Rekoloniseringen av Libya fortsetter

0

Om det var nokon som trudde at kolonitida var over, så viser det som hender i Irak, Libya og Syria at dette ikkje stemmer. I 2001 bestemte USA ‒ med sin «War on terror» ‒ at dei skulle angripe desse tre landa og nokre til. Sant nok braut ikkje krigen mot Tripoli og Damaskus ut før ti år seinare, den tida det tok å utarme desse statane sine forsvarssystem og til å bygge internasjonale koalisjonar for å maskere dei koloniale motiva som humanitære operasjonar. Lat oss igjen sjå på tilfellet Libya.


Denne artikkelen  er skrevet av den italienske journalisten og geografen Manlio Dinucci for Il ManifestoDen er oversatt til norsk av Monica Sortland og opprinnelig publisert på nettstedet derimot.no 


I den dunkle komedien som utspelar seg på den samstemte politiske scenen proklamerte stjerneskodespelar Renzi at i Libya vil «Italia yte sin skjerv». Seinare ‒ då USA gav Italia ei rolle som rådgjevar ‒ deklamerte han at «Italias militære misjon i Libya er ikkje på dagsordenen no», sjølv om den i realiteten allereie har starta, med spesialstyrkar utplassert av parlamentet etter ordre frå statsministeren. Men, før han offisielt gir grønt lys, ventar han på at det i Libya skal dannast ei «super-solid regjering som ikkje vil styre oss i retning av å gjere dei same feila som vi før har gjort». Så lat oss, medan vi ventar på openberringa av ei slik «super-solid regjering» i den libyiske ørkenen, ta eit tilbakeblikk på fortida.

I 1911 okkuperte Italia Libya med ein ekspedisjonsstyrke på 100 000 menn. Kort tid etter invasjonen skaut og hengde den italienske armeen 5000 libyarar og deporterte tusentals fleire. I 1930, etter ordre frå Mussolini, vart halvparten av befolkninga i Cyrenaïca, kring 100 000 menneske, deporterte til omtrent femten konsentrasjonsleirar medan flyvåpenet knuste motstanden ved å bombardere landsbyane med kjemiske våpen, og hæren omringa området med 270 kilometer piggtrådgjerde. Leiaren for motstanden, Omar al-Mukhtar, vart fanga og hengd i 1931. Så byrja den demografiske koloniseringa av Libya ved å skille ut dei mest fruktbare landområda og tvinge populasjonen inn i dei karrige.

På starten av 1940-talet vart Italia, no slått, erstatta i Libya av Storbritannia og USA. Emir Idris al-Senussi, plassert på trona av britane i 1951, innvilga løyve for desse maktene til å bruke Libya sine militærbasar, luft, sjø og land. Wheelus Field ved Tripoli vart USA sin hovudbase for fly og atomvåpen i Middelhavsområdet.

I 1956 underteikna kong Idris ein avtale som frifann Italia med omsyn til skade gjort på Libya, og som let det italienske samfunnet oppretthalde sitt patrimoniale system. Dei libyiske oljefelta, oppdaga på 1950-talet, hamna på hendene til det britiske selskapet British Petroleum, det US-amerikanske selskapet Esso og det italienske selskapet Eni. Det brutalt undertrykte nasjonalistiske opprøret førte til eit blodlaust statskupp etter Nasser-modell i 1969, utført av «dei frie offiserane» under leiing av Muammar el-Kadhafi.

Monarkiet vart avskaffa, det libyiske Arab Jamahiriya påla USA og Storbritannia å evakuere militærbasane og utanlandsk eigedom vart nasjonalisert. I løpet av dei komande tiåra vaks Libya til å bli eit land som scora høgt på Verdsbanken sin «human development index», med ein årleg vekst i BNP på 7,5% og ei løn per innbyggar i øvre gjennomsnitts-området. Innbyggarane i Libya naut universell tilgang til grunnleggande utdanning og 46% hadde tilgang til høgare utdanning. Fleire enn 2 millionar afrikanske immigrantar fann jobb der. Denne staten, som utgjorde ein stabilitets- og utviklingsfaktor i Nord-Afrika, støtta med sine investeringar framveksten av organismar som kunne ha skapt finansiell autonomi og ein uavhengig valuta for den Afrikanske Unionen.

USA og Frankrike ‒ som Hillary Clinton sine avslørte e-post-brev beviser ‒ bestemte seg for å blokkere «Kadhafi-planen for oppretting av ein afrikansk valuta» som eit alternativ til dollaren og CFA francen. Av den grunn, og for å tileigne seg libyisk olje og territorium, starta NATO, under US-amerikansk kommando, kampanjen mot Kadhafi, der den italienske «venstre-vings-opposisjonen» spelte ei hovudrolle. Den libyiske staten vart difor gjort ende på gjennom krig og gjennom angrep frå innsida utført av spesialstyrkar og terroristgrupper. Den resulterande sosiale katastrofen, som har skapt fleire offer enn krigen sjølv, spesielt blant immigrantane, opna døra for gjenerobringa og delinga av Libya. Kva marsjerer Italia no inn i, der dei trampar på grunnlova og atter besøker si koloniale fortid?

Forrige artikkelPolitisk jordskjelv i tyske delstatsvalg
Neste artikkelFra Libya skal Afrika de-stabiliseres og nykoloniseres
Pål Steigan. f. 1949 har jobbet med journalistikk og medier det meste av sitt liv. I 1967 var han redaktør av Ungsosialisten. I 1968 var han med på å grunnlegge avisa Klassekampen. I 1970 var han med på å grunnlegge forlaget Oktober, der han også en periode var styreleder. Steigan var initiativtaker til og første redaktør av tidsskriftet Røde Fane (nå Gnist). Fra 1985 til 1999 var han leksikonredaktør i Cappelens forlag og utga blant annet Europas første leksikon på CD-rom og internettutgaven av CAPLEX i 1997. Han opprettet bloggen steigan.no og ga den seinere til selskapet Mot Dag AS som gjorde den til nettavis. Steigan var formann i AKP(m-l) 1975–84. Steigan har skrevet flere bøker, blant annet sjølbiografien En folkefiende (2013).