Hjem Internasjonalt

Regimeskifte begynner i eget land

0
JD Vance sier at republikanerne tapte valget på grunn av Iran-krigen. KI-generert.

Regime change begins at home,

skreiv Joe Sobran. Sjølvsagt hadde han rett. Og mellomvalet i USA vil føra til endringar. I augneblenken ser det faktisk ut til at senatet vippar til 56-44 i demokratanes favør.

Hans Olav Brendberg.

Det tyder at demokratane i senatet ikkje treng ta omsyn til dei mest israellojale – folk som John Fetterman. Det gjev litt handlingsrom.

Din støtte holder oss gående!

steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.

Støtt oss her

J. D. Vance har sjølvsagt rett i at det var Iran-krigen som sparka beina under republikanarane. Europeiske leiarar, som har jamra om kor ille Trump var sidan han vart valt første gong i 2016, har aldri vurdert å møta Trump med anna enn smisking. Det som felte Trumps mandat var ein klårsynt, iransk strategi i krigen mot USA.

Det er likevel ikkje slutten på historia. For krigen er jo ikkje slutt, sjølv om det har vore ganske roleg nokre veker. Iran har framleis kontroll over Hormuz, og USA har ingen veg ut av den vonlause situasjonen dei har sett seg sjølv i.

Dette er sjølvsagt ikkje første gong at ein republikansk president styrer eit USA der det er demokratisk fleirtal i begge hus av kongressen. Det same var situasjonen under store delar av Reagans presidentperiode.

Det Reagan greidde å gjera den gongen var å bruka tilhøvet til Israel – og AIPACs maktposisjon – for å tvinga gjennom sin politikk. I vanskelege saker kunne han gje initiativ ein israelsk dimensjon, og bruka AIPAC som innpiskar i representanthus og senat. Og når fleirtalet sette grenser for kva han kunne gjera – mellom anna når det galdt støtte til regime i Latin-Amerika som hadde dødsskvadronar og utstrekt bruk av tortur som viktige verktøy – kunne han berre be Israel vera underleverandør av våpen og torturistar. Når Israel gjorde desse tinga, ville ikkje demokratar i Kongressen snakka høgt om det.

På grunn av Reagans kreative bruk av AIPAC var åttitalet tiåret der den pro-israelske lobbyen vaks raskast når det galdt tal på tilsette, sakleg ekspertise og metodar for tett oppfølgjing og kontroll. Men stoda no er svært annleis: Katta er ute av sekken. Langt fleire amerikanarar enn nokon gong før forstår kva destruktiv innverknad Israel har i amerikansk politikk. Dette er ein snakkis, sjølv om kritikarane av den hovudlause støtta til Israel førebels ikkje er veldig godt representert i Kongressen. Både på høgrefløyen og venstrefløyen i amerikansk politikk finst det mange folk som ikkje har tenkt å leggja denne ballen daud. Israel har fanga USA i ein krig i Midtausten dei ikkje har nokon enkel veg bort i frå, og Trump vil snart vera avhengig av det nye fleirtalet i Kongressen om han skal finansiera denne krigen.

Det vil sjølvsagt ikkje koma grunnleggjande endringar før nokon blir stilt til ansvar for mislukka og kriminell politikk. Difor vil lagnaden til Pete Hegseth bli ein viktig indikator på retninga vidare.

Utanom motstanden mot krig, var det ei sak Trump vann val på – både i 2016 og i 2024. Det var spørsmålet om innvandring. Spørsmålet forsvinn ikkje med dette mellomvalet.

Om USA her satsar på presidentdektret og symbolpolitikk, vil landet få eit flip-flopregime der ein av og til har porøs grense i sør og stor innvandring, før ein deretter floppar over og får god væpna ICE-patruljar i konfrontasjon med heile nabolag av det slaget ein fekk i Minneapolis og Chicago sist vinter. «Dysfunksjonelt» er berre fornamnet på ei slik ordning.

Alternativet er eit breitt forlik i Kongressen av det slaget som var vanleg før 1990, der Kongressen gjennom vanleg lovgjeving og budsjettløyvingar sikrar eit stabilt, restriktivt regime som er stabilt og forutseieleg.

Men er det mogleg? Sidan 2016 er det Trump som har halde det demokratiske partiet saman. Skal partiet koma seg vidare frå denne valsigeren treng partiet ein politisk visjon og eit leiarskap. Førebels er lite slikt å sjå.

Og det republikanske partiet? Der byrjar allereide kampen om det som kjem etter Trump. Vance sitt utspel om at Irankrigen er årsaka til nederlaget er riktig – men også ei posisjonering i kampen for å bli partiets kronprins.

Her er det berre å kjøpa popcorn og jodtablettar!

Henta fra Brendbergs
Facebook-side 04.11.2026.


YouTube player
Forrige artikkelKallas-doktrinen er død