Polen: Storstilt festival for løgn og russofobi

2
Egil Lejon
Egil Lejon

Resultatet av det polske valet sundag 25 oktober vart i stort som venta: Prawo i Sprawiedliwość (Lov og rettferd) vann stort.  Vindretninga opp mot valet til Sejmen; underhuset – og til senatet, hadde alt byrja teikna seg fram i opinionen framføre presidentvalet i mai. Og ho materialiserte seg då PiS-kandidaten Andrzej Duda vann over den sitjande presidenten Bronislaw Komorowski frå Donald Tusk-partiet Platforma Obywatelska – PO (Borgarplattformen). Men endå om valsigeren var venta, var det likevel noko overraskande at PiS fekk ein posisjon både underhuset og senatet som gjer at partiet kan regjera utan allianser med andre parti. PiS fekk 37.6% av røystene og 235 av Sejmen sine 460 seter. Det til no regjerande PO fekk 24.1%, og den erkekonservative rockestjerna Paweł Kukiz – kjend for sin populistiske „anti-system“-retorikk, sikra seg 8,8 % og minst 30 sete i parlamentet.


 

Egil Lejon er bosatt i Slovakia og har omfattende kunnskaper om slavisk historie og slaviske språk. Jeg ba ham om å gjøre en analyse av Polen etter valget og han utvidet den til en mer omfattende analyse av Polens rolle i europeisk historie. Artikkelen blir dermed også en fortsettelse av hans forrige artikkel:  Draumen om det firkanta egget 1


Vestlege media har stort sett kommentert valet ved å understreka at Polen no har fått ei „EU-skeptisk“ regjering, og at landet har dreidd meir mot høgre. Det siste leddet i kommentaren kviler på idéen om at Borgar-plattformen til Donald Tusk var ‚pragmatisk‘, ‚liberal‘ og ikkje „høgre-dreidd“.  Men det er ein illusjon.

I alle vesentlege spørsmål for Polen sin framtidige rolle og posisjon i Europa finst det ingen avgjerande skilnad mellom PiS og PO – og heller ikkje nokon å snakka om kva gjeld skilnad i høve til dei fleste andre partia representerte i Sejmen – inkludert det såkalte „venstre“ som vel å merke ikkje oppnådde å få eitt einaste sete i Sejmen. Polsk politikk er i det alt vesentlege fanga av den reaksjonære retorikken som historisk har låge til grunn for landet sitt tradisjonelle og overordna politiske spel. Og her utgjer det såkalte „venstre“ ingen skilnad.

alexander duda polen
Andrzej Duda vant valget i Polen 2015

I tida opp til valet var det fleire optimistiske ‚venstre‘bloggarar som spådde stor framgang for Zjednoczona Lewica – Venstresamlinga. Det er ein valallianse mellom Arbeidareinskap, Di Rørsle, Demokratisk Venstreallianse, Dei Grøne, Polens Sosialistiske Parti samt ei lang rekke smågrupperingar. Frontfiguren i samlinga var akademikaren og feministen Barbara Anna Nowacka frå Arbeidareinskap.

Polen har som kjend ei sperregrense på 5 % for einskildparti, og 8 % for partialliansar – og samlinga samla berre 7, 6 %.

Så seint som i 2014 stod Nowacka som Europa Plus sin kandidat i Lublin til Europaparlamentet – sponsa av ingen ringare enn Aleksander Kwaśniewski. Men heller ikkje der nådde ho fram.  Meir talande for ‚venstrekarakteren‘ er oppbakkinga ho fekk av Kwaśniewski. Nokre vil vel ikkje berre hugsa han som Polen sin president i perioden 1995 –2005, men òg som karrierist i Polska Zjednoczona Partia Robotnicza; PZPR (Polens Sameinte Arbeiderparti) som regjerte Polen frå 1948 til 1989. .Seinare vart han leiar for Demokratisk Venstreallianse.

Som polsk president la han ikkje berre det politiske grunnlaget for polsk EU-medlemsskap, men òg strategien for korleis Polen si politiske posisjonering i EU kunne styrkast gjennom å framstå som USA’s mest lojale støttespelar i Europa. Dette demonstrerte han klårt og tydeleg då Tyskland og Frankrike opponerte mot USA sine planar om å invadera Irak, og det endå før Polen hadde vorte formell medlem av EU. Den gongen jamførde han nektinga av støtte til USA som ville invadera Irak for å kvitta seg med ‚ein annen galning med bart i Irak som sat med masseøydeleggjingsvåpen som truga Europa‘, med stoda då „Polen og andre vart svikta under München-forliket i 1938“. I fylgje Kwaśniewski si horrible historieforståing var dette eit døme på at historien gjentok seg sjølv.  Men han ‚gløymde‘ at Józef Beck (1894-1944) som var den reelle leiaren og utanriksminister i Sanacja-troikaen som styrde Polen frå 1935-1939 – etterat Józef Piłsudski var daud, var frå seg av raseri fordi Hitler og Mussolini ikkje ville gje Polen plass rundt bordet i Munchen som skulle partera Tsjekkoslovakia i 1938. Og for å markera Polen sin vilje til å ta del i parteringa gjekk landet til invasjon av Tsjekkia og Slovakia same året. Så djupt stikk altså den historiske kunnskapen i det som kaller seg det polske „venstre“ – og ingen må tru at den stikk djup-are i andre politiske leirar. For i så måte må Kwaśniewskis «historiske lærdom» kallast typisk polsk… For i det polske medvitet er det som oftast sånn at det berre er rom for å sjå seg sjølv som ”offer”, aldri som det motsette. Lærdomar kan såleis berre tuftast på denne storarta, polske historiske gløymsla som har si rot i naudsynte, fabrikerte løgner… Og den historiske sanninga var dessutan at den polske okkupasjonen av tsjekkiske og slovakiske landområde ikkje var ei eineståande hending i 1938. Det skjedde òg i 1920 og 1924.

Adolf Hitler og Józef Beck i 1937
Adolf Hitler og Józef Beck i 1937

Det polske parti’venstre* har like sidan Piłsudski etablerte ‚venstre‘-fraksjonen‘ i Polens sosialistiske parti og sin paramilitære organisasjon Organizacja Bojowa Polskiej Partii Socjalistycznej i byrjinga av det 20 hundreåret, henta si ideologiske hovudnæring frå ei historisk, grumsete suppe av kva eg vil kalla føydalfascisme, polsk nasjonalsjåvinisme, russofobi og trotskisme. Og  dei har aldri vore i stand til, eller viljug til, å ta eit oppgjer med polsk-historiske løgner og russofobi. Slike oppgjer finst – men i form av essay og bøker av einskilde intellektuelle som dessverre ikkje når ut til den store lesarskaren.

 

Men lat meg venda kommentaren frå den store taparen til den store vinnaren i det polske valet: PiS, og byrja med spørsmålet om .kva som ligg i påstanden mainstream media er så opptekne av, om at partiet er så „EU-skeptisk“? Omgrepet i seg sjølv er jo eit „hummar og kanari“-omgrep. Det femnar om alt frå reelle EU-motstandarar til kritikarar som er kritiske fordi dei ikkje får gjennomslag for sine nasjonale saker og interesser. Under valkampen var EU-spørsmålet eit heilt underordna spørsmål, og i valmanifestet til PiS heiter det at partiet ikkje avviser europeisk integrasjon. Men manifestet seier samstundes: «Me ser på EU gjennom eit prisme av polske interesser». Med andre ord inga prinsipiell avvising av eit udemokratisk, sentral-dirigerande og imperialistisk EU så lenge Polen  ikkje blir dirigert mot å godta noko som er i strid med eigne interesser. Anti-demokratisk dirigering frå Brussel kan godt råka interessene til andre EU-land – som Hellas og Portugal, men altså ikkje Polen sine. Det er dette som ligg gøymt i PiS sitt manifest om at partiet fagnar „prinsippa om solidaritet og gjensidig bistand, noko som garanterer at alle statar held fram med å vera suverene og held oppe sine eigne modellar for utvikling i tråd med eigne nasjonale interesser.“

Nokre konservative, engelske aviser har kommentert PiS-sigeren med spekulasjonar om ikkje toryane etter det polske valet har skaffa seg ein alliert i å nå målet om „rebooting“ av sjølve fundamentet for EU. Og det treng ikkje vera ei falsk von. Men i så fall vil dette kunna føra England inn i eit svært grumsete farvatn som vil innebera ein skjerpa konflikt med Tyskland og Russland. Dette fordi den overordna interessen til  PiS framleis er å finna vegar som kan halda oppe og fremja Polens „old grand strategy“ som i polsk terminologi heiter „Międzymorze“:  Altså draumen om eit polsk leidd Intermarum mellom Austersjøen og Svartehavet (Józef Beck inkluderte også Hellas og Adriaterhavet) som i det minste inkluderer Litauen, Kviterussland og Ukraina. Ein opphaveleg middelaldersk strategi tufta på den storpolske.draumen frå Det polsk-litauske samveldet, og som vart gjenoppliva av Józef Piłsudski og Józef Beck før fyrste verdenskrig, og i mellomkrigstida.

 

Eg mistenkjer på ingen måte  David Cameron og George Osborne for å ha kunnskaper om polsk soge, men eit eventuelt steg inn i den polske hengjemyra, vil utvilsomt få engelske historikarar som kan den soga til å gje Cameron ein leksjon.  Og dei vil mellom anna fortelja toryane at den britiske statsministeren Lloyd George (1916–1922), var ein av dei europeiske politikarane som kjempa hardt mot „Polish imperialism“, og tvingde Polen til akseptera Curzon-lina i 1920.  Ei grenseline mot Russland som Polen de facto aldri har akseptert nett fordi ho er i strid med draumen om det polske Międzymorze“.

I  ein artikkel publisert i august i år reiste den russiske journalisten Stanislav Stremidlovskij fleire spørsmål knytt til aktuelle, aggressive polske krav; mellom anna frå landets nye president,  om ei naudsynt militarisering av Aust-Europa. Og i den samanhengen  trekte han parallellen mellom dagens stode med stoda i mellomkrigstida ved å sitera frå eit telegram den franske statsministeren Alexandre Millerand daterte 22 august 1920; og det i ein situasjon kor det hadde vorte klårt at krigen mot Russland hadde vend seg i favør av Warszawa. Her åtvara Millerand Polen med orda: „det er av største betydning at Polen ikkje skaper hindringar for fred, ikkje fremjar krav som vil utvida polsk territorium utover grensene som den polske regjeringa har forplikta seg til. Frankrike kan berre  påleggja Polen ansvaret for slike krav, sterkt fråråda landet i å setja dei fram, og i det minste ikkje stø opp om krava.»

Men det høyrer òg med i denne forteljinga at både Frankrike og England hadde gitt Polen ‚lillefingeren‘  og blod på tann, då dei 28 juli 1920 i den belgiske garnisonsbyen Spa, skreiv under voldgiftsdomen som gav Polen rett til å okkupera landområde i Slovakia – som hadde nesten 100% slovakisk folkesetnad, og tjekkiske område som alltid hadde hatt ein slesisk og moravisk folkesetnad. Dette var i røynda den fyrste „München“-avtalen i europeisk mellomkrigstid. – og den var det Polen som initierte.

I høve til denne lærdomen – ogt utifrå dagens stode, er det derfor på sin plass å minna om at sjølv det minste feilsteget kan få katastro-fale fylgjer. Det er der me er no. Og det er heilt avgjerande å avsløra det polske fiendebiletet som Polen treng for å halda oppe den polske draumen om  „Międzymorze“. Det er nett denne draumen som ligg til grunn for alliansen mellom Polen og USA i det ukrainske spørsmålet. Og det er denne draumen som fekk den polske presidenten Duda til å krevja fast NATO-base i Polen – eit krav  som allereide har vunne støtte i Litauen, Latvia og Estland,

 

På den andre sida har Tyskland nyleg; då visekanslar og økonomi-minister Sigmar Gabriel møtte den russiske presidenten Vladimir Putin i Moskva, send signal om at landet ynskjer ei reetablering av tilhøvet til Russland. Tyskland, heiter det i tyske kommentarar, leitar etter vegar til å avslutta sanksjonane mot Russland, men at „ei slik avgjerd truleg vil føra til friksjon mellom Tyskland og dei fleste mellom- og austeuropeiske landa, noko som tyder at Berlin enno ikkje er klar til å foreta ei formell endring i ei slik retning“.

Kva for mellom- og austeuropeiske land er det her snakk om? Jo, fyrst og fremst det landet som den franske statsministeren Millerand ein gong åtvara mot å skapa  hindringar for ei fredeleg utvikling med Russland og avstå frå draumar om territorial ekspansjon i retning av det landet Lloyd George ynskte reintegrert i Europa og i europeisk samhandel. I denne nye hindringskarusellen vil Polen sikkert få støtte av Litauen, Latvia og Estland – og kanskje av Kroatia – alle med sterke fascistiske tradisjonar.  Men slett ikkje av Slovakia, Tsjekkia og Ungarn.

 

Det tyske kommentarar unngår å seia høgt, er at Polen med ein sterkt russofobisk Donald Tusk i sentral posisjon i EU, og eit russo-fobisk PiS i den politiske leiinga både i presidentstolen, i regjeringa, i senatet og sejmen –og utan nemneverdig opposisjon, har kome i utmerka posisjon til å spela Washington sine kort i EU. Både Polen og USA ser eit godt økonomisk samarbeid og eit mer avslappa politisk tilhøve mellom Tyskland og Russland, som ein trussel mot eigne overordna interesser. USA sitt press mot Tyskland og EU for sanksjonar mot Russland har ikkje ført til eit svekka Russland, snarere tvert om. Taparen i det spelet har vore Tyskland og EU, og det er tvillaust at tyske økonomiske interesser så vel som politiske interesser, er på veg vekk frå tysk sjølvdestruksjon. Ein destruksjon som ville styrka USA sitt grep om europeisk økonomi – og rydda grunn for europeisk binding til USA gjennom TTIP. Tyskland og EU kan i lengda ikkje akseptera ei slik utvikling, og ein vil før eller seinere bli nøgd til å våga „friksjon mellom Tyskland og dei fleste mellom- og aust-europeiske landa“,. Dessutan er det lite som tyder på at Tyskland vil vera interessert i eit „EU kor til dømes Polen og England fritt kan køyra sine eigne løp“.

 

Polen vil utan tvil førebu seg på eit høgt – absurd og urealistisk – spel i EU i dei næraste månadane. Noko som òg kan føra med seg stor mistillit og isolering. Me vil koma til å sjå slikt på fleire plan. Til dømes i eit spel for å undergrava EU sine klimamål og overgang til fornybare energiressursar.  Polen sin president har allereide gitt kraftige signal om at Polen er opne for å revurdera landet sin støtte til ein brei klimapoltikk, og at det ikkje var i Polen sin interesse å kutta karbonutslepp. Beata Szydlo, den komande statsministeren, har imidlertid kome med signal som godt kan tolkast som krav om EU-finansiering av alternativ til karbon om Polen skal vera ombord på EU si ‚klimaskute‘.

Me vil òg møta Polen i eit rabiat, aggressivt og demagogisk spel i høve til flyktningekrisa i Europa. Det er eit spørsmål kor den polske regjeringa vil sjå ei opning for å samla mange EU-land, men  med eit underliggjande mål om å byggja opp ein politisk leiande polsk posisjon i EU. Det er ei grøft fleire EU-land vil kunna falla i – i alle fall på kort sikt. Men det må òg strekast under at mange austeuropeiske land har tilstrekkeleg røynsle med Polen til å sjå det eigentlege grunnlaget for slike utspel. Polen på si side vil sjå denne krisa som ein mogleg veg til å posisjonera seg som den leiande nasjonen i Mellom- og Austeuropa.

Døme på kva me har i vente av rasistiske og antimuslimske utspel kan hentast frå leiaren i PiS Jarosław Kaczyński som nyleg åvara mot at alle flyktningane frå Midtausten ville bringa kolera og dysenteri til Europa. Janusz Kapuściński – PiS-representant i kommunestyret i Poznań kan tilby eit anna døme: Under eit ordskifte i det lokale parlamentet nyleg ville han vera morosam og sette fram forslag om at vegen til forbrenningsanlegget i byen burde få namnet „Auschwitz-vegen“…

 Men Polen vil òg lett kunna koma på kant med globalistisk- liberalistiske krefter i EU dersom regjeringa står fast på kva dei har lova i valkampen. Til dømes kva gjeld hardare skattepolitikk for bankar og globale konsern som har investert i landet, og dessutan skattelette for småindustrien. Lovnaden om større statleg kontroll peiker i same retning. Her kan England møta veggen om landet reknar Polen som støttespelar for eit EU kor nasjonalstatane skal sikrast større sjølvstyre ved å redusera Brussel-kommisjonen si sentralistiske makt. .

 

Polen er jo Europas mest russofobe land og det er liten tvil om at PiS vil styrka den anti-russiske retorikken sin. Men på den andre vil Polen i lag med dei baltiske statane ha lite å stilla opp med ved å vidareføra provokasjonane sine utan garantiar om NATO-støtte om situasjonen skulle koma ut or kontroll. Dei mykje sterke utspela om permanente NATO-basar i Polen og baltiske land må sjåast i lys av dette. Det er tvillaust at dei aggressive utspela òg er ein test på kva dei kan venta seg av reell militær støtte for ambisjonane og draum-ane sine om eit framtidig Międzymorze“: Polsk soge har klårt vist at vel kan Polen rida som eit aggressivt, ultranasjonalistisk esel – men berre saman med ein stor og mykje sterkare hest. Men eselet har alltid hatt – og har – sine eigne mål og det vil ha garanti for at eigne interesser blir ivaretatt …

 

KampanjeStøtt oss

2 KOMMENTARER

  1. Takk til Egil Leijon og til redaktør Pål Steigan for interessant artikkel. Det er ikkje så mange som deltar i debattar på norsk og som er godt kjent med polske forhold i fortid og notid, så det er viktig å få fram slikt. Eg leste det med stor interesse, men blei etter kvart noko tvilande til delar av den historiske framstillinga. Så eg sendte artikkelen til ein norsklesande polakk, som straks svarte med følgande kommentar, som eg har omsett og gjengir usensurert:

    «Eg ser at forfatteren av artikkelen slett ikkje har merka seg det faktumet at etter 1918 blei Polen oppretta på samme måte som Tsjekkoslovakia. Dersom det gjeld den polske okkupasjon av delar av Tsjekkoslovakia, så er det sant, men den tsjekkoslovakiske hæren gikk også inn på den polske sida. Mens åra 1918-1924 kan kallast å sette grenser, så var den polsk okkupasjonen av Zaolzie i 1938 ei tilslutning til delinga av Tsjekkoslovakia.
    Når det gjeld myta «Międzymorza» (mellom hava), som alltid var ei myte, så har visst forfattaren bestemt ikkje gjort historieleksa. Etter den første verdskrigen oppsto det mange uavhengige statar i Europa. Nokre av dei oppsto som resultat av samanbrotet i det store Austerrike-Ungarn, nokre vaks ut av eksisterande statar, som slett ikkje ønska å avslutte sin eksistens. Litauen, Latvia, Estland og Finland oppsto frå Russland, Ukraina klarte ikkje å oppstå som uavhengig stat. Polska oppsto frå delar av Tyskland, Russland og Austerrike-Ungarn.
    Grensene blei fastsett dels av politikarar og dels med våpenmakt – nokre gongar av hæren, nokre gongar ved opprør eller oppstand, og nokre gongar av folkerøystingar. At polske politikarar ikkje var samde om Curzonlinja, som i grove trekk var dagens austlige grense? Fordi dei sa frå at dei såg Vilnius og Lviv som polske byar, at aust for Curzon levde polakkar i kompakte grupper, og dei ville absolutt ikkje sjå dette som utlandet. Dessuten ønska dei å gjenskape Polen med grenser som før delinga, så langt det var mulig.
    Denne ideen kom sjølsagt i konflikt med nasjonalismen i Litauen og Ukraina. Så lenge federalisten Piłsudski levde, meinte han at Polen skulle vere eit land med tre nasjoner, nemlig polakkar, litauarar og ukrainarar, etter hans død var det ikkje like hyggelig.
    At polakker blei halde tilbake av franske politikarar etter at den raude arméen blei stansa ved Warszawa er for meg ei ny sak. Det synest likevel for meg som det absolutt ikkje handlar om polsk imperialisme, men om skjebnen til Russland, som for Frankrike alltid har vore viktig. Dei hadde sikkert ei von om at kanskje revolusjonen går over, at det roar seg i Russland, ordenen kjem tilbake for, og la det no vere eit Polen, men som eit område ikkje større enn Litauen, ein stad mellom Warszawa og Krakow.
    Polakkane forhandla greitt med dei russiske kommunistane og avtalte grense, som til slutt dei vestlige landa svelga. Ryktet har det til at Piłsudski og hans folk sa dei føretrakk å ha eit raudt Russland, som alle vil bite, enn eit kvitt Russland som alle vil hjelpe. Dei var klar over at Russland uansett farge vil ønske å etter kvart likvidere statane som blei oppretta etter krigen. Det var ikkje utan grunn at Polen ikkje slapp gjennom dei vestlige intervensjonsstyrkane, som skulle hjelpe dei kvite. Andre historiske rykte seier at dette den vestlige kommandoen sjølv bestemte seg for å omgå Polen – dei stolte ikkje på polakkane. Dengang rådde sosialistar i Polen, men det hadde enno ikkje vore revolusjon, slik som i Tyskland. Kanskje det er derfor?» (Basia Głowacka)

    Det var litt kommentarar til den eldre historia. For eigen del vil eg bare legge til at eg trur det er overdrive at dagens polske leiarar vil gjennopprette Polen til Svartehavet. Lejon viser veldig bra at ikkje den sameinte venstrealliansen i Polen har noko venstrepolitikk. Så lenge denne er dominert av eks-kommunistane, som nærast over natta var villige å skifte frå å vere Sovjet til USA/EU sine handlangarar, er ikkje alliansen meir truverdig enn ein tenkt valallianse i Noreg frå Jagland/Støre/Stoltenberg til Raudt og MDG. Det eg saknar er ei påpeiking av at det faktisk er PIS, som trass mange tvilsame sider, er alternativet som for mange polakkar står som det mest sosiale i den usikre verda som den vestlige kapitalismen og EU-medlemskapen har ført Polen inn i.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.