Uro i konsensusland

0
Hans Olav Brendberg

I traktane ved Elevsis heldt røvaren Polypemon til.  For ettertida er han kjent som Prokrustes – strekkaren. Denne røvaren og sagnfiguren strekte vegfarande til daude på senga si. Var ofra for lange, skar han av føter og armar. Resultatet vart likevel det same.
Intellektuelt er Noreg ei prokrustesseng, men heldigvis er  det lite vald, strekking og kutting. Her rår den største harmoni. I følgje Store Norske tyder «Prokrustesseng» i overført tyding «system som øver vold mot virkeligheten for å få den til å passe i systemet». Det norske systemet heiter «konsensus», og ingen slepp inn i harmonien som ikkje er akkurat passeleg lange.  I denne prokrustessenga søv norske intellektuelle sin venleikssvevn – uskuldige som lam.

Slik har idyllen rådd heilt til nyleg. Men i det siste har idyllen vorte brote. Folk som Terje Tvedt og andre har tydeleg utfordra svevnen – mellom anna ved å rista i ei nasjonal skam: Libya. Ikkje minst har Pål Steigan – systematisk og tolmodig – utfordra konsensus frå sin utmerka blogg, «Steigan.no». Og dette har etter kvart gjort sin verknad. Det er uro i konsensusland, og ikkje minst irritasjon og sinne. So langt har Steigan fått «the silent treatment». Men ting tyder på at togna ikkje lenger verkar. Steigan blir lesen, og sakte byrjar definisjonsmakta gli ut av hendene på konsensusflokken. Noko må gjerast – og det må gjerast frå «venstre».

kjelsberg kk

I går hadde Klassekampen eit oppslag over to sider der Ronny Kjelsberg, politikar i Raudt, tok eit generaloppgjer med bloggen Steigan.no. To sider i laurdagsavisa er svært prioritert plassering i avisa – dette  veit alle som har prøvd å få noko på trykk i KK. I si tid måtte eg krangla for å få Alfred M. Lilienthals nekrolog på trykk på ein vanleg kvardag. So her har det ikkje mangla på noko – Kjelsberg trampar inn på raud løpar.

Reaksjonane fortel at dette vert sett pris på. Jan Arild Snoen skreiv på Twitter: «Steigan er en patetisk gammel tulling, men det er likevel bra at noen tar seg bryet med å påvise nettopp det».
Kort sagt: Det mange som var fornøgd med at Steigan vart stempla av «venstresidas dagsavis» som «patetisk konspirasjonsteoretikar».  KK hadde gjort jobben sin som ein «viktig aktør i norsk debatt».

Men verkeleg artig blir først når vi ser på det saklege. Kva grunnlag har Kjelsberg for å avvisa  Steigan som «konspirasjonsteoretikar»? Kva gale har Steigan gjort? La oss ta det punktvis:
1. Steigan har gjeve att ei nyhendemelding om at 50 IS-sympatisørar arbeider ved flyplassen i Brussel. Dette er «usannsynleg» i følgje Kjelsberg. Meldinga har Steigan henta frå «De Standaard», ei tradisjonsrik belgisk avis med kring 100 000 lesarar. Kva som er «usannsynleg» med De Standaard sin journalistikk går ikkje fram av Kjelsbergs tekst. Er det nokon spesiell grunn til å tvila på nyhendemeldingane til ei belgisk storavis som graver i skandalen med manglande tryggleik etter åtaket?
2. Steigan har posta ei post som heiter «Brussel – var det et falsk flagg?»

Den som tek seg tid til å lesa Steigans bloggpost vil lett sjå kva som er problemet med Kjelsbergs åtak. Kjelsberg har openberre lesevanskar. Han er ute av stand til å attgje med rimeleg presisjon kva Steigan skriv – og kva han ikkje skriv.  Til dømes hevdar Kjelsberg:  «Det er ifølge Steigan rett og slett vestlig etterretning som styrer IS, med hjelp av enkelte allierte i regionen, og de gjør det for å skape kaos i Midtøsten og Europa. Han sier det i hovedsak med svært ledende spørsmål, men han sier det klart.»
Men dette har jo ikkje dekning i det Steigan har skrive. Steigan seier svært tydeleg at sjølv om vestleg etteretning har vore fødselshjelparar for global jihad, er det godt mogleg at dei har mista kontroll over det monsteret dei sjølv har vore med på å skapa. Steigan spør kvifor mengder av folk blir drepne når ei israelsk storavis som Haaretz (som brukar vera svært påliteleg på slike saker) hevdar at belgisk etteretning hadde fått førehandsinformasjon om åtaket på flyplassen. Og Steigan konkluderer ikkje utan prov. Men ja – det heng nokre spørsmål att i lufta. Ikkje av di Steigan går lenger enn det kjeldene gjev grunnlag for. Men av di det biletet kjeldene teiknar på ein del måtar er problematisk og merkeleg.
Den som lagar «konspirasjonsteorien» eller «stråmannen» eller kva vi skal kalla det er altso Kjelsberg sjølv.

3. So går Kjelsberg til åtak på gjestebloggar Jan Herdal. Jan Herdal er ikkje Steigan. Den saka Herdal skriv om – flyet som vart skote ned over det austlege Ukraina – er ein uoversiktleg malvase av politikk, etterforsking og diplomati. So langt eg kjenner til har den nederlandske granskinga konkludert med at flyet vart skote ned med ein russiskprodusert rakett. Det seier – ingenting. Av di både Ukraina og Russland har dei same rakettane. Pr. i dag finst det to ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde – ein i vestlege media, ein i russiske media. Det same skiljet finn du mellom Straight Times (Singapore) og New Straight Times (Kuala Lumpur).
Eg ville vore forsiktig med å vera so skråsikker som Herdal. Men at Steigan er «konspirasjonsteoretikar» av di han publiserer Herdal som gjesteskribent er skivebom. Herdals artikkel kan godt diskuterast, men gjev viktig utfyllande informasjon i ei sak som på langt nær er avslutta.

Her avslører Kjelsberg noko som elles er interessant for ein akademikar i fast stilling: Han veit ikkje kva ei «kjelde» er. Han hevdar at «kjelda» til Herdals artikkel er «Globalresearch.ca». Men Globalresearch er ikkje ei «kjelde». Det er ein nettportal av det slaget der du finn skitt og kanel, hummer og kanari. Eg har sjølv lagt ut ting frå ein liknande nettportal – «Veterans Today» – som også har svært mykje rart (og tvilsamt). Kvifor? Av di Veterans Today diverre er ein av svært få nettportalar som legg ut dei utmerka artiklane til Stephen Sniegoski. Eg har følgt Sniegoski i over ti år, og lese den utmerka boka hans om Irakkrigen – «The Transparent Cabal». Når eg lenkar til Sniegoski er det han – ikkje Veterans Today – som er mi kjelde. Denne disktinksjonen er viktig – og utan denne diskusjonen blir ein diskusjon om kjeldekritikk temmeleg meiningslaus. Og ja – det er meiningslaust å diskutera kjeldekritikk på Kjelsbergs premiss. I diskusjonstråden etter Herdals artikkel på Steigan.no slo for øvrig Steigan fast at han ikkje ville brukt «Globalresearch» i ein slik samanheng. Kjelsberg kjenner ikkje noko plikt til å opplysa Klassekampens lesarar om dette.
Kjelsberg har to ting til å ta Steigan for.

4. I posten «Hollande vil forby konspirasjonsteorier» drøftar Steigan råmene for ytringsfridom i Frankrike – som slett ikkje er gode. For eit par år sidan innførte den franske regjeringa førehandssensur av førestillingane til komikaren  Dieudonne. Eg har sjølv omsett ei bok til norsk som i Frankrike vart stoppa og brent på bål. Og Steigan drøftar med solid grunnlag i kjeldene kva som er problemet i den franske utviklinga. Heller ikkje dette greier Kjelsberg gje att på redeleg vis. Og han greier heller ikkje tolka den konteksten der Hollande heldt den talen som er utgangspunktet for artikkelen. For dette handlar ikkje berre om «holocaustfornekting». Hollande heldt talen i samband med markeringa av Shoah i Frankrike. Dei som kjenner kampen kring ytringsfridom i Frankrike veit at jødiske organisasjonar som mellom anna LICRA og CRIF lenge har vore pådrivarar for innskrenking av ytringsfridom i Frankrike.  Dette har mellom anna ført til at folk som oppmodar til boykott av israelske varer blir dømt for «hatkriminalitet».

Det er ingen grunn til å tvila på at det ligg makt og alvor bak Hollandes bodskap.

Derimot har han eitt – eitt – poeng:  Det Steigan kallar «forslag» i ei bok av akademikarane Cass R. Sunstein og Adrian Vermeule må nok meir presist kallast for ei akademisk drøfting av handlingsrom.  Her er Steigan litt upresis.

5. Den siste saka Kjelsberg vel å drøfta er ei sak der Steigan byggjer på e-postlekkasjar frå Hillary Clinton. Kjelsberg skriv: «En av Clintons offentliggjorte eposter viser at en gruppe innenfor Google vurderte å lage et verktøy som registrerte avhoppere fra Assad-regimet i Syria, og sendte en epost om det til amerikansk UD. Overskrift kunne derimot like godt vært “Google utvikler verktøy for å systematisere digital informasjon” eller “Kontakter mellom amerikansk UD og næringsliv om prosjekter med åpenbar felles interesse. Det kunne det sikkert – bortsett frå at Kjelsberg då underspelar kvifor e-posten gjekk til Hillary Cliinton og kva politiske dimensjonar som finst i e-posten (som også nemner samarbeidet med al-Jazeera i informasjonskrigen mot den syriske regjeringa).

Har han noko elles å kritisera? Nei – bortsett frå den same oppramsinga av kva andre saker som finst på ein skitt-og-kanelnettstad. Har Steigan sin blogg skrive om desse andre sakene? Nei.

Dett var dett, som Fleksnes ville sagt. Å leita etter sakleg hald i Kjelsbergs tekstmasse er som å leita etter nål i ein høystakk. Eg fann ein detalj. Då kjem vi til neste spørsmål: Kvifor trykkar KK dette mølet?
Eg trur det er to grunnar. For det første av di Steigan utfordrar eitt av dei viktigaste konsensusfelta i norsk politikk: Norsk utanrikspolitikk. I samband med Ukrainakrigen har norske media  (og vestlege media generelt) svikta grunnleggjande når det gjeld å gje sakleg informasjon om kva som har skjedd. Berre nokre få akademikarar (Stephen F. Cohen, Richard Sakwa) har gjeve ei balansert framstilling – og skarpt kritisert den katastrofale, vestlege politikken. I denne suppa står norske politikarar til opp over ørene – og her har Steigan gjennom heile krisa gjeve langt betre informasjon enn norsk presse elles. Hjå Steigan kan også eg få på trykk meldinga mi av Sakwas bok (som ikkje blir meldt i andre norske media).

Når det gjeld Ukraina har Steigan altso vore vaken og informativ – medan Klassekampen si dekning har vore forvirra og meiningslaus. Ein av grunnane til dette har utan tvil vore at mange kring avisa i utgangspunktet var svært entusiastiske for Maidan – utan å sjekka kva som faktisk stod i den asssosieringsavtalen som starta det heile (og som Steigan kommenterte).  Kort sagt: Den vesle bloggen til Steigan har heile tida utkonkurrert Klassekampen når det gjeld røynleg nyhendeverdi. For ikkje å snakka om andre norske medie.

Det same kan i stor grad seiast om krigen i Syria.

I tillegg har Steigan våga å utfordra dei politisk korrekte når det gjeld spørsmålet om det er klok politikk å opna grensene for store flyktningestraumar slik vi td. har sett i Sverige.
Resultatet av dette har vorte at Steigan.no har fått lesarar – lesarar som oppsøkjer for å få informasjon som andre norske medie ikkje har kunnskap eller vilje til å formidla. Ein liten einmannsblogg utfordrar eliten der dei søv sin venleikssvevn i den norske prokrustessenga. Og Steigan er opplagt «for lang» til å passa inn.

Då må nokon «ta jobben». Og det er Klassekampen som får oppgåva.

Eg seier ikkje at dette er nokon konspirasjon. Eg har møtt mange av desse folka, eg veit kva dei er god for. Det er eit problem for dei at det finst debattarenaer og bloggar som blir lesne – og som dei ikkje har kontroll over. Dei oppfattar det som eit trugsmål. Dei forstår ikkje kva Steigan skriv – det er difor Kjelsberg ikkje greier gje att Steigans tekst på redeleg vis. Dei forstår ikkje at norske kommentarartiklar etter td. mordet på Nemtsov er ein foss av psykedelisk, faktalaust vrøvl. Og at dette vrøvlet til og med blir tatt på alvor av den norske utanriksministeren. Av di dei er forma av det norske systemet, den norske prokrustessenga, og er kunnskapslaus på ein måte som er typisk for folk som søv akkurat der.

Og so kjem Steigan og forstyrrar dei i nattesvevnen. Og skriv at bombinga av Libya var eit brotsverk etter både norsk og internasjonal lov. At norsk politikk i Syria er vettlaus. At norsk politikk i Ukraina er umoralsk og uinformert. Og so underbyggjer han med den informasjonen du aldri får i norske aviser – men som internasjonalt anerkjente ekspertar som td. Cohen og Sakwa legg stor vekt på.

Då er det bra at dei har Klassekampen, som kan stempla denne svært viktige røysta som «patetisk konspirasjonsteoretiker».

Forrige artikkelTyskland: ingen fornærmelser av Erdogan tåles
Neste artikkelEpisoden i Østersjøen – Kjernefysisk opptrapping i Europa