjuet. Hagen gav til kjenne at han er for NATO. Og til og med eit NATO dominert av USA, og erklærte seg som motstandar av eit eige EU-‘nato’. Samstundes var han imot NATO. Det vil seia  eit NATO av idag som ekspanderer og bygg seg opp tett ved grensen til Russland. Han forstår Russland sin motstand mot dette, og held seg strikt til avtalen Ronald Reagan i si tid gjorde med Mikhail Gorbatsjov. Han tek klar avstand frå NATO si roting i Russland sin “bakgård”.

   Hagen gav klar melding om at han var ingen støttespelar for Ukraina-regimet. Han kalte regimet eit “kupp-regime”. Og når han forsvarte sjølråderetten til den russiske befolkninga  i Ukraina, og Krimbefolkninga sin rett til – gjennom demokratisk folkerøysting, å velja å vera ein del av Russland, så markerte han seg sterkt imot kva som er ein hovudpilar i USA og NATO sin noverande ‘krig’ mot Russland. 

Carl I. Hagen viste til Donald Trump omlag slik libertarianarar som Ron Paul og Paul Craig Roberts gjer. Ikkje fiendsleg, men sympatisk til fleire av Trump sine uttalte intensjonar. Likevel, ikkje overvettes oppglødd, men kritisk.

Libertarianisme er en retning innenfor politisk filosofi som vektlegger individuell frihet, spesielt friheten til å handle og uttrykke seg. Wikipedia

 Hagen definerer seg som libertarianar, og standpunkta hans i høve til Russland, Ukraina og Krim tykkjest i stort å vera på line med standpunkta til dei to ovannemnde amerikanske politikarane.

   Hagen gjekk god for at han er ein byrg populist, og at det var naudsynt å vera “politisk ukorrekt” i høve til “mainstream”, og markerte sterk støtte til ytringsfridom.

Når Oksana Boyko prøver å plassera Hagen som “right wing politician” protesterer Hagen, og plasserer seg sjølv – og det partiet han var leiar, i sentrum – utanfor den tradisjonelle høgre-venstreaksen. Og han strekar under at dette var FrP sin posisjon i den tida han sjølv var leiar for partiet.  Vidare strekar han under at hans FrP-prosjekt frå fyrst av var å byggja på kva han rekna for positive verdiar både frå ‘høgre-‘ og ‘venstresida’. Frå Ap  lånte han ein sosial profil, sa han. Dette gjorde han sjølvsagt for di ‘nasen’ hans fortel at ein ikkje-ideologisk, populistisk politikk tufta på konkrete saker og ikkje på ideologi, er ein plattform som står langt sterkare idag enn den gongen prosjektet hans var nytt. I eit intervju på engelsk nytta sjølvsagt både journalisten og Hagen sjølv omgrepet “populist” og “populisme”. Det er jo greit ettersom engelsk språk ikkje har ord for den skandinaviske termen “folkeleg” – som i nordisk samanheng dekker noko langt meir enn omgrepet “populisme”. Men når Hagen nytta den engelske termen så gjorde han det i tråd med kva som tradisjonelt ligg i det skandinaviske omgrepet folkeleg: politikk og styring etter kva folket oppfattar som rett og rettferdig; og i deira interesser, folkeleg og nasjonal sjølvråderett,  politikk for og med ordinære menneske og ikkje for eliten. Folkelege interesser mot interessene til “the establishment” Demokratisk organisering og styring. Han markerer seg sterkt mot FN sin migrasjonspakt, og framhever FrP sin – igjen under hans leiing, historiske rolle i å halda oppe homogeniteten i det norske samfunnet. Noko han ser som føresetnad for eit meir balansert, ikkje-konfliktfullt samfunn.

For ein journalist med nokre betre innsyn i norske politiske tilhøve ville det ha vore naturleg å konfrontera Carl I. Hagen med at partiet hans no er eit “høgreparti”, og del av “the establishment”. Og partiet; som sikkert enno er hjartebarnet hans, sit i regjering, og fører ein “korrekt” globalistisk politikk i sterk motsetnad til den “politisk ukorrekte” politikken han sjølv gjer seg til talsmann for. Og me bør merka oss at han i intervjuet seier at FrP i den tida han sjølv var leiar for partiet, var eit sentrumsparti. Med andre ord: Det er det ikkje idag. 

Men attende til utgangspunktet: Korfor lot Carl I. Hagen seg intervjua av RTs Oksana Boyko i hennar “Worlds Apart” program? Satsar han på politisk “comeback”? Det trur ikkje eg. Men som sagt FrP er hjartebarnet hans. Og han ser koss anti-globalistiske, nasjonale og folkelege parti stendig vinn fram, og trugar makta til etablerte, anti-folkelege globalistiske parti. Han ser at folkelege opprør tek form over det ganske Europa. Og han veit at FrP sjølv vil verta råka av dette opprøret på lik line med mellom anna Høgre og AP – til liks med deira europeiske systerparti. Når dette skjer ligg prosjektet hans i grus, og eg trur det er dette han vil hindra. Og dette kan berre skje ved eit opprør internt i FrP. 

   Carl I. Hagen finn sikkert enno stor støtte og respekt innan FrP og mellom partiet sine veljarar. Han har innsyn i partiet sine ulike fraksjonar. Han veit kven det er i partiet som kan skapa det partiet han sjølv vil at FrP skal vera. Og han gjekk til intervjuet med visse om at det ville få langt sterkare effekt at nettopp han markerte politikken han vil at partiet skal tuftast på frametter, enn om ein annan sentral person i partiet ville ha gjort det. Men me veit jo at Christian Tybring-Gjedde; andre nestleiar i Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen, ved fleire høve har målbore standpunkt som ligg tett på kva Hagen sa i RT-intervjuet. Tybring-Gjedde sine utspel vakte så visst  oppsikt, men fekk på langt nær det medieoppslaget Hagen har fått.  Og dette tener Tybring-Gjedde og andre i FrP som deler Hagen og hans syn. 

Hagen visste sjølvsagt at dette intervjuet ikkje kunne ignorerast av Medie-Noreg. Og han visste at det ville få store oppslag. Men eg trur at Hagen fyrst og fremst var ute etter å gje signal til FrP sine eigne medlemer og veljarar. Og det er nett leiande FrP-medlemer som Tybring-Gjedde og likesinna som kan hausta gevinst av utspelet. 

   Carl I. Hagen – til liks med Christian Tybring-Gjedde, veit at dersom FrP ikkje kan omformast til eit “opprørsparti” på line med politiske parti og folkelege rørsler på frammarsj elles i Europa, så vil det skapa eit politisk vakuum som kan koma til å skvisa FrP.

Kven vil kunna fylla eit slikt vakuum? Om nokon meiner det kan koma frå den såkalte “venstresida”, så bør ein finkjemma RT-intervjuet og spør: Kva parti på “venstresida”  ville våga og vera så “politisk ukorrekte” som Hagen var i dette intervjuet? Svaret er ingen! At det finst eit såkalt “venstre” som deler standpunkta Hagen gav uttrykk, er sikkert og visst. Men til no har dei ikkje vore i stand til å samla seg om eitt breitt, folkeleg alternativ. Om eit ‘omforma’ FrP vil kunna fylla det vakuumet er eg i tvil om  – anten partiet vil greia å halda seg samla i “denne nye tida” som ligg framføre, eller ved at eit “Nye FrP” oppstår ved intern splitt. 

   Ordskiftet om FNs Compact for Migration – Migrasjonspakta, viser tydeleg FrP sitt dilemma – og partiet sin veikskap. At Høgre let FrP si stortingsgruppe få leika seg med opposisjon mot pakta, er i grunn og botn uinteressant. For det er regjeringa, og ikkje Stortinget, som skal seia ja eller nei til pakta. Noko også andre parti er glade for. Og seier regjeringa ja til pakta, så seier og regjeringspartiet FrP ja til det same.  Og skjer det vil dette kunne nyttast mot Frp. Då er det inga hjelp i å visa til at stortingsgruppa var imot. Fordi i ei så alvoleg sak for landet valde partiet taburettar framføre folkelege og nasjonale interesser. Det kan godt vera at dette likevel vil kunna få alvorlege etterspel i FrP.

Men skal me ta Carl I. Hagen sine utspel alvorleg – og noko anna kan me i grunnen ikkje gjera, så femnar desse langt vidare enn migrasjonsspørsmålet.  I ein større og vidare samanheng dreier det seg om ein kamp for eit egalitært, meir sosialt rettferdig Noreg i motsetnad til eit korporativt, elitært samfunn. Det dreier seg om ein kamp for å halda oppe og utvida rettar arbeidsfolk har tilkjempa seg, i mosetnad til undergraving av desse rettane. Det dreier seg om ein kamp mellom eit anti-globaliserande Noreg og eit globalisert Noreg. Det dreier seg om å halda oppe og utvida demokratiske rettar i motsetnad elitær undergraving av demokratiet. Det dreier seg om forsvar av norsk suverenitet og sjølvråderett. Det dreier seg om eit fredskapande Noreg i motsetnad til eit krigersk Noreg som me har idag. 

   Alt dette og anna står idag som spøsrmål det må ordskiftast om i breie folkelege miljø. Og eg kan ikkje sjå anna enn at Carl I. Hagen og støttespelarane hans i FrP, etter utspelet hans har meld seg på i dette ordskiftet. Og det ville vera grov sekterisme å avvisa ein slik dialog. 

Forrige artikkelSeniorforsker ved FFI: at ukrainske barn må grave skyttergraver er «dugnad».
Neste artikkelIkke le, da får Putin viljen sin!