
Kven er mest korrupt i verda her?
Trump fortener stor takk for å ha fått avlyst det raude kortet til den amerikanske landslagsspelaren. Det gjer det so mykje enklare å sjå mønster – der det faktisk er mønster.

Kor mange hadde Argentina på laget mot Egypt? 11? Eller ein ekstra spelar i gult?
Omgjeringa av det raude kortet etter Trumps klage er toppen av isfjellet – og isfjellet heiter korrupsjon. Og når korrupsjonen blir so omfattande at han skamlaust stikk opp over vassflata, er det mykje under vassflata først.
Korrupsjon er mellomnamnet til FIFA. Når til og med Sepp Blatter – som måtte gå av som FIFA-president i ein sky av anklagar om korrupsjon – anklagar FIFA for korrupsjon skal ein lytta.
«Tilsett ein tjuv om du skal fanga ein tjuv»
Litt krydder for å setja ein ekstra spiss på det heile: Dei siste åra har Anti Defamation League, ei samla tysk presse og politiske kjeltringar av ymse slag hevda at det er «antisemittisme» å vifta med palestinske flagg.
Få lag i VM har vifta meir med palestinske flagg enn det egyptiske.
Då er jo prikken over i-en at domaren som hjalp Argentina til kvartfinale – François Letexier – er jødisk.
Det skal vi sjølvsagt ikkje leggja merke til. Men i store delar av verda er ikkje «leggja-merke-tilisme» like kriminalisert som i våre land.
Når den største idrettsturneringa i verda byrjar bli ope korrupt – kva fortel det?
Det fortel noko viktig om den vestlege verda. Trump rasar i dag mot Iran, og avlyser heile intensjonsavtalen som vart inngått for nokre veker sidan.
Hadde Trump nokon gong tenkt å halda denne avtalen? Nei – det handla om å kjøpa seg tid, ikkje om å halda inngåtte avtalar.
Held leiarane i ein korrupt kultur utan ærekjensle avtalar?
Nei.
Heldt USA og Israel på noko tidspunkt artikkel 1. i den inngåtte avtalen?
«The United States of America and the Islamic Republic of Iran and their allies in the current war are signing this MOU to declare the immediate and permanent termination of military operations on all fronts, including in Lebanon, and undertake from now on not to initiate any war or any military operation against each other, and to refrain from the threat or use of force against each other, and ensuring the territorial integrity and sovereignty of Lebanon. The final deal will confirm the permanent termination of the war on all fronts, including in Lebanon and other provisions of this paragraph.»
Nei – og Israel gjorde frå første stund klart at dei ikkje hadde tenkt å følgja den inngåtte avtalen.
Dette var ein avtale som USA hadde tenkt å bryta når dei sjølv ville, medan dei insisterte på at Iran måtte halda avtalen.
Visste den iranske leiinga av motparten var så korrupt? Sjølvsagt visste dei det.
Spela inspektørane frå IAEA ei nøkkelrolle for å gje Mossad og CIA den informasjonen dei trong for å likvidera iranske atomfysikarar? Ja.
Har Iran nokon grunn til å tru på redelege motiv og reint spel om dei tillet nye inspeksjonar frå same hald? Nei.
Korrupte som ikkje held avtalar, som skamlaust misbrukar tillit og undergrev grunnlaget for forpliktande avtalar skal ein sjølvsagt aldri tru på.
Og det er system i dette. For nokre år sidan gav den norske Nobelkomiteen fredsprisen til Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen – OPCW.
Kva brukte denne organisasjonen denne anerkjenninga til?
Eit nytt felt for korrupsjon og manipulasjon i regi av vestlege makter vart opna. Som Piers Robinson oppsummerte i ein artikkel i det amerikanske tidsskriftet for sosiologi og økonomi:
«The Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons (OPCW) is a significant component of the global governance structure and considered a gold standard international body with 193 member states and scientific divisions expected to adhere rigorously to objectivity and political neutrality. However, OPCW’s reputation has recently been tarnished. Dissenting scientists from within the organization have raised serious questions about the integrity of an OPCW fact-finding mission (FFM) investigating the alleged chemical attack in Douma, Syria on April 7, 2018. The OPCW FFMs are tainted in three ways: «
For nokre år sidan las eg ein artikkel som oppsummerte korrupsjonen i Russland, og som konkluderte: Det var ikkje korrupsjon i systemet – systemet var i stor grad korrupsjon. Folk forventa i stor grad at dei ein møtte oppover i systema var kjeltringar – og slik var det også.
Skilnaden mellom oss og russarane er at vi har hatt andre forventingar. Og ein gong i tida var vi faktisk lite korrupte. Men når vi no får svar frå spegelen på veggen, bør vi lytta.
- USA er korrupt
- IAEA er korrupt
- OPCW er korrupt
- FIFA er korrupt
- Britisk Labour er korrupt
Og slik kan vi halda fram.
Og når vi då har laga ei lang, lang liste, kan vi sjå det same som resten av verda ser:
«The West walks like a Duck, it swims like a Duck, it quacks like a Duck.
Well – then it is probably a Duck.»
Dette innlegget publiserte Hans Olav på Facebook i går.
oss 150 kroner!


