Grensa mellom krig og fred

8
Hans Olav Brendberg
Hans Olav Brendberg

Polsk-britisk professor kastar skarpt lys over den fårlegaste utanrikspolitiske fiaskoen i vår tid.

Rickard Sakwa er son av ein polsk reserveoffiser som greidde flykta frå Polen då heimlandet hans vart delt mellom Hitler og Stalin i 1939. Denne britisk-polske bakgrunnen gjer at Sakwa har ei djup forståing og ein usløkkeleg interesse for grenseområda mellom Russland og resten av Europa.frontline ukraine

Saman med ei godt fundert forståing av samanhengane i internasjonal politikk, og førstehands kjennskap til russisk politikk, gjev dette Sakwa eit solid utgangspunkt for å forstå alle sidene av krisa i Ukraina. Resultatet har vorte ei oversiktleg, analytisk og skarpt formulert bok – ei bok som bør lesast av alle som på ulike vis skal vera med å formulera europeisk politikk i åra som kjem. Krisa i Ukraina er den mest alvorlege krisa i internasjonal politikk etter Cuba-krisa, og har framleis potensiale til å sleppa krigens hundar laus på globalt plan. Det er er også ei historie om gyldne sjansar ein gjekk glipp av, problem ein skauv framom seg – og såleis ei historie om korleis mange av dei som tok dei avgjerande vala ikkje forsto det terrenget dei navigerte i. ”Rormannen over bord”, skreiv Hans E. Kinck i samband med første verdskrig. Skal Europa unngå ein større katastrofe treng vi rormenn – og vi treng los i eit vanskeleg farvatn. Tross nokre mindre atterhald meiner eg Sakwa gjev den losskissa vi treng.

I følgje Sakwa dreier problema i Ukraina seg om to ulike kriser: Ukrainakonflikten er ei internasjonal krise som dreier seg om tilhøvet mellom Russland og europeisk integrasjon, og om tryggleikssystema i Europa etter andre verdskrig. Den ukrainske konflikten handlar om tektoniske brotliner i den ukrainske statsbyggjinga, der to vidt ulike visjonar for kva den ukrainske staten skal vera har kome opp til overflata på ein måte som trugar med å riva landet i bitar. Desse to konfliktane – Ukrainakonflikten og den ukrainske konflikten – møttest i fjor på ein slik måte at ein perfekt storm vart skapt i det europeiske tryggleikssystemet.

Ukrainakonflikten

Den kalde krigen slutta asymmetrisk.Sovjetunionen og Warsawapakta vart oppløyst, og Gorbatsjov opna for tysk samling i byte for lovnader om at NATO ikkje skulle utvida austover. Desse løftene vart snart gløymt, og under Clinton byrja ein ta inn nye medlemsland i alliansen – trass i sterke åtvaringar frå sentrale utanrikspolitiske tenkjarar som George Kennan.

I si sjølvforståing er EU eit fredsprosjekt, oppretta for å byggja bru over gamal fiendskap. Etter den kalde krigen byrja EU å sleppa inn medlemsland frå den tidlegare kommunistblokka. For kvart steg auka spenningane, og konflikten mellom ”det store EU” og Russlands politikk for eit tryggleikssystem for heile Europa byrja gradvis å bli forsterka.

EU og NATO er to ulike organisasjonar, men det er ein samanheng mellom utvidingar av EU og NATO sine interesser. Heilt sidan Lisboa-traktaten (2007) har det vore eit krav til nye medlemsland i EU å koordinera forsvars- og tryggleikspolitikken sin med NATO.

Heilt sidan Gorbatsjov har russiske leiarar freista lansera modellar for heilskaplege, europeiske tryggleikssystem. Det finst nokre veike råmer for eit slik ”heilskapleg Europa”, som OSSE og Europarådet. Men desse organisasjonane er ikkje prioriterte, og dei fleste russiske forslag har møtt høfleg forakt. EU og NATO har følgt sitt spor: Å byggja eit tryggleikssystem i Europa som har som hjørnestein at Russland er ekskludert. Tidleg på 2000-talet vart det i nokre samanhengar lufta om Russland kunne verta ein del av NATO, men dette var på det heilt uforpliktande planet. I praksis er NATO bygd ut frå oppskrifta at ”det er nok med ein tiger på fjellet”, slik kinesarane uttrykkjer det. USA er ikkje interessert i ei anna, sjølvstendig stormakt innanfor det tryggleikssystemet som er bygt, og som gjev USA rolla som ”unik stormakt”. Med dette utgangspunktet har NATO og EU valsa inn i Russlands geopolitiske rom – utan vilje til diplomati, tingingar eller gjensidig forståing. Sjølv når openberre russiske interesser har vore på spel – som i tilhøvet mellom dei ulike frihandelsområda i samband med Ukrainas assosiasjonsavtale – har russiske forsøk på diplomati vorte avvist. ”Pass dykkar eigne saker”, var meldinga frå dei vise i Brussel. I den augneblinken Russland gav opp diplomati og byrja passa sine eigne interesser vart den internasjonale konflikten utløyst.

Den ukrainske konflikten

Desse spenningane hadde bygd seg opp over lang tid. Men det som utløyste dei var ei krise i ein stor, men samansett og på mange måtar veik stat i grenselandet mellom Russland og resten av Europa. Ukraina er ein svært ung stat – landet har ikkje vore stabilt uavhengig av Russland nokon gong før Sovjetunionen vart oppløyst. Russlands historiske røter går tilbake til ”Kiev-Rus”, og Vladimir som kristna austslavarane i det som seinare vart Russland og Ukraina. Den ortodokse kyrkja, kyrkjeslavisk og mykje anna gjer Ukraina til ein del av den russiske kultursfæren. På hi sida gjorde Stalin Galizia til ein del av Ukraina – eit område som hadde gått til Austerrike-Ungarn under delingane av Polen på slutten av syttenhundretalet. Galizia har ein rik kultur, men kjærleik til Russland er ikkje ein naturleg del av denne kulturen. Dei politiske visjonane for Ukraina spenner såleis frå den borgarskapsbaserte pluralismen ein ser for seg i sovjetiske industriområde som Donbass, til ein monistisk nasjonsversjon der Russland er fienden eksternt og internt, og der kulturell og politisk einskap skal påførast landet med makt med utgangspunkt i ein sterk einskapsstat.

Då Sovjetunionen vart oppløyst var Ukraina av dei meir velståande delane av unionen. I dei over tjue åra som har gått har landet hatt ei svært veik økonomisk utvikling, med ein dysfunksjonell oligarkisk-byråkratisk statsmodell som har skove dei grunnleggjande problema til landet framfor seg. I staden har fokus vore jakt etter rikdom og forteneste i ein korrupt elite. ”Oransjerevolusjonen” tidleg på 2000-talet retta seg i retorikk mot dette korrupte, oligarkiske regimet – men i praksis vart det heile ein plattform for at nye gribbar kunne hakka i åtselet. Medan Russland og Kviterussland opplevde økonomisk vekst og framgang det siste tiåret, heldt stagnasjonen fram etter oransjerevolusjonen. Til slutt var veljarane så lei av dei oransje at den korrupte maskinpolitikaren Viktor Janukovitsj vart valt til president i det siste frie valet i heile Ukraina. Janukovitsj regime gjorde lite for å løysa dei grunnleggjande problema som har forarma landet, men mykje for å grafsa åt seg og sine frå eit fellesskap som vart veikare og veikare. Som alle sine forgjengarar freista Janukovitsj å spela vest ut mot aust – mellom anna i konfliktane kring landet si rolle som transittland for russisk gass. Janukovitsj var ikkje ”Putins mann” i Kiev – tvert om tyder alt på at Putin mislikte Janukovitsj sterkt.

Konflikten i Ukraina er ikkje ein etnisk konflikt, heller ikkje ein språkkonflikt. Den har sine absurde utslag knytt til kultur, slik som konflikten om det mest brukte språket i Ukraina – russisk – skal kunna ha ein offisiell status lokalt. Men mest handlar den om historisk orientering. I Sovjet-Ukraina vart den store fedrelandskrigen brukt som samlande forteljing – og sigeren over nazistane markerte sovjetverda sin ukuelege vilje til å vinna over den fascistiske aggressoren frå vest. I denne historia var Stephan Bandera og dei nazist-allierte nasjonalistane fiende. I undergrunnen i Galizia – og i den ukrainske diasporaen i USA – var sovjetregimet okkupant, og banderistane var fridomskjemparar. Desse to identitetane går ikkje i hop – sjølv om begge er genuit ”ukrainske”. Eit av dei mange absurde utslaga av konflikten er at dei høgreekstreme nasjonalistane – fiendtlege til demokrati og engasjert i noko dei sjølv oppfattar som ein ”rasekrig” av same slag som sine høgreradikale forgjengarar – er allierte med det offisielt liberale og multikulturelle EU. EU har vore viljug til å oversjå dei sterke, høgreekstreme rørslene innanfor den ”oransje” statsbyggjinga. Men aust i landet har ein framleis ei postsovjetisk tilknytting til fellesskapsverdiar med røter i sovjettida – som markeringa av sigersdagen 9. mai. I dei baltiske landa kan ein til ein viss grad rehabilitera krigstidas nazikollaboratørar og kriminalisera sovjettida utan at nasjonane går opp i liminga. Ein kan også handsama dei russiskspråkelege innbyggjarane som statslause. I Ukraina kan ein ikkje gjera dette utan at sjølve statslimet byrjar gje etter. Sjølv om opprøret i Donbass fekk støtte frå russiske friviljuge, var det ei ekte og sterk framandgjering andsynes dei nye styresmaktene i Kiev – særleg etter massakrane i Odessa og Mariupol – som gav kraft til opprøret.

Høgreekstremismen er berre ei side av det ”oransje” Ukraina, som samlar mange ulike rørsler og verdiar under ein visjon om ein einskapleg og vestvendt ukrainsk stat. På same måte er pluralistane – det ”blå” Ukraina – svært delt når det gjeld målet for sitt opprør mot det nye regimet i Kiev. Nokre vil bli del av Russland, nokre sjølvstendige – medan nokre vil erobra Kiev for å få sett ut i live sin alternative, pluralistiske modell. Det er det ”oransje” Ukraina – særleg høgreekstremistane frå Galizia – som held det ”blå” Ukraina saman. Og det er Russland som eksternt fiendebilete og (bort)forklaring på alt som går dårleg i Ukraina som held dei ”oransje” samla. Sidan EU og NATO har mangla ein politikk for å inkludera Russland i sitt tryggleikssystem har mistankane og spenningane fått byggja seg opp. Med statskuppet i februar i fjor vart spørsmålet sett på spissen – og Russland gjorde som EU sa, dei ”passa sine eigne saker”. I praksis sikra dei marinebasen sin i Sevastopol gjennom eit kupp i det autonome Krim – ein primær tryggleiksinteresse for Russland som var sett i spel av kuppet i Kiev. Og dermed var ”ukrainakonflikten” kopla saman med den ”ukrainske konflikten”: Den veike ukrainske staten si manglande evne til å formulera eigen identitet og utvikla eit politisk og økonomisk system som fungerte vart kopla saman med EU/NATO sin søvngjengeraktige mangel på vilje til å utvikla tryggleiksordningar som inkluderte Russland. Dei to krisene – den internt ukrainske, og den eksterne mellom blokkene – forsterka kvarandre gjensidig og slepte laus ein krig som vi enno ikkje ser enden på.

Putin og russisk revisjonisme

I følgje vestlege media er Putin aggressoren i denne konflikten, og det løynde målet hans er å gjenoppbyggja det tapte sovjetimperiet. Dette er eit grovt villeiande bilete, og først og fremst eigna til massekonsum. Geopolitisk er Russland først og fremst eit konservativt land, som ikkje ønskjer store endringar, og som har ei sterk orientering i retning diplomati og maktforlik.

Henry Kissinger karakteriserte konflikten slik: ”Alt for ofte blir ukrainaspørsmålet presentert som ein styrkeprøve – om Ukraina skal gå mot aust eller mot vest. Men om Ukraina skal overleva og bløma, må det ikkje vera den eine sin utpost mot den andre. Landet må vera ei bru mellom dei. Vesten må forstå at Ukraina aldri kan vera berre eit utland for Russland. USA må for sin del unngå å handsama Russland som ein ulydig som tolmodig må læra å oppføra seg etter reglar for oppførsel som Washington har slege fast. Putin er ein seriøs strateg – på premissa som russisk historie gjev. For Vesten er ikkje demoniseringa av Putin ein politikk, men tvert om eit alibi for fråveret av politikk.”

Det er dette fråveret av politikk som er det mest slåande med EU si rolle i det heile. Under leiing av Carl Bildt og Radowan Sikorski vart prosessen ført til eit punkt der EU var ute av stand til å spela ei rolle, og leiinga vart i staden overteke av oligarkar og høgreradikale i Kiev og av krigslystne nykonservative i State Department under leiing av Victoria Nuland. USA har lite samhandel med Russland, og lite å tapa på konflikten. For EU er fallhøgdene – økonomisk, politisk og militært – langt høgare. Sjølv om EU har mest å tapa, har ein gått i blinde ut i ein situasjon der ein var utspelt frå første stund, og ute av stand til å reparera det ein hadde øydelagt. Politisk søvngjengeri.

Men fører ikkje Putin ein revisjonistisk politikk – ein politikk for å vinna tilbake ”ein plass i sola”? Jo, hevdar Sakwa. Men berre innanfor svært tronge råmer. Sakwa kallar Putin sin politikk ”neo-revisjonistisk”. Målet til Russland er ikkje store endringar i den internasjonale orden. I Europa er Russland ute etter å byggja ein tryggleiksarkitektur som inkluderer Russland i ei felles tryggleiksordning. Internasjonalt er Russland ute etter ei sjølvstendig rolle der også USA skal vera bunde av dei same spelereglane som dei preikar for andre. Og det er denne ”neo-revisjonismen” – i opposisjon til USA og andre vestlege land sin sjølvtekt i Irak, Libya og andre stader – som til slutt utløyste det russiske svaret på utfordringa som det vestleg støtta statskuppet i Kiev utgjorde.

Demoniseringa av Putin kjem som eit alternativet til ein politikk andsynes Russland: Vestlege politikarar har hatt heilt andre fokus, og har ikkje noko anna å by Russland enn ein plass på gangen. Når dette endar i katastrofe, er det enklaste å gje russarane skulda.

Dynamikken i konflikten – og vegar ut.

Sakwa gjev ein detaljert, balansert og svært oversiktleg gjennomgang av hendingane gjennom kriseåret 2014. Det er nokre veikskapar – mellom anna manglar det litt når det gjeld oversikt over felttoget og resultata på slagmarka. Sakwa legg vendepunktet seint, til midten av august. Dette var over ein månad etter at den store omringinga i ”den sørlege kjelen” gav det første varselet om at Kiev sin militæroffensiv var i ferd med å køyra seg fast.

Sakwa syner også korleis vestlege politikarar gong etter gong har ropt ”ulv, ulv” om russisk invasjon – bygt på veike indisie. Det er ingen tvil om at opprørarane i aust får hjelp frå Russland, og hjelp frå russiske friviljuge. Men det er langt fleire enn Russland som sprøyter bensin på det brennande bålet i Ukraina, og Russland har tilpassa seg etter kvart som krisa har utvikla seg, og heile tida vore på jakt etter diplomatiske løysingar.

I staden for å møta russisk diplomati, har dei vestlege landa svara med sanksjonar. Sakwa syner kor fullstendig resultatlause desse sanksjonane er. Alt tyder på at målet med desse sanskjonane først og fremst er indremedisinske: Ved å vedta sanksjonar underbyggjer ein forteljinga om at ”Putin har skulda”, og unngår diskusjon om si eiga rolle, og den ofte hårreisande mangelen på politisk forståing som gjorde at EU og vesten snubla ut i ei politisk krise der ein i augneblinken må sjå langt etter løysingar.

Særleg for EU er dette pinleg: Medan organisasjonen legitimerer seg som fredsprosjekt for å byggja bru over gamal fiendskap har EU i Ukraina først og fremst bidrege til å kraftig forverra ein allereide vanskeleg situasjon, og kanskje gjort kløyving av Europa, gjensidig mistanke og militarisering til dagsorden for den neste generasjonen.

Det er ikkje lystelege framtidsutsikter. Men det kan framleis bli verre enn som so. For Ukrainakonflikten har også gjeve stort spelerom til nykonservative krigsprofetar – i amerikansk og austeuropeisk variant – som ser konflikten som stadfesting av sitt fiendebilete av Russland. For desse er verda svært enkel: Om det ikkje nyttar med maktbruk, må ein ty til meir maktbruk. Om desse får fritt armslag vil krisa i Ukraina til slutt kunna utvikla seg til global krig. I vår verd tyder dette også atomkrig. Medan ein politikk for å halda Russland utanfor kan fungera på eit vis i korte tidsrom, vil ein politikk for å fjerna Russland garantera katastrofe.

Rickard Sakwa har gjeve oss det ein samla vestleg medieindustri har vore ute av stand til å levera: Ei kunnskapsrik, balansert, klårtenkt og oversiktleg framstilling av den fårlegaste konflikten i vår tid. Så må ein berre vona at boka hans blir lesen, og at dei vestlege landa si konflikthandtering blir klokare enn ho har vore til no.

Richard Sakwa: Frontline Ukraine – Crisis in the Borderlands. I.B. Tauris 2015. 297 sider inkl. noter og register.

KampanjeStøtt oss

8 KOMMENTARER

  1. Leste nettopp denne artikkelen på verdidebatt.no. Ble glad da jeg så den også her. En interessant artikkel som fortjener et bredt publikum.

    • Ja, svært lærerikt. I motsetning til NRK, som opererer på dårlig russeavisnivå, og morer seg med å finne fram komiske bilder av Putin. Samtidig som verden går mot atomkrig.

  2. Pål Steigan la sjøl nettopp ut en analyse av Ukrainakonflikten, Det går mot en mye større krig i Ukraina, med mindre fokus på Den ukrainske konflikten (for å bruke artikkelens terminologi). Jeg la inn en kommentar der som jeg syns passer godt også til denne bokmeldinga/analysen, og jeg kopierer den hit:

    Jeg leste følgende analyse – What Does Putin Want? A Major Analysis by a Prominent Russian Commentator — a Foreword by The Saker – rett før jeg leste Påls artikkel. Jeg mener at den artikkelen fra den ukrainske analytikeren Rostislav Ishchenko , president ved Ukrainas Center for Systematic Analysis and Forecasting, gir en dypere og mer korrekt analyse enn Påls artikkel, og jeg synes også den får fram storheten i de russiske disposisjonene gjennom konflikten.

    Analysen til Ishchenko backes også opp av den også svært skarpsynte analysen fra The Saker fra slutten av januar, Putin’s counter-intuitive 8 point peace plan for the Ukraine.

  3. Ei uvanleg god og innsiktsfull bokmelding. Vonleg blir den publisert i fleire aviser, slik den når eit breitt publikum.
    Kari Fjørtoft

  4. Et tips til alle interesserte er Bjørn Nistads bok om Putin. Begge bøkene er grundige, velskrevne og balanserte. Nistad oppgir for øvrig hele fem av Sakwas bøker som kildemateriale (pluss en der han er medforfatter).

    Jeg kontaktet for øvrig Richard Sakwa i en epost og fikk da opplyst at han jobber med en oppfølger som trolig vil bli publisert i 2017.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.